mandag, mai 10, 2010

¡Bueno Madrid!

Stemningsbilete frå Madrid (Goya/Wikipedia Commons)

Den tilbakelagte veka har eg vore så heldig å være i Spaniens hovudstad Madrid. ¡Bueno! Først på rein ferie eit par dagar, før eg var med på eit møte om nevrokjemi. Begge delar tommelen opp.

Kva gjer ein i Madrid?
Ein ruslar ikring i gamlebyen Latina, ein går på museet Regina Sofia og ser på Picasso og Dali med meir. Eller ein går på tyrefekting på La Plaza de Toros de Las Ventas, som tar 25000 tilskodarar, der ein (om ein legg att eventuelle moralske betenkeligheiter ved inngangen) kan nyte den estetiske seigpininga og slaktinga av 7 godt vaksne oksar på 2 timar, alt med ein cerveza i neven og elektrisk stemning i lufta. Eller ein kan rett og slett ta den flunkane nye metroen og sjå på det ganske vakre folket som spaniolen faktisk er rusle til og frå jobb.

Og det er ikkje ille berre det!

Og kva gjer ein med nervesjukdomar
som Parkinsons, Altzheimers, Huntington's (Setesdalsrykkja) eller Creutzfelt-Jacobs? Vel, desse sjukdomane har mange likskapar, og denne konferansen handla om desse molekylære likskapane. Sjukdomane har det til felles at det skjer ei type utfelling i hjerna (det kan samanliknast med når ein løyser for mykje O'boy i melka og resten legg seg på botnen av glaset utan å bli løyst opp). Når slike utfellingar skjer i hjerneceller klarar ikkje alltid hjernecellene å rydde opp i dette rotet. Dette kan forstyrre hjernecellene så mykje at dei byrjar å døy.

Det som skiljer dei ulike sjukdomane er kva typar celler som vert påverka i kvart tilfelle. For eksempel vil ein i Parkinson miste celler som har med rørslekontroll å gjere. Hjå Huntington's, som er dødelig, vil ein rammast mykje sterkare - hjerna til ein avdød Huntington's pasient kan vere så mykje som 1/3 lettare enn ei frisk hjerne.

Denne konferansen handla om ulike måtar å hjelpe cellene til å rydde opp ui utfellingane sjølv. Klarer ein å lage medisinar som hjelper hjerna i ryddejobben kan dette vere til stor hjelp for dei som vert ramma.

Men stadig dukka denne setninga "Vi veit ikkje" opp. Fantastisk stimulerande for oss som forskar, men ikkje så kjekt for dei som rammast av sjukdomane.

- onkel reisende West.