fredag, mai 22, 2009

Bergen Conference of Cancer Research 2009

Denne veka var eg på den årlige samlinga for kreftforskingsmiljøet i Bergen. Det er faktisk ikkje eit reint lite miljø, og med New Orleans friskt i minnet, så slo det meg at det som skjer innan kreftforsking i Bergen både er variert, og av bra kvalitet.

Det som gjorde mest inntrykk var Prof. Helga Salvesen si forelesning om kreft i livmora (sjå også dette oppslaget i Aftenposten). Når ein står og gnurar over cellene på laben, er det lett å miste av syne den praktiske anvendinga eins arbeid har i medisinsk terapi. Salvesen kombinerte molekylærbiologiske data frå pasientprøver med terapeutiske innfalsvinklar for slik å freiste å utarbeide ei meir individuelt tilpassa kreftbehandling.

Sjølv om det er eit stykke fram til at slike tilpassa behandlingar er slagkraftige, var det kjekt å sjå nokon drage dei lange linjene som ein heile tida prøver å drage, frå klinikken til laben, og tilbake til klinikken.

søndag, mai 03, 2009

Ja til EU som Noregs geopolitiske arena.

Eg har meint det lenge, og eg har vorte stadig sikrare i mi sak: ja til norsk medlemskap i EU.

Om ein ser på Europa si alt anna enn fredelige historie, framstår unionen som eit av dei største fredsprosjekta og solidaritetsprosjekta som har vore i vår del av verden. I tillegg til Noreg sin utstrakte handel og avhengigheit av Europa, deler vi også geopolitiske interesser: Noreg må velje samarbeidspartnarar, og det viser seg at dei europeiske stormaktene deler norske interesser både i høve til Russland og USA.

Og kan det verkelig vere slik at EU har kome lenger på miljøvern enn Noreg, sjølutnevnt etisk supermakt? Ja, slik er det på nokre områder. Og kva med forsking? Jau, her er vi allereie med på mange europeiske forskinsprosjekt.

Støre har sagt at EØS-avtala utan tvil er nyttig for både EU og Noreg, men at eit medlemskap ville gitt enda større fordelar.

Neida, ingen er perfekt. Heller ikkje EU. Men så er spørsmålet: skal ein sitte på gjerdet i all tid, eller skal ein ta del i det som faktisk eit unikt europeisk samarbeidsprosjekt, og så jobbe for endring av det ein er ueinig i?

Ja.