tirsdag, februar 26, 2013

Økologiske bekjenningar/erkjenningar 2: økologiske kjensler.


Vi er avhengige av naturen ikring oss, vi er ein del av den, men vi forstår den ikkje fullt ut. Vi må difor være audmjuke ovanfor naturen. Det er økologisk bevisstheit.

Diktet som avslutta førre post uttrykker for meg kjensla av å sjå og få svar frå naturen: frå noko som ikkje er menneske, men som ein deler verda med.

Dette kan jo lett høyrast veldig mystisk ut, men det meinar eg ikkje. Med ei økologisk bevisstheit meinar eg det å erkjenne
- at ein er ein del av eit økologisk nettverk
- at vi er avhengige av dette nettverket for vår overlevnad
- at vi ikkje forstår fullt ut korleis det vil slå ut når vi endrar dette nettverket
- at ein difor må ha ei audmjukheit ovanfor naturen ikring oss

Biologiske system blir ofte kalla komplekse system. Ulikskapen mellom eit komplisert system, som til dømes ein bilmotor, og eit komplekst system er at ein ikkje utan vidare kan forutsjå kva funksjon ei del har for resten av systemet. Forsvinn det ein art frå eit område er det vanskelig å føresjå konsekvensane. Dette opplever vi i stor skala med menneska sin dominans på jorda. Menneska må gjerne dominere på jorda etc etc. Eg trur ikkje at hjorten hadde gjort det så mykje bedre om den fikk bestemme, og vi veit alle kva gjæren kan finne på om den får frie tøylar.

Men mennesket med altså sin evne til å reflektere har moglegheita til å justere seg til eit bærekraftig samfunn der ein jobbar med sin økologiske kontekst.


mandag, februar 25, 2013

Økologiske bekjenningar/erkjenningar

Den globale oppvarminga føl velkjente biologiske reglar. Vi må erkjenne at vi er ein del av naturen.

Bestanden av ein art i eit økosystem vil regulerast av tilgang på mat, predatorar, sjukdomar med meir. Endrar ein desse faktorane, vil også bestanden endrast.
Mennesket har
- auka tilgongen på mat
- fjerna trussel frå predatorar
- bekjempa fleire vanlige sjukdomar (men ikkje alle, og ikkje i alle delar av verda).
Bestanden har som følge av dette gått slik:

Dette mønsteret liknar det ein ser for ein bestand som ikkje er hindra av avgrensande faktorar, og det kallast eksponensiell vekst. Eit anna eksempel på eksponensiell vekst er bestanden av gjær i ein kultur ved brygging av vin eller øl. Bestanden av gjær har overskot av næring (sukker), og vil dele seg fritt og uhemma. Bruken av sukker vil produsere avfallsstoffa etanol (som vi er ute etter i øl og vin) og CO2 (som vi er ute etter når vi bakar brød). Etanolen vil byrje å samle seg opp, og til slutt vil det bli så mykje av den at den blir giftig for gjæren, og den vil byrje å døy. Når ballongen med vin eller øl er ferdiggjæra, har heile populasjonen av gjær døydd av sine eigne avfallsstoff.

Trekk ein dette tilbake på menneske så er det eit alvorlig scenario, og dei aller fleste er vel også klar over nett dette, så det er kanskje sjølvsagt. Auka folketal og auka forbruk av ressursar fører til akkumulering av avfallsstoff (CO2 mm.) og følgande endringar i klima etc. 

Den økologiske krisa som menneska er i ferd med å forårsake er føl i stor grad kjente biologiske regelmessigheiter. Ulikskapen mellom oss og gjæren er at vi kan handle i høve til eigen situasjon. Men at vi kan er ingen garanti for at vi vil. Samfunn har utsletta livsgrunnlaget sitt før (eit eksempel er Påskeøya, der den livsnødvendige skogen vart fullstendig nedhoggen).

Det er difor nødvendig med ei økologisk erkjenning av den menneskelige eksistensen. Og kva er ei "økologisk erkjenning"? Økologi er studiet av forholdet mellom organismer og deira miljø.  Biologiske system på ulike nivå er tett samanvevde, og gjensidig avhengige av kvarandre. Ei mogleg økologisk krise understrekar kor viktig det er at vi ser på oss sjølve som ein del av naturen og ikkje over naturen.

Ja, altså, kanskje berre sjølvsagtheiter. Men kanskje kjem det meir

Vi kan avslutte med nokre peikande ord frå Jon Fosse

Det mørknar
eg står og ser på dei to hjortane
og dei to hjortane står og ser på meg
lenge står vi slik
eg står urørleg
hjortane står urørlege
 
ikkje noko kan høyrast
ikkje ein vind i lauvet
 
det mørknar



lørdag, februar 23, 2013

Norske skilnader

Nokre interessante innlegg om sosiale og økonomiske skilnader, her med blikk på den norske venstresida. 

http://www.dagbladet.no/2013/02/05/kultur/debatt/kronikk/klassereise/sosial_mobilitet/25601134/

http://www.dagbladet.no/2013/02/15/kultur/debatt/debattinnlegg/klassereise/sosial_mobilitet/25783018/

Dette gjentar litt av poenget til Magnus Marsdal i FrP-koden: at venstresida mykje består av middelklasse som har framandgjort seg frå arbeiderklassa. Ei anna svært lesverdig bok som peikar på nokon av dei same skilja (meir sosialantropologisk og mindre politisk vinkling) er Runar Døving sitt svært lesverdige og også underholdande "Rype med lettøl".