lørdag, august 02, 2008

Dagbladet og Georg Johannesen


Dagbladet kåra i dag Georg Johannesen si "Om den norske tenkemåten" til den viktigaste norske sakprosaboka etter krigen. Dagbladet altså...

Mitt forhold til Dagbladet er tosidig: eg kjenner at det passar meg veldig godt i eit underhaldningsperspektiv då det gir meg lette nyhende og ikkje-nyhende pakka inn i ei lett middelklassesmiskande drakt. Samtidig har eg forakt for det pompøse Dagblated som "forvaltar av kultur-radikalismen". Dagbladet er ei ganske lettvint tabloidavis! Full av billige billige knep!

At den no har kåra "Om den norske tenkemåten" til den viktigaste norske sakprosaboka etter krigen gjer ikkje anna enn å blottstille denne avisa sin grunnskap. Det er kjekt å sjå at Kjartan Fløgstad tørt kommenterar det same i sin omtale av boka, som i stor del er vinkla mot forholdet Dagbladet/Johannesen.

Som han sa sjølv: Pass på å lese noko bra kvar dag, slik at ein ikkje misser perspektivet i alt mølet som ein møter kvar dag (ikkje direkte sitat, men meininga var den same).


2 kommentarer:

Sigrun sa...

Samtidig er det jo på ingen måte bare Dagbladets folk som satt i juryen. Der var blant andre Ottar Grepstad og Johan Tønnesson.

k.west sa...

Jauda, det er eit poeng.

Min litt spontane reaksjon på førsteplassen har vel meir utgangspunkt i at Tenkemåten vert kåra til den viktigaste sakprosaboka i eit medie som representerer mykje av det motsette som Johannesen stod for.

At juryen bestod av fleire andre er sjølvsagt formildande omstende, om ein kan seie det slik, men denne kåringa viser at Dagbladet stadig prøver å tale med to tunger. Dei prøvar å halde seg fast som ei litt tyngre avis, med "ideer"-spalten og side 3 & 4, men dette kjennest avogtil ut som staffasje for nett å kunne smykke seg med "forvaltar av den kulturradikale arven" etc. når det aller meste av Dagbladet er tabloid dekning av nyhende og ikkje-nyhende.