onsdag, februar 20, 2008

The Mars Volta - leiv


Stemningsrapport frå hovudet til Omar Rodiguez Lopez på Sentrum Scene i går kveld: 1-2-3-1-2-1-2-3-4-5-1-2-3-1-2-31/2-1-2. Hei kor det går - kom igjen!

K. West sin musikkanmeldar tok turen over vidda for å overvære det som er eit av dei mest spennande rytmiske musikk-gruppene han veit om nett no, nemlig The Mars Volta

Grunnen til det er fleire:
- all musikk er skrive og arrangert av Omar Rodriguez Lopez, for så å bli instruert til resten av musikerane, gjerne på vis som gjer det svært krevande for musikerane å lære seg og å spele inn sangane. Dette er ein original vri som sender tankane hen til Zappa og James Brown, som var bandlederar med kadaverdisiplin - noko som opnar vegen for meir heilheitstenkning og bevisstieit rundt komposisjonane.
- vokalen er ført av Cedric Blixer Zavala, ein vokalist med glimrande kvalitetar i progvokal. Rett og slett til å verte slått i bakken av.
- dei er slett ikkje redde for å drage ut sangane til rundt 20 minutt med støy, soloar og anna grums og stas, slik Zeppelin og andre gjorde. Det er også nevnt Miles Davis, ein tanke eg forstår godt. 
- progsuppa kan gjerne verte baktung og pretensiøs. Med å legge inn gode dosar latinorytmer, høgt tempo og punkeattitude gir dei sjangeren eit deilig løft.
- dessutan ser dei veldig tøffe ut

Så dette var utgangspunktet. Konserten pangopna med ein 20 minutters versjon av Rulette Dares frå De-Loused In the Comatorium, før dei knuste inn i den fengande og tighte Jaga Jazzist-liknande Visceria Eyes. Dette var jo glimrande. Men det byrja å ane meg: det er veldig mykje heile tida. Trommeslagaren med sine bulande musklar tok tydeligvis dette som ei 2-timars treningsøkt, for det gikk i ett: babababbabrbabrabrbarbarbarbarpisjpisjbarbarbarbbrbarbarbbbrbar. Dynamikken var nok skadelidande, og dette kunne gjere at somme jam-parti vart noko monotone og flate. Dette er nok hoved-kritikken mot The Mars Volta: på dei to første albuma var det meir luft og dynamikk i arrangementa. No er det mykje trangare om plassen. 

Men faktisk var dette noko som kom seg utetter. Og ein annan overasking: dei sangane som fungerte best var ikkje dei gudegitte spora frå Francis the Mute, nei det var heller dei groovy sangane frå det nye albumet The Bedlam i Goliath. Her var vokalen absolutt best, og jam-delane var meir inspirerte. Høgdepunkt her var Abernikula, Ilyena og Goliath. 

Konserten varte i to timar, og sjølv om CB Zavala gjorde turnøvingar som ei blanding av Steven Tyler, og Ozzy på speed, var han nok ikkje den store folkeforføraren. Sjølv om delar av bandet absolutt såg ut til å kose seg, var det med andre ord ikkje den store kommunikasjonen mellom band og publikum. Ein artig ting er at Marcel RL no er til forveksling lik Kirk Hammet i si storheitstid.

Iallefall - The Mars Volta tar musikk seriøst på ein måte som ikkje er overflod av. Dei serverte ein konsert som gav mat til både tanke og til sansning - ein konsert som i alt blir betre og betre di meir eg tenker på den.

Det kan også nemnast: er TMV ein del av Shakespeare-komplottet? Med sangar som Miranda, That ghost just isn't holy anymore, og Cygnus Vismund Cygnus?

mandag, februar 18, 2008

Shakespeare III: Organisten


Dette er strengt tatt eit sidespor, men etter eit møte i Studentersamfunnet i Bergen for nokre veker siden, med tittelen Shakespeare - Den første frimurer, klarte eg sjølvsagt ikkje å la vere fristelsen å lese boka Organisten av Erlend Loe og Petter Amundsen.
Kort fortalt er dette teorien til Petter Amundsen, Organist i Skøyen kirke i Oslo, om at Shakespeare sine verk er eit samarbeidsprosjekt mellom medlemmar av Rosenkreutzerane, med Francis Bacon i spissen. Vi får vete at ikkje berre har desse skrive verka - dei har også kryptert inn meldingar i stykka, både på innhaldssida, og gjennom redigeringar av den første samla utgåva av Shakespeare sine verk, førstefolioen. esse meldingane peikar mot Rosenkreutzerane sjølv, og mot Bacon, men dei peikar også mot ein hemmeligheit som skal kunne få Rosenkreutzerane til å gjenoppstå. Spora peikar mot øya Oak Island på Nova Scotia. Til sist peikar dei også vidare mot eit paneuropeisk felleskap, ein slags tidlig frimurerorden, eller Rosenkreutzer-orden.

Boka r forma slik at Amundsen fortel sin teori til Erlend Loe. En skulle kanskje tru at svakheita i boka ligg i ein gal konspirasjonsteori, men svakheita ligg nok meir i korleis desse to utviklar boka saman. Det kjem fram under vegs at dei er redde for å bli scoopa av Dan Brown, og at det av den grunn vert eit hastverksprosjekt. For å gjere dette noko lunde systematisk, skal eg setje opp positive og neggative sider med denne 400 siders skattejakta.

Pro:
+ Amundsen har langt over gjennomsnittlig kjennskap og interesse for koding, sannsynsrekning, numeroligi og ikkje minst dåtidas kultur for denslags. Det er denne innfallsvinkelen han har til Shakespeare (han bryr seg heller mindre om det litterære), og skal ein føre ein seriøs kritikk av prosjektet, er det desse linjene ein primært må følge, støtta av den historiske kunnskapen som finnast på feltet.
+ Amundsen gir somme stader informasjon om dei statistiske sannsyna for dei ulike observasjonane han har gjort. Dette burde han hatt meir av om han skal få noko tyngde i argumentasjonen.
+ Amundsen endar på Oak Island, ei velkjend skatteøy (sjå link ovanfor) der det har vore gjort skattejakter sidan 1700-talet. Det er sjølvsagt litt suspekt, sidan ein ikkje veit kva kunnskapar han har hatt om denne øya frå før, men det at han frå sitt skrivebordsprosjekt i Noreg kjem til Oak Island, og set spaden direkte i hittil ukjente faktorar i Oak Island-mysteriet,  styrker hans sak.

Contra:
- Erlend Loe seier det sjølv: han har ikkje noko kunnskap om verken Shakespeare eller liknande. Dette er ikkje ein fordel. Vil ein ha ein deltakande skrivar, kunne Karsten Alnæs eller mange andre sikkert gjort jobben betre. Vil ein berre ha ei utlegging av teorien, skulle den ha vore skriven av Amundsen sjølv, med statistikk og det heile, samt støttande innlegg frå andre kjelder. Slik det er her, skriv Loe for det meste av Amundsen sine utleggjingar, for så å kome med nokre samansyingar her og der. Samansyingane fell gjennom - naivt og ikkje direkte supert i møte med renessansen sine tankesirklar og krumbaner. Resultatet vert ei bok som ikkje veit kva den vil, og dett mellom mange stolar.
- Ein må kunne beskylde Amundsen for å vere noko naiv i sine tankar om kva som kjem til å komme av kritikk. han kunne med svært enkle grep gjort det enklare for seg sjølv, for eksempel ved å legge ved statistikk etc, ja, ved å støtte seg til det som finnast for å underbyggje stoffet, noko som ville ha gjort at han ville kunne bli tatt  meir seriøst av kritikarar. 
- Eg savnar vel også litt meir avstand til eige prosjekt, noko som også krasjar med dette portrettet av ein entusiast, som denne boka også er. Har han for eksempel nokon negative kontrollar på nokon av dei observasjonane han  gjer? Det kunne han ha fått med i ei anna form på publikasjonen.
- Entusiasten dreg det nok også litt ned for seg sjølv, for eksempel ved å i eit tilfelle henvise til ein synsk, og i eit anna tilfelle trekke konklusjonar frå eit besøk i ei sentral kyrkje i England om at "dei veit noko!". 


Summa
summarum:
Kan jo godt hende det er sant. For min del er det jo litt det samme om Francis Bacon skreiv stykka eller ikkje. Og folk har jo gjort mykje imponerande, så kvifor ikkje eit skattekart? På den andre sida klarer ein ikkje heilt å la seg overbevise, sjølv om ein absolutt vert sjarmert av entusiasten Amundsen - han verkar så pass facinert av eigne fantastiske oppdagingar at bevisbyrden på han vert ganske stor. Uansett så har ein lært mykje om Shakespeare si samtid frå denne boka, og det gjev jo eit eggande slør av mystikk over Shakespear, noko som ikkje er å forakte.

Og heilt til slutt: kritikkens uuthaldelige lettheit.
Etter lesinga av Organisten tok eg meg eit nettsøk for å sjå på nokon av anmeldingane boka har fått. Fleire anmeldingar viste eit forskrekkande lavt nivå, og det ein vil kalle ein seriøsitet på linje med ein skulelei 16-åring i si behandling av stoffet. Uansett om ein trur på dette eller ikkje, så må det kunne forventast av ein som er betalt for å omtale bøker at dei forheld seg til ei litteratur-og kulturhistorie.
For ein debatt i The Guardian, som kanskje er meir interessant: her.

lørdag, februar 16, 2008

Ein trygg jobb i staten...

Somme tider vert det snakka om det harde arbeidslivet. Ideologiar har vorte tufta på forholdet arbeidstakar/arbeidsgivar osv. Eg skal innrømme at eg ikkje alltid har engasjert meg i nett dette, kanskje fordi eg nettopp ikkje har vore i arbeidslivet. Eg skal ikkje gjere meg nokre illusjonar om å påpeike noko nytt her, men allikevel er det ganske irriterande: den statlige arbeidsgivar - den lømmelen!

Sidan i sommar har eg tredd inn i lønnsmottakarens verden, og eg har sidan då vore vitskapleg assistent ved Universitetet i Bergen. Her har eg ei målsetjing om å søke om doktorgrad etter kvart. 

I forskningsmiljø er det allment akseptert at om ein skal drive forskning på eit internasjonalt nivå; om ein skal få ut artiklar; om ein skal kvalifisere seg til å få pengar frå forskningsrådet, så er 37,5 timar i veka for lite. Dette er så institusjonalisert at eg vart spurt om eg var fullstendig klar over dette då eg var på eit jobbintervju for ei Phd-stilling før jul. Alle veit det, og det vert forventa av alle som har forhåpningar om å gjere noko som helst i norsk forskning. Dette er i og for seg greit - det er faglige grunnar til at ein må investere tid i å opparbeide seg den kompetansen som trengs. Problemet er korleis denne kompetansen vert lønna.

UiB har nett innført timelister på arbeid, og sidan dette kjem frå sentralt hold, antar eg at dette gjeld heile universitetet, utan at eg har sjekka dette nærare. På desse timelistene får ein ikkje lov til å føre overtid utan spesiell avtale. Ein får heller ikkje føre arbeid gjort etter kl. 20.00, eller arbeid i helg utan avtale. Også då gjeld det retningsliner for timeantal. Dette er rett og slett å beteikne som eit hån. Den gamle ordninga var at ein fekk ei fastlønn, utan å telle timar. Denne lønna var heller ikkje å hoppe i taket for, men det som er irritasjonsmomentet med timelistene er at ein nærast poengterar at "skal du ha noko her å gjere, må du stå på, men vi har ikkje tenkt å betale deg for det". Slik kan berre nokon som sit i ein sterk maktposisjon gjere. Det er relevant å trekke vekslar på legane, som gjennom ei sterk fagforening nettopp har skaffa seg svært gunstige overtids-tariffar. Ein lege tener ikkje dei store pengane på vanlig jobbing, men med ein gong det vert overtid, stig inntekta betydelig. 

Om ein utdannar seg innan molekylærbiologi, og tek ei doktorgrad, har ein i norge i dag relativt begrensa moglegheiter for kvar ein kan gå for å få jobb. Landet har ikkje den store industrien innan farmasi, bioteknologi og liknande, og dei fleste havnar i offentlig sektor. Konkurransen om jobbane er her knallhard. Er det dette som gjer at ein ikkje har pressa fram samme gunstige ordningar for forskerar som for legar? Den høge kompetansen ein skaffar seg ved å invistere i ekstra arbeidstid er jo nett noko som ein arbeidgivar bure punge ut for! 

I tillegg er det omtrent umogleg å få faste stillingar innan universitetssektoren. Eg er no på mi tredje kontrakt på litt over eit halvt år. Om ein ser vekk frå professorar og 1. amanuensisar, kjem eg knapt på nokon som har fast stilling her på huset. Dette har med dei ustabile finansieringsløysingane som er til forskninga, og det kan vel heller ikkje kallast direkte gunstig.

No er eg jo relativt ung og historielaus, så eg skal ikkje gå for hardt ut, men dessee burde jo ha vore sak nummer 1. (og 2?) for ForskerForbundet!