lørdag, januar 26, 2008

Shakespeare II: The tempest.

Eg er so og seie førstereis-gut når det gjeld Shakespeare, og kunnskapen eg har om personen og verka hans avgrensar seg til det ein har plukka opp her og der. Det er meg kjent at noko kjem til å vere rote i Danmark, og at ein jødisk handelsmann vil hevde å vere av same kjøt og blod som andre i Venetzia. Men eg har aldri lest nokon av stykka, eller sett dei som teater. Kjøpmannen i venedig har eg sett på film, og eg har sett Shakpeare in love. Men det tel strengt tatt ikkje, vil eg påstå. Men no, no er eg ikkje lenger ei jomfru i desse henseende - den tida er over.

"The tempest" (på norsk: "Stormen") er eit av dei seinare stykka til Shakespeare, ein komedie (om det stridast visst dei lerde, men...), og eit av dei einaste stykka der han held seg til reglane for einheit etter det klassiske dramaet (avgrensa tidsrom og stad). Eg må seie at det for ein nybyrjar var vanskelig å trenge inn i teksten. Eg syntest rett og slett det var litt vanskelig å henge med i svingane, då språket er noko knudrete for eit utrent auge. Plottet var greitt å følge med på, men spenningsoppbyggninga trur eg gikk på eit anna nivå enn det eg trudde, då eg opplevde det dramaturgiske høgdepunktet ca. midt i, med eit langt og noko tomt etterspel. Dette vart i forklaringa (samlede verka kjem med ei forklaring til kvart stykke, for sikkerhets skuld) omtalt som høgdepunktet. I denne forklaringa vart det i det heile tatt omtalt mykje som eg ikkje hadde fått med meg. 

Det som var facinerande, var bruken av det mytiske og det mystiske. Eg opplevde dette som svært uvandt og framandt frå det verdsbiletet eg sjølv forheld meg til; at det mystiske og magiske skal vere noko ein tar med i bereikninga. For min del gav dette ei moglegheit for å legge fantasien min inn i stykket. Det andre er dei talrike referansene til historie og myter gjennom figurar som opptrer, deira namn, og ulike andre hint. Dette gjer at stykket peikar i mange retningar, og vert ein aktør i den historia ein er ein del av, noko som igjen gjer at eg som lesar kan tre inn og ta del med mine erfaringar, som kanskje hadde hatt godt av litt meir kunnskap om arkaisk mytologi.

I samandrag gjekk dette litt over hovudet, men vi er framleis optimistiske vidare, då vi tross alt har fått ferten på mysteriet Shakespeare!

mandag, januar 21, 2008

Norsk blog -og Shakespearepost I.

Eg lengtar etter prosjektet. Akk, med lengtnad og hug ser eg tilbake på tida då eg las "På sporet av den tapte tid", og dei opplevingane det gav. Akk, lengtnad.

Det er difor eg no har plukka Shakespeare sine samla verk ned frå hylla, og satt Fløgstad' U3 tilbake i hylla. Dei samla verka skal no lesast. Eg ser føre meg at dette kan vere omtrent som å slutte å røyke: noko ein med tid og stunder kan angre ganske bittert på at ein gav seg ut på, men som også kan vere givande.

Nett av denne grunn kringkastar eg byrjinga av dette prosjektet her på bloggen: så eg har litt press på meg. Bloggleserane kan også glede seg til referat og bloggpostar om, ja nettopp, Shakespeare, i åra framover.

Vel bekomne.

(Vi tar gladelig imot tips om støttelitteratur).

fredag, januar 18, 2008

Tove Lill Løite si frie vilje.

I det siste har ungdomspolitikar Tove Lill Løite frå FpU vakt ei viss oppsikt ved å stille som framsidedame på Vi Menn. Mellom anna SU-ledar Kirsti Bergstø reagerer negativt på dette, og meiner det er ei seksualisering av politikken og kvinnelige politikerar. Utifrå dette vert ho så kalt pripne Bergstø, og skulda for å vere totalitær av Frp-erane som heng seg på skytset.

Det får så vere. Det som er interessant, synest eg, er at mange av desse held fram det Løite har gjort som eit individets frie valg. Det kan godt hende Løite har trossa mange tabu, og oppskaka si bestemor med det ho har gjort, og slik sprengt nokon barrierer, men kan ein svare "ja" på at det berre er Løite si frie vilje til å gjere sjølvstendige val som gjer at ho har gjennomført handlinga å vere på framsida av Vi Menn (noko som eg i høve til hennar politiske truverdigheit synest er ganske likegyldig, berre så det er sagt). Kan ein seie at denne handlinga kan vere eit uttrykk for noko som er større enn Løite i seg sjølv? 

Eg opplever dette spørsmålet som svært tilgrunnleggjande sentralt i den politiske debatten. Iallefall retorikken. 

Eg vil slik driste meg til å svare på mitt eige spørsmål: ja det kan ein. Og det er det som er interessant å diskutere om ein skal snakke om handlingar som vert gjort i ei slik sak. Det å dreie dette om individet si friheit er retorikk retorikk retorikk. Ein opererer slik med eit so å seie metafysisk fridomsomgrep som mildt sagt manglar bakkekontakt, men som passar fint å fremje i høve til  andre agendaer. Og det må vere heilt greit å ha andre agendaer, men å nytte dette fridomsomgrepet som ein trojansk hest, er uredeligheit og unnfallenheit.


søndag, januar 06, 2008

Julelesing 3: No skal eg på, no vil eg på, no MÅ eg på!

I siste del av Julelesninga tek vi føre oss Olaug Nilssen sin roman Få meg på for faen. Sjølv om det strengt tatt er nyttår. Vi presenterer her nye og djupe innsikter om nynorsk romankunst (kanskje).

Olaug Nilssen kan kallast eit heitt namn innan den nynorske litteratursfæra. Ho har bemerka seg både som bloggar, litteraturanmeldar, og tidsskriftredaktør. Dette er den tredje boka eg har lese av henne, og eg er sannelig ikkje heilt sikker på kva eg synest. Frå før har eg lese den intense 20-årskrisa Innestengt i udyr, og den meir student-søkande Vi har så korte armar. Sistnemne fell mest i smak, der Nilssen glimrar med språkføringa. 

I Få meg på, for faen, føl ein tre historier om tre damer/jenter; Alma opplever ei seksuell rie utan like i ein alder av 15 år; Maria er ein noko lunde fersk sosiologistudent med vaskejobb, som vil nytte jobben til å skrive eit skarpt og innsiktsfullt foredrag om maktstrukturar; kona til Sebjørn er ei husmor på 45 år som får opplever ei feministisk oppvåkning. 

I dei anmeldingane eg har sett, har ein freista å finne fellesnemnarar mellom desse tre historiene. Dette har vore at alle føler seg utanfor, alle vil "på" noko (det virkelige liv), alle har eit behov for å verte sett etc. Det er ikkje så unaturlig at ein ser etter dette då dette er tre historier som er angitt å vere ein roman. Tanken om å finne ein likskap mellom personane slo også  meg, då eg hadde lese anmeldingane. Men i eit forsøk på å vere litt orginal, eller iallefall ikkje openbart uorginal, vil eg heller følgje spørsmålet: kvifor klarer eg ikkje å bestemme meg for kva eg synest om boka?

Sidan eg har tematisert humor i dei to andre postane av julelesninga, kan eg byrje med den. For Nilssen skriv humoristisk, og ho har også uttalt at ho er inspirert av Ragnar Hovland. Det synest eg ein kan sjå, men det irriterar meg litt (og her kan det godt hende eg har låst meg litt): ein må jo kunne skrive ei nynorsk bok utan å vere underfundig, eller å ha eit anstrøk av Are Kalvø i tonen? Dette er nemlig eit trekk eg meiner å finne hjå både Grytten, Hovland og Nilssen. Og er ein interessert i å sjå ei bok frå Vestlandet som ikkje har dette anstrøket, kan ein lese Mannen som elsket Yngve av Tore Renberg, så skulle kontrasten verte klar nok. Samtidig er jo denne tonen ein del av Nilssen sin stil, og den er jo med når ho virkelig glimrar til. 

Hovudkarakterane i boka er lett nervrotiske, og dei går som regel så langt i sine innoverskuande draumerier at dei vert møtt med skråblikk utanfrå. Eit høgdepunkt for min del er sosiologiforedraget til Maria, som går heilt av skinnene i sjølviscenesetting. Ein kan kanskje seie at i å nytte avstandstakinga i teksten, som påpeika av Merete Røsvik Granlund i Dag og tid, i veksling med ei nervrotisk inderligheit, lukkast ho å skape fleire lag i teksten; det gir eit slags sjølviscenesettande preg. 

Men for min del gjer dette også at eg ikkje klarer å leve meg inn i boka og dens personar. Avstanden forfattaren set mellom teksten og handlinga den beskriv gjer at ein ikkje heilt tar det på alvor; det vert komedien og dei sære idéane som tek over. Og sjølv om det snakkast om den politiske agendaen i boka, så sit ein med kjensla av at forfattaren sjølv ikkje heilt tek på alvor sitt eige stoff. Men på den andre sida gir jo dette ei sjølvreflekterande røyrsle, der både karakterar og forfattarar stadig spenner bein under eigne prosjekt; prosjekt som likefullt vert gjennomførte. Og det er jo bra. 

Konklusjon: humoren og avstanden i boka er nett det som gjer at eg ikkje likar den (fordi den har ein tone som eg synest grensar mot noko stereotypisk nynorsk), samtidig som den er med å gjere teksten spennande, då den gir ein slags sjølvreflekterande spiral.

onsdag, januar 02, 2008

Nyttårsreisebrevet: Ytre Søre Sunnmøre




På dagar då eg har hatt ledig timeplan, og vore spesielt kjenslevar,har eg freista å vore turist i eigen by i Bergen. No er eg heime på juleferie på Sunnmøre, og eg nyttar anledninga til å gjere det same her. Dette er ein ytterst billig og lite tidkrevjande aktivitet, som kanskje ikkje alltid er av høg kvantitativ verdi, men absolutt av høg kvalitativ verdi. Med det meinast: ein fer kanskje ikkje vide, men ein får stor glede av det ein ser. Dagen i dag låg godt til rette: vinteren er ikkje alltid den tida ein dreg mest rundt på biltur, men det lave vinterlyset på ein skyfri himmel, i tørt vær på øyane der vestlandet stuper i norskehavet, der små husklynger karrar seg fast til strandstriper og lyngheier, gav forventninger om både det storslåtte og det lavmælte. Nemlig.

Av ukjent grunn starta vi i Ulsteinvik. Ulsteinvik er ein plass i vekst, med fleire rulletrapper og kjøpesenter. Av andre ting kan ein også nevne eit flunkande nytt kulturhus, og ei planlagd miljøgate. Av ting Ulsteinvik ikkje har, kan ein nevne byplanleggjing og effektiv trafikk-handtering. Men dette var ikkje det vi skulle snakke om no, for no køyrer vi gjennom rundkøyringa, på veg mot eventyr i Herøy. Mitt reisefølge, ei jente frå byna, som faktisk er turist på desse kanter, ser imponert ut når eg seier at om ein køyrer fort nok, så kan ein faktisk hoppe på toppen av Dragsundbrua, som bind saman Herøy og Ulstein. Desse kommunene er kanskje dei einaste i landet ein kan hoppe mellom med bil. Dette siste skal eg ikkje hevde for sikkert, men tanken er der. Ein køyrer så vidare rett vest, gjennom Tjørvågane, før ein tek nordover, over Nautøya, og over Herøybrua. Den vart opna av Kong Olav V i 1976, og nyttast i dag for eksempel som utgangspunkt for pendelhopp, og til å frakte elevar til yrkesskulen i Fosnavåg. To gongar i døgnet går hurtigruta under Herøybrua (Sjå bilete).

Etter å ha passert Hærøybrua, med flott utsikt til Ulsteinvik - kransa av små øyar, sørvendt i bakkehellet, med lyserosa melis på fjelltoppane, svinga vi mot leinøya. Her er det pengar i omløp, det er lett å sjå: dei har julenek på lyktestolpane! 

Vi kom no til det eg vil seie er første turistattraksjon på denne ruta, nemlig Remøybrua. Når ein kjem køyrande utover Leinøya, og så ser ein rett nordover mot Flø og øyane vidare nordover. Brua sjølv går over eit grunt sund (Nørde Vaulen), der fjøresteinane går over i flate, lysebune markar, og hus som ser ut til å stå her meir på pietistisk trass enn noko anna. Slik er i det heile busetnadsmønsteret langs desse strendene uttrykk for eit anna samfunn enn det ein har i dag. Mitt reisefølge uttrykkjer vantru, og lurer på om folk ikkje kan flytte litt nærare kvarandre? Eg seier at det ikkje er fullt så enkelt, men eg må erkjenne at distriktspolitikken har sett sterke spor på Remøya. Vi vert einige om at ho skal jekke uttalingane sine om distriktspolitikk litt ned.

Neste turistattraksjon er Runde. Runde er faktisk ein turistatraksjon, men ein finn likevel skjulte perler, særlig på ein klar januar-føremiddag. Rundebrua tek deg over det berykta Rundasundet, som med sine glefsande grunner og skjær har raspa med seg mange båtar ned i bårene.

Vidare køyrer ein forbi nakne jorder, forbi ein kyrkjegard som nok har vore velbrukt i si tid, til Runde hamn. På nordsida av øya ligg Goksøyr (bilete), ei lita bygd vend mot havet. Det er lite vegetasjon her, og lysebrune grasbakkar vekslar med granittgrå, mørke og tagga klipper. Ute i havet ser ein grunner og skjær som piskar i havbårene, og som har senka gamle seilskip fulle av gullmyntar, spanjolar og anna som har gitt øya og befolkninga eit anstrøk av eventyr. Runde er ikkje heilt som andre plassar, tenkjer eg. Eg tenkjer på fiskarkåna som gifta seg 4 gonger ettersom mennene ikkje kom att frå hava. Eg må senke farta på bilen, for det er så vakkert her. "Eg kunne heller tenke meg å bu her enn i Ulsteinvik" seier eg til følget. "Nja.." seier ho skeptisk. Det var visst litt for øyde for hennar smak.

Vi køyrer tilbake same veg, forbi bedehus og fuglenek, og svingar til høgre, utover mot Fosnavåg. Her ser vi mellom anna statuen av fiskarkona, som danna bakteppe då Trude Teige rapporterte frå forliset av Bourbon Dolphin i fjord vinter. Herøy er den største fiskerikommuna i landet, og det seiast at ein her har størst andel av millionærar per folketal i Noreg. Følgjelig skal det ligge ein slags holmenkollås i Fosnavåg, men denne fekk eg ikkje auge på. Ellers lurte vi på om vi skulle gå inn i ein butikk for å sjå på øl. Sidan ein i Ulstein kommune ikkje har ølsal i butikkane, er dette ein ikkje så reint liten atraksjon, som visst nok har ført til ein lokal variant av svenskehandelen på Ytre Søre.

Vi vende nasa sørover, tilbake over Herøybrua, og rett vest forbi Moltustranda (her gikk vi inn i eit landskap der eg aldri har vore før - eg og gjesten stilte slik meir på likefot, sjølv om eg meinte meg meir kjend med kulturen) til Gjerdsvika. Gjerdsvika ligg rett ut mot havet, og med ryggen mot ein fjellformasjon som gjer at vind frå vest går forbi bygda, snur i dalbotnen, og kjem med forsterka kraft tilbake mot bebyggelsen. Dette førte til at bygda kom i media sitt søkelys etter nyttårsorkanen i 1991. Eg har høyrt rykte om at husveggane i bygda er forsterka på austsida, og at dette er eit festlig syn. Då eg ikkje såg nokon slike forsterka husveggar, vart eg skuffa, og truga med å gi bygda terningkast 2. Men eg ser no at Gjerdsvika er ein fin plass. Her stoppa vi på lokalbutikken for å sjå om vi kunne ta oss ein kaffikopp. Det var ikkje mogleg, men vi såg at 
a) biblioteket reklamerte for boka "Rosa Prosa", 
b) dei ikkje hadde kaffimaskin, noko som kanskje peika i retning av at påverknaden frå byen ikkje har nådd kaffimaskin-stadiet enda, men
c) at dette ikkje var ein butikk som hadde "alt" slik ein del bygdebutikkar framleis har. 
Vi konkluderar med at Gjerdsvika har røyst seg etter orkanen, og at den no befinn seg i ei skjæringstid.

Etter Gjerdsvika var kaffilysta vekt, og at magen ville ha noko å tyggje på. Sola var i ferd med å gå ned, men eg beslutta at vi skulle legge vegen om Larsnes, kommunesenter i Sande Kommune. Sande Kommune har vore plaga med fråflytting, og ein har freista med både sjekkekurs for ungkarar og gunstige tomteprisar (gratis). Likevel har Vikekroa overlevd. Her kjøpte vi oss svele og kaffi (frå automat). Frå bordet kunne vi sjå ut på fergekaia, der ferga til Voksøya og Sansøya går. Der har eg ikkje vore før; eit potensielt mål for neste tur. Eg spurte byjenta om ho var nøgd. Ho pirka vekk litt smørkrem frå svela, og sa at ho likte best dei med brunost på, men at ellers hadde turen vore veldig fin. Dessutan hadde ho gjort eit kupp på Vike-kroa: her kosta APS-filmane 10 kroner per stykk. Dette var tydeligvis forelda teknologi heromkring, og vi tippa at dei kosta meir i Gjerdsvika, som enda var i ei skjæringstid. Ellers såg vi at mellom ei mengd med bilblad stira ein skjeggete Cleve-Brock på oss frå framsida av ELLE-mann. 

Dette vart vendepunktet for denne turen. På veg tilbake til Ulsteinvik såg vi Sunmørsalpane i dusraudt sollys, medan skitengrått veistøv la seg på ruta, og Kari Sørbø kuttar opp ein statssekretær med si kvasse sunnmørsstemme. "Er du utsliten av inntrykk?" spurte eg reisefølget. "Nei, ikkje akkurat" sa ho; "Men eg kan strekke meg til å vere litt matt."