tirsdag, juli 31, 2007

USA kyst til kyst


Redaksjonen er i august maaned paa studietur i imperiets hjerte og hjerne: USA. Planen er aa gjennomfoere ein tur, med bil (saa klart) fraa San Fransisco til New York. Her paa bloggen skulle dette sjoelvsagt verte formidla gjennom spennande og banebrytande reisebrev. Dette har ikkje vorte gjort, før no.

Vi har no vore nesten 3 veker på vegen, og vi har nesten kryssa kontinentet.

Den foerste veka var vi i "The bay area" kring San Fransisco. Dette er min foerste tur til USA generelt, og California spesielt, men eg kjenner at eg ikkje klarer aa motstaa den Californske tilbakelente sjarmen. San Fransisco er saa klart spennande, med hippie-gata Haight-Ashbury, og beat-omraadet North Beach. Men det er naar ein faar snike seg med dei infoedde at ein verkelig faar smake paa stemninga. og heldigvis har nokon av oss kontakter i form av slekt i San Fransisco. Hoegdepunktet har vore ein tur til det akk saa avslappa Santa Cruz. Der aat vi nydelig sushi, drakk passelige mengder oel, og saag paa stillehavet, pelikanane, skodda, surferane, og Monterey paa andre sida av bukta. Og det er litt overraskande at alle desse forjetta plassane som ein har hoeyrt for eksempel i sangar (dette omraadet maa vere det hyppigast nevnte i populaermusikk). San fransisco, San Jose, Santa Cruz etc. ligg berre innan halvanann times koeyring fraa kvarandre.

Ein heilt annan del av California, var besøket hjå skogsbrannmannen Ron i Sierra Nevada (Sierra Nevada er også navnet på det nydelige ølet som har fulgt oss gjennom heile turen). Han er ein mildt sagt beinhard, men koselig, fyr, som må ha ein av verdas hardaste jobbar: springe rundt i bushen i 40 grader +, med ein 15 kg sekk på ryggen, og rydde skog for å hindre spredning av skogbrannar. På fritida skyt han hjort og elg, og køyrer pickup og er tøff.

I mellomtida køyrde vi på ein liten hjort.

Neste stopp: LAS VEGAS. Sin City! Her får ein gratis øl så lenge ein spelar. Og vi Vspelte vekk alle nickelane eg hadde! Så oppdaga vi 1-cent maskinene, og spelte vekk alle centa vi hadde. Las Vegas er ein sivilasjonsørken der alt er platt, flatt og overfladisk. Å kome vidare, til Flagstaff Arizona, med sine kule barar, små gater, og vakre menneske, var som å merke blodet strøyme i årene igjen etter å ha vore daud nokre dagar.

Neste høgdepunkt var ein vaskeekte rodeo i Oklahoma, der vi ropte med mengda "Are you proud to be an American!!!???" "YEEEEEAAAAAAAAAAAHHHHHH"

I Nashville gjorde vi følgande:
- Drakk oss sanselause
- Møtte ein fyr frå Hareid som budde der
- Såg masse country,som vart slått ned i støvlane av
- ei fantastisk soul-og blues sangerinne på Bourbon blues and boogie-bar (sjekk ut Shantelle and the Juke Joint på Myspace http://profile.myspace.com/index.cfm?fuseaction=user.viewprofile&friendid=105428570). Ein av dei største, musikalske opplevingane eg har hatt. Og det i eit halvtomt lokale (ca 30 tilskoderar)

I skrivande stund er vi i Harrisburg, Pennsylvania. I kveld skal vi i bryllup til ein venn. Etter det går turen vidare til Washington DC og New York.

Thats America for ya...

lørdag, juli 14, 2007

På sporet av den tapte tid X: den gjenfundne tid


”Den gjenfundne tid” avsluttar Marcel Proust sitt livsverk på eit nesten pedagogisk vis, med ei uttalt målsetjing om forfattaren sitt kall. Etter å ha lest eit verk som dette, som både i kraft av sin eigen kompleksitet, innsikt og eleganse, og i kraft av dei miljø den gir oss innsikt i, kan ein ikkje lenger halde fast på ei førestilling om at historia er styrt av ein dialektisk progresjon mot stadig høgare samfunns -og åndsformer, om ein no skulle finne på å tru noko slik.

Likeeins er den observasjonsevna som har vore i stand til å ikkje berre observere og registrere, men også å formulere denne elegansen; korleis elegansen utviklar seg og vinn si meining innanfor ei sosial sfære – eit vitne om korleis kunsten, anten det no er i kraft av å kome frå ein begava kunstnar, eller å vere eit uttrykk for samtida sine straumningar (det kan vere det same nett no), kan romme materiale som dei etablerte vitskapane enda ikkje har fått tak på.

Og når ein ser på kva målsetjing Marcel Proust har sett seg for sin roman, er det ikkje rart den har teke den forma den har. Han set seg nemlig til mål å gripe den røynda som vanen, med tida si hjelp, tilslører for oss ettersom vi vandrar dei same stiane inn i erindringa, og langs desse ser dei stadig meir kjende omgivnadane som vi etterkvart tek for å vere det livet vi faktisk har vore gjennom. Her har litteraturen ein rolle, meiner Proust, ved å gje verkty både til å mogleggjere eit brot vekk frå desse stivna erindringane, inn i det ustrukturerte som ligg ikring, og til å tolke dette mylderet som utgjer det fullstendige lageret av minner som om ikkje gitt ein tolkingsnøkkel, vert liggande som ei grunnstemning ein ikkje kan gjere reie for i det den gjer sin inntreden på nærast uforståelig vis i det kjende landskapet som vanen har innreia.


Etter eit år er føljetongen om Marcel Proust ferdig. Neste post: Magnus Marsdal sin "FrP-koden", og Runar Døving sin "Rype og lettøl" - to bøker om Noreg i 2007.

mandag, juli 09, 2007

Agurk

Det er agurktid, også på K. West. Vi bringer følgande nyhende:

- Vitskapleg assistent forkludra forskningsprosjekt. "Det var ikkje meg!" lyg den ferske forskningsassistenten.
- Kaffimaskina på Molekylærbiologisk Institutt lagar framleis god kaffi. " Det må reiknast å vere ein suksess" seier den ferske vitskaplege assistenten som nett forkludra eit forskningsprosjekt.
- Det regnar igjen i Bergen, men det gjer ingen ting melder S.A.T.S, som rapporterer ei medlemsauke på minst 1 denne veka.
- Den avdøde filosofen Paul Feyerabend melder i si bok "Against method" at ein må vere opne for ukonvensjonelle måtar å tenke på i vitskapen, og at ein ikkje sit med den gyldne oppskrifta på sanning. Han seier også at det er vanskelig å lansere nye teoriar. Vi ventar i spenning på nye utfall..