søndag, mai 29, 2011

Bibelen: ei foreløbig oppsummering

Så bloggen var ikkje heilt daud, sjølv om dette er fyste innlegget i 2011. Slik er det når ein bloggar etter lyst-prinsippet.

I fjord sette eg i gong med å lese bibelen frå perm til perm. Sidan dette også har vorte styrt av lyst-prinsippet, har det gått litt i rykk og napp. Men no har eg vore i gong igjen. I byrjinga var eg flink og la ut omtaler for kvar bok, men no har eg heller tatt eit jafs, og serverar her nokon strø-tankar f.o.m 4. Mosebok t.o.m. Ester.

Kvifor lese Bibelen? Eg ser på meg sjølv som ikkje-truande, men likevel finn eg mange gode grunnar til å lese Boka (stor bokstav nyttast her for å markere den plassen denne boka har i kulturhistoria, idéhistoria og litteraturen - ein kjem ikkje utanfor).
- den er til tider fantastisk skrive
- den gir eit innblikk i heilt andre samfunn enn det vi sjølv lever i (som Georg Johannesen sa: skal du få eit perspektiv på den tida vi lever i, må ein lese gamle bøker frå då tidene var annleis - så gamle bøker som mogleg).
- For å forstå religion generelt og kristendom og jødedom spesielt, slik den har påverka samfunnet, og slik den utøvast i dag.
- for å sjå ein del av dei ur-narrativa som ligg i vår kultur (skyld og skam, svik, hovmod etc.).

Mange og gode grunnar, altså. Eg skal utdjupe 2 poeng.

Innblikk i andre samfunn:
Ein kan lese kongebøkene, eller ein kan lese Snorre, og det vil slå ein at voldsnivået er ganske annleis enn det vi har i vår norske vugge i dag. Kristendomsundervisninga underslo heilt klart ein del sider ved Kong David som var for sterk kost for norske 13-åringar. Men er det kost for vaksne kristne eller jødar at David berre stilte seg i rekka av torturistar og etnisk motiverte folkemorderar? Personligheitstrekk som psykopati, asosialitet, post-traumatisk stress, personligdomsforstyrring etc. ville verka absurde i ein slik setting som beskrivast i desse bøkene. Og då liknande krigstilstandar går att i mange arkaiske bøker, kan det tyde på at dette er samfunnstilstandar som har vore svært vanlige opp gjennom historia.

Forståing av religion.
Det er nok å slå inn opne dører, men det er svært lite til felles med den gammaltestamentlige religionen og dagens norske kristne religionsutøving. Kanskje kan desse bøkene, der jødane slost med sverdsegg for landet sitt, gi nokre peikarar til den valdelige konflikta i Israel/Palestina i dag, men la oss for all del håpe at ikkje for mange lar seg inspirere av forfedrenes framgangsmåtar.

A deja!