fredag, desember 26, 2008

Julelesing 2 - Mette Karlsvik: Pol.

Mette Karlsvik har potensiale i ein tradisjon etter Ragnar Hovland, men ho lukkast ikkje med å lodde djupnene og engasjere meg som lesar.

Pol er kort fortalt ein bondestudent-aktig roman der hovudpersonen flyttar frå Smøla til Bergen, der ho freistar å få innpass i Bergens Tidene. Ho drivast fram av sin facinasjon for journalist-verda, og av ei tru på at ho gjennom sin ærlige og likeframme stil faktisk har noko å tilføre.

Til jul fekk eg Merete Morken Andersen si "Skriveboka", som kort fortalt er skrivekurs i bokform. Her snakkar ho om to hovudtypar som byrjar på skrivekurs: dei som har materiale å skrive om, men som manglar ei eiga stemme til å uttrykke seg med, og dei som har ei eiga stemme, men som kanskje manglar materiale.

Eg fekk litt kjensla av at Karlsvik i Pol ligg i siste kategori, om ein no ein gong skal kategorisere. Pol er nemlig stilsikkert skrive, i eit enkelt, og til tider naivistisk språk, med enkle figurar og klare bilete. Tankane dragast både til Hovland og til Olaug Nilssen. Men problemet for min del er at eg ikkje let meg engasjere i hovudpersonen og i historia. Eg trur faktisk det kunne vorte ei betre bok om ei hadde teke seg meir tid til å legge på nokre fargar til, både i hennar kjensleliv, og i hennar forhold til andre. I alle tilløp til romansar eller spenning vert eg som lesar liksom ståande utanfor med ei kjensle av å ikkje få vere med på moroa. Når ho ikkje gir meir av seg sjølv enn det som trygt er, så vert det også litt likesælt.

Neste: Gunhild Øyehaug - Vente, blinke. Eit perfekt bilete av eit personlig indre.

tirsdag, desember 23, 2008

Julelesing 1 - Jan Roar Leikvoll: Eit vintereventyr.

Jan Roar Leikvoll har denne hausten debutert med romanen Eit Vintereventyr. Her loddast sjeldan besøkte djupner i menneskesinnet. Verdiar som lykke, godskap og omsorg sjåast frå ein så forvrengande synsvinkel at dei står fram i uvanlig klarskap.

Denne boka overraska positivt på mange måtar. Den er skrive i ein nynorsk som dels er høgstemt, dels er forvrengd av dei spesielle omstenda eg-personen lever under. Handlinga går føre seg i ein fangeleir langt mot nord, der referansane til nazistane sine konsentrasjonsleirar dannar ein forståingshorisont, utan at det vert referert til direkte.

Hovudpersonen er ein noko naiv arbeidar i leiren, som jobbar med å grave massegraver, sortere sko og anna rutinearbeid som må gjerast for å halde jula i gang. Han ser "dei sjuke" kome inn porten, og forsvinne or skorsteinane i krematoria, eller i massegravene. Det er oss og dei andre, det er underkasting for overleving, og det er håp om kjærleik i ein pervertert verden. Dette beskriv Leikvold på ein glimrande måte. Hovudpersonen har avvikande lyster, og han ville i ein normal verden vore sperra inne som pedofil. I fangeleiren får ein sympati med han, og ein deler hans frykt for å bli avslørt.

Om ein skal vere litt kritisk, så var det somme tider språket sprakk litt, og illusjonen brista. Eg vende meg aldri til all tarm-praten. Dramaturgisk så bygde det seg opp i første halvdel av boka, men så flata det ut i andre halvdel. Spenninga ligg mykje i om han kjem til å bli oppdaga, samstundes som han gjennomgår ein slags indre erkjenning. Erkjenninga fortset gjennom heile boka, men omtrent litt over halvvegs ser det ikkje ut som om han vil bli tatt. Men dette er ikkje den viktigaste gevinsten av denne boka. Det er hans indre erkjenning i lys av den forvrengande situasjonen han er i.

Neste: Mette Karlsvik - Pol.

lørdag, desember 06, 2008

Julelesing 2008

Det er tid for K. West sin årlige (frykta av forfattarar) julelesing av ny nynorsk litteratur. Her kjem utvalet.

I år som i fjord skal K. West ta føre seg eit utval av ny nynorsk litteratur i julehelga, for så å levere nokre glitrande vurderingar. I fjor var utvalet prega av vel etablerte namn: Frode Grytten, Ragnar Hovland, Olaug Nilssen. I år skal vi freiste å vere litt meir skjær-kant: to rimelig ferske namn, og eit litt etablert eit. Men ingen gamlingar. Vi har valt tre bøker som har fått over gjennomsnittlig omtale i haust:

Mette Karlsvik: Pol.
Karlsvik er eit uskrive blad for min del, men ho har fleire utgivelsar under beltet. Denne siste er ein slags danningsroman (?) frå Bergen.

Gunhild Øyehaug: Vente, blinke - eit perfekt bilete av eit personlig indre.
Øyehaug er vel eit kjent namn for fleire etter diktbøker, og som redaktør for tidsskriftet Kraftsentrum saman med Olaug Nilssen.

Jan Roar Leikvoll: Eit vintereventyr.
Debutant som har kome med ein mørk metafysisk (og misantropisk? Vi får sjå) roman.

Dommane i fjord vart ikkje udelt positive. Me håpar på positive overraskingar og gode lesaropplevingar i julehelga.

- Qest

tirsdag, desember 02, 2008

Finanssektoren drivast av sunnmøringar

Sunnmøringen sym med tak som ausar alt inn mot kroppen. Det same gjeld for finanssektoren. Wall Street må vere største sunnmørske koloni utanfor Sunnmøre.

Etter massiv udugeligheit gjennom sub-prime-lån og risiko-investeringar, kom finanskrisa som venta! Eg nektar å tru at nokon som er eldre enn 15 år ikkje har fått med seg at bobler stig og sprekk. Og etter å ha alboga seg rom til eigen risikosport gjennom deregulering av markeda, skal dei no grine seg til krisepakkar, fordi dei faktisk tek med seg andre i fallet. Og då skal brått staten inn å hjelpe. Kapitalismus sa ein gong at fridom er også fridom til å la ting gå til helvete. Men dei vi snakkar om her er ikkje idealistiske liberalistar. Dei er reinspikka egoistar. Om staten kan redde dei, så "ja takk, her skal vi ikkje diskriminere så lenge pengane kjem i kassa".

Så kvifor dette sure oppgulpet nett no? Fordi DnB planlegg søksmål mot Terra-kommunene. Det er ingen tvil i at Terra-kommunene fortenar tyn for sine investeringar. Men korleis hadde det gått om staten skulle oppføre seg slik mot bankane? Det hadde gått jævlig dårlig for bankane. Dei hadde sitte rentesrentesrentesrente til langt over blåkragen.

Grrr..
Eit kort eit i dag.

Flinke jenter.

Flinke jenter hastar som mus etter bussen.

lørdag, november 29, 2008

Laurdagsdiktet

kan ikkje beskrivast, er det dyret?
Det eig ikkje ord,
einsamt
i vår verd av symbol

det skremmast
og ridast

håplaust av ord.

torsdag, november 27, 2008

Rekruttering til forsking.

Eg er gjerne eit impulsiv kjenslemenneske som skyt frå hofta avogtil. Då eg opna Studvest i dag tidlig, reagerte eg raskare enn min eigen skugge på dette innlegget ved å skrive eit lesarbrev som forhåpentligvis kjem på trykk til veka:

Rekruttering til forsking.
Eg les i Studvest 26. november 2008 at forskingsminister Tora Aasland peikar på at rekruttering til forsking må byrje allereie på bachelornivå. Det er sjølvsagt ein god tanke som eg er fullt einig i. Men når det gjeld problem med rekruttering i norsk forsking, så trykker skoen heilt andre stader.

Rekrutteringa av PhD-studentar er så vidt eg veit god, men i det offentlige Forskingsnoreg gjeld framleis ordtaket om at ein får jobbe så mykje overtid som ein berre vil, utan overtidsbetaling. Om ein skulle satse vidare på forsking etter fullført doktorgrad, kjem flaskehalsane i kø, med midletidige post-doktor-stillinger og sporadiske forskarstillingar. Då mange er i etableringsfasen i denne alderen, er ikkje dette ein attraktiv yrkessituasjon.

Underskriftsaksjonen ”Lausungane” leverte nett inn eit opprop mot universiteta sin utstrakte bruk av midletidige tilsetjingar. Dette vart avfeia av Aasland, som meinte at fleire burde tenke alternativt, og at ikkje alle som er ferdige med doktorgrad treng jobbe i staten. Nei, det er tydeligvis heller ikkje eit problem, då ein har for få søkarar til høgare stillingar innan akademia.

Innsatsen som skal til for å kvalifisere seg til dei høgare stillingane innan akademia medfører fleire år med høg arbeidsmengd, lav løn og usikre rammevilkår. Difor har ein problem med rekrutteringa i Norsk forsking. Dette bør Aasland fortelje bachelorstudentane når ho vil snakke om ei karriere innan forsking.

mandag, november 24, 2008

Det er greit og nyte. Og yte. Men avogtil må ein jo jammen også skape! Me hoppar i det:



utlaupet

ord
de tek tankane mine
og leier dei ut på enga
let dei springe i sola som kviger om våren,
frie, tumlande
så sparkar dei frå seg til dei dovnar hen
og sig saman i sunn kaskofoni

fredag, november 21, 2008

Det var ingen vitskaplig revoulsjon, eller, kanskje litt. Men ikkje akkurat ein revolusjon.



Dei siste vekene har eg vore mykje på labben, og for å ha noko å fylle småpauser med, har eg lest Steven Shapin si bok "Den vitenskapelige revolusjonen".

Han skriv her om den perioden frå 15-1700talet, der den omveltinga som kallast den vitskaplige revolusjonen, skjedde.

Sentralt i denne omveltinga er at
- ein gikk frå at naturen var styrt av indre krefter av typen målretting og intensjon, til ein natur som var beskrive strengt mekanisk, med årsak-verknad som prinsipp.
- eksperiment og empiri vart det sentrale for å skaffe seg ny kunnskap om naturen
- kunnskapen om naturen vart skilt frå moralske anliggande.

Dette verkar sjølvsagt i dag, ei sjølvsagtheit som er basert på nett den forståinga av kunnskap om naturen som vart utvikla på denne tida. Det er lite informativt å gøyme noko bak ei busk for så overraska å finne det bak same buska etterpå. Påstanden om at ting historisk ikkje er så enkelt som dei gjerne vert framstilt, er ikkje kontroversiell, så Shapin sitt bidrag er å vise korleis omveltninga skjedde, og kva faktorar som var viktige.

Ein faktor var at den tradisjonelle naturfilosofien var mykje prega av akademisk disputt. Naturvitskapen utvikla seg i mange tilfelle utanfor akademia, som ein arena der ein skulle søke konsensus heller enn splid, og der naturen si bok skulle danne bakgrunnen for konsensusen.

Den andre faktoren var kyrkja. Europa var eit svært religiøst samfunn, og alle nye samfunnsstrøymninger som skulle ha håp om å overleve, måtte forholde seg til dette. Det gjorde naturvitskapen gledelig. Dei mekaniske naturfilosofane såg på naturen som ei bok for lesing av skaparverket, på linje med bibelen. Sitt prosjekt såg dei som framvising av guden sin storleik. Oppdaginga av regelmessigheita i auget til ei fluge, eller mylderet av liv i ein dråpe vatn, var gode prov på hans allmakt.

Mange av naturfilosofane godtok guddommelig inngripen i verda, men det var viktig for dei å finne grensene for den mekaniske naturen. Då kunne ein betre forstå kvar guden faktisk greip inn.

Seinare i historia skulle enkelte obsternasige vitskapsfolk vende seg mot kyrkja, men det var dei lukkelig uvitande om på dette tidspunkt.

lørdag, november 08, 2008

Knut Jørgen Røed Ødegaard

Knut Jørgen Røed Ødegaard vert kritisert frå sitt eige fagfelt. Det blottlegg negative sider ved forskingskulturen.

Formidling av forsking er viktig. Fagfelta har eit ansvar for å formidle sine funn til offentligheita, då det er skattebetalarane sine pengar som finansierar mykje av den norske forskinga.

Men formidling er ikkje enkelt. Sjølv jobbar eg innan forsking, og fleire på vårt institutt har jobba hardt å lenge med å få til ein god dialog med media. Når formidlinga er mangelfull er det både på grunn av at det er for få forskarar som ser verdien i å bruke tid på formidling, og mangel på samarbeid frå media si side.

Det er altså inga lita bragd Knut Jørgen Røed Ødegaard har fått til med å setje astrofysikk på kartet på den måten han har gjort dei siste åra.

Når vi no ser at han blir kritisert frå eigne rekker, så ringer det ei bjelle om akademisk småligheit. Alle saker har sjølvsagt sider som ikkje kjem fram i media, men forskingsmiljø har lite pengar, spisse albogam, mykje intriger, og fagleg kredibilitet som gangbar valuta. Det er nærliggande å tenke at noko av dette kan vere grunnen til kritikken.

For det kokar ned til at Ødegaard tar formidling på alvor. Vil du formidle, så er det dårlig stil å skulde på andre. Gjer noko med det sjølv!

søndag, november 02, 2008


Det kjennest som om det skjer lite for tida, men det er i grunnen omvendt. Når det skjer lite har eg tid til å lage lange og innvikla blog-innlegg. No har eg ikkje tid, så dermed skjer det mykje.

I går laga eg lammesteik for første gong. Meget bra. Kanskje dette kan bli ein mat-blog?
- kjøp ei lammesteik
- stikk kvitlauksfed i snitt i steika
- rull steika i salt/pepar og finhakka frisk timian
- steik på 160 grader til kjernetemp. er 65 grader (3-4 t)
- la kvile litt medan du lagar til fløytegratinerte poteter
- og lar vinen lufte seg
- et, nam nam

K. West skal forøvrig sjølvsagt på Studentersamfunnet i Bergen si valgvake for presidentvalet på tirsdag. Det blir artig, forhåpentligvis.

Ellers har vi fått ny og fin layout på bloggen. Vi heng med i svingane layoutmessig.

Øvst eit bilete av Jacson Pollock: Lavender Mist. Estetisk.

mandag, oktober 27, 2008


Gjesp. Forskninga snirklar seg avgarde, og ingen treng å legge pengar på overtidstakstameteret mitt. Vintertida gjer det litt lysare om morgonen, men etter ei veke er det like mørkt igjen. Og det er uansett enda mørkare om kvelden. Men det gjer nesten ingen ting, seier eg til meg sjølv, for eg har eiga morgensol på kontoret. Eg lar meg nesten lure.

Uansett vert det lite tid til lange og tunge blog-innlegg. Eg lar Jon Fosse sin "Andvake" i helga, og eg tenkte at kanskje eg skulle skrive litt om den, men eg finn ikkje riktig ord. Den er så reinskore i forma, og den peikar i så mange retningar at ein liksom ikkje veit kvar ein skal byrje å nøste. Eg klarer heller ikkje heilt å gjere meg opp ei meining om kva eg tykkjer om den.

Mellom alt dette har eg byrja å formulere haustens semesteroppgåve i filosofi, som eg lurer på om eg skal gi den frekke tittelen "A = A". Eg veit ikkje om eg tør.

Nok om det. Maleria til Egon Schiele oppdaga eg i helga. Dei var jammen stilige.

lørdag, oktober 04, 2008

Aristoteliske restar i den vitskaplige revolusjonen - del 7

Så er vi kome til siste episode i helge-thrilleren om Galilei, Descartes, og om 7. far i vitskapshuset; Aristoteles. Det er no på tide å konkludere frå pro og contra dei 7 siste vekene.

KONKLUSJONAR.

I høve til tesen eg starta med, vil eg seie at den delvis står ved lag. Galileo delte Copernicus si begeistring for å kunne forklare verda matematisk, men om han hadde noko omgrep om verda som ein avgrensa heilskap, eller om desse tesane meir var forklaringsmodellar kan vi ikkje seie noko om på bakgrunn av tekstmaterialet vi har vore gjennom. Når det gjeld Descartes, er han ein uttalt metafysisk og systematisk tenkar. Det mekaniske verdsbiletet med naturlover innstilt av ein gud er riktig nok ikkje teleologisk, men ein vil kunne seie at den nødvendigheita som ligg i systemet kan kallast ei drivkraft for endring. Særlig når ein samanliknar den med korleis omgrepsbruken er hjå Aristoteles i høve til den formale årsaka. Når eg no har spurt om ei slik heilskapstenking har vore ei arv frå Aristoteles, så har det vore fordi eg har ønskt å setje søkelyset på brotet mellom desse to paradigma som ein seier det aristoteliske og det som kom med den vitskaplige revolusjonen, representerer. Når vi no har hatt sideblikk til både Paraminedes og Platon, kan ein seie at ei heilskapstenking ikkje er ein arv frå Aristoteles aleine, men heller ein tenkemåte som fleire europeiske tenkjarar har ført.

Det vil vere ein avgjerande ulikskap mellom å sjå på verda som noko endelig, som kan beskrivast av eit i prinsippet endelig antal utsegner, og å sjå på verda som noko vi i prinsippet ikkje kan sjå noko ende på. Den første ståstaden vil kunne gi anslag til ein logisk mystikk, med dei metafysiske storleikane dette fører med seg. Det vil også danne ein føresetnad for korleis ein ser føre seg at ein skal skaffe seg kunnskap om verda, ved å avdekke dei lovene som finnast der, og nytte desse til å skaffe vidare kunnskap. Den endelige og lovmessige verda sin eksistens garanterast av guden, som overskrid det eksisterande, og det endelige aspektet gjer at ein stadig kan tilegne seg meir kunnskap om verda i ein kumulativ prosess, der ulike paradigmeskifte er steg på vegen til sanninga. Den siste ståstaden lar meir stå ope både i høve til metafysiske storleikar, og i høve til teori og metode i vitskapleg aktivitet. Her kan ein ikkje argumentere for ein privilegert veg til sanninga, og det ideologiske bakteppet vil legge seg nærare vitskaplig praksis, der teori og observasjon i eit samspel driv den vitskaplige aktiviteten. Feyerabend sjølv meiner at den einaste vitskaplige regelen som er vid nok til å kunne vere gyldig, er at alt er lov. Forutan å vere eit retorisk grep, kan denne maksima sjåast på som ein respons mot den logiske mystikken.


Litteraturliste.

Aristoteles: Metaphysica, Oxford at the Clarendon Press 1928.
Aristoteles: The Nicomachean Ethics, Penguin 1971.
Aristoteles: Prior analytics, eBooks@adelaide 2007.
Feyerabend, Paul: Against method, tredje utgåve, Verso 1993
Descartes, René: A discourse on Method, Project Gutenberg 1993.
Russell, Bertrand: Mysticism and logic and other essays, George Allen & Unwin ltd. 1959.
Shapin, Steven: Den vitenskapelige revolusjonen, Spartacus forlag, 1999.

Q-uest

onsdag, oktober 01, 2008

Depeche Mode i Bergen

Somme grupper lagar musikk som egnar seg betre i stort format enn andre. Fleire av desse gruppene hadde sitt høgdepunkt i stadionrocken sitt tiår, 80-talet.

Depeche Mode sin taktfaste elektronika, med enkle melodiøse tema, og ein tydelig dommedagsvokal, og episke synthar, er skreddersydd til folkemengder over 10.000.

Når Depeche Mode visst nok vitjar Bergen 2. juli 2009, er det ingen andre plassar det er verdt å vere enn på Koengen.

mandag, september 29, 2008

Evolusjon, sanning og helse


Med Palin som republikansk kandidat for VP-posten i USA er kreasjonisme framleis aktuelt. Fordi denne typen fundamentalistisk kristendom er i vekst, er dette noko som også angår biologar.

Ledaren i Nature, og denne reportasja frå NYT retta interessa mi mot emnet i denne omgangen.

"Sanning" er eit svært problematisk uttrykk, i biologien som i alle andre samanhengar. Naturvitskapen kan ikkje påberope seg ein priviligert tilgong til sanninga. Ein har dessutan trusfridom.

Forsking er ein svinedyr aktivitet, og dei fleste plassar rettferdiggjerast den gjennom produksjonen av teknologi.
Hjå biologien kan ein seie at framskritta som er gjort i medisinen det siste århundret er resultatet av biologisk naturvitskap. Medisin er fundert på biologi.

Om ein set saman dette med eit velkjent kredo i biologien:

"Nothing in biology makes sense exept in the light of evolution" (Dobzhansky, 1973)

så vil det å fornekte evolusjonsteorien også vere å setje spørsmålsteikn med den teknologien som er produsert med denne som reiskap. Ein kan sjølvsagt seie at det er andre teoriar som også kan produsere denne teknologien. Det kan ein så klart seie.

USA er moglegheitene sitt land, så i staden for å bruke ressursane på å bevise kreasjonismen, som dei allereie har nok bevis for i sine hjerter, bør dei kanskje etablere ein bio-kreasjonistisk industri?

Eg ventar spent på artiklar.

lørdag, september 27, 2008

Aristoteliske restar i den vitskaplige revolusjonen - del 6


Vi nærmar oss slutten på helge-seminaret, og det er på tide å samle nokre trådar. Denne veka undersøker vi om det er sider ved Galilei og Descartes som er ubevisst heilskaplige, før vi neste gong avrunder serien med nokre konklusjonar.


ARISTOTELISKE RESTAR HJÅ GALILEI OG DESCARTES?

Overgangen til ein meir empirisk måte å undersøke naturen på er ikkje heilt uproblematisk hjå Galilei og Descartes. Det er mange måtar å peike mot jorda på, og i alle tilfelle må du ha noko å peike med. Det interessante med dømet med Galilei, er at argumentasjonen for det heliosentriske verdsbiletet er gjort utan at ein har dekning for det i observasjonane ein legg vekt på. Grunnane til dette kan vere mange, og Feyerabend går grundig gjennom kva retorikk, makt, ambisjonar og andre faktorar har å seie, utan at ein skal kome inn på det her. Det ein ser er at Galilei delar Copernicus sin tanke om å kunne forklare røynda med relativt få og enkle prinsipp og lover. Om ein skulle tenke seg ein motsett posisjon, nemlig at verda er eit kaos, med uendelige variasjonar, der eventuelle lovmessigheitar ville vere så talrike og inkonsistente at eit system ville vere fånyttes; eit univers som var uendelig i tid, rom, organisering og kompleksitet, så ville det vere meiningslaust å argumentere for at sola skulle følgje same lover som steinar og hus på jorda. At dette skulle vere tilfelle, var ikkje sjølvsagt for aristotelikarane. I det aristoteliske synet galdt andre reglar i ild-himmelen enn på jorda. Men i kva grad Galilei kan seiast å vidareføre skjulte føresetnader frå det aristoteliske paradigmet, vil vere avhengig av kva teoretiske og metafysiske føresetnader han legg til grunn for sine syn. Vi ser at han beundrar teoriar sin enkelskap, men ein har ikkje frå dette grunn til å seie at han er ein heilskapelig tenkar med eit logisk heilskapssyn på verda.

Når det gjeld Descartes passar denne beskrivinga betre. Han opererer med ei lineær tid, og eit endelig fysisk rom, der alt, med unntak av sjela, kan forklarast logisk og mekanisk. Som med Aristoteles skaper dette eit rom for det guddommelige utanfor tida og rommet. Men der Aristoteles meiner at jorda er det einaste sanne, set Descartes det materielle som føresatt av sjela. Descartes sin verden vert slik ein heilskapelig mekanisk verden for sjela. Altså kan ein seie at sjela samlar verden – verden er eitt i sjela. Dette vert også føresetnadane for at ein kan nytte eksperiment til å skaffe seg kunnskap om verda. Då verda er lovmessig og endelig, kan ein nytte empiri til å skaffe seg kunnskap om den. Det mekaniske verdsbiletet vil kunne, om tenkt ut, føre til ein materiell determinisme. Sjølv om ting ikkje aktivt strevar etter sin plass, vil dei automatisk dette inn i sin plass, då dei ikkje kan bryte ut av naturlovene. Der Aristoteles hadde eit aktivt syn på korleis ting fell inn i systemet, kan ein seie at Descartes har ein passiv mekanisme for korleis systemet innrettar seg. Som hjå Aristoteles er dette ein prosess, som er til forveksling lik ei årsak til endring. Lovene er innsett av guden, og verda går frå kaos mot lovmessigskap etter som ting instillar seg naturlig etter lovene (Descartes, 1993):
”(...) so that even although he (Guden; min merknad) had from the beginning given it no other form than that of chaos, provided only he had established certain laws of nature, and had lent it his concurrence to enable it to act as it is wont to do (...) things purely material might, in the course of time, have become such as we observe them at present (...)”
Kausallova og det mekaniske verdsbiletet til Descartes klarer ikkje å stå aleine. Det støttar seg mot ei forståing av verda som ein heilskap går mot ei jamvekt. Om Descartes skulle vere konsistent i sin metodiske tvil, måtte han også tvile på den tanken at hans eksistens er mogleggjort av ein gud. Han måtte også trekke i tvil kausallova. Grunnen til at dette ikkje skjer, vil ein kunne seie er ein logisk-mystisk arv.

Det vil vere feil å seie at Aristoteles sin teleologi er vidareført av Descartes og Galileo. Derimot vil ein kunne seie at det vert vidareført ei heilskapstenking, der observasjonar tolkast inn i eit lovmessig system. Særlig ser vi dette hjå Descartes, der førestillinga om eit slikt system er uttalt. Ein vil slik kunne seie at dette lovmessige, heilskapelige systemet dannar eit overbygg der ting må ha sin plass. I Descartes innstiller det seg ein balanse. Ein kan ikkje snakke om potensialitet eller strev i ein aristotelisk forstand, men ein kan seie at den kausale matrisa som er i kraft av kausallova og guden sine nedfelte lover, vidarefører ein logisk mystikk; ein arv som også delast av Aristoteles.

Den type logisk mystisisme som Russell snakkar om, og som ein kan finne element av hjå Aristoteles og Descartes, kan seiast å ha ei klar utside. Verken Descartes eller Aristoteles vil godta ein regression infinitum. Då den materielle verda er avgrensa, både i fysisk utstrekning og i tid, må det vere noko som er heva over denne typen veren, og som er utanfor den fysiske verda. Både hjå Descartes og Aristoteles opnar dette for det guddommelige. Det guddommelige vert slik noko som overskrid det lovmessige som den materielle verda rettar seg etter, og som garanterer for denne. Russell sjølv er ikkje med på å gjere verda til eit avgrensa heile. Han argumenterer mot tida si linearitet, og seier slik at sjølv om ein er innstilt på å nytte rasjonaliteten for å forstå verda, så er det ikkje dermed gitt at verda er eit avgrensa heile.

Quest

Neste veke: siste episode.

tirsdag, september 23, 2008

Fint

Om ein er ideologisk forvirra (slik som meg) var denne vekslinga mellom Kristin Clemet og Arne Johan Vetlesen fin.

mandag, september 22, 2008

Aristoteliske restar i den vitskaplige revolusjonen - del 5.


Etter ei bjart helg i bygdenoreg, prega av jakt og sanking, fortset vi vår reise gjennom den vitskaplige revolusjonen sine innomhus sjølvmotseiingar. Denne veka:

RENE DESCARTES OG DET MEKANISKE VERDSBILETET.
Ein som tydligare uttalte eit heilskapelig syn på naturen og metafysikken, var Rene Descartes (1596-1650). Han meinte å sjå mykje uklarskap og utrygging i tidligare filosofi, og han nekta å ta for sanning noko anna enn det han klart kunne sjå var sant. I verket Discourse on Method (Descartes, 1993) presenterer han sin eigen metode for metafysisk tenking, samt nokre viktige slutningar frå bruk av denne metoden om mellom anna korleis ein skal studere verda ikring seg.

Descartes sin metode byrjar med ein metodiske tvilen, der alt med unntak av hans eigen eksistens som tenkande subjekt, kan trekkast i tvil, og dermed ikkje seiast å vere sant. Då Descartes ser at han sjølv ikkje er perfekt, men at han har ein ide om noko som er perfekt, seier han at dette perfekte, denne kunna, er guden. Sidan dei fysiske tinga, inkludert eins eigen kropp må kunne seiast å vere gitt som inntrykk for sjela, må deira sanning seiast å vere føresatt av sjela. På same måte er sjela føresatt av guden. Guden er årsaka til sjela sin eksistens, og sjela sin eksistens er årsaka til dei materielle tinga sin eksistens. Frå dette gjer Descartes enkle observasjonar om generelle fysiske ting – stjerner, planetar, kropp, eld og liknande.

Det mest generelle og sanne Descartes vil sjå på ved desse tinga er dei relasjonane dei har til kvarandre. Tinga har ikkje åndelige eigenskapar i seg sjølv, men dei oppfører seg på bestemte måtar avhengig av korleis dei er arrangert i høve til kvarandre. Dette kan forklarast med matematiske og fysiske prinsipp som er stifta av guden. Mangfaldet av ulike effektar er så stort at sansane aleine er utilstrekkelige til å avgjere årsakene i kvart enkelt tilfelle, og ein må difor gå eksperimentelt fram for å avgjere kva effekt som er avhengig av kva årsak. Slik vert det nødvendig å gå frå den effekten som registrerast ved sansane, til årsaka til effekten. Effekten vert slik garantisten for sanninga til årsaka.


Descartes sette kausallova som einaste gyldige årsak, og nekta for at det skulle vere nokon må, emosjonar eller intelligensar i naturen. Han vil heller ikkje godta å slå det sanne saman med det gode og moralske når ein skal forklare verda ikring seg. Verda var eit urverk trekt opp i tida si morgon. Den naturen som for Aristoteles hadde vorte sett på som ein aktiv heilskap, følgde no fysiske naturlover.

Heilskapelig tenking var eit poeng i seg sjølv for Descartes. Ein kunne finne meir sanning i argumentasjonen til eit enkelt individ enn det som var satt saman av meiningane til mange ulike individ, der mange av desse var sett opp av sannsynlige argumentasjonar gitt utan demonstrasjon. Han var sjølv interessert i å få til eit samanhengande logisk system, der empirien var med for å avklare detaljane. I Discourse of Method gir han ei forklaring på nokon av dei mest opphavelige årsakene, samt nokon av dei mest generelle effektane av desse. For eksempel er dei mekaniske lovene sitt virke i kroppen illustrert av ei forklaring av hjartet og arteriane sin blodstraum. Ved å følgje denne metoden vidare, skal det vere mogleg å bygge eit samanhengande logisk system frå guden til enkelttingen.

Q-est

Neste veke: Aristoteliske restar hjå Galilei og Descartes?

mandag, september 15, 2008

Aristoteliske restar i den vitskaplige revolusjonen - del 4.


Etter ei aktiv helg, med tur i Noreg i eit notaskal saman med ei hand full av ivrige molekylærbiologar frå store delar av verda på laurdag, og fridykking i Øygarden på søndag, tar vi i dag att det forsømte: 4. episode av helgeseminaret i filosofi -og vitskapshistorie.

DEN VITSKAPLIGE REVOLUSJONEN - EIN GUDLAUS ORDEN?
Omgrepet ”den vitskaplige revolusjonen” er omdiskutert, og mellom anna vitskapshistorikaren Steven Shapin (1943 - ) meiner at ein ikkje med rette kan snakke om ein vitskaplig revolusjon i ordet sin eigentlige forstand. Ein kan ikkje snakke om ei felles omvelting innan dei naturvitskaplige eller naturfilosofiske miljøa. Han beskriv det som kallast den vitskaplige revolusjonen for ei rekke strøymingar som ikkje var eintydige, som ikkje førte til ei omvelting i si samtid, og som var strekt over eit langt tidsrom i dei 16. og 17. hundreåra (Shapin, 1999). Vi skal her knytte samleomgrepet ”den vitskaplige revolusjonen” til nokre brot med det aristoteliske paradigmet i arbeida til Rene Descartes og Galileo Galilei.

Galilei og det heliosentriske verdsbiletet.
I 1543 publiserast Nicloaus Copernicus (1473-1543) sin ”On the revolutions of the heavenly spheres”, der han bryt med den ptolemeiske kosmologien ved å plassere sola i sentrum for planetbanene. Dette braut ikkje berre med Aristoteliske teoriar om tinga sin orden og elementa sine naturlige plassar – det braut også med sunn fornuft, og med synet på mennesket som sentrum i universet. Copernicus sine teoriar vart seinare følgt opp av mellom andre Galileo Galilei (1564-1642). Galilei utvikla teleskop for betre å kunne studere himmellekamane, og han innførte i større grad observasjonar som støttande argument, og matematikk som gyldige forklaringsmodellar. Dette førte til ein vitskapsteoretisk disputt om eksperimentet si gyldigheit som argument. Under det aristoteliske paradigmet hadde observasjonar frå eksperiment vorte rekna som lokal og lite generell. Det å nytte eit spesielt instrument til å setje i scene situasjonen som gir observasjonen, anten det var eit teleskop eller ei vakuumpumpe, vart sett på som enda verre. Ein skapte då ein særs betinga og lokal situasjon, som var ute av harmoni med heilskapen. Det å legge større vekt på eksperimentelle observasjonar var altså ein ganske annan måte å tilegne seg kunnskap på, og ein framgangsmåte som vart sett på som både urasjonell og lite pålitelig i auga til dei som nytta den aristoteliske tenkemåten

Paul Feyerabend diskuterar forholdet mellom metode og teori i Galilei si argumentering for det heilosentriske solsystemet i sitt verk Against Method (Feyerabend, 1993). Eit av motargumenta som vart fremja mot jorda si bane ikring sola var det sokalla tårnargumentet. Om jorda er i rørsle, om ein då slepp ein gjenstand frå eit tårn, skulle denne då gå i ein boge mot jorda, og treffe bakken i ein avstand frå tårnet som er avhengig av farten til jorda. Dette skjer ikkje, og som om jorda skulle stå i ro, landar gjenstanden ved foten til tårnet. Denne måten å omtale ein observasjon på kallar Feyerabend eit naturlig tolking (natural interpretation). Den naturlige tolkinga er for Feyerabend det Francis Bacon (1561-1626) formulerer som ”mental operations which follow so closely upon the senses” (Bacon i Feyerabend, 1993), og som er så nært knytt til reaksjonen på sanseinntrykka at det er vanskelig å skilje dei. Til tårnargumentet seier Galileo at ein er einige om observasjonen, men det som må til for å nå ei sann beskriving av fenomenet er ”the senses, accompanied by reasoning” (Galilei i Feyerabend, 1993). Dei naturlige tolkingane må gjennomgå ein kritisk diskusjon – kva skjulte teoretiske føresetnader er det som ligg i måten ein tolkar observasjonen på? For Galileo vert framgansmåten å ta utgangspunkt i at om jorda går i bane kring sola, kva teoretiske føresetnader er det som gjer at den naturlige tolkinga av fallet til ein stein er uforeignelig med dette? Galileo går altså fram kontrainduktivt for å skilje teoretiske føresetnader for observasjonane.

Galilei innfører ei ny teoretisk forklaring for å gi samanheng mellom jorda si rørsle og gjenstanden sitt fall mot jorda, nemlig den relative rørsla. Dette byggjer på det at om ein for eksempel er på ein båt i fart, og skal kaste ei pil på ein blink, så treng ein ikkje å justere siktet etter farten på båten. Siktar ein midt på blinken, vil pila følgje båten si rørsle, og treffe midt på blinken. Slik vil også objektet som sleppast frå tårnet følgje jorda si rørsle, og lande ved foten på tårnet. Om ein så ser objektet bli slept frå tårnet og lande ved sokkelen på dette, vil ein ha følgjande argumentasjonsrekke, med og utan relativ rørsle (Feyerabend, 1993):

Naturlig tolking 1 (pre-Galilei): all rørsle er operativ.
- Dettande stein beviser at verda står i ro.
- Verda i rørsle føresei at gjenstand skulle ha gått i ein bue frå tårnet mot bakken.

Naturlig tolking 2 (Galilei): berre relativ rørsle er operativ.
- Dettande stein beviser at det er ingen relativ rørsle mellom startpunkt og jorda.
- Verda i rørsle føresei at det ikkje vil bli ei relativ rørsle mellom gjenstand og tårn.

Basert på kva teoretiske føresetnader ein legg til grunn vil ein altså frå same observasjon trekke to motstridande konklusjonar. Med bakgrunn i dei teoretiske føresetnadane, vert sjølve eins erfaring endra. No kan det seiast at bakgrunnen for at Galilei utfordrar den første posisjonen er med bakgrunn i Copernicus sine observasjonar om planetane si rørsle, samt hans eigne observasjonar gjort gjennom teleskopet. Dette vert då grunnlaget for Galileo sin teori om relativ rørsle. Det som gjer forholdet mellom teori og observasjon meir samansett er at Galileo i dette materialet i følgje Feyerabend ikkje hadde tilstrekkelig grunnlag til å argumentere for teorien om relativ rørsle. Galileo kunne ikkje argumentere for at teleskopet skulle vere ein garantist for betre observasjonar. Det var fleire problem med Galileo sine teleskop, og mange observasjonar viste seg å vere både tvitydige og feilaktige. Då Galileo ikkje kjende til Kepler sine arbeid på optikk kunne han heller ikkje gi noko teoretisk forklaring for at teleskopet skulle garantere eit meir sant bilete av himmellekamane. Spørsmålet vert då kvifor Galilei insisterte på å støtte Copernicus sitt verdsbilete. Eit sitat Galileo nevner frå Copernicus kan gje oss ein peikepinn (Copernicus i Feyerabend, 1993):

For all these phenomena appear to be linked most nobly together, as by a golden chain; and each of the planets, by its position, and order, and every inequality of its motion, bears witness that the earth moves (...)

I følgje Feyerabend er det altså med utgangspunkt i dei andre planetane sine rørsler at Copernicus og Galileo argumenterer for jorda si rørsle. Om det var for å unngå kyrkja si vreide, eller om han meinte det, så sa Copernicus sjølv at hans teori var eit matematisk eksperiment, og at han ikkje såg noko problematisk med det ptolemeiske systemet, sett i høve til hans eigne matematiske berekningar. Er det då tanken om ein planetarisk lovmessigskap; eit univers retta etter nokre enkle fysiske lover, som var motivasjonen for Copernicus og Galilei?

Neste episode: Rene Descartes og det mekaniske verdsbiletet.

- Q est

onsdag, september 10, 2008

Fragmentbiologi

Tankar om kurs i etikk eller liknande, slik ein hist og her ramlar innom.
Kva er poenget med å ha eit slikt kurs? Festtaler?

Det er faktisk eit veldig godt spørsmål, som krevjer eit tilsvarande godt svar. Særlig sidan kurset er obligatorisk. Å svare på dette kan vere heile kurset for den del.

Forsøk på svar:
  • Som utdanna vert ein sett på som ekspert innan eit fagfelt. Det er naturlig å forvente at ein også kan noko om sitt eige fagfelt. -> Vitskap som ein historisk, kulturell, menneskelig aktivitet.
  • Det vitskaplige tankesettet er ikkje ”reint”, men ein hybrid av mange ulike språklige konstruksjonar, oppdelingar og tradisjonar: konsept, retorikk, metafysikk. -> Å kjenne til desse, og kunne røyre seg i dei og bruke dei, vil gjere deg til ein betre vitksapsutøvar.
  • Som eit korn vert opphav til ein krystall, vert lausriveb informasjonen opphavet til idear og førestilliner, og etter kvart sett i kontekst (eg trur dette er frå Mill, men eg fann diverre ikkje det direkte sitatet) -> Ideen sin genese.
  • Vitskapen som autonom aktivitet? Samspelet vitskap/samfunn. Og vidare:
  • Vitskapen si drivkraft: nyfikenheit og sanning (autonome årsaker), verdiskaping, utalitarisme, helse (samfunnsetiske årsaker). Boblerar: sjølvopprettholdande system, sosial klasse, verdiar, ideologi.

lørdag, september 06, 2008

Aristoteliske restar i den vitskaplige revolusjonen - del 3

God helg, og velkomen til tredje del av serien om heilskapstenking i den vitskaplige revolusjonen. Førre veke snakka vi om Aristoteles sitt teleologiske syn. Denne veka skal vi sjå på korleis dette har det ein kan kalle mystiske aspekt. Til det skal vi nytte Bertrand Russell si drøfting av den logiske mystikken.

BERTRAND RUSSEL OG DEN LOGISKE MYSTIKKEN.
I sitt essay Mysticism and logic (Russell, 1959) drøftar Bertrand Russell (1872-1970) metafysisk heilskapstenking. Han meiner metafysikken har vorte utvikla gjennom samspelet og konfliktane mellom mystikk og vitskap. Russell set opp fire kjenneteikn for mystikaren: 1) mystikaren trur på ein type umiddelbar intuisjon som kjelde til kunnskap, 2) han har ei tru på einskap, der alt er eit, 3) han avviser eksistensen av tida, og 4) han meiner vondskap berre er tilsynelatande.

Ei av retningane innan metafysikken er det Russell kallar den logiske mystikken. Den logiske mystikaren freistar forstå verda som eit fullstendig, logisk system. Den logiske mystikken fører Russell tilbake til Parmenides (5. århundre f. Kr.). I jakta på urstoffet som alle ting er laga av var Parmenides sitt forslag væren. Som eit første prinsipp utleda han at væren er, medan ikkje-væren ikkje er. Om ein ser på endring som fundamentalt, så kan ikkje noko gå frå å vere til å ikkje vere. Om ein så ser på ulikskap som fundamental, så kan ulikskapar mellom ting berre vere mellom noko som er og noko som ikkje er. Sidan då alt må vere, og ikkje kan endrast, får ein at alt eksisterar i ein einaste kontinuerlig likskap, der den einaste tilsynelatande endringa var medvitskapen si rørsle langs tidslina (Parmenides i Feyerabend, 1993).

Frå dette utgangspunktet dannar eit verdsbilete der alt er av det same, og endring ikkje skjer. Russell meiner her at den mystiske logikaren byrjar med ei subjektiv kjensle av heilskap, for så å underbygge denne med logiske argument. Paradoksa som då bevisast av logikken er eigentlig paradoksa til mystikken. Metafysikaren har vidare kunne oppretthaldt denne tesen då ei har vore lite innstilt på å oppriktig undersøke naturen og røynda ikring seg, men heller vore oppteken av å underbyggje det ei har følt av ei innsikt drege frå eige bryst.

Om Aristoteles er ein logisk mystikar etter Russell sin definisjon er vel tvilsamt. Her kan det vere interessant med eit sideblikk til Platon. Platon var påverka av Parmenides med hensyn til at verda ikring oss er tilsynelatande. Då ein ikkje kan stole på sansane, seier Platon at sanninga finnast i ide-verda. Aristoteles sin kritikk av dette går på at Platon fordoblar verda, utan å ha noko garanti for at denne fordoblinga fører til noko meir sanning. For Aristoteles er endringar i aller høgste grad reelle, og dei eksisterer i ei verd som både er temporal og spatial. Måten ein kan knyte Aristoteles til Platon å Parmeniedes, er å gjennom korleis dei allmenne sanningane som ligg i tinga er forklart på. Tanken om det mest allmenne, guddommelige og gode prinsipp som samlande, som resten av verda skal sjåast i lys av, kan kallast ein logisk-mystisk arv.

Neste veke: Den vitskaplige revolusjonen - ein gudlaus orden? Galileo Galilei og det heliosentriske verdsbiletet.

- Quest

torsdag, september 04, 2008

SV er ikkje eit politisk parti.

Det er makt i dei folda hender. Førre val gav eg stemma mi til SV. Då dette var eit kommune -og fylkesval, kan det hende at driftige enkeltindivid omgjorde stemma til politisk handling. Hadde det vore stortingsval hadde det ikkje vore tilfelle.

SV er ikkje eit politisk parti. Det kan kallast ein verdi-tenketank for den høg-humanistiske sida av norsk middelklasse, til innomhus produksjon av fine prosjektarbeid: ein stad ein kan samlast for å håpe på det beste.

Dette har fungert bra så lenge SV var i opposisjon. Dei har då klart å lure både seg sjølv, og ein del andre. No er dei i posisjon -eller rettare sagt, dei folder sine hender for DNA. Dei får formidle sine idear i slagord som Soria Moria, Sim salabim og Hokus pokus. Dei får også lov til å nytte det raudgrøne prefikset "verdens beste" til sine idéar: verdens beste Sim salabim.

SV-skulen hadde skapt større ulikskapar mellom elevane. Varm skulemat hadde ikkje klart å balansere dette.

Finansminister og leiar i SV, Kristin Halvorsen, svarte på spørsmål om korleis det var å vere finansminister: "Det er vanskelig". Det ryktast at det er økonomar i SV. Desse dyssast antagelig ned då dei kanskje lagar dårlig stemning.

- K"yrre Nakkim" West

mandag, september 01, 2008

Schterke menn


I dag tidlig såg eg at Vladimir Putin hadde redda eit TV-team frå å bli angrepne av ein sibisk tiger ved kjapt å fyre av ei bedøvelsespil mot dyret. Den tøffingen!

Dette var så pass tøfft at eg vurderte å skrive eit liten notis med innhaldet at dette kunne ingen norske statsleierar ha gjort etter han. Sponheim kunne ha prøvd, men for det første er han ingen statsleiar, og for det andre hadde han antakelig bomma.

Denne posten slo eg frå meg. Det vart for søkt. Under pari.

Men så såg eg dette. Jeger-jens har skutt sitt første dyr. Ringduer. I bakhaldsangrep.

Det er ingen tvil om at Kreml allereie veit om dette, og at Jonas no kan gå inn i nordområdeforhandlingane med rak rygg! Dei geopolitiske rengverknadane vert utvilsomt viktige.

K. "Nakkim" West

lørdag, august 30, 2008

Aristoteliske restar i den vitskaplige revolusjonen - Del 2

Aristoteles tenkte verda som ein heilskap der kvar enkelt ting søker å finne sin plass i systemet. I den vitskaplige revolusjonen gjekk ein vekk frå dette, men kan det vere at heilskapstenkinga likevel har vorte med som blindpassasjer vidare i historia?

Her på bloggen held vi fram laurdagsserien om teleologi og den vitskaplige revolusjonen. Forrige veke hadde vi ei kort innleiing der vi kort la fram problemstilling, og litt disposisjon. Denne gongen er det på tide å gå inn i den største teleologiske tenkaren i vestlig filosofihistorie, nemlig Aristoteles.

 
ARISTOTELES SIN GUDDOMMELIGE ORDEN.
Aristoteles (384-322 f. Kr.) sin Metafysikk (Aristoteles, 1928) opnar med setninga ”All men by nature desire to know”. Dette set tonen for verket, som er Aristoteles sin kunnskapsteori. I kunnskapsteorien diskuterar han dei mest overordna og allmenne prinsippa som ein tenkjer røynda i kring ein er retta etter, og korleis ein kan skaffe seg kunnskap om desse. Sjølve ordet metafysikk betyr ”etter fysikken”, og viser til at verket vart gitt ut etter hans verk om fysikk. Men i den filosofiske tradisjonen har metafysikk vorte einsbetyande med dei spørsmåla som er omhandla i metafysikken, nemlig dei overordna prinsippa i røynda; ”...the attempt to concieve the world as a whole by the means of thought” (Russell, 1959).

På biletet ”Skulen i Athen” av Raphael (1483-1520) vender Platon peikefingeren mot himmelen og ideane. Aristoteles vender peikefingeren mot jorda. For Arisoteles er den sanselige verda det mest verkelige. Den er bygd opp av ting, ousia, og sansane gir lys til ulikskapar mellom enkeltting. Dette er vår mest grunnleggjande erkjenning, og all kunnskapen vi har byrjar med denne erfaringa. Etter kvart som vi erfarer ulike ting, vil vi ved hjelp av minnet kjenne att trekk og likskapar som er felles for einskilde ting - former. Vi kan for eksempel kjenne att likskapar ved planter, og slik abstrahere det allmenne omgrepet ”grøn”. ”Grønskap” finnast ikkje i seg sjølv, slik Platon ville vist til ei ideell ”grønheit”, heller ligg forma i dei einskilde plantene. Alle omgrepsord vil vere uttrykk for former. Enkeltting er vidare bygde opp av stoff – eidos. Stoffet er tingen sin individuelle eigenskap, og eit uttrykk for tingen sin natur.

Då alle menneske nyttar sansane til å orientere seg om verda ikring seg, har alle noko om kunnskap om form og stoff til ting ikring seg. Sanning er slik noko alle kan gripe. Men det finnast ulike typar av kunnskap, og ulike grader av kjennskap om sanningane ikring oss. Ein praktisk kunnskap vil vere kunnskap om individuelle tilfelle, som for eksempel i eit handverk, der ein har kunnskap om korleis ein praktisk skal setje opp eit hus. Då den praktiske kunnskapen er om individuelle tilhøve, vert den utvikla for å tene eit føremål. I huset sitt tilfelle er føremålet til dømes å danne eit ly for været. Den teoretiske kunnskapen omhandlar det allmenne. Snikkaren vil ha teoretisk kunnskap om han for eksempel har kjennskap til dei fysiske prinsippa som gjer at huset konstruerast slik og slik for å tole ulike påverknader. Den teoretiske kunnskapen gir ei forståing for årsakene til observasjonar ein gjer. Der målet til den praktiske kunnskapen er handling, er målet til den teoretiske kunnskapen sanning. Og sjølv om alle kan ha gripe Aristoteles si sanning med sansane, så er det vanskelige å gripe store delar av sanninga.

Då den praktiske kunnskapen alltid vil vere ein reiskap for å oppnå noko anna, vil den få sin verdi i lys av dette andre målet. Den mest verdifulle kunnskapen vert følgjelig den som er eit mål i seg sjølv. Alle menneske søker kunne, og skal ein drive vitskapen som sanning, filosofi, så må ein undersøkje dei første og mest generelle årsakene og prinsippa; dei som all anna kunnskap må sjåast i lys av. Desse prinsippa er dei som er mest utilgjengelige for sansane, og minst nyttige i ulike praktiske høve. Alle vitskapar er meir nyttige, men ingen er betre.

Det mest allmenne assosierer Aristoteles med det guddommelige og det gode. Guden er den einaste som kan ha fullstendig, allmenn kunnskap om verda sine samlande prinsipp og årsaker, for guden er det første prinsippet og alle ting sine årsaker. Det guddommelige vert slik noko som overskrid det mennesket kan erfare. Dette vert kopla til etikken gjennom assosieringa av det sanne med det gode, noko Aristoteles har teke med seg frå Platon. I Den nikomanske etikken (Aristoteles, 1971) set Aristoteles det gode som eit mål i seg sjølv, og som ein del av eit første samlande prinsipp vert dette då assosiert med sanning.

Skal ein kunne forstå og forklare verda ikring seg, er årsaksprinsippa sentrale. Kunnskap er ikkje å vete at endring skjer, men kvifor endringar skjer. Aristoteles har her ein firedelt årsaksmodell, med dei fire årsakene formålsårsak, bevirkande årsak, stofflig årsak og formal årsak. Di fleire av desse årsakene ein har kjennskap til ved eit fenomen, di meir kunnskap har ein om fenomenet. Formålsårsaka er det som tingen skal tene til. Om vi nyttar bygginga av huset som eksempel, så er formålsorsaka at ein treng noko til å gi ly for været. Den bevirkande, eller kausale årsaka, er det som direkte fører til at tingen skjer. I huset sitt tilfelle vil dette vere snikkaren som byggjer huset. Den stofflige årsaka er identiteten, stoffet, som ting er laga av, og den formale årsaka er realiseringa av naturen til tingen; realiseringa av tingen sin plass i systemet.

Aristoteles ser på den formale årsaka som den viktigaste av dei fire. Det at tinga strevar etter å realisere sin natur for slik å inngå harmonisk i heilskapen, gjer at ein kan snakke om tingen sin potensialitet. Potensialiteten er det tingen potensielt er, og den er eit uttrykk for sanninga om tingen. Røynda til Aristoteles er slik ei strevande og dynamisk røynd som går mot ein harmonisk heilskap. Røynda er ikkje berre slik den er, men slik den potensielt er. Den formale årsaka vert somme tider slått saman med formålsårsaka hjå Aristoteles, og saman dannar dei ein teleologisk overbygnad for forståing av verda ikring oss: tinga har dei ibuande eigenskapane at dei strevar mot å oppnå sitt potensiale i eit funksjonelt, guddommelig og harmonisk heile. I denne heilskapelige naturforståinga vil tinga innrette seg etter kvar dei er nærast å oppfylle sitt potensiale. Steinen vil dette mot jorda fordi den er mest i harmoni med sitt potensiale her. Flammen peikar mot lufta fordi den har sin plass ovanfor det atmosfæriske.

Slutningar av den overståande typen er typiske for den aristoteliske tenkemåten. Ein nytta syllogismer, logiske argument der ein proposisjon eller ei slutning vart trekt frå to kjende premiss. Dette gir ”a discourse in which, certain things having been supposed, something different from the things suppsed results of necessity because these things are so” (Aristoteles, 2007). Kjende fakta produserer framleis forståing.

Då det allmenne er det som alt anna skal sjåast i lys av, vert thelos det som gir meining både til menneskelige handlingar, og til korleis verda er innretta. For at verda skal vere fornuftig, er ein nøydd til å sjå den i høve til dei samlande prinsippa. Filosofien må følgjelig gå mot teologien: guden som den urørlige rørar, og samlande etisk og metafysisk prinsipp. Dette er ikkje nødvendigvis ein verkande gud, slik det vart nytta i kristen teologi. For Aristoteles er guden ei magnet som alt anna går mot – eit samlande prinsipp.


Neste helg skal vi ta føre oss Bertrand Russel si drøfting av mystisisme-omgrepet slik han gjer det i sitt essay "Mysticism and logic".

- K. West

lørdag, august 23, 2008

Aristoteliske restar i den vitskaplige revolusjonen - Del 1

Den vitskaplige revolusjonen seiast å ha ført til eit paradigmeskifte i den europeiske naturfilosofien. Fleire renessansetenkarar utfordra bevisst den aristoteliske tenkemåten; dei teleologiske prinsippa vart avvist av mellom andre Descartes, som sette kausallova som einaste gyldige årsaksforklaring. Men, sjølv om det skjedde eit skift vekk frå det aristoteliske paradigmet, kan det tenkjast at somme aristoteliske element sneik seg med i dei nye tankestraumane, og danna ubevisste føresetnadar for dei nye teoriane? 

I vår prøvde eg meg på påstanden om at naturvitskapen etter den vitskaplige revolusjonen har vidareført ein ubevisst teleologi. Dette vart i løpet av våren til ei semesteroppgåve i filosofihistorie, som vi på K. West trykker som ein føljetong i vekene framover. 


Introduksjon.
Den vitskaplige revolusjonen seiast å ha ført til eit paradigmeskifte i den europeiske naturfilosofien. Frå antikken og gjennom middelalderen hadde ein kosmologi med utgangspunkt i Aristoteles sine teoriar vore fundamentet for korleis ein gjorde studie av verda ikring ein. Aristoteles sin teori for endring var teleologisk retta, og den gav det guddommelige ein sentral plass. Desse prinsippa vart tolka inn i eit kristent verdsbilete, og heldt slik ein dominerande posisjon gjennom middelalderen. Fleire renessansetenkarar utfordra bevisst den aristoteliske tenkemåten; dei teleologiske prinsippa vart avvist av mellom andre Descartes, som sette kausallova som einaste gyldige årsaksforklaring. Eksperimentelle og matematiske verkty vart teke nytta i større grad til å underbygge teoriar, noko som førte til fleire teknologiske nyvinningar. Både synet på korleis verda var innretta, og korleis ein skulle studere denne verda, var i endring.

Men, sjølv om det skjedde eit skift vekk frå det aristoteliske paradigmet, kan det tenkjast at somme aristoteliske element sneik seg med i dei nye tankestraumane, og danna ubevisste føresetnadar for dei nye teoriane? Mi tese er at ein type heilskapstenking er vidareført i den vitskaplige revolusjonen. Dette gjer at samspelet mellom teori og praksis ikkje vert uproblematisk ved utviklinga av ein meir empirisk naturvitskap. Eg vil også hevde at ein del metafysiske storleikar som ein finn hjå Aristoteles, er vidareført hjå ein tenkar som Descartes, molegeins på grunn av ei heilskapstenking som kan ha visse fellestrekk mellom dei to filosofane. For å studere denne hypotesen, vil eg gi oppgåva ei form som kanskje kan samanliknast med ei hypotetisk-deduktiv testing, noko som for så vidt kan gjenspeile påverknaden renessansen hadde på tenkemåten i dag.

I den første delen vil eg gi ei kort oversikt over dei sentrale omgrepa som vert presentert av Aristoteles i Metafysikken, for slik å kunne gi ein bakgrunn for den aristoteliske naturvitskapen, og for kva rolle heilskapstenkinga spelte i hans kunnskapsteori. Som ein meir generell kommentar til metafysisk heilskapstenking, vil eg nytte Bertrand Russell sin diskusjon av den logiske mystikken. I høve til den vitskaplige revolusjonen vil eg gå nærare inn på Paul Feyerabend sitt studie av Galileo Galilei i hans bok ”Against method”, samt Descartes sin ”Discourse on method”. Etter dette vil eg diskutere desse tenkarane opp mot den tesen eg har sett opp i introduksjonen til oppgåva. Sentralt her vil vere 1) korleis er den verda som naturfilosofen studerer innretta? Og 2) kva metodologi vil han nytte til å skaffe seg kunnskap om denne verda? Til sist vil eg driste meg til å trekke nokon konklusjonar.

Neste veke: Aristoteles sin guddommelige orden.

fredag, august 22, 2008

Biologisk kompleksitet

Eg såg denne artige saka i Science

Det omhandlar det svært enkle dyret Tricoplax adhaerens, med eit namn som rett og slett betyr klissete, hårete plate.

Det viser seg nemlig at dette formlause dyret utan organ, og med svært få typar celler, har genar for mange organ det ikkje har! Har den hårete, klissete plata ein gong vore eit meir avansert dyr, eller kva er det som stikk under stolen her?

Sidan vi ikkje trur på skapelsen her i huset, så er vår hypotese at denne vesle gjørma av eit dyr har vorte tilbakedanna i stor grad. Den har gått frå kompleks til enkel. Det enkle er visst ofte det beste, og naturen ser ikkje ut til å uvikle seg mot det stadig meir komplekse.

torsdag, august 21, 2008

Proliferering

I det siste har K. West opplevd ein voldsom vekst, og ettersom vi passerte 5000 treff denne månaden, har vi sett oss nøydd til å opne filialar for å dekke etterspørselen.

Sjekk difor våre europeiske filialar:



- Quest

Viktig, viktigare og viktigast sakprosa.

Den tidligare omtalte kåringa av den beste sakprosalitteraturen i Noreg etter krigen treng nok ein kommentar. Leiar for nynorsk kultursentrum og jurymedlem i kåringa, Ottar grepstad, forsvarar juryen sitt val mot kritikken frå Pål H. Bakka og ymse ymse andre i Dag og Tid.

Stort sett er dette forståelige poeng som ikkje skal diskuterast nærare. Men, då eg hadde kome nesten mot slutten av innlegget les eg dette:


"Saknet av bøker frå ikkje-humanistiske fag er til å forstå. Det er også lett å forstå kvifor dei manglar. Når litterære og dermed også språklege kvalitetar skal reknast med, fell skrekkeleg mange samfunnsvitarar og realistar gjennom. Faget sitt kan dei, men altfor sjeldan ser dei kva språket gjer med kunnskapen deira og kva dei kan bruke språket til. Dei skriv rett og slett ikkje godt nok, dvs. ikkje klokt nok, som Georg Johannesen sa i eit av sine mange skjulte sitat frå klassisk retorikk. Difor er det bra viss sakprosakåringa minner om at humanistar faktisk kan noko som er allment viktig, og som ofte er det viktigaste."

For det første er det å missta form for kvalitet, og rett og slett vekk definere det som ikkje er skrive "bra nok" som "klokt nok" noko som vitnar om eit ganske skakkøyrt syn på kva som tel når tankeverksemd skal vurderast. Dette er form-purisme, der forma er det einaste som tel, og innhaldet mindre viktig. Spørsmålet mitt tilbake vert då om eg skal vurdere Grepstad sitt innlegg berre etter form-messige kriterie. Det trur eg ikkje han hadde likt sjølv heller.

For det andre er det jo feil at det ikkje er skrive formmessig god prosa innan andre felt enn samfunnsvitskapane. Det at Grepstad og juryen trur annleis, viser heller at dei burde hatt meir breidde i juryen. Berre fordi du ikkje veit om det, betyr ikkje at det ikkje finnast.

For det tredje: At humanistar kan noko som er allment viktig, og som difor kan vere viktig, er nok sant. Ein skal ikkje ta frå dei det. Men ein kan ikkje seie at berre fordi Watson & Crick sin artikkel om DNA-strukturen ikkje er humaniora, så er den ikkje viktig. 

Summa sumarum viser dette at Ottar Grepstad bryr seg mest om humaniora og samfunnsvitskap. Om resten av juryen meiner som han, er det mange vitskapsgreiner som ikkje kom med fordi Grepstad et al. ikkje bryr seg så mykje om dei. Alle må kunne sin Ibsen, men ingen må kunne termodynamikken si 2. lov fordi humaniora har gjort naturvitskapen til eit studieobjekt, og til det eigentlige.

Avset Ottar Grepstad som direktør for Nynorsk Kultursentrum, ellers så skiftar eg til bokmål. Og skaff han ein plass på Ex. Phil.

onsdag, august 20, 2008

Dogmaomics-kurs: A systems critique to systems biology


Dei siste dagane har Kwest vore ivrig deltakar på eit kurs i molekykærbiologi og filosofi på vakre Hardangervidda. Her tok ein sikte på å diskutere konsept, føresetnader og historie i molekykærbiologien, i naturskjønne omgivnadar. Kan det bli betre? Nei.


Kurset var arrangert av Senter for Vitenskapsteori, som stillte mannstungt og diskusjonsvillig, samt Molekykærbiologisk Institutt, begge ved Universitetet i Bergen. Eit dusin interesserte frå Oslo, Bergen og Trondheim sine miljø for Molekykærbiologi, vitskapsfilosofi/etikk og informatikk hadde latt seg lure med.

Det som gjorde det heile ekstra spennande, var at Hans-Jörg Rheinberger frå Max Planck i Berlin, var med på turen. Han er ein ledande skikkelse innan molekykærbiologi/filosofi-miljøet, og han har tidligare vorte omstendelig omtalt på denne bloggen i serien "Kunnskap i det små".

Underteikna fekk også den gleda å halde eit lite innlegg, og med Hardangerjøkulen som bakteppe, og eg bestemte meg for å prøve meg på ein type systemkritikk på det som er den nye vinen innan livsvitskapane nett no: systembiologi.

blog-sida til kurset vil de kunne finne liste over dei tekstane som var bakgrunnen for kurset, og som innlegget vart basert på.

Her kjem innlegget, som er på språket engelsk. Håper det går bra for våre lesarar.



A systems critique of systems biology.
As the topic of today is systems biology, I will have this as the theme of this talk. And as the article of O’Malley and Duprè (1) was for me an interesting introduction to the field, I will use this as the main reference for my talk.

When I read about systems biology, it strikes me as interesting that, as I know of, only few, if any at all, studies in applied systems biology have been published. When reading the article of O’Malley, and others alike, one gets the impression of watching a brainstorming-process: how are we going to do this? Thus, the field of systems biology consists largely of visions, concepts and ideas. Trough conceptual thinking and technological development one hopes to put these into application in the near future.

The goal of systems biology, as stated by O’Malley and Dupré, is “…to obtain a fundamental, comprehensive and systematic understanding of life”. The view that organisms are built up of systems in various levels, and that these systems are very complex, is not new one. Neither is the interest in studying these systems. But how to do this has been a more difficult question to answer, as methods largely have been qualitative and low-throughput.

As I see it, there are two main reasons why systems biology is emerging right now:
1. High-throughput methods as genome sequencing, micro-array analysis and mass spectrometry analysis has produced large datasets, and has allowed a more global way of studying organisms at a molecular level.
2. The development of bioinformatics tools enables analysis of large data sets, and modelling of complex scenarios with multiple variables.

What one hope to gain from this are: more quantitative studies of molecular mechanisms, where the effects of several variables are taken into account. The systems biologist wishes to keep his eyes on more than one thing at the time. In the longer run, he would like to make a model of the biological organism or organisms, so that he can simulate for example the effects of adding a drug to the system, in silico. Maybe one could say that the systems biologist is bringing molecular biology from a data-collecting science to a predictive science?

So, what are the assumptions that systems biology builds upon? The most obvious one is that biology is, or can be described, as a system. Systems biologists study “the organization of life itself”. O’Malley and Dupré asks three questions related to this assumption:
1. What is a system?
2. What biological units map onto those systems?
3. How are individual biological units and their behaviours altered, controlled or constrained by becoming components of the system?
They say further on: “understanding this causation (or how causality operates at different levels of organization) (…) is the true cause of systems biology”. So, if we want to go from a descriptive to a predicative science, we must assume that life is organized; it has a system. We have used the last 60 years to figure out the parts of the system. Now we have to figure out how they work together. The systems-theorist describes a new conceptual framework, where the components of the systems are fine tuned and adapted to fill a role in the system. They see a possibility for biology to “become a search for laws rather than the investigation of historical outcomes of unknown generality”. The teleological turn is obvious.

So, to test the assumption that life is organized, I will try to investigate the antithesis of this, namely:
If H1 is “life is organized and systematic”, then
H0: Life is not systematic, but chaotic.
Can we argue for this? Yes, to a certain degree one can, and old Charles Darwin have something to do with it.

As an example I will take the HIV virus. Lets imagine that the perfect systems-biologist developed a modelling-tool of the entire human cell, where he can change the phenotype by varying the epigenetic modelling etc. The ultimate goal for a systems biologist: all the knowledge we have of the constituents of the system integrated into a functional model. He has used this tool to model how the cell responds to for example different drugs that works as inhibitors for different proteins, thus being able to design a drug with fewest possible side effects. He now wants to use the model for developing drugs against HIV infection. But the virus mutates very fast, and there are many different strains of virus. The virus will mutate to new forms, in a random manner, and in random speed, and the driving force behind the change is that the variant that is not picked up by the defence-system is the one that survives and dominates. How can the systems biologist deal with this?

As we see, the random aspect of evolution, and the effects this have on organisms, both on a macro and micro-scale represents an epistemological problem to systems biology: organisms change as a function of time and selection pressure, and the changes have a certain degree of randomness. In many cases this is mainly a theoretical problem. The temporal effect of evolution does not create problems in general studies of for example signalling pathways. But, many problems connected to medicine have to deal with evolution. One can mention vaccines, cancer-development, and as we have mentioned, virus-infection.

So, can one say that organisms are organized systems? We cannot say so per se, but one can say that the systems-concept is a fruitful framework of thinking, a concept of understanding, just as the “central dogma” once was.

To deal with the element of randomness, I propose that one would have to add an evolution-and-time-variable to the systems-approac. In doing that, one could also gain more insight into how evolutionary mechanisms drives the system-development. Maybe one could end up saying that system-robustness and circuit-design are participating forces in the evolutionary development. From this, one can state that organisms is in a constant flux of change, that this change is largely random. In this flux, local systems and equilibriums are created with various spatial and temporal sizes. Understanding the dynamics of more or less local systems is an important step when investigating the dynamics of biology.

(1) O'Malley & Dupré: Fundamental issues in systems biology, Problems and paradigms 2005.

tirsdag, august 05, 2008

Alt er samfunnsvitskap...

På 1800-talet og tidlig på 1900-talet var naturvitskapen målestokken dei ulike vitskapane vart målt etter. Kva er målestokken i dag?

Professor i historie ved UiO, Einar Lie, kritiserer Dagbladet si sakprosakåring for å mangle tekstar frå økonomar, ingeniørar, naturviterar og medisinerar:

"Hvorfor er ikke noen slike tekster med på listen? Tror ikke juryen at sosialøkonomer, biologer, petroleumsingeniører og bedriftsledere har hatt noen innflytelse på etterkrigstidens Norge? Eller finnes det implisitte litterære krav...?"

Det kan sjølvsagt vere fleire grunnar til dette. Juryen si samansetning kan for eksempel spele inn. Men Lie si hovudinnvending, som eg seier meg einig i, er at slike tekstar vert vekkdefinert. Her er vi inne på det han peikar mot med "implisitte, litterære krav":

"Det er ikke fotosyntesen eller prinsipper for økonomistyring og personalforvaltning som diskuteres når kritisk orienterte humanister og samfunnsvitere møtes til alvor eller hygge.
Tekster innenfor norsk sakprosa har blant annet av denne grunn ulike plasser i det norske dannelseshierarkiet. Ledelseslitteratur, som både er kommersiell og potensielt manipulatorisk, står veldig lavt." 


Mykje samfunnskommenterande litteratur, som det er mykje av på Dagbladet si kåring, har dei manglande tekstane som objekt for sine studier. Samfunnsvitskapane har gjort for eksempel naturvitskapen til eit studieobjekt. Likeeins som det var grusomt irriterande å stå i skuggen av fysikerar som ropte ut "alt er i grunnen fysikk" då naturvitskapen dominerte, kan ein få inntrykk av ei underkommunisering av at "alt er sosiologi", "alt er makt", "alt er lingvistikk", "alt er retorikk" etc. Dette er ikkje å seie det same som at dei tar heilt feil . Medisin, for eksempel, er påverka av alle desse faktorane, og det er ingen tvil i at mykje godt arbeid er gjort hjå samfunnsvitskapane for å få fram dette!

Men når lista over dei 25 viktigaste sakprosatekstane er så pass tendensiøs som den er, er det eit klart uttrykk for den framskotne plassen samfunnsvitskapen har skapt seg i noreg 2008. Om ein er oppteken av maktkritikk, så vil eg foreslå at denne lista er ein god start å byrje.

11.08.08: Sjå også historikar og jurymedlem Fredrik Thue sitt svar på Lie sin kritikk.

lørdag, august 02, 2008

Dagbladet og Georg Johannesen


Dagbladet kåra i dag Georg Johannesen si "Om den norske tenkemåten" til den viktigaste norske sakprosaboka etter krigen. Dagbladet altså...

Mitt forhold til Dagbladet er tosidig: eg kjenner at det passar meg veldig godt i eit underhaldningsperspektiv då det gir meg lette nyhende og ikkje-nyhende pakka inn i ei lett middelklassesmiskande drakt. Samtidig har eg forakt for det pompøse Dagblated som "forvaltar av kultur-radikalismen". Dagbladet er ei ganske lettvint tabloidavis! Full av billige billige knep!

At den no har kåra "Om den norske tenkemåten" til den viktigaste norske sakprosaboka etter krigen gjer ikkje anna enn å blottstille denne avisa sin grunnskap. Det er kjekt å sjå at Kjartan Fløgstad tørt kommenterar det same i sin omtale av boka, som i stor del er vinkla mot forholdet Dagbladet/Johannesen.

Som han sa sjølv: Pass på å lese noko bra kvar dag, slik at ein ikkje misser perspektivet i alt mølet som ein møter kvar dag (ikkje direkte sitat, men meininga var den same).


tirsdag, juli 29, 2008

Venezuelabrev 4: Biletereportasje

Her kjem ei snasen biletereportasje frå sommarens eventyr i Venezuæla!

Tilbake i europa etter ein tur i det latinske lynne, sender vi nokre stemningsfoto frå Venezuela-turen. Den skarpe lesar/sjåar vil legge merke til at naturbilete dannar ei overvekt av bileta, noko som kan ha med å gjere at då vi ikkje kunne spansk, vart det ein natur-orientert tur. Naturen snakkar som kjent alle språk.

Etter Roraima var reisefølget utkjørt av inntrykk og opplevingar (og 6 dagars fottur), og tilbrakte dei siste dagane under palmesus på dei karibiiske strendene.

Det må forøvring merkast at nattbussen tilbake til kysten gav den absolutt kaldaste natta på turen (og det var kaldt på Roraima også) grunna ein overivrig air-con-kultur. Makan! Men her må ein vere opne; slik er det her. Hadde det vore som i Noreg kunne ein holdt seg heime.





Husvarme pelikanar på ei øy utanfor Isla Margarita, der det også vart fridykka og blekksprutkika av redaksjonen.

Dei durande og mektige fossane i Canaima sett frå Cesnaen. Foss nr. to frå venstre vart undergått av redaksjonen, til stor glede!

Småkrek i buskaset. Kameraet som insektsamlar.
Tepuiar ved Angel falls

Pikante chiliar.
Angel falls: naturestetikk - 950 m rett opp
Landevegen over Gran Sabana, med tepuiar i horisonten, tatt frå den frekke vesle toyotaen vår.
Endelig oppe på Roraima. Sjølv om skodda gjer sitt, var det likevel imponerande. (Vel så imponerande er at ingen turistar har falle utfor enda). 600 m overheng rett ned.
Roraima noch einmal...

...og utan skodde. Her ser ein ned på sabanaen, 2000 m høgdeulikheit frå toppen og ned til sletta.

Roraima sett frå eine leirplassen.

Onkel reisende West!

tirsdag, juli 15, 2008

Venezuelabrev 3: Roraima


Ich habe mein Hertz in Roraima verloren
Wann ich denke damal,
es spielt so schnell so schnell!



K. West-ekspedisjonen til Venezuela overraskar seg sjoelv stadig! Etter aa ha koeyrt i leigebil fraa Puerto Ordaz (som ligg omtrent midt i landet), over Gran Sabana til St. Helena heilt sor i landet, mot grensa til Brasil, kika tospannet paa tur til det 2800 m. hoege fjellet Roraima. Dette var ein 6-dagars tur, med 5 overnattingar i telt, noko som West ikkje eingong i si storleikstid som speidar var oppe i. Men forunderlig nok var det konsensus i gruppa om at dette kastar vi oss ut paa.

Reisefoelget var paa 13 turistar ledsaga av ein fantastisk guide, og ein flokk med portorar som ordna alt det praktiske: laga mat, bar og slo opp telt, hadde ferdig lunch klar i jungelen osv osv. Roraima ligg i Canaima naturreservat, og det er ulovlig aa legge att noko som heldst her. Dei tolmodige portorane bar altsaa ogsa med seg toalettet til heile gjengen.

Turen opp til toppen tok 3 dagar med relativt behagelige dagsmarsjar der vi la bak oss kansje 20 km og 2000 hoegdemeter. Turen gikk fraa steppelandet paa Gran Sabana, til hoglandsjungelen kring fjellet, til det merkverdige maanelandskapet paa toppen.

Roraima er eit plataafjell av den typen som er karakteristiske for Venezuela. Det er restar av gammal havbotn, derav den flate toppen, som er av ein hardare steinsort enn omlandet. Resten av havbotnen har dermed erodert vekk, og plataafjella roeyser seg loddrett opp 2000 m over omlandet. Paa toppen av desse fjella er det ein heilt spesiell biologi, med fleire artar som er bevart heilt sidan daa dinosaurane rusla kring paa jorda. Dette er baade fordi dei er fysisk isolerte fraa omlandet, og fordi klimaet er heilt spesielt paa toppen: vekselvis skodde og 5 grader, vekselvis sterk ekvatorsol. Dette gjer at mange artar her er evolusjonaert meir i slekt med artar i afrika enn med omlandet i soeramerika, noko som viser desse fjella sin alder fraa daa desse kontinenta var samla.

Det same klimaet viste seg aa by paa visse utfordringar for eit turlag kledd for ein tur i tropene, og det kjendest til tider som om ein var i Bergen paa ein heilt vanlig bergensdag. Ellers saag det ut paa toppen som ein kan tenke seg at det kanskje ser ut om ein landar paa ein framand planet med liv paa. Mellom svarte steinklipper i kryptiske former (eit buldre-paradis foroevrig) voks det solide og tjukkblada planter, spede orkidear og andre fantastiske smaa blomar, samt at smaa svarte froskar kravla kring paa svaberga (dei stamma fraa den tida daa froskane enda ikkje hadde utvikla hopping, saa dei kravla). I vegetasjonen og under steinar koste det seg smaa skorpionar og ikkje saa smaa tarantellar. I djupe kloefter skjulte det seg mystiske fuglar som ikkje likte dagslys. Ellers var svaert mange av plantane her insektetande, av typen soldogg og ulike kanneblomar. Smaadyr var heilt klart nedst i naeringskjeda paa denne staden.

Naar skodda letna, oftast om morgonen (Roraima tid: i seng kl 20.00, opp kl. 05.30, og uten problem merkelig nok) kunne ein sjaa ned det 600 meter loddrette og/eller overhengande stupet og sjaa milevis utover slettene. Det var virkelig ei eventyrlig oppleving!

Etter eit doegn paa toppen hadde temperaturen sunke eit par grader, og det var omtrent umogleg aa holde seg torr, saa daa var det velkome aa byrje paa heimvegen, som viste seg aa vere ein proevelse paa laarmusklaturen, men ellers eit eventyrlig skue. To dagar seinare er vi tilbake i St. Helena, framleis med villmarka pumpande i blodaarene.

Dette kan heilt klart anbefalast alle som tar turen til desse trakter. Guiden og teamet vi hadde med gjorde det til ei virkelig minneverdig og eventyrlig oppleving!

Gaa inn paa nettadressa til Backpacker Tours.

Neste: siste dagane i Venezuela.

Vi kjem tilbake med biletereportasje, samt meir biologi om dei venezulanske plataafjella.

Onkel reisende West

søndag, juli 06, 2008

Venezuelabrev 2



Redaksjonen har no vore ei veke i Venezuela, og landet maa kunne seiast aa ha satt spor.

Dei foerste dagane var vi i Porlamar (eller rett utanfor Porlamar) paa Isla de Margarita. Dette er ei oy paa kysten av Venezuela, og den er kjent for aa vere ferieparadiset til dei med pengar i landet. No var det lavsesong (sesongen er visst i Desember og Januar), saa det var relativt stille. Likevel var det varmt og fint baade paa vatnet og i stranda, og redaksjonen oppsummerte at plassen godt kunne plasserast under omgrepet "syden". Av hoegdepunkt kan nemnast ein tur med baat ut til ei lita oy, der vi fridykka, og saag mengder av fisk og blekksprut og anna (men ingen skilpadder :/). Paa veg tilbake saag vi (riktig nok paa avstand) ein stor og hoppande kval (som West tenkte for eksempel kunne vere ein knoelkval). Ellers vart dagane her raskt fyllt opp av avslapping og pokerspeling.

Meir aksjon vart det daa reisefoelget hoppa paa flyet til Ciudad Bolivar (det er svaert monge ting som heiter Bolivar i dette landet, etter den store frigjeringshelten Simón Bolivar,som frigav landet fraa spanjolane), og derifraa ombord paa eit 6-seters Cesna over enorme oedemarker foer vi til slutt landa i Canaima, ein liten by utan veiforbindelse, midt i jungelen. Her er det regnskog, plataafjell og enorme fossar, og ein ventar naar som heldst at dinosaurar skal kike utav naeraste skogholdt.

Dagen etter hoppa vi paa elvekanoen for ein 4-timars tur innover jungelen til Angel Falls, verdas hoegaste foss, 979 meter fritt fall. Vel saa imponerande var fjellet som fossen stuper fraa, eit enormt plataa som roeyser seg fraa jungelen med stupbratte og til dels overhengande fjellsider til ei hoegd paa over 2000 m over havet (eg vil tru at jungelen laag paa ca 500 moh.

Men det viste seg at jungelen hadde overraskingar paa lur. Daa vi skulle overnatte i ein leir ved foten av fossen, fekk tre stykker i reisefoelget (inkludert underteikna) matforgifting med paafoelgande kvalme osv. Det er ein tilstand det er saers lite behaglig aa vere i der vi var.

Det vart slik saers behagelig aa kome seg tilbake til Ciudad Bolivar, og ta inn paa eit lekkert herberge i kolonistil, og faa 15 timar med soevn. Eg er no klar til aa innta det foerste maaltidet paa 30 timar.

Vidare gaar turen i leigebil soerover til "Gran Sabana", eit fjellplataa soeraust i landet. Meir om det i neste brev.

Bileta i dette brevet er diverre ikkje eigne, men vi haaper aa kome tilbake med eigne bilete i seinare brev.

Onkel reisende West

onsdag, juni 25, 2008

Fest borrelåsen: Venezuelabrev 1.

Det er ein verden der ute, og ein må vere forsiktig så nissehua ikkje gror fast. K. West reiser difor fredag frå Oslo til Caracas, Venezuela (men pakkar allereie i dag, fordi han tek kveldstoget til Oslo i morga). 

Nei, det er ikkje snakk om å melde seg frivillig til Hugo sine styrker mot Colombia, det er heller snakk om å utforske eit land som eg veit særdeles lite om. Oppsummert:
- det har eit av dei høgaste biologiske mangfolda i verda
- det har ei laus kanon av ein president
- der er mykje kriminalitet (og eg har veldig lite lyst å miste det nye kameraet mitt, så eg har difor tatt reise-rådet "ikkje sjå rik ut" veldig på alvor i pakkinga).
- det er regnskog, høgfjellsstepper, meksikansk gulf og mykje anna artig
- den beste måten å kome seg rundt på er med buss. så eg håper det blir ein del buss.
- dei snakkar spansk, eit språk som ikkje beherskast av K. West-redaksjonen. Puta ... Quanta costa Cerveza!!!! Tequila? Tequile por favor, si si, muchos gracias degos. Gringo?? No no..osv 

Nokon vil spore ei viss orientalisme i dette synet. Det kan vere rett. Ellers har eg hatt som vane å fange insekt som eg har hatt med meg heim på ulike reiser. Det er eg litt usikker på om eg tør her:
- Insecto! Endangero, Gringo, endangero!
- Parton, sir?
- Enprisenmento solitero vitae totalo, minimum!
- Parton?
- Morte morte!
- ???

Jau jau, turen varer i tre veker, og vi skal sjølvsagt rapportere med saftige drypp frå Sør-Amerikas eh Venezuela.

Onkel reisende West