søndag, desember 18, 2011

Master i filosofi 2011

Dette året har vore fullt, og fint er det. Mellom anna vart eg endelig ferdig med ein master i filosofi med Paola de Cuzzani og Roger Strand som rettleierar. Trufaste lesarar av denne bloggen (og det er det sjølvsagt hordar av - gå og vogg Voe) har sett at eg har blogga så smått om dette før. Eg legg her ut det norske samandraget.

----

Eksperimentell molekylær medisin har dei siste 60 åra vakse til å bli ei stor grein innan dei medisinske vitskapane. Kunnskapen frå den eksperimentelle molekylære medisinen har forma vår forståing av liv og av sjukdom.
I denne studien har eg stilt spørsmålet om korleis eksperimentell molekylær biologi som vitskap produserar kunnskap. Eg har freista å gi ei forståing av eksperimentell molekylær medisin som integrerer sosiale, teknologiske og materielle faktorar.
Det andre spørsmålet eg har stilt i denne oppgåva er om ein filosofisk refleksjon over kunnskapsproduksjonen kan føre til ein vitskaplig sjølvrefleksjon, kritikk, og endring av kunnskapsproduksjonen. Eg føreslår at molekylær medisin kan endrast ved å legge meir vekt på å forstå korleis molekylærbiologiske fenomen fungerar i ein biologisk og medisinsk kontekst.

fredag, desember 02, 2011

Anbefaling: Omvend meg!

Kjetil Hope er misjonærbarnet som byrja på teologiutdanning, mista trua, svinga over til bratt ateisme a'la Dawkins, men som no utforskar tru på ein ganske open og udogmatisk måte.

Hope har lenge diskutert på Verdidebatt (nettforumet til Vårt Land), og har no fått laga NettTVserie av sin religiøse diskusjon: Omvend meg! Dette har vorte ein veldig bra og fin serie som tek opp problema med religiøs tru i det moderne Norge.

Anbefalast!

(einaste aberet er at diskusjonar har vorte kutta vekk til fordel for korte episodar. Oppfordringa går difor til VL om å lage TV-serie med halvtimes episodar :-))