mandag, mars 31, 2008

Tidenes nyhendesak

Dette må vere tidenes nyhendesak!

Bilsportkonge i nazisex-video med fem prostituerte.

Om ein går inn på News of the world (ein er tydeligvis ikkje redd for å gå høgt ut når det gjeld namn på aviser) kan ein kose seg med språklig spenstige overskrifter som "Evil father was Hitler-wannabe"

Det er nesten noko poetisk over det heile, ein mediekulturell og språklig fetisj-eksplosjon.

Eg gir meg over...

onsdag, mars 05, 2008

ADVARSEL: biologisk determinisme!

Om nokon skulle byrje å lure på kvifor vi treng Ex.Phil og vitskapsetikk i høgare utdanning, så håper eg dette utspelet frå Terje Bondard og Leif Edward Ottesen kan vere ein peikepinn:

- Kvinner er mer opptatt av barna sine enn menn. Sånn er vi selektert. Det har tatt mange hundre tusen år å utvikle følelseslivet vårt. Det går ikke an å skru det av med et politisk vedtak, sier Terje Bongard, som er forsker i human adferdsøkologi ved Norsk institutt for naturforskning.
Han og forskerkollegaen førsteamanuensis Leif Edward Ottesen Kennair stiller spørsmål ved om en endring i permisjonsordningen til fordel for far kan gå på bekostning av barna.
- Vi må i det minste spørre oss hva det går på bekostning av, når vi lager et oppdragelsesmiljø som avviker fra det arten vår har utviklet seg til. Hvorfor er det ingen som spør hva som er best for barna? Er det best for barna å tredele permisjonen? spør Ottesen Kennair
.
(Aftenposten tirsdag 04. mars 2008)

For å utdjupe:
- omsorgsgenet er ikkje funne
- arv og miljø er ikkje natt og dag
- det er lite gyldig å slutte frå er til bør (ein skal argumentere ganske godt for å få naturvitskaplige påstandar til å skulle gjelde som normative reglar)


tirsdag, mars 04, 2008

Dagbladet sluker åtet.

Etter at Audun Lysbakken og Thorbjørn R. Isaksen hudfletta media si overfladiskheit i politikken, kan ein gjerne kjenne si besøkstid og påpeike visse likskapstrekk innan naturvitskapen.

I ein artikkel om Craig Venter skriv Dagblatet entusiastisk at Venter no er på veg til å kunne skreddersy mikroorganismer, og at desse skal kunne nyttast til det vi måtte finne det for godt til. 

Den anerkjente genetikaren (mi utheving) Venter har utmerka seg som ein visjonær figur med evne til å tenke "utanom boksen". Å tenke utanom det vanlige er ikkje å forakte, men visjonar er noko moderne vitskap er så fullt av, særlig knytt opp mot framstilling i offentligheita, at nøkternheit hadde vore eit kjærkome tilskot. Dagbladet kan vel knapt seiast å kome med noko tilskot i denne artikkelen.

Ei nøktern omskriving hadde vore at den kontroversielle genetikaren og forretningsmannen Craig Venter jobbar med moglegheita for å danne enkle mikroorganismer. Målet er i første rekke å få ei organisme som kan vere levedyktig, og i andre rekke å kunne tillegge denne visse eigenskapar som kan vere nyttige. Men dette er komplisert då vi enda har svært lite kunnskap om korleis sjølv dei aller enklaste organismer er sett saman.

Om Dagbladet lurer seg sjølv av uvitenheit, eller lurer leserane med hensyn til den gode historia vitast ikkje. 

mandag, mars 03, 2008

Aristoteliske restar - Naturvitskapen sin teleologi etter renessansen.

Her er ein idé eg fekk til ei semesteroppgåve i filosofi.

Aristoteles hadde stor påverknad på naturfilosofien gjennom antikken og middelalderen med sin teleologiske årsaksmodell for endring. Etter renessansen vart kausalitetslova den einaste gyldige årsaksforklaringa innan det som etter kvart kallast naturvitskapen. Men har ein lukkast i å kaste av seg teleologien? I denne oppgåva vil eg sjå på skjæringa mellom Aristoteles’ teleologiske tenkning, og den omveltninga i naturvitskapen som skedde i renessansen, med hovudvekt på Descartes’ etablering av vitskaplig metode.

Innfallsvinkel:
Aristoteles hadde stor innflytelse på naturfilosofien, som seinare utvikla seg til det som er naturvitskapen. Han var oppteken av å forklare korleis endring skjer i verda ikring oss, og postulerte dei fire årsakene
1) formålsårsaka – det som ting skal tene til.
2) den bevirkande årsaka – kva som konkret fører til endringa.
3) den stofflige årsaka – eigenskapane, identiteten til stoffet involvert i endringa.
4) den formale årsaka – realiseringa av naturen til det medvirkande.

1) og 4) er årsaksprinsipp som er klart teleologiske. Til grunn for desse ligg tanken om at alle ting har ein trang til å finne sin plass innan eit større system, og til å realisere sitt potensiale innan dette systemet. Dei 4 årsakene vart toneangivande gjennom heile middelalderen, då dei vart tolka inn i eit kristent verdsbilete.

Ved renessansen vart derimot dei 4 årsakene erstatta med ei årsak, nemlig kausalitetslova. Ein kan seie at Aristoteles’ bevirkande årsak dekker kausalitetslova, og at den stofflige årsaka fell inn under kausalitetslova ved utvikling av teoriar om stoff si samansetjing.

Frå renessansen og til i dag må ein altså halde seg til kausalitetslova og den hypotetisk-deduktive metode ved utarbeiding av naturvitskaplige teoriar. Likevel er det ein og anna episode i den nyare vitskapshistoria som vitnar om at ein ikkje har klart å riste av seg Aristoteles si teleologiske årsakstenkning.

Eit av dei mest tydlige eksempela er den retninga innan biologien etter Darwin som kryssa den sterkaste sin rett med ein Hegeliansk tanke om historia sin teleologiske frammarsj – eugenetikken. Eit anna eksempel er den logiske positivismen. Begge desse eksempela er del av det ein kan kalle ei ideologisk overbygning i naturvitskapen, og ei drøfting av desse kan inkludere kva plass naturvitskapen skal ha i samfunnet (kva skal den tene til?).

Det eg derimot ønskjer å sjå på her, er trekk som ligg meir immanent i naturvitskapen sine føresetnader. Her kan det vere interessant å ta tak i vitskapen som eit fornuftig, logisk system. Å fremje ein ufornuftig vitskap fell mest på si eiga urimeligskap. Kausallova føreset logikk, og den hypotetisk-deduktive metode likeeins. Logikken kviler i seg sjølv, og vitskaplige arbeid må følgje denne.

Det å sjå på logikken som eit tilgrunnliggjande heile som ein ikkje stiller spørsmål ved, som noko teleologisk, gjer det mogleg å setje naturvitskapen i eit perspektiv som tydleggjer det naturvitskaplige prosjektet. Eg seier ikkje at det nødvendigvis er noko gale med at ein har med dette som ei årsak, men ein kan seie at det er ein metafysisk føresetnad. Slik vil eit naturvitskaplig prosjekt ligge i eit spenningsfelt mellom den teleologiske logikken, der naturlovene følgjast, og det at ein ikkje kan hevde ei evig sanning innan naturvitskap (altså at ein ikkje kan hevde ei tru på same måten som for eksempel i religion).