lørdag, august 30, 2008

Aristoteliske restar i den vitskaplige revolusjonen - Del 2

Aristoteles tenkte verda som ein heilskap der kvar enkelt ting søker å finne sin plass i systemet. I den vitskaplige revolusjonen gjekk ein vekk frå dette, men kan det vere at heilskapstenkinga likevel har vorte med som blindpassasjer vidare i historia?

Her på bloggen held vi fram laurdagsserien om teleologi og den vitskaplige revolusjonen. Forrige veke hadde vi ei kort innleiing der vi kort la fram problemstilling, og litt disposisjon. Denne gongen er det på tide å gå inn i den største teleologiske tenkaren i vestlig filosofihistorie, nemlig Aristoteles.

 
ARISTOTELES SIN GUDDOMMELIGE ORDEN.
Aristoteles (384-322 f. Kr.) sin Metafysikk (Aristoteles, 1928) opnar med setninga ”All men by nature desire to know”. Dette set tonen for verket, som er Aristoteles sin kunnskapsteori. I kunnskapsteorien diskuterar han dei mest overordna og allmenne prinsippa som ein tenkjer røynda i kring ein er retta etter, og korleis ein kan skaffe seg kunnskap om desse. Sjølve ordet metafysikk betyr ”etter fysikken”, og viser til at verket vart gitt ut etter hans verk om fysikk. Men i den filosofiske tradisjonen har metafysikk vorte einsbetyande med dei spørsmåla som er omhandla i metafysikken, nemlig dei overordna prinsippa i røynda; ”...the attempt to concieve the world as a whole by the means of thought” (Russell, 1959).

På biletet ”Skulen i Athen” av Raphael (1483-1520) vender Platon peikefingeren mot himmelen og ideane. Aristoteles vender peikefingeren mot jorda. For Arisoteles er den sanselige verda det mest verkelige. Den er bygd opp av ting, ousia, og sansane gir lys til ulikskapar mellom enkeltting. Dette er vår mest grunnleggjande erkjenning, og all kunnskapen vi har byrjar med denne erfaringa. Etter kvart som vi erfarer ulike ting, vil vi ved hjelp av minnet kjenne att trekk og likskapar som er felles for einskilde ting - former. Vi kan for eksempel kjenne att likskapar ved planter, og slik abstrahere det allmenne omgrepet ”grøn”. ”Grønskap” finnast ikkje i seg sjølv, slik Platon ville vist til ei ideell ”grønheit”, heller ligg forma i dei einskilde plantene. Alle omgrepsord vil vere uttrykk for former. Enkeltting er vidare bygde opp av stoff – eidos. Stoffet er tingen sin individuelle eigenskap, og eit uttrykk for tingen sin natur.

Då alle menneske nyttar sansane til å orientere seg om verda ikring seg, har alle noko om kunnskap om form og stoff til ting ikring seg. Sanning er slik noko alle kan gripe. Men det finnast ulike typar av kunnskap, og ulike grader av kjennskap om sanningane ikring oss. Ein praktisk kunnskap vil vere kunnskap om individuelle tilfelle, som for eksempel i eit handverk, der ein har kunnskap om korleis ein praktisk skal setje opp eit hus. Då den praktiske kunnskapen er om individuelle tilhøve, vert den utvikla for å tene eit føremål. I huset sitt tilfelle er føremålet til dømes å danne eit ly for været. Den teoretiske kunnskapen omhandlar det allmenne. Snikkaren vil ha teoretisk kunnskap om han for eksempel har kjennskap til dei fysiske prinsippa som gjer at huset konstruerast slik og slik for å tole ulike påverknader. Den teoretiske kunnskapen gir ei forståing for årsakene til observasjonar ein gjer. Der målet til den praktiske kunnskapen er handling, er målet til den teoretiske kunnskapen sanning. Og sjølv om alle kan ha gripe Aristoteles si sanning med sansane, så er det vanskelige å gripe store delar av sanninga.

Då den praktiske kunnskapen alltid vil vere ein reiskap for å oppnå noko anna, vil den få sin verdi i lys av dette andre målet. Den mest verdifulle kunnskapen vert følgjelig den som er eit mål i seg sjølv. Alle menneske søker kunne, og skal ein drive vitskapen som sanning, filosofi, så må ein undersøkje dei første og mest generelle årsakene og prinsippa; dei som all anna kunnskap må sjåast i lys av. Desse prinsippa er dei som er mest utilgjengelige for sansane, og minst nyttige i ulike praktiske høve. Alle vitskapar er meir nyttige, men ingen er betre.

Det mest allmenne assosierer Aristoteles med det guddommelige og det gode. Guden er den einaste som kan ha fullstendig, allmenn kunnskap om verda sine samlande prinsipp og årsaker, for guden er det første prinsippet og alle ting sine årsaker. Det guddommelige vert slik noko som overskrid det mennesket kan erfare. Dette vert kopla til etikken gjennom assosieringa av det sanne med det gode, noko Aristoteles har teke med seg frå Platon. I Den nikomanske etikken (Aristoteles, 1971) set Aristoteles det gode som eit mål i seg sjølv, og som ein del av eit første samlande prinsipp vert dette då assosiert med sanning.

Skal ein kunne forstå og forklare verda ikring seg, er årsaksprinsippa sentrale. Kunnskap er ikkje å vete at endring skjer, men kvifor endringar skjer. Aristoteles har her ein firedelt årsaksmodell, med dei fire årsakene formålsårsak, bevirkande årsak, stofflig årsak og formal årsak. Di fleire av desse årsakene ein har kjennskap til ved eit fenomen, di meir kunnskap har ein om fenomenet. Formålsårsaka er det som tingen skal tene til. Om vi nyttar bygginga av huset som eksempel, så er formålsorsaka at ein treng noko til å gi ly for været. Den bevirkande, eller kausale årsaka, er det som direkte fører til at tingen skjer. I huset sitt tilfelle vil dette vere snikkaren som byggjer huset. Den stofflige årsaka er identiteten, stoffet, som ting er laga av, og den formale årsaka er realiseringa av naturen til tingen; realiseringa av tingen sin plass i systemet.

Aristoteles ser på den formale årsaka som den viktigaste av dei fire. Det at tinga strevar etter å realisere sin natur for slik å inngå harmonisk i heilskapen, gjer at ein kan snakke om tingen sin potensialitet. Potensialiteten er det tingen potensielt er, og den er eit uttrykk for sanninga om tingen. Røynda til Aristoteles er slik ei strevande og dynamisk røynd som går mot ein harmonisk heilskap. Røynda er ikkje berre slik den er, men slik den potensielt er. Den formale årsaka vert somme tider slått saman med formålsårsaka hjå Aristoteles, og saman dannar dei ein teleologisk overbygnad for forståing av verda ikring oss: tinga har dei ibuande eigenskapane at dei strevar mot å oppnå sitt potensiale i eit funksjonelt, guddommelig og harmonisk heile. I denne heilskapelige naturforståinga vil tinga innrette seg etter kvar dei er nærast å oppfylle sitt potensiale. Steinen vil dette mot jorda fordi den er mest i harmoni med sitt potensiale her. Flammen peikar mot lufta fordi den har sin plass ovanfor det atmosfæriske.

Slutningar av den overståande typen er typiske for den aristoteliske tenkemåten. Ein nytta syllogismer, logiske argument der ein proposisjon eller ei slutning vart trekt frå to kjende premiss. Dette gir ”a discourse in which, certain things having been supposed, something different from the things suppsed results of necessity because these things are so” (Aristoteles, 2007). Kjende fakta produserer framleis forståing.

Då det allmenne er det som alt anna skal sjåast i lys av, vert thelos det som gir meining både til menneskelige handlingar, og til korleis verda er innretta. For at verda skal vere fornuftig, er ein nøydd til å sjå den i høve til dei samlande prinsippa. Filosofien må følgjelig gå mot teologien: guden som den urørlige rørar, og samlande etisk og metafysisk prinsipp. Dette er ikkje nødvendigvis ein verkande gud, slik det vart nytta i kristen teologi. For Aristoteles er guden ei magnet som alt anna går mot – eit samlande prinsipp.


Neste helg skal vi ta føre oss Bertrand Russel si drøfting av mystisisme-omgrepet slik han gjer det i sitt essay "Mysticism and logic".

- K. West

Ingen kommentarer: