torsdag, desember 27, 2007

Julelesing 2: Ny i verda.

"James Brown sette i eit grynt, og byrja å fortelje at han kjende seg som ei sex-maskin. Det er så mange slags kjensler som kan kome over eit menneske"


Eg-personen vert sagt opp frå sildoljefabrikken i ein eller anna fjord på vestlandet (eg tenkjer sogn. Det er slett ikkje sikkert dette er rett, men han oppfører seg tidvis litt sogn-aktig) og dreg til Bergen for å studere på universitetet. Ein vaskeekte bondestudent-roman. Han studerer lite, og går livet sin skule, som dominerast av mjuke studiner og livsnytarkommunisten dr. Munk. I høve til desse faktorane ter hovudpersonen seg litt som ein antihelt, men han syg til seg inntrykk, og modnast. Slik sett har eg meir sympati for han enn for mange av personane i Bikubesong, som satt meir fast i eigne roller. Hovudpersonen i Sveve over vatna er kanskje ikkje så interessant å snakke med no, men han vert det antagelig om nokre år.

Denne danninga er også underfundig, men personane har spenst og evne til å gå utover seg sjølv. Det er alltid spennande å sjå kva dei gjer vidare. Dessutan er ofte viddet med på å skape ein interessant klangbotn , slik eksempelet er i det innleiande sitatet. Betraktingane treff ofte på kornet. Vidare er boka, og personane aktørar i kulturen på ein heilt annan måte enn dei var i Bikubesong, både i høve til si eiga historie ("Sveve over vatna" er eit bibelsitat, og det er fleire trådar som peikar i retning kristendomen, sjølv om desse aldri vert tematisert grundig). Det kan godt at Frode Grytten ønsker å tematisere ein slags innoverskuande stagnasjon i Bikubesong. I så fall står det noko sørgjelig til i Odda. Personane i Sveve over vatna stagnerar ikkje; dei rasar gjennom livet, med ein fandenivolsk energi.

Også denne boka får somme tider noko skjemt-aktig over seg, og ein lurer på om det viktigaste vert å presentere artige historier og skrå-blikk, men etter nokon dagar med fordøying ender ein med å vere sjarmert av persongalleriet og deira meir eller mindre realistiske prosjekt, og ein kan tenke på korleis det er å vere ny i verda, slik ein gjerne er når ein er ca. 20 år.

For kulturredaksjonen var det på tide å lese noko av Hovland av reine samvitsgrunnar. Eg hadde invitert Hovland til Studentersamfunnet i Bergen for nokre år sidan, utan å ha lest ei einaste bok av han. Eg måtte difor gjennom heile middagen og kvelden vidare late som om eg var ein belest Hovland-fan. Det kjendest litt dårlig gjort.

søndag, desember 23, 2007

Julelesing 1: Bikubesong



Frode Grytten sin "Bikubesong" har vorte ein aldri så liten klassikar innan den nynorske kultursfæra. Dette til tross for at den inneheld bokmålske lånord som får ivaren i meg til å kveppe.

Mykje har vorte sagt om denne boka, eller novellesamlinga, som det vel strengt tatt er. Lite tyder altså på at du kan nytte K. West for å oppdage ny litteratur. Men kanskje kan vi skape ein ny skule innan Grytten-lesinga. Kven veit.

Ramma kring karakterane i novellene er murboligen i Odda. Eg tenker at dette er bikuben. Jamt over tek kvar novelle føre seg ein karakter i murboligen, og viser fram denne. Dette gjerast på ein måte som er dels humoristisk på ein underfundig måte, og med ein underliggande sårleik. Det er noko dveldande iaktagande i Grytten sin stil, noko nesten passivt i framvisninga av karakterane. Dette gjev rom til det usagte og det såre og kjenslevare, noko som kanskje kan seiast å vere ein type norsk underdriving. Dette igjen gjev det humoristisk underfundige meir kraft der det på ein måte nøkternt vert framvist i sin absurditet, og sett imot eit litt kommunegrått bakteppe av kvardagen i Odda.

Mange av karakterane ser ut til å lengte ut mot verda. Grytten er kjent for sine talrike populærkulturelle referanser, og det innadvende bygdelivet vert sett opp mot dryppa frå verda der ute, gjennom The Smiths, filmstjerner og TV-seriar. Men ofte blir det med det. Skjæringa mellom det innadvende bygdelivet og det å identifisere seg for mykje med den ytre verda ser ut til å kunne føre til framandgjering og utestenging.

Ein annan ting som går att er det undertrykte kjønnslivet som boblar og siv ut alle stader. Mange av dei gode skildringane i boka tykkjer eg er av ulike former for forbode eller undertrykt begjær av ulike artar, for eksempel av familiefaren som forelskar seg i ungjenta i kassa på Domhus. Det er i det heile ikkje så stor moglegheit for å få lufta eller snakka om slike ting, og mange av karakterane dett på ein måte inn i seg sjølv. Denne passiviteten som pregar fleire karakterar, og også noko av observasjonane, er kanskje det eg har mest å utsetje på boka.

Bikubesong er dvelande og beskrivande, underfundig. Men så blir det ofte med det. Arbeiderpartimannen vert beskrive i ein nostalgisk-komisk tone, og direktøren for smelteverket er ein noko komisk figur. No skal ein vere forsiktig med å kritisere ei bok for noko den kanskje ikkje prøvar å vere, men eg sit med kjensla av at dette er ein tekst som er reaktiv: den vil heller dvele ved Odda-kulturen, beskrive den og dens underfundigheiter, men i dette ligg det også ei slags maktesløyse. Det er liksom at karakterane og forfattaren ikkje vil noko. Smiths-fanen i byrjinga dett inn i si eiga rolle som utanfor. Kvinna som nett har vorte enkje dvelar ved mannen sin. Gerhardsen vil aldri kome inn i varmen, eller vere noko anna ein eit utskot i sin klart definerte rolle, og regissøren som har flytta til New York står som skodespelar til ei nervrotisk mor, i ein familie ho eigentlig har vendt seg vekk ifrå.

Unntaket er mannen som vert kåra til den mest gjennomsnittlege mannen i Noreg. Og det er jo ikkje tilfeldig at nett han søker å overskride seg sjølv, og sprenge nokon grenser. Så eg landar nok på at det var denne eg likte best.

Som ein sidekommentar: Bikubesong egnar seg godt til bussturar på Vestlandet, gjerne mellom Bergen og Ulsteinvik, men også andre strekninger kan sikkert duge, utan at redaksjonen har noko empiri på dette.

onsdag, desember 19, 2007

Bellona..



Å skulde staten for lovbrot i høve til CO2-lagring, det likar vi.

K. West-redaksjonen er no støttemedlemmar i Bellona. Det er ingen dum idé. Støtt den handlekraftige krølltoppen! (Håper berre han røyker kortreist hasj:P)

tirsdag, desember 18, 2007

Oil oil oil oil...



Oljen den er blank og fin,
oljen den er min.
Skulle den så gi misnøye
...er jo det ikkje nøye.

lørdag, desember 15, 2007

Julelesning: Ny norsk litteratur.


Har fokuset på danning og historie vorte for sterkt? Har dette gått på bekostning av samtidslitteraturen? Har internasjonaliseringa gått på bekostning av det lokale?

Dette er spørsmål som vart retta mot kulturredaksjonen på K. West-bloggen sist redaksjonsmøte. Som ein reaksjon på dette, lanserar vi ei julelesning av tre relativt nye (iallefall om ein reiknar i decennier, slik eit kvart danna menneske sjølvsagt vil gjere) norske bøker. Utpeika av redaksjonen er:

- Olaug Nilssen: Få meg på for faen.
- Ragnar Hovland: Sveve over vatna.
- Frode Grytten: Bikubesong.

I dei siste dagane av 2007 vil vi rapportere friskt frå lesninga av desse verka.

Den skarpe lesar har sjølvsagt fått med seg den doble tydinga i tittelen i høve til språkform og bokval.

fredag, desember 07, 2007

Mediekommentaren

K. West kårer dei beste ny-orda denne veka!

2. Plass:
Kjendispakistaner.

1. Plass:
Pepsi-Gro.

Vi håpar, og trur, at begge orda vil gli inn i det aktive norske ordforrådet.

fredag, november 30, 2007

Meir mellom himmel og jord

Eg kom over denne interessante artikkelen i Magasinet på nett. Merkelig nok legg Magasinet alltid dei beste artiklane ut på nett, medan papirutgåva fyllast med emo-porno som sementerar det eg vil kalle ein ikkje alltid positiv kvinnerolle). Iallefall er alternativ medisin eit svært interessant felt. Og eg er ikkje den som skal avfeie det som kvakksalveri slik utan vidare.


Det dreiar seg altså om homeopati. Dagbladet henviser til denne artikkelen i Guardian, som er vert å kike på.

Dei to interessante problemstillingene, slik eg ser det er
1. Korleis naturvitskapen forheld seg til homeopati.
2. Kva plass ein ser føre seg homeopati i samfunnet (kanskje det mao vert korleis egser føre meg homeopati)

Det som er interessant med homeopati, er at dei ser føre seg ein vitskapleg forklaringsmodell, som riktig nok baserer seg på nokre fysiske lover som tradisjonell vitskap rettar seg etter. Men det er like fullt ein type fysikalsk-kjemiske lovmessigheiter (så vidt eg veit) som ligg bak tanken om at virkestoff som framkallar symptom som er lik sjukdomen dei skal behandle, i fortynna form gjennom vassmolekyla skal påverke organisma i ein terapi-prosess. Dette gjer at homeopatien på ein måte vert komensurabel med naturvitskapen, i motsetning til for eksempel fotsoneterapi, der ein først må omsetje energibaner til biokjemiske termer før ein klarer å gjere ei samanlikning; ei samanlikning som vil lide av brotet mellom to paradigme. Når legen i Guardian-artikkelen så beskyldar homeopatien for å vere i overkant reduksjonistisk i høve til kva som kan forklarast biokjemisk, med aksen medikament-virkning, er det jo litt artig. Vanligvis er det jo naturvitarane som vert skulda for dette, men Goldacre henviser til medisinen, der ein for lenge sidan har byrja å ta høgde for placebo-effekta sine krinkelkrokar og overraskane vendingar.

Til tema nr. 2, så er den vanlige innvendinga mot mykje sokalla alternativ medisin at det er greit intill sjamanen (et al) overtalar pasienten med langt framskriden kreft til å slutte på den medisinske behandlinga til fordel for den alternative. På den andre sida har ein skuldingar av skulemedisinen for å vere arrogant, med henvisninger til skulemedisinen si korte historie, begrensningar, og det at den fleire gonger har teke til seg "alternative" metodar den først har fordømt, når den først har klart å omsetje det til sitt eige språk. Om ein er løysingsorientert, ville ein tru at homeopaten skulle vere glad for om det siste skjedde, at ein klarte å gjere testar som gjorde at homeopati kunne inkorporerast i den vitskaplige ideologien. Men slik eg har forstått er slike testar prega av at testanen av homeopatane sjølv ikkje har skikkelige kontrollar, medan testane som har kontrollar ikkje viser ulikheit mellom placebo og homeopati. Basert på dette skulle ein tru at homeopati burde tillatast, men ikkje som legemiddel.

hmmm....vi sjokkerar igjen ved å kome med ein heilt ordinær konklusjon. jaja, for å sprite det opp litt kan vi jo seie:

Dei som ligg for døden, og har lyst å kutte ut vanlig medisin for homeopati, skal få lov til å benytte si o så berømte frie vilje, og få lov til å ta ansvar for eigne val. Så får ein sjå korleis det går. Og om det ikkje går bra, får vi ta ein skikkelig debatt med vedkomande som var ansvarlig rådgivar for vedkomande. Hah...

lørdag, november 24, 2007

Plipp plopp plopp plipp ...


Eg lurer avogtil på om Bergen ein dag kjem til å skli rett i byfjorden. Denne byen må ha eit svært vannfast fundament.


Som ei trøst viser macen min at det er -7 grader og strålande sol i Bergen i dag. Synd å sitte inne i slikt fint vintervær.

mandag, november 19, 2007

Akk - Motens slaveri



Den norske stats førstedame, og kone til formannen i Det Norske Arbeiderparti, Ingrid Schulerud går, i forbindelse med åpningen av Designdagene, hardt ut mot ensrettingen i norsk designsmak. Schulerud, forøvrig ulastelig antrukket for anledningen, sier at alle hennes venner har de samme Arne Jacobsen-møblene. Kjedelig.

Ingen kommentar er hittil gitt fra vår kommende dronning, og norsk design's høye beskytter, HKH Mette-Marit.







Arne Jacobsen: Populær mellom medlemmer av Det Norske Arbeiderparti

søndag, november 18, 2007

Nyhende.


K. West gir deg det siste først!

Filosofiske nyhende:
- Den austerikske filosofen Ludvig Wittgenstein er ueinig med den britiske filosofen i korleis meining vert uttrykt i språket. "Ein proposisjon vert ikkje meiningslaus berre fordi det proposisjonen omtalar ikkje finnast! Den vert då usann" seier den unge og lovande. Russell vil enda ikkje kommentere saka.
- Den tyske filosofen og lingvisten Frederich Nietzsche seier han ikkje vil godta at subjektet skiljast frå det subjektet gjer. Nykantiansk foreining svarer i ei pressemelding: "Wir kønnen nicth dieses Unsinnes ernst nehmen". Dei har vidare beteikna Nietzsche sine arbeide som "hippie-ræl".

Andre nyhende:
- Fotball-laget Brann frå Bergen har vunne fotball-serien. Glade sjeler stilte seg opp på festplassen denne helga for å synge "heia den som vinner" og feire god sports-ånd.
- Facebook-gruppa "Akademikere for avsetting av Djupedal som kunnskapsminister" har opplevd eit regelrett medlemsras i det siste. "Her må vi ha ei evaluering for å sjå kva vi har gjort feil" seier administrator for gruppa.



onsdag, oktober 10, 2007

Molekykærbiologisk Institutt - 10 år.


Mange har spurt meg kva dei skal finne på for å vere hip og happening denne torsdagen og fredagen. I same åndedrag har dei sukka "åh, eg lengtar etter litt molekylærbiologisk input!" Då har eg slått dei kjekt på skuldra, og gleda dei med nyhenda om at dei har spurt rett person.

Det er nemlig slik at Molekylærbiologisk Institutt feirar 10-års jubileum denne veka. Torsdag vert det ope hus på instituttet, og fredag vert det høgtsvevande seminar. Dei ansvarlige har verkelig svinga seg i serken for å gjere dette til veka sin happening (det skal visast på storskjerm på festplassen, betalt av Bergen kommune).

Så om du er nyskjerrig, eller rett og slett har lyst til å verte positivt overraska, anbefalast det å vende snuten mot Høgteknologisenteret i Bergen i morgon. Opningsmøtet er frå 9 til 12 i VilVitesenteret, og ope hus er i Høgteknologisenteret (ved gamle lungårdsbrua) frå 12 til 4!

Programmet finn du her

fredag, september 28, 2007

Burma!

Dette kan vel kanskje verte det minst leste oppropet på heile internett, men likevel: Støtt demonstrantane i Burma ved å delta på opprop (for eksempel her: http://www.avaaz.org/en/stand_with_burma/tf.php), gå med raud t-skjorte i dag, og/eller delta i markering ved den blå steinen i bergen i morga kl. 1900 (eventuelt andre stadar som måtte passe).

mandag, september 17, 2007

USA - biletereportasje

Her følger nokre hotte shots frå det forjetta land. Takk til AHR for bilete.

1. Redaksjonen på veg over Golden Gate, i bil, fort.

2. Naturestetikk som trancenderar erfaringa i Yosemithe. Rett før slakting av hjort.

3. Spøkelsesby i Sierra Nevada. Kva skjedde med biletekvaliteten??? Uhuuuuuu!!

4/6/5. Death Valley har svært rette og lange vegar, lave punkt på landjorda, og høge temperaturar sjølv når sola har gått ned.



7. Trofe-hjørnet på Pontiacen: Det som er att av haren Trampefot.

Jepp, det var Califårnia. Resten kjem seinare.

Onkel reisande West

tirsdag, september 11, 2007

ÅÅÅ, I got election. Heia den som vinner!


K. West kommenterer det ferske kommune-og fylkestingvalet:

- Sosialistisk Venstreparti er slukøyra etter at dei ikkje fekk nokon med seg på miljøsaka. Finnast det andre saker som kunne ha vist politiske skiljeliner betre skal tru? Ein tanke kan jo vere eigedomsskatten, som eit visst anna parti har køyrt hardt på. Men denslags bryr kanskje ikkje SV seg om. Eg er også litt usikker på kor mange stemmer miljøsaka generelt kan sanke for SV i for eksempel Ulstein kommune.
- Til tross for aktiv valgkamp i Bergen (eller voldtektsbølge, som nokon har kalt det) vart det ingen mandat for Demokratane denne gongen heller.
- Korleis er det å vere finansminister, Kristin? vart Kristin Halvorsen spurt på ein TV-debatt her om dagen. "Ja, det er vanskelig" sa ho. Tydeligvis, sidan vi har høyrt lite/ingenting om økonomi frå SV sidan Lysbakken foreslo å legge ned børsen.
- Det ligg an til å bli Frp-ordførar i Bergen. Han ser så harry ut. Eg saknar allereie Herman "standup" Friele.
- Kvifor gikk det så bra med Høgre? Forstår ikkje...
- RV har foreslått hurtigbåtar som miljøtiltak. Hmmm.... ikkje napp?

K"yrre Nakkim" West

søndag, september 02, 2007

USA kyst til kyst: rætrospekt


Akk o've, det er 10 grader C i Bergen, og Fylkeshuset kan nok ei toppe skylinen på Manhattan. Men loppene i blodet er i ferd med å stilne, og grovbrød tyggast med fornya glede.

Det er tid for tanke, sågar ettertanke. Kva har ein eigentlig lært på veg over Dei forente amerikanske statar? Har ein vakse som menneske og individ tilstrekkelig til at kan unnskylde å ha påført vår alles klode ei større klimaforverring på ein månad enn ein somalisk klan ville ha klart på eit heilt liv? Kanskje utbyttet av turen først og fremst vil avtegne seg i form av eit knippe fyllehistorier som veks i omfang for kvar gong dei vert gjenfortalt. Eller kanskje vil turen vakne ein aktivisme og ei politisk bevisstheit som gjer oss i stand til å forstå, og bygge bruer, og handle på ein meir reflektert og nyansert måte? Det er på tide å stille spørsmål; dei rette spørsmåla. Dei må stillast.

1. Kva er eg nøgd med på turen?
Det eg er mest nøgd med er nok at vi var i kontakt med lokalbefolkninga, først i California, og så i Harrisburg Pennsylvania. Det var noko ein sakna for eksempel i New York, der ein hadde ei kjensle av å betrakte byen frå utsida. Som gjest i eit hus fekk ein eit glimt av innsida.

2. Kva kunne ha vore gjort annleis?
Eg angrar nok litt på at eg ikkje kjøpte souvenirar i Trump Tower. Her kunne ein fått koppar med påskrifta "You're fired", eller bøker som "How to think like a billionaire".

3. Ville du ha stoppa om du køyrde på eit lite eller mellomstort pattedyr?
Nei.

4. French fries eller freedom fries?
Ja takk begge deler.

Det var nok verdt det, ja. From sea to shining sea!

mandag, august 27, 2007

USA kyst til kyst 2



Puh... USA tar paa. Sidan sist har vi vore i Washington DC og Atlantic City. Kroppen har vorte nokre kilo stoerre (alt midt paa magen), ryggen er solbrent, fjeset er pryda med ein flott blaaveis (nei, eg har ikkje vore i braak, og det var heller ikkje mi skyld), energioverskotet ligg att ein stad mellom Pennsylvania og Tenessee, og ein har gnagsaar paa merkelige stader. Men no er vi i New York! Johoo!!

Artige ting i New York:
- Vi bur ikkje saa langt fraa Trump Tower. You're fired!
- Late Show er gratis. Har lyst.
- Dei spelte Kings of Convenience paa Kafeen eg sat paa i Greenwich Village i gaar.
- Det var like ved den skandinaviske klesbutikken.
- Vi har koeyrt bil over Times Square.
- Veldig artig aa koeyre bil paa Manhattan.

Johoo...

tirsdag, juli 31, 2007

USA kyst til kyst


Redaksjonen er i august maaned paa studietur i imperiets hjerte og hjerne: USA. Planen er aa gjennomfoere ein tur, med bil (saa klart) fraa San Fransisco til New York. Her paa bloggen skulle dette sjoelvsagt verte formidla gjennom spennande og banebrytande reisebrev. Dette har ikkje vorte gjort, før no.

Vi har no vore nesten 3 veker på vegen, og vi har nesten kryssa kontinentet.

Den foerste veka var vi i "The bay area" kring San Fransisco. Dette er min foerste tur til USA generelt, og California spesielt, men eg kjenner at eg ikkje klarer aa motstaa den Californske tilbakelente sjarmen. San Fransisco er saa klart spennande, med hippie-gata Haight-Ashbury, og beat-omraadet North Beach. Men det er naar ein faar snike seg med dei infoedde at ein verkelig faar smake paa stemninga. og heldigvis har nokon av oss kontakter i form av slekt i San Fransisco. Hoegdepunktet har vore ein tur til det akk saa avslappa Santa Cruz. Der aat vi nydelig sushi, drakk passelige mengder oel, og saag paa stillehavet, pelikanane, skodda, surferane, og Monterey paa andre sida av bukta. Og det er litt overraskande at alle desse forjetta plassane som ein har hoeyrt for eksempel i sangar (dette omraadet maa vere det hyppigast nevnte i populaermusikk). San fransisco, San Jose, Santa Cruz etc. ligg berre innan halvanann times koeyring fraa kvarandre.

Ein heilt annan del av California, var besøket hjå skogsbrannmannen Ron i Sierra Nevada (Sierra Nevada er også navnet på det nydelige ølet som har fulgt oss gjennom heile turen). Han er ein mildt sagt beinhard, men koselig, fyr, som må ha ein av verdas hardaste jobbar: springe rundt i bushen i 40 grader +, med ein 15 kg sekk på ryggen, og rydde skog for å hindre spredning av skogbrannar. På fritida skyt han hjort og elg, og køyrer pickup og er tøff.

I mellomtida køyrde vi på ein liten hjort.

Neste stopp: LAS VEGAS. Sin City! Her får ein gratis øl så lenge ein spelar. Og vi Vspelte vekk alle nickelane eg hadde! Så oppdaga vi 1-cent maskinene, og spelte vekk alle centa vi hadde. Las Vegas er ein sivilasjonsørken der alt er platt, flatt og overfladisk. Å kome vidare, til Flagstaff Arizona, med sine kule barar, små gater, og vakre menneske, var som å merke blodet strøyme i årene igjen etter å ha vore daud nokre dagar.

Neste høgdepunkt var ein vaskeekte rodeo i Oklahoma, der vi ropte med mengda "Are you proud to be an American!!!???" "YEEEEEAAAAAAAAAAAHHHHHH"

I Nashville gjorde vi følgande:
- Drakk oss sanselause
- Møtte ein fyr frå Hareid som budde der
- Såg masse country,som vart slått ned i støvlane av
- ei fantastisk soul-og blues sangerinne på Bourbon blues and boogie-bar (sjekk ut Shantelle and the Juke Joint på Myspace http://profile.myspace.com/index.cfm?fuseaction=user.viewprofile&friendid=105428570). Ein av dei største, musikalske opplevingane eg har hatt. Og det i eit halvtomt lokale (ca 30 tilskoderar)

I skrivande stund er vi i Harrisburg, Pennsylvania. I kveld skal vi i bryllup til ein venn. Etter det går turen vidare til Washington DC og New York.

Thats America for ya...

lørdag, juli 14, 2007

På sporet av den tapte tid X: den gjenfundne tid


”Den gjenfundne tid” avsluttar Marcel Proust sitt livsverk på eit nesten pedagogisk vis, med ei uttalt målsetjing om forfattaren sitt kall. Etter å ha lest eit verk som dette, som både i kraft av sin eigen kompleksitet, innsikt og eleganse, og i kraft av dei miljø den gir oss innsikt i, kan ein ikkje lenger halde fast på ei førestilling om at historia er styrt av ein dialektisk progresjon mot stadig høgare samfunns -og åndsformer, om ein no skulle finne på å tru noko slik.

Likeeins er den observasjonsevna som har vore i stand til å ikkje berre observere og registrere, men også å formulere denne elegansen; korleis elegansen utviklar seg og vinn si meining innanfor ei sosial sfære – eit vitne om korleis kunsten, anten det no er i kraft av å kome frå ein begava kunstnar, eller å vere eit uttrykk for samtida sine straumningar (det kan vere det same nett no), kan romme materiale som dei etablerte vitskapane enda ikkje har fått tak på.

Og når ein ser på kva målsetjing Marcel Proust har sett seg for sin roman, er det ikkje rart den har teke den forma den har. Han set seg nemlig til mål å gripe den røynda som vanen, med tida si hjelp, tilslører for oss ettersom vi vandrar dei same stiane inn i erindringa, og langs desse ser dei stadig meir kjende omgivnadane som vi etterkvart tek for å vere det livet vi faktisk har vore gjennom. Her har litteraturen ein rolle, meiner Proust, ved å gje verkty både til å mogleggjere eit brot vekk frå desse stivna erindringane, inn i det ustrukturerte som ligg ikring, og til å tolke dette mylderet som utgjer det fullstendige lageret av minner som om ikkje gitt ein tolkingsnøkkel, vert liggande som ei grunnstemning ein ikkje kan gjere reie for i det den gjer sin inntreden på nærast uforståelig vis i det kjende landskapet som vanen har innreia.


Etter eit år er føljetongen om Marcel Proust ferdig. Neste post: Magnus Marsdal sin "FrP-koden", og Runar Døving sin "Rype og lettøl" - to bøker om Noreg i 2007.

mandag, juli 09, 2007

Agurk

Det er agurktid, også på K. West. Vi bringer følgande nyhende:

- Vitskapleg assistent forkludra forskningsprosjekt. "Det var ikkje meg!" lyg den ferske forskningsassistenten.
- Kaffimaskina på Molekylærbiologisk Institutt lagar framleis god kaffi. " Det må reiknast å vere ein suksess" seier den ferske vitskaplege assistenten som nett forkludra eit forskningsprosjekt.
- Det regnar igjen i Bergen, men det gjer ingen ting melder S.A.T.S, som rapporterer ei medlemsauke på minst 1 denne veka.
- Den avdøde filosofen Paul Feyerabend melder i si bok "Against method" at ein må vere opne for ukonvensjonelle måtar å tenke på i vitskapen, og at ein ikkje sit med den gyldne oppskrifta på sanning. Han seier også at det er vanskelig å lansere nye teoriar. Vi ventar i spenning på nye utfall..

torsdag, juni 14, 2007

På sporet av den tapte tid IX: Uten Albertine


Vi er kome til nest siste del i den nesten uendelige historia På sporet av den tapte tid. Motivet i denne delen er tida etter at hovudpersonen si elskerinde, Albertine, har forlete han. Ikkje berre har ho reist frå han; ho døyr også, i det som moglegeins er eit sjølvmord med hest. Forteljaren reagerer på desse hendingane med ein valdsam kjærleik til ho som han tett før sjølv vurderte å bryte med. Døden representerte den ultimate utilgjengeligheit, Marcel gir sin kjærleik drivstoff ved å stadig finne ut detaljar om det livet som Albertine har haldt skjult for han medan dei var saman.

Men ettersom tida går, venjer ein seg til det nye livet uten Albertine, og minner som før valdte stor smerte, betyr snart lite. Slik utmalar "Uten Albertine" to gjengåande tema i På Sporet av den tapte tid: sjalusien som nødvendig forutsetning for kjærleiken, og vanen som forandrar og tilvenner mennesket nye og sjokkerande omgivnader.

onsdag, april 25, 2007

Time-out


Det er ein måned sidan sist skriving. K. West-bloggen er på ein timeout. Det er fleire grunnar:

- Pga. ei masterlevering 1. juni, er alle klutar sett inn. Derav verken tid til å orientere seg om ting å blogge om, eller tid til å skrive dei.
- Eg har fått passet mitt påskrive. Lesning av Runar Døving sin "Rype og lettøl" fortel om den kaklande utdanna middelklassa. Eg føler meg som ei kaklande utdanna middelklasse, og det gir meg ingen god smak i munnen. Magnus Marsdal si omtalte "FrP-koden" gir meg heller ikkje betre smak i munnen. Time-out.

Men før ein veit ordet av det, er vi plutselig tilbake

tirsdag, mars 27, 2007

Rådyrkalvens komme!




Det er uten tvil vår, og dei som ikkje tilbragte helga ute kan angre som pesten, medan dei kreperar av vitamin D-mangel. Her i redaksjonen tok vi utflukta til Lygra i Nord-Hordaland, der vi starta fridykking-sesongen ved å plaske som oterar i vårsola. Det var lite fisk å sjå, men i det små kunne vi sjå kamskjel, nakensneglar, sjøanemoner, syputer, dødningehand og pyntekrabbar som koste seg i algesuppa.

På toppen av det heile kunne vi ete ein heil middag av sjølvhausta kamskjel, blåskjel og krabbe tilbredt av våre gjestfrie vertar. Fine ting...

tirsdag, mars 20, 2007

Kunnskap i det små, del 5: Finale le grand


Over: k. west sitt eige bilde av celler. Cellekjerner i blått, og cytoplasma i rødt.

Jadajadajada, det er tirsdag og ikkje mandag. Uansett er det på tide å runde av historia om Zamecnik for denne gong. Sist lova eg spor, spaces of representation og slikt. Ellers skal vi snakke litt om diskursar, før vi til slutt prøver å stille nokre spørsmål.

Forrige gong snakka vi om differential reproduction: det eksperimentelle systemet vil heile tida søke å undergrave det kjende ved å skaffe ny kunnskap, som vil vise den kjende kunnskapen feil eller ufullstendig. Slik må kunnskapen heile tida relokaliserast kring nye eininger.

Som vi snakka om i første del, har vi ikkje direkte tilgong til molekyla i seg sjølv, men vi set opp system der dei nye einingane kan setje spor etter seg, for eksempel ved å skiljast i ein sukrosegradient, og løyse dei opp i bestemte løysemiddel. Sukrosegradienten, og løysemiddelet er då representasjonsrom, der einingane set spor. Kva spor ein vel å ta med vidare, er avhengig av kor avgjerande dei vert for å vidareutvikle systemet av kunnskap. tRNAen som vi snakka om tidligare, vart sett på som eit sideprodukt som ein berre kasta, heil til ein oppdaga at den var svært anvendbar innanfor systemet. Faktisk så anvendbar at alt det ein visste om proteinsyntese no vart sett i lys av tRNA. tRNA var ein stor suksess. Eksperimentelle kulturar blir bygd opp på denne måten, gjennom kompetanse om og bruk av bestemte eksperimentelle system, der dei epistemiske einingane opptrer gjennom spor i representasjonsrom. Produksjonen av slike spor vert kalla inskripsjon. Kva spor som vert produsert er ikkje tilfeldig: det må vere konsistent med andre delar av systemet (sjølv om ein kan tåle nokre motseiingar heilt i forskningsfronten, må dei nye spora vise seg å vere konsistente om dei skal inkorporerast i systemet). Referansepunkta vert då resten av systemet.

Vidare hadde molekylærbiologane kome på sporet av DNA som arvestoff, og ein oppdaga at det var eit bindeledd mellom DNA, som oppskrift, og proteinsyntese, som sette oppskrifta i livet. Dette bindeleddet var messenger RNA (mRNA). Ein snakka no om ein informasjonsveg, der informasjon vart overført frå DNA av mRNA til ribosoma, og oversett til protein av tRNA. Dette var ikkje eit vokabular som Zamecnik og venner var vande med som biokjemikerar. Dette var molekylærbiologi-språk. Dei to fagfelta hadde overlappande interesseområde, men ulikt vokabular, ulike forståingsmodellar, og ulike forskarkulturar: ulike diskursar. Det viste seg, etterkvart som tRNA og mRNA kom inn i bildet, av det var nyttig å forstå dette innanfor ein molekylærbiologisk diskurs. Det skjedde slik ei hybridisering av dei to kulturane, der biokjemikerane måtte lære seg å snakke om informasjonsvegar, medan molekylærbiologane måtte lære seg om ultracentrifuger og metabolske intermediat. For å oppnå eit konsistent system av informasjon, måtte ein altså veksle mellom ulike eksperimentelle system.

Dette var uten tvil ei artig bok å lese. Men spørsmålet som røyser seg for min del er KVA SO? For å drive litt intern kritkk: det er vel og bra, kjekt, spenstig og spennande for tanken å freiste å forklare vitskapen frå nye innfallsvinklar, men det er jo vitterlig mest filosofane sjølv som bryr seg om dette. Det handlar om vitskap, men dei som driv med vitskap bryr seg ikkje så mykje om det. Og det er ikkje fordi dei er ignorante. Svært mange som held på med naturvitskap er opptekne av at prosjekta skal få så stor gjennomslagskraft som mogleg. Ein vil publisere artiklar i Nature, og gjere banebrytande og spennande oppdagingar, både fordi ein er nyskjerrig, fordi ein vil ha ære og berømming, og fordi ein får pengar til vidare forskning. Ein er i denne prosessen på tå-hev for alt som kan fremje si forskning. Epistemologi, altså kunnskapsteori, har hatt mest gjennomslagskraft innan samfunnsvitskapane, nett av denne grunn. Det er i desse heilt vanlig at metodekapittela i publikasjonar inneheld teoretiske og epistemologiske overvegingar. Dette er ikkje vanlig innan naturvitskap på same måte. I molekylærbiologi består metodekapittel av oppramsinger av tekniske framgangsmåter. Det kan vere nyttig å vete om teorien om paradigmeskifter, eller om skeptisismeproblemet for å unngå å bli dogmatisk. Slik har vitskapsteorien i høve til naturvitskapane hatt mykje å kome med i høve til forholdet vitskap/samfunn, men den har ikkje lukkast å setje dagsorden i høve til korleis vitskapen sjølv tilegnar seg kunnskap. Sjølvsagt finnast det hederlige eksempel, men i det store å heile har bøker som denne, som er skrive av Hans-Jörg Rheinberger på erverdige Max Planck, sørgelig lite å seie for dei som verkelig burde hatt eit øyre epistemologien: dei som produserer ny, naturvitskapleg kunnskap.

Moglegens kjekk lesning, om du har lest alt dette:
- Om det ser ut som ei and og høyrest ut som ei and...
- Eit svært luftig, men akk så genialt prosjekt

mandag, mars 19, 2007

Ulsteinvik i media sitt søkelys

Folk finn på dei mest idiotiske ting. Det er tydelig at etter Ulsteinvik sin nyerverva bystatus har ein vorte travel med å få med alle aspekt, også framandgjering. Kleven verft har teke oppgåva alvorlig, og sett opp ein vegg i kantina, der norske ansette skal site på eine sida, og utanlandske leigearbeiderar skal sitje på andre sida.

http://www.dagbladet.no/nyheter/2007/03/19/495404.html

lørdag, mars 17, 2007

Ungkarsballet - ei bok om Distriktsnoreg (...tilbake til røtene)



Vi på denne bloggen favnar vidt - ja kanskje for vidt. Vi er innom litteratur, vitenskap, filosofi osv osv. No har vi tenkt å lefle med enda meir vi eigentlig ikkje har så god greie på. Denne gongen er unnskyldinga den behnske størrelsen entusiasme. Ja, nett denne boka traff midt i ei slags heimstadkjensle til bondske og mellombondske strøk på vestlandet på ein slik måte at ein både vert entusiastisk og at ein identifiserer seg.

Vi snakkar om sosiologen Pierre Bourdieu si bok "Ungkarsballet". Bourdieu er jo kjent for mange (iallefall dei som bør kjenne til han), men målet vårt er jo som sagt ikkje å vere først innan sosiologi, men å bli entusiastiske i møte med fagfeltet sosiologi.

Bourdieu tek for seg området Bèarn, sør i Frankrike, ved Pyrineane. Området er prega av landbruk, med landsbyar innimellom. Observasjonen er at odelsgutar har problem med å få gifta seg, og det er ei aukande fråflytting frå bygda til landsbyane og andre byar. Resultatet er forgubbing. Ser ein på dette i høve til tidligare tider, dvs på byrjinga av 1900-talet, ser ein at det har føregått ei omveltning: odelsgutane var nemlig dei som hadde størst sjangse for å få gifta seg på denne tida. I løpet av 1900-talet har dette snudd seg heilt. Kvifor?

Dette er jo som stort sett alt, komplisert og samansatt. Ein skal vere forsiktig med å trekke kjappe slutningar og konstruere gigantofile teoriar. Dette er Bourdieu flink til å understreke, og han bryt på liknande vis med fleire av mine fordommar mot boka som fransk luftslott. Her er mange intervju og anekdoter, og dei slutningane som vert trekt, er heile tida nært fulgt opp av observasjonane som vert gjort, slik at det er lett å følge - ein sosiologisk page-turner.

I det gamle bondesamfunnet var giftarmålet regulert av familien. Det var eit taktisk og økonomisk trekk for å halde garden udelt, og vidareføre namnet. I kvart enkelt giftarmål fanst det ulike strategiar for å kome heldig ut av giftarmålet. Det var viktig at jenta som kom inn i familien hadde med seg nok medgift til at familien kunne betale medgift til dei andre søskena på garden. Medgifta var ein type godtgjering for at ein sa frå seg rett til jorda. I dette samfunnet var medgifa ein stor sum, og mange hadde rett og slett ikkje råd til å gifte seg. Ein prioriterte å gifte vekk døtre, då desse var sett på som ein munn å mette, medan yngre søner var kjærkomen arbeidskraft til garden. At desse ikkje fekk gifta seg, var berre bra.


Kan tru æ vart litt alvorsstemt når æ lest her i avisa
om alt som å må gjørra hvis æ vil værra "in"
Tatovering og ring i nesen og maling oppi håret
Æ tørr itj nævn ka æ må gjør med litjkar'n min


Ved inflasjonen i 1929, vart vart det mykje meir pengar i omløp, og medgifta vart enklare å betale. Samtidig kom det eit skifte i verdien på jorda: den var ikkje lenger like mykje verdt, og bondeyrket vart også mindre attraktivt, med mykje slit, og lite fritid. Odelsguten, som før hadde vore eit godt parti, var ikkje lenger så høgt i kurs. Samstundes låg odelsguten igjen i ein rolle der ein var knytta til jorda og til bondekulturen. Jentene hadde blikket utover. Sidan det hadde vore i kvinnerollen frå gamalt av at jentene skulle giftast vekk, var dei meir omstillingsdyktige. Yngre søner kunne etterkvart få seg jobb uavhengig av gården.

Kall mæ gjern en bondeknøl
en hotten-tott og tulling
Æ skjønne mæ itj på klær og musikk
og det å værra urban
Æ e en ravadall, en stuppuli og luring
Æ treng da itj nå ecstasy
æ som svime rundt i fraulukt hele da'n


Det som etterkvart også skjedde, og som påskjynda prosessen, var at urbane område fekk stadig større definisjonsmakt. I det gamle samfunnet levde ein relativt isolert, og sentralmakta var representert gjennom funksjonærar og tenestemenn i landsbyen, som ein hadde eit meir personlig forhold til. Med utviklinga av ulike kommunikasjonsmiddel, vart det urbane synet på både det urbane sjølv, og på bondeområda, meir gjeldande. Bonden såg no på seg sjølv som "bondsk". Følga var at ein ville sikre komande generasjonar ei framtid ved å sende dei på skule, og oppfordre dei til ei utdanning. Dei nye gardbrukarane hadde også omstilt seg, og dreiv effektivt og teknologisk landbruk, men kven vil satse på ein odelsgut i denne samanhengen?

Det e ihvertfall sikkert, æ passe itj inn i storbyen
med all den snåle maten og så bør æ helst drikk vin
Æ har aldri helt forstått det der med trend å fun og fashion
Kjøttkak det e livretten min


Såh, no er eg vel verken historikar eller sosiolog, men det var heller ikkje meininga. Likevel føler eg denne boka har gitt nokre nøklar til å forstå fråflytting, forgubbing, sjarmørkurs og ungkarar i vestlandske bygder. Du finn boka på mammutsalget, til 79 kroner. Spring og kjøp.

Tekstar i kursiv frå DDE: Bondeknøl.

mandag, mars 12, 2007

Kunnskap i det små, del4: Epistemology - dududududududu


Overskrifta syngast med melodien til Prince ' Musicology (dudududududududu). Til høgre visast verken Prince eller tidligare diktator i Romania, Chauchezku (?), men derimot den uforståelige, og difor enda viktigare franske filosofen Jaques Derrida.

Epistemologi er læra om korleis ein tilegner seg kunnskap, grovt sett. Og det overordna målet med denne boka er nett det: korleis tileger ein seg kunnskap i faget molekylærbiologi. Vi har i dei føregåande postane deskriptivt beskrive korleis dette har vorte gjort reint praktisk. No skal vi forlate jorda, og fare til Frankrike.

Som eit filosofisk grunnlag for denne utlegninga ligg erkjenninga at ein ikkje har tilgong til noko evig sanning, heller ikkje gjennom vitskaplig arbeide. Dette grunnsynet er ei erkjenning som har kome i møte med skeptisisme-problemet: at ein aldri kan vere HEILT sikre på at det ein observerer er OBJEKTIVT sant, eller representativt for ei OBJEJKTIV sanning. Eksempel på dette er Newton, som, basert på observasjonar, laga lover i fysikken som kunne forklare mykje av det som skjedde rundt oss, ja faktisk alt det dei påsto å kunne forklare. Etter kvart dukka det opp fenomen som Newton sine lover ikkje kunne forklare, som for eksempel adferden til partiklar som nærma seg lysfarta. Dette var jo neppe ei aktuell problemstilling på Newton si tid, men på Einstein si tid var det ei aktuell problemstilling, og Einstein måtte lage nye lover, som forklarte på ein annan måte det Newton sine lover hadde forklart, samt litt til. Dette har vore tilfelle i mange/alle vitskapar, at teoriar avløyser kvarandre. Likeeins har ein gang på gang måtte ha revudert ulike teoriar sine fundament. Mange naturvitenskaplige teoriar er dedusert utifrå det som kallast sjølvinnlysande sannigar, teorem. Eit teorem innan matematikken har vore at ei rett linje er den kortaste vegen mellom to punkt. Men så oppdaga ein at det kunne vere fleire enn tre dimensjonar, også måtte ein seie at det faktisk er mogleg å ha kortare vegar mellom to punkt enn ei rett linje. Skal ikkje vere enkelt...

Så også molekylærbiologi. Molekylærbiologien kviler mykje på kjemi, som igjen kviler på fysikk. I tillegg er molekylærbiologien eksperimentell, det vil seie at det er svært lite i dette faget som går an å lage teoriar om i biologiske system. Dette er fordi sjølv om fundamentet er fysikalsk-kjemisk, så er graden av kompleksivitet for stor. Ein er difor heilt avhengig av velfunderande eksperiment. Dei eksperimentelle verktya baserer seg sjølv på vitksaplige teoriar. For eksempel om ein skal sjå ei celle i eit mikroskop, støttar ein seg til teoriar om lysbryting. Ein bygger seg altså opp eit nettverk av teoriar og forklaringsmodellar. Desse er innbyrdes konsise, og på basis av desse tilegnar ein seg kunnskap om spesifike biologiske fenomen. Desse fenomena dannar etter kvart eit system for forståing av nye biologiske fenomen.

I eksempelet vi har sett på, såg vi på Zamecnik sin innfallsvinkel til foskning på proteinsyntese: ein visste at celler produserte protein, og at kreft var kobla til celler sin produksjon av protein på eit eller anna vis. Dette er eit rimelig smått system enda. I tillegg hadde ein kunnskap om at protein kunne skiljast frå kvarandre ved ulike hjelpemiddel, som ultracentrifuge, ein teknikk som kviler på fysikk. Implisitt i dette ligg altså allereie ein tanke om at det som ein eventelt skal finne ut, må forståast innan ein fysikalsk-kjemisk, så vel som biologisk kontekst. Slik fekk ein fram nye "epistemologiske einingar", det vil seie nye og hittil ukjende partiklar, som ein ikkje hadde kunna forutsjå teoretisk, men som dukka opp som kvalitativt nye einingar i eit fysikalsk-kjemisk system. Desse første partiklane kalla ein mikrosom.

Det som så skjer når ny kunnskap vert erverva, er at desse vert inkorporerte inn i systemet på ein slik måte at systemet korrigerer seg etter den nye informasjonen, slik at systemet heile tida er i utvikling, og vert om-konfigurert. I dette tilfellet kan ein seie at ein gikk frå at "kreft har noko med protein produksjon å gjere", til "partiklane polysom er sentrum for proteinproduksjonen, og feil i denne svært spesifike mekanisma kan mellom anna føre til kreft". Ein ser slik at oppdaginga av polysoma ikkje var tilfeldig: dei vart fanga inn av den kunnskapen som ein allereie hadde (utan at det var mogleg, teoretisk sett, å forutsjå at ein hadde eit polysom), og dei førte til at denne kunnskapen var reorientert, og no sett i lys av den nye kunnskapen.

Differential reproduction.
Når eit eksperimentelt system vert reprodusert, meiner ein i denne boka at ferdigheitene, instrumenta, fagterminologien og alt det som skal til for at det eksperimentelle systemet kan eksistere, vert vedlikehaldt. Og dei instrumentelle systema er jo viktige for korleis den nye kunnskapen artar seg. Dette er avhengig av tekniske ferdigheiter, og det ein kan kalle laboratorie-ferdigheiter, der utøvarane av ein metode har sine triks og teknikkar for å optimalisere metoden på ein best mogleg måte ( ikkje street-smart, men lab-smart, på ein måte).
Noko av målet med eit eksperimentelt system, er å fange opp spor av nye epistemologiske einingar. Dette kallar ein "difference", ulikheiter. Nye eininger dukkar opp som ikkje kan forklarast som å vere ein del av det ein allereie veit, og dei inkorporerast inn i systemet av kunnskap. Eit eksperimentelt system vil difor alltid vere på jakt etter ting som kan motstride det som allereie er kjent, for å seie det slik: skal ein finne ut noko nytt, er det nye per definisjon ikkje det same som det gamle, men kvalitativt ulikt og motstridande. Det eksperimentelle systemet er difor alltid på jakt etter det som kan undergrave det ein allereie veit. Polysoma undergravde forståelsen ein hadde for protein-produsjon. Denne prosessen er det som kallast "differénce", og "differential reproduction" vert altså det som kjenneteikner eksperimentelle system, ved at ein heile tida søker å undergrave det kjende, slik at kunnskapen ein har må relokaliserast rundt stadig nye eininger.


Puh... det får vere nok for i dag. Neste gong vert det meir om spor, spaces of representaiton, og korleis ein vel ut kva slags spor ein skal ta med vidare.

torsdag, mars 08, 2007

Grattis med dagen!

Her på bloggen gratulerer vi 50 % av befolkninga med dagen! Heia likestilling!

mandag, mars 05, 2007

Kunnskap i det små, del3: tRNA - eit nydelig molekyl.


Hei igjen. Då håper eg de har fyllt på ein ny kopp kaffi, og sett dykk vel til rette.

Som vi såg sist, byrja ting å stige forsiktig fram frå det ukjende for Zamecnik (elegant teikna til høgre) og venner. Dei hadde altså fått eit system med ulike fraksjonar frå ultracentrifuga, som hadde ulike biokjemiske eigenskaper. Desse fraksjonane kunne ein så kombinere på ulikt vis, og måle om ein fekk laga nye protein.

Det som kan vere greit å nevne litt om, er at Zamecnik og venner var det ein kan kalle biokjemikerar. Så kva er ein biokjemikar i høve til ein molekykærbiolog? Det visste eg ikkje sjølv før eg las denne boka. Det faget som i dag heiter molekylærbiologi, og som er eit ganske så nytt fag, er ei samanslåing av mange greiner, som medisin, kjemi, fysikk, biologi etc. På denne tida hadde ikkje denne samanslåinga kome så langt, og det var eit større skilje mellom biokjemikerar og molekylærbiologar - dei hadde to ulike forskningstradisjonar, forska på ulike, men stadig meir konvergerande ting, og hadde eit ulikt fagspråk. Biokjemikerane hadde lenge vore beskjeftiga med metabolismen, og dei snakka om metabolske intermediat og den slags. Slik sett var protein-danninga ein del av metabolismen, då energi her vart brukt til å bygge nye byggesteinar. Molekylærbiologane, derimot, snakka meir i termer om informasjonslagring, og om informasjonsvegar i cellene: DNA, RNA. Desse to fagområda krasja etterkvart inni kvarandre, med all den forvirringa det førte til.

I Zameckik sine fraksjonar dukka det nemlig opp eit problem: korleis vart den enkelte aminosyra "aktiv" på ein slik måte at den gikk inn i den nye aminosyre kjeda? I ein av fraksjonane registrerte ein RNA som var løyselig i vatn. Vanlig RNA, som ein visste om frå før, var ikkje løyselig på same måten. Kva var dette RNAet? Det ein no hadde, var eit ekperimentelt system med så mange kjende variablar, at ukjende spor av ulik sort kunne lokaliserast og undersøkast. Desse ukjende spora var ikkje bestemt av nokon tenkt teori om protein syntese: dei var eit direkte resultat av oppbygginga av det eksperimentelle systemet. Her har ein det som kjenneteikner eit eksperimentelt system som skal fungere: det må vere lukka nok til at det ikkje vert kaotisk (for mykje ukjent vert umogleg å ha oversikt over), og ope nok til ikkje å stenge ute potensielle ukjende faktorar. I dette tilfellet var faktoren det som seinare vart kjend som transfer-RNA (tRNA). Det vart klart at kvar aminosyre vart "aktivert" av kvart sitt tRNA, og dette gjorde at kva type aminosyre som vart sett inn i det nye proteinet ikkje var tilfeldig. tRNA vandra frå å vere ein biokjemisk fraksjon som resultat av centrifugering og løyseligheit, til å vere ei informasjonsbærande eining.

Dette førte til eit skift i arbeidet. tRNAet vart det nye punktet ting dreia seg om. tRNA var ein informasjonsbærar, noko som tilhøyrde molekylærbiologien sine fagtermer. Protein syntesa var ikkje så mykje lenger eit metabolisme-anliggande som det var eit anliggande for uttrykking av informasjon. Informasjon frå kvar? Francis Crick, som i desse dagar (nokre år før), hadde hadde vore med på kartleggjinga av strukturen til DNA, hadde byrje å fundere i moglegheitene for at DNA var bæraren av cellene sitt arvestoff. Folk byrja å tenke samanhengar, og to fagfelt, som hadde problemer med å forstå kvarandre, måtte byrje å lære seg kvarandre sitt pensum. I tRNAet kan ein seie at dei to fagfelta møttes, og prosjektet tok fart vidare i ei ny og uforutsett retning.

Spørsmålet var no: om DNA var lageret for arvestoffet, og protein vart laga spesifikt frå tRNA, korleis var ledda mellom?

Meir om det neste gong...

mandag, februar 26, 2007

Kunnskap i det små, del 2: Frå kreft til protein

Her er andre del av den spennande mandagskafeen i vitskapsteori. Det er nesten så ein kan kalle k.west bloggen for "Din vitskapsteoretiske on-line resource"!

Ein kan jo først spørje seg: kvifor er ein oppteken av å finne ut av korleis protein vert laga, altså det som kallast proteinsyntese? Har Fedon noko med det å gjere? Svaret er: nei, Fedon har ingen ting med det å gjere. Kroppen sine celler inneheld mykje protein, som har som oppgåve å få ting til å gå rundt. Proteina held oppe cellemembranen, festar cellene til andre celler, tek imot ulike signal, og verkar som katalysatorar for ulike kjemiske reaksjonar. Dei proteina som er slike katalysatorar, kallar vi enzym. Kor mykje dei visste av dette på slutten av 40-talet, er eg ikkje heilt sikker på. Men dei visste at celler har eit arvestoff. Det dei ikkje visste, og som vi veit i dag, er at DNA er arvestoffet, RNA overfører informasjon frå DNA til eit ribosom, som frå denne informasjonen bygger eit protein. Dei fleste gen kodar for protein, og proteina utfører så det meste i kroppen. På denne tida var ikkje DNA-strukturen klar, og mykje låg i mørket.

Zamecnik var vel eigentlig sponsa av den amerikanske kreftforeninga. Han tenkte at eit av kjenneteikna med kreft er at kreftcellene har ein unormal vekst. Vidare visste han at vekstregulering er knytta til cella si evne til å lage protein. Modellsystemet ein ville bruke til dette, var rottelever som var most slik at alt inne i cella var fritt i løysinga - eit sokalla rotte-lever homogenat. Dette homogenatet vil så inneholde millionar av ulike typar partiklar, og ein er ute etter å finne akkurat dei partiklane som trengs i ein spesifik kjemisk reaksjon. Det ein må gjere då, er å dele dette homogenatet opp på ein organisert måte, etter ulike eigenskaper til partiklane. Slike eigenskaper er typisk størrelse, løysingsevne i ulike løysemiddel, vekt, kjemisk ladning etc.

Ein ny teknikk som mogleggjorde dette, var ultracentrifuga. Det er ei senntrifuge som roterar svært kjapt, feks. 75.000 rotasjonar per minutt. Det ein her kunne gjere, var å setje homogenatet på ei løysing av sukrose, altså ei svært tjukk og seig sukkerlake, også ultrasentrifugere dette. Det som då vil skje er at ulike partiklar i homogenatet vert pressa ned i sukrosen, men dei tyngste partiklane vil gå lengst ned i sukrosen , og dei minste partiklane vil gå kortast (illustrert på figuren til høgre).

Slik fekk ein delt homogenatet opp i fleire ulike delar - fraksjonar. Vidare hadde ein funne ein måte å måle når det vart laga nye protein, ved å bruke aminosyrer som var radioaktive. Fekk ein laga nytt protein, ville ein kunne måle det radioaktivt. Ein freista slik å kombinere dei ulike fraksjonane av homogenatet saman med radioaktive aminosyrer (dette vart blanda i ulike røyr på labbenken sokalla in vitro, altså utanfor organisma sjølv), for slik å sjå når ein fekk laga nytt protein. Men også etter ultrasentrifugeringa inneholdt kvar fraksjon hundrevis av ulike protein. Identiteten til dei ulike komponentane i proteinsyntesa hadde ein enda ikkje fått. Men ein var på veg, og ein freista å lage eksperiment som skulle avdekke desse nye og enda ukjente partiklane. Kreftforskninga danna enda ein del av bakteppet for forskininga, men jakta på proteinsyntesa levde meir og meir sitt eige liv: målet skifta frå å vere ein brikke i kreftgåta, til å verte jakta på proteinsyntesa.

Som ein nevnte sist, kan ein ikkje sjå eit protein, men ein kan sirkle det inn ganske godt, gjennom ulike instument, og ulike tekniske nyvinningar, som ultrasentrifuga, radioaktive aminosyrer, og også kraftige mikroskop. Og så langt i prosessen hadde dei sirkla inn noko dei kalla mikrosom. Dette var ein fraksjon som var nødvendig for å få nye, radioaktive protein in vitro). Mikrosoma var karakterisert ved ein viss størrelse, basert på sentrifugeringa. Ellers visste ein ikkje så mykje. I tillegg trengdes det andre komponentar, som energi i form av ATP, og andre homogenat-fraksjonar, som var karakterisert av ulike eigenskaper.

Verdt å legge merke til, er at desse ulike faktorane, som no byrja å teikne seg ut, var karakterisert ved korleis dei oppførte seg i høve til dei tekniske hjelpemiddela ein nytte til å sirkle dei inn - korleis dei var representert i det eksperimentelle systemet. Men framleis jobba ein med polvottar i celle-land. Meir om det neste gong.

Følg med neste mandag!

mandag, februar 19, 2007

Kunnskap i det små, del 1: introduksjon

Her kjem ein ny føljetong på k. west-bloggen, denne gongen om vitskapsteori. Dette var eigentlig meint å vere eit blog-innlegg, men det viste seg å trekke ut, så vi delar det litt opp. Kvar mandag litt framover kjem nye godbitar. God fornøyelse!

Eg vil no skrive litt om eit emne som for dei aller fleste er dobbelt opp ukjent, men som ikkje er mindre spennande av den grunn. Det er snakk om
i) Molekylærbiologi: biologi som omhandlar dei biologiske makromolekyla, då serlig protein og DNA, samt ulike ting og prosessar inne i cella. Dette har relevans for for eksempel kreft, eller korleis kroppen reagerer på miljøgifter, med meir.
ii) Epistemologi: fint filosofisk ord for læra om tilegning av kunnskap - kunnskapsteori. Dette har relevans for for eksempel skilnad mellom ulike typer kunnskap (alternativ medisin/skulemedisin for eksempel), eller korleis ein ser på den kunnskapen ein har (er det evige sanningar, eller er det synspunkt som kan skiftast ut etter kvart som ein finn ut meir, for eksempel).

Når ein kombinerer desse får ein
iii) Molekylærbiologien sin epistemologi. Det vil seie, korleis tilegnar ein seg kunnskap i molekylærbiologi?

Likning 1: i) + ii) = iii)

Såh, er det eit problem? Ja, der er vel eit og anna å ta tak i. Har du sett eit molekyl nokon gong, for eksempel? Med berre auget? Ikkje det, nei. Korleis kan du då vete at det er der? Gjennom ulike eksperiment, som gjensidig støttar opp om at der er det aktuelle molekylet (titrering, samt felling eller noko slikt kanskje?). Då er vi på sporet! For det er ikkje molekylet i seg sjølv du ser i eksperimentet, men spor av molekylet, som teiknar seg som ein representasjon av molekylet - nett som om eit menneske går i våt sement, så set det spor - spor av mennesket, i sement - ein type representasjon. Men det er ikkje mennesket i seg sjølv i avtrykket i sementen. Så kva kan ein då seie om mennesket som gjekk der? Hårfarge? Tja...

Bakgrunnen for dette er Hans-Jörg Rheinberger si bok med den fengande tittelen Towards a history of epistemic things - Synthesizing proteins in the test tube. Det ein skal prøve å gjere her, er å forenkle det litt, både for sin eigen del, og fordi det ville vore tilnærma meiningslaust å skrive det om ein ikkje forenkla det litt. Kvifor er dette ei bra bok? Først og fremst fordi den gir ei innføring i to smale og vanskelige emner, i) & ii), der resultatet vert iii). Dette gjer han slik:

- Molekylærbiologien utvikla seg for alvor på 50-talet. Mange har kanskje høyrt om Watson og Crick, som viste DNA-strukturen. Paralellt med dette gikk arbeidet med å finne ut korleis protein vert laga. Nedanfor er ein figur som viser korleis informasjon frå arvestoffet (DNA) vert overført med RNA, til at protein vert laga frå oppskrifta i DNA. Proteina er dei som utfører det meste i kroppen. Men dette var på ingen måte sjølvsagt for 50 år sidan. Ribosoma (som de ser på figuren), var det Paul C. Zamenick var oppteken av. Han forska på korleis ribosoma var samansette, og etterkvart, korleis dei produserte nye protein. Rheinberger har her gått i notatbøker, artiklar, journalar, samt intervjua dei aktuelle forskerane, med det mål for auge å få eit inntrykk av korleis ein jobba når alt det vi veit i dag, enda var ukjent. Korleis fanga forskerane opp dei nye og ukjende partiklane som vi i dag kjenner frå lærebøker?


- Rheinberger freistar å nytte filosofar som Bruno Latour og Jaques Derrida. Eg sjølv er ikkje nokon filosofi-ekspert, og når Derrida samtidig vert omtalt som "Veldig interessant, men nesten umogleg å forstå", så held eg meg til det som Rheinberg trekk inn. Sin måte å gjere historie-undersøkelse på, som eg nevnte, ved å freiste å ikkje sjå på hendingane i lys av ettertida, har han frå Focault sin filosofiske arkeologi. Franske filosofar har forresten eit formidlingsproblem, men det er jo berre mi meining. Rheinberg klarer iallefall å gjere desse forståelige til ei viss grad. Han har ikkje eit formidlingsproblem (tysk?).

iii) Målet med boka er, seier Rheinberger, å sjå korleis molekylærbiologien tilegnar seg viten gjennom "eksperimentelle system", og korleis slike system er utforma til å fange opp heilt nye og ukjende ting. Dette gjer han ved å sjå på Zamenick sin forskningsprosess med franske briller. Vidare er han interessert i å sjå på korleis dette eksperimentelle utgangspunktet påverkar kunnskapen vi får.

onsdag, februar 14, 2007

På sporet av den tapte tid VIII: Fangen



Hmm, eg ser det er ei stund sidan forrige post i denne føljetongen. Ver ei redde, det går framover. Og ein er på god veg til å verte ferdig.

"Fangen" er vel den til no lengste enkeltdelen i serien, der hovedtemaet er Marcel sitt kjærleiksforhold til Albertine. Albertine har flytta inn på eit rom i leiligheta til Marcel (han avslører seg langt på veg med navn i dette bindet), og Marcel nagast av sjalusi og usikkerheit grunna hennar Gomorriske tendensar, og hennar spinnvev av unnskyldinger. Dette vert svært slitsomt for hans følsomme sinn, men samtidig det som gir næring til hans kjærleik til ho: så lenge han ikkje kan føle seg sikker på at ho er hans, har han eit begjær om å få ho. Dette resulterer i eit utbygd overvåkingssystem og kontrollregime. For å vege opp for dette, og gjere hennar fengsel litt vakrare, kjøper han henne mengder av kjolar og andre ting (eit velkjent triks?). Sjølv verker Marcel etter å oppleve verda; han vil reise til Venetzia, ta for seg av det motsette kjønn, og vere fri. Han er også fanga i dette betente forholdet mellom seg og Albertine.

Vidare er den aristokratiske salongen, tidligare representert ved familien Guernantes, kome i bakgrunnen til fordel for den borgerlige salongen, representert ved den noko enfoldige Madame Verdurin.

I tillegg er det i dette bindet ein opplever at ein person døyr, for så nokre sider seinare å leve som ingen ting har skjedd (slikt skjer når ein skriv for lange bøker).

Ellers kan ein finne ei litteraturteoretisk utlegning i slutten av bindet, som er ganske spennande, der Proust snakkar om Dostojevskij, Hardy og andre. Her seier han mellom anna at kvar forfattar aldri har skrive meir enn eit verk, men at dei ulike bøkene berre gjenspeilar denne skjønnheita dei bringer inn i verda i ulike sjatteringar og omgivnader. Ja, så kvifor ikkje berre skrive ei veldig lang bok?


Neste: uten Albertine

søndag, februar 11, 2007

Mann, igjen...

Torsdag var eg på Studentersamfunnet i Bergen sin debatt " Har mannen tapt kjønnskampen?". Debatten dreia kring Runar Døving sin kronikk i Aftenposten. Då eg først las denne kronikken, syntest eg den inneholdt nokre gode, og nokre drøye påstandar, og kronikken utløyste eit rabalder i ettertid. Også denne helga har debattane gått heftig om dette i redaksjonen sin omgangskrins.

Personlig vart eg overtyda av Døving i svært mange ting - eg har ikkje tenkt å gå inn på det i detalj nett no. Det eg her vil ha fram er for det første: mannskamp, eller kjønnskamp er ein terminologi som gir dårlig utgangspunkt for ein god debatt. Så det legg vi til side. Det andre: kvinnekampen har avkledd mange maktstrukturar. Dette har vore til det gode. Likeeins vil ein, om ein er oppteken av roller og makt, etterstrebe å kartleggje kva uutalt makt kvinna har. Eg ser på Døving sitt innlegg som eit forsøk på dette. Det som føl av dette, er at ein også må finne ut kva mekanismer, hjå begge kjønn, som opprettheld desse maktstrukturane. Det kan for kvinna vere ei førestilling om den priviligerte morsrolla i høve til barna, og for mannen førestillinga om at mannen skal gå ut i jobb - den siste antakelsen er basert på at berre 17 % av menn tek ut den permisjonen dei har rett til. Dette bringer oss over på det tredje poenget, som vi var borti i forrige mannsinnlegg - om mannsrollen.

Det vert sagt at vi lever i eit post-patriarkalsk samfunn, der den tradisjonelle mannsrollen har vore i oppløysing. Dette argumenterte eg imot i forrige mannsinnlegg. Eg vil no gå med på at ein har hatt ein tradisjonell mannsrolle som har ei normativ makt for korleis ein mannsidentitet skal vere utforma. Men eg held på poenget om at på sida av denne har det til alle tider eksistert mange variantar. Identitet og slikt er som kjent aldri enten/eller. For alt eg veit, kan Bowie vere ein skikkelig manssjåvinist samtidig som han er dandy. Det eg vil legge til, er at når ein spør etter mannsroller, og føl opp med at ein bør kunne restaurere dei tradisjonelle mannsdydene med positivt forteikn, så har ein jo bestemt seg for kva ein ser etter på førehand. Og eg må heilt ærlig seie, som mann, at eg er ikkje interessert i det heile i at nokon skal sitte å kome med normative utsagn på den måten der, om kva eg skal vere eller ikkje vere! Det finnast heilt sikkert ting i den tradisjonelle mannsrollen som er positivt, men kvifor køyre det fram som det vi treng? Det ein treng er jo meir å opne opp for å sjå på andre roller som positive. Kvifor vert Per Sundnes aldri drege fram som eit positivt mannsførebilde, for eksempel? Kvifor vert det ikkje løfta fram som ei dygd å kjempe for 50/50 barnepermisjon? Kvifor er det ikkje fleire enn "Foreningen to foreldre som kjempar for meir likestilling i saker som gjeld omsorg for barna etter skilsmisse (desse er jo i tillegg reaksjonære så det held)?

Ein vidare konklusjon er at ein her deler mange kampsaker med kvinnerøyrsla, der fleire har kjempa for opning av roller, og avkledning av makt. Om menn faktisk ønsker velkomen denne utviklinga, så bør dei overnevnte poenga vere ein del av det ein engasjerer seg for. Var det ikkje dette ein tenkte på, og ein fortset å framholde at ein manglar førebilete, og mannen er i krise, så har eg ein gryande mistanke om at dette er smerter i forbindelse med tap av makt.

mandag, februar 05, 2007

Sol i Bergen: vi snakkar om været, og litt til.

Frå lesesalen ser eg over Store Lungården, opp i Kalfaret, og vidare opp mot Vidden. Dette er ikkje sjølvsagt: ofte ser eg knapt motorvegen til Danmarksplass. Men i dag ser dette som sagt annleis, og bak Vidden, som er dekt av snø, ser eg tilnærma blå himmel, berre dekt av ei snøbyge no og då. Det er deilig!

Ein skulle tru ein tur utav byen gjorde at ein kom tilbake med nye krefter, men eg, som ikkje har vore værsjuk i heile vinter, vart betenkt då eg landa i slapseskodda på Flesland forrige søndag. No er dette gløymt, og følelsen av at der framme ein stad er det fint vèr og vår etterkvart, breier seg. Kven skulle tru at dette påverkar framskrittet? Men det gjer det altså. Det snakkast, ikkje så mykje som det snakkast om været, men likefullt snakkast det, om framskrittet, som går så fort i dag. Eg sit i høgteknologi-senteret, og framskrittet burde her gå raskare enn nokon andre stader. I dag kjennest det ikkje slik ut. Faktisk vil eg driste meg til å påstå at akkurak i dag så kjennest det ut som om framskrittet står omtrent heilt stille. Iallefall mitt biddrag. Mitt biddrag har vikla seg fast i endelause tabellar over kjemikalier og bufferar, framgangsmåtar og vitskaplige artiklar, word-bugs og nettaviser. Iallefall i dag.

Eg håper og reiknar med at framskrittet har teke seg saman til 1. juni, då masteroppgåva skal leverast. Det kjem sikkert fleire fine dagar før den tid, men om eg skal verte ramma av hudkreft nokon gong, så vert det neppe dette semesteret.

Gjæsp.....

onsdag, januar 31, 2007

Mann, med stor M

Utan at det heilt har tatt av, dukkar det hist og her opp stemmer som ønsker å debattere den mannlige identiteten. Ein kjenner att overskrifter som Mannen i krise, Mannsrolle etc. Andre gjengangerar er "Menn vert skuletaperar, Mannsidentitet og liknande. Likeeins har moteorda om Metroseksualitet og Überseksualitet. Andre igjen skottar mot det dei meiner er gode gamle mannsverdiar.

Så korleis skal ein forholde seg til dette? Det er ingen tvil om at samfunnet har endra seg mykje dei siste 50 åra, med hensyn til kvinnekampen. Kvinnene sin identitet er radikalt endra, og menn sitt forhold til kvinner er likeins endra. Bringer det mannen i krise? Gjer det at mannen er svekka, og manglar positive førebilete? Gjer det at mannen sin identitet er forkludra? Mitt svar er eit klart nei. Om ein opplever det som kritisk at ein ikkje lenger kan forvente å vere familiens overhovud, så får ein ta det på eiga kappe. Føler ein at ein manglar klare rollemodellar for mannlig identitet, om ein ikkje passar inn i den metroüberseksuekke omgreps-jippoen, så er eg freista til å påstå at ein har urealistiske og unyanserte forventningar til kva mannsrolle ein forventar å finne. Eg kan nemne nokre av mine eigne, mannlege rollemodellar som undgdom: Tor Heyerdahl (fordi han var nyskjerrig og engasjert), David Attenborough (også nyskjerrig og engasjert), Marilyn Manson (musikk vart viktig då ein vart eldre, og musikerar er lette å identifisere seg med, slik er dei jo ein gong framstilt. Manson var jo veldig tøff, samtidig som han hadde ei veldig gi-faen-eg-skaper-min-eigen-måte-å-vere-på-haldning), David Bowie (også ein sjonglør med identitetar, og han viser at ein kan skape sin eigen identitet). Dette er jo berre eit lite utval av mannsfigurar som ein ønska å identifisere seg med. Nokre meir klassiske ideal enn andre.

Eg meiner at mannsrollen går, og har alltid gått, i svært mange retninger. Den metroseksuelle og den überseksuelle mannen har oppstått like mykje av trang til å lage merkelappar, som av rett til å kalle seg dekkande på noko vis. Element som har vorte trekte fram som metroseksuelle/überseksuelle er ikkje element som har oppstått på 90-talet, heller er det element som har levd side med side med andre element som menn har teke i seg. Einkvar som har bladd i historia, har sett at menn har funne på mykje rart, mykje som ein ikkje ville ha kalt maskulint i dag, om ein støtter seg til dei omgrepa som verserer i debatten. Kvifor er ein redd for det? Å etterlyse mannligge førebilete som er sterke fysisk og psykisk, set grenser, og restaurerer dei mannlige verdiane med positivt forteikn, det vanskeliggjer leitinga. Det er klart at dette er positive eigenskaper, men å setje dette som normativt, det ser eg ikkje heilt poenget med. Då heller ja til eit liberalt syn på kva ein mann skal kunne vere. Symptomatisk er jo mange i mannsdiskusjonen redd for å dette i homo-grøfta, og lefling med alt som kan assosierast med slikt, vert skydd. Kanskje det er difor mykje av diskusjonen kjem inn på eit snevert spor? Som hetrofil synest eg det er negativt. Difor nevnte eg Bowie og Manson, fordi desse er eksempel på menn som har turt å ta på seg roller som i mange samanhengar har vorte utdefinert frå det mandige.

Skal mannsdebatten få slagkraft, må desse elementa iallefall med.

onsdag, januar 24, 2007

Paris




Denne veka er medlemmar fraa redaksjonen paa dannelsestur i Paris. Kven skulle trudd at det franske keyboardet er ulikt det norske? Svaert lite praktisk. Av denne grunnen vert ikkje denne posten av dei lengste. Det overstaaande biletet er fraa Place de Clichy ved Montmartre. Vaart hotell er like til venstre for der kunstnaren har staatt.

Av hoegdepunkt kan ein kjapt nevne
- Eiffeltaarnet
- Montmartre sine tronge gater
- Fine og fyldiga bokhandlar, hvilket leier til neste pkt
- eit lite forsoek paa aa laere seg fransk, med maal aa lese Balzac paa originalspraaket
- Louvre, med for eksempel Leonardo da Vinchi, Rembrandt (saag feks Meditatione Philosophie fraa tidligare blogpost), Vermeer (bilete under: Astronomen)


Av nedturar kan ein kjapt nevne
- frokosten, som etterlater eit tomt sukkersjokk
- Marcel Proust sin heim i Boulevard Malesherbs nr. 9. Den var ikkje eingong merka, og inne i bygget simta vi kontorlanskap med lysroer! Groess!!
- Musea i byen stenger til uoversiktlige tider, og heldst naar vi skal paa besoek.
- Den peruvianske resturanten som Lonely Planet anbefalte var ein opplevelse spekka med kattepiss og sur panfoyte.

Planen vidare:
Sidqn vi skal vere her til soendag, er det jo aktuelt aa tenke litt paa kva ein skal gjere vidare.
- Versailles
- Kanskje opera? Eg har lyst aa sjaa noko Racine, men men
- Pompidou senteret
- Gatevandring feks i Fabourg St Germain og Concorde plassen, Luxembourg parken

Det kjem vi tilbake til. Ellers skal eg la meg marinere av franske inntrykk

- onkel reisende West

onsdag, januar 10, 2007

Den nye slagplanen til U.S. of A


k.west-bloggen har fått, gjennom sine kontakter, eksklusivt innblikk i den nye slagplanen til Bush-administrasjonen. Den oppsummerast på side 3547 i slagordet

"Tenke lokalt, handle globalt!"

Det er eit eller anna som kling kjent med dette slagordet, men eg klarer ikkje heilt å plassere det. Tenke tenke...

mandag, januar 01, 2007

Ønsker for 2007.


Vi åpnar 2007 med ei ønskeliste til dei raud-grøne:
- Miljøavgift på fly.
- Miljøavgift på hurtigbåt.
- Høgare straumprisar, og tilrettelegging for straumsparingstiltak.
- Troll i ord om "verdas beste renseteknologi" for CO2. Vi trur det når vi ser det. Nett no har Djupedal ærklært kvileskjær i forskning og utdanning. Det lovar jo bra...
- Høghastigheitsbane. Normenn reiser jo svært mykje med fly. Vil ikkje ei slik bane vere ei investering? Eg høyrer det allereie: "vi skal ha verdens beste høyhastighetsbane! Med barnehage ombord (med varm gratis lunch for ungane)!"

Og på litt større sikt (litt over hovuda på Jens & Co):
- Framleis tilrettelegging for at utvikling av miljøvennlig teknologi skal vere lønnsomt. Det siste året har jo vist at dette er fullt mogleg, med boomen av miljøvennlig bilteknologi.
- Fleire strukturelle forpliktelsar lik Koyoto-avtalen. Dette fordi mange miljøspørsmål omhandlar konsekvensar i framtida. Litt som å motivere seg til røykeslutt med kva som kanskje kan skje, er det å slå i bordet med kva som sannsynligvis vil skje. Difor må miljøvern strukturelt regulerast.
- Denne er litt luftig, men vi prøvar: Verda vert mindre, og flyten av kapital og varer gjer at fisk fiskast i svolvær, fileterast i Kina, pakkast i India, og etast i Mosjøen. Dette vert beskrive som ein av dei negative sidene med globaliseringa. Kva om det vert lønnsomt å fiske, filetere og pakke fisken i Svolvær? Kanskje ikkje så bra for Kina og India, men bra for Svolvær, og bra for miljøet.