fredag, september 28, 2007

Burma!

Dette kan vel kanskje verte det minst leste oppropet på heile internett, men likevel: Støtt demonstrantane i Burma ved å delta på opprop (for eksempel her: http://www.avaaz.org/en/stand_with_burma/tf.php), gå med raud t-skjorte i dag, og/eller delta i markering ved den blå steinen i bergen i morga kl. 1900 (eventuelt andre stadar som måtte passe).

mandag, september 17, 2007

USA - biletereportasje

Her følger nokre hotte shots frå det forjetta land. Takk til AHR for bilete.

1. Redaksjonen på veg over Golden Gate, i bil, fort.

2. Naturestetikk som trancenderar erfaringa i Yosemithe. Rett før slakting av hjort.

3. Spøkelsesby i Sierra Nevada. Kva skjedde med biletekvaliteten??? Uhuuuuuu!!

4/6/5. Death Valley har svært rette og lange vegar, lave punkt på landjorda, og høge temperaturar sjølv når sola har gått ned.



7. Trofe-hjørnet på Pontiacen: Det som er att av haren Trampefot.

Jepp, det var Califårnia. Resten kjem seinare.

Onkel reisande West

tirsdag, september 11, 2007

ÅÅÅ, I got election. Heia den som vinner!


K. West kommenterer det ferske kommune-og fylkestingvalet:

- Sosialistisk Venstreparti er slukøyra etter at dei ikkje fekk nokon med seg på miljøsaka. Finnast det andre saker som kunne ha vist politiske skiljeliner betre skal tru? Ein tanke kan jo vere eigedomsskatten, som eit visst anna parti har køyrt hardt på. Men denslags bryr kanskje ikkje SV seg om. Eg er også litt usikker på kor mange stemmer miljøsaka generelt kan sanke for SV i for eksempel Ulstein kommune.
- Til tross for aktiv valgkamp i Bergen (eller voldtektsbølge, som nokon har kalt det) vart det ingen mandat for Demokratane denne gongen heller.
- Korleis er det å vere finansminister, Kristin? vart Kristin Halvorsen spurt på ein TV-debatt her om dagen. "Ja, det er vanskelig" sa ho. Tydeligvis, sidan vi har høyrt lite/ingenting om økonomi frå SV sidan Lysbakken foreslo å legge ned børsen.
- Det ligg an til å bli Frp-ordførar i Bergen. Han ser så harry ut. Eg saknar allereie Herman "standup" Friele.
- Kvifor gikk det så bra med Høgre? Forstår ikkje...
- RV har foreslått hurtigbåtar som miljøtiltak. Hmmm.... ikkje napp?

K"yrre Nakkim" West

søndag, september 02, 2007

USA kyst til kyst: rætrospekt


Akk o've, det er 10 grader C i Bergen, og Fylkeshuset kan nok ei toppe skylinen på Manhattan. Men loppene i blodet er i ferd med å stilne, og grovbrød tyggast med fornya glede.

Det er tid for tanke, sågar ettertanke. Kva har ein eigentlig lært på veg over Dei forente amerikanske statar? Har ein vakse som menneske og individ tilstrekkelig til at kan unnskylde å ha påført vår alles klode ei større klimaforverring på ein månad enn ein somalisk klan ville ha klart på eit heilt liv? Kanskje utbyttet av turen først og fremst vil avtegne seg i form av eit knippe fyllehistorier som veks i omfang for kvar gong dei vert gjenfortalt. Eller kanskje vil turen vakne ein aktivisme og ei politisk bevisstheit som gjer oss i stand til å forstå, og bygge bruer, og handle på ein meir reflektert og nyansert måte? Det er på tide å stille spørsmål; dei rette spørsmåla. Dei må stillast.

1. Kva er eg nøgd med på turen?
Det eg er mest nøgd med er nok at vi var i kontakt med lokalbefolkninga, først i California, og så i Harrisburg Pennsylvania. Det var noko ein sakna for eksempel i New York, der ein hadde ei kjensle av å betrakte byen frå utsida. Som gjest i eit hus fekk ein eit glimt av innsida.

2. Kva kunne ha vore gjort annleis?
Eg angrar nok litt på at eg ikkje kjøpte souvenirar i Trump Tower. Her kunne ein fått koppar med påskrifta "You're fired", eller bøker som "How to think like a billionaire".

3. Ville du ha stoppa om du køyrde på eit lite eller mellomstort pattedyr?
Nei.

4. French fries eller freedom fries?
Ja takk begge deler.

Det var nok verdt det, ja. From sea to shining sea!