torsdag, desember 31, 2009

The best of 2009

Kåringar er populært og på årets siste dag sel vi oss til tabloidformatet og gir dykk det beste frå 2009!

Årets
- beste skjønnlitterære bok: Karl Ove Knausgård - Min kamp 2
- beste ikkje-skjønnlitterære verk: Michael Polanyi - The stability of beliefs
- beste album: Ihsahn - AngeL
- beste vitskaplige artikkel: Qun-Ye Zahng et al. A systems biology understanding of the synergistic effects of arsenik sulfide and Imatinib in BCR/ABL-associated leukemia (PNAS).
- beste på skjermen: The Wire 1-5
- beste på scena: Erykah Badu i New Orleans, i hard konkurranse med Audiatur i Bergen.
- beste i naturen: Buldring på Matre
- beste reisemål: Paris i Juni
- beste foredrag: J. Craig Venter på Norsk Biokjemisk Selskap sitt vintermøte på Røros.
- beste avis: Dagens Næringsliv, sjølv om eg ikkje les den ofte
- årets verste, og mest sjølvrettferdige, avis: Dagbladet
- årets mest pompøse på egne vegne: Asle Toje, med Aslak Nore tett i hælane
- dårligaste debatt: kulturkamp-debatten, inkludert Darwin-debatten
- mest arrogante politiske parti: Det norske arbeidarparti
- mest tannlause politiske parti: SV
- mest nedlatande politiske parti: FrP
- beste kjøp: telemarksski
- mest imponerande: Sogn og Fjordane sin eigen Diderot - Ottar Starheim
- avskjed med mest integritet: Lars Sponheim
- kosteligaste utgivelse, med påfølgande forvirra debatt: Åslaug Haga - De innerste sirkler
- beste bryggeri: den nøgne ø
- beste blog: Bjørnedetektivens blog
- beste måltid: på Colonialen i Bergen
- bok eg ikkje forstod ståheien med: Tomas Espedal - Gå, eller kunsten å leve et vilt og poetisk liv

Såh. Då skulle vi la oss plassere trygt i det sosiologiske smakslandskapet.

GODT NYTT ÅR!

onsdag, desember 30, 2009

Knausgårds kamp 3


I Min kamp 3 rekonstruerer Knausgård barndomen. Det lukkast ikkje heilt, delvis på grunn av prosjektet sjølv.

Min kamp 3 er forteljinga om Knausgård sin barndom fram til konfirmasjonsalder. Det vert no verkelig klart at binda i Min kamp er ulike i stil - bind 3 er ført i forma til den nostalgiske barndoms-romanen. Utan at eg skal legge for mykje vekt på det, går assosiasjonen somme tider til LS. Christensen sine nostalgiske barndoms-romanar.

Men bind 3 er også det svakaste av binda til no. Dette er fordi Knausgård her misser intensiteten i nærleiken til hovudpersonen, som gav dei to første binda ei spesiell styrke. Det vert tydelig at synspunktet er 40 år gamle Knausgård som rekonstruerer 8 år gamle Knausgård. Det er den vaksne Knausgård sine assosiasjonar og metaforar som pregar refleksjonane.

Dette bindet har også meir preg av litterær rekonstruksjon enn dei to første. Det vert ein svakskap i denne samanhengen tykkjer eg, då det bryt illusjonen av autensitet som dei to første bygde opp: der eg nesten kjende at eg var i Knausgård sitt liv i bind 2, er det no heilt klart føre meg at her ligg det ein litterær konstruksjon. Veggen av autensitet sprekk.

Når det er sagt betyr ikkje dette at bindet ikkje var verdt å lese. Men det var verdt å lese som ei fortsetjing av 1 og 2 meir enn eit sjølvstendig verk. Så langt i prosjektet har spenninga meir og meir byrja knytte seg til dei komande binda, og til den varsla slutten som etter sigende ikkje er ferdigskrive.