tirsdag, juni 27, 2006

På sporet av den tapte tid II: Swanns kjærlighet.


Zephora, som Swann tykte si kjære Odette likna slik på, noko som gjorde Odette adskillig vakrare i den kunstinteresserte dandyen Swann sine auger.

Eg har lånt to bøker om Proust på Bergen bibliotek. Dei hadde mange. Den eine, Samuel Beckett si "Om Proust", som forresten er masteroppgåva hans, har eg lest før. Det var eit slit, og eg hugsar lite/intgenting av det når eg no blar i den. Den andre er meir lettlest, nemlig Henrik Langeland sin Proust-introduksjon. Denne sette meg på fleire spor (!), mellom anna den berømte sjuromssetniga (s. 12 Gyldendal si norske utgåve) som strekk seg over 3 sider. I setninga etter nevnast vanen, og ein av dei sentrale tema, nemlig vanebruddet. Vanen tilslørar verda i kring oss, og ved vanebruddet kan sløret trekkast til side, og ein kan skimte konturane av det bakandeforliggande.

Men no over til Swann.

Eg har lenge lurt på Swann. Han er nevnt ofte, som svert sentral, og framstilt i eit mystisk lys. Denne boka beskriv ei kjærleiksaffære Swann hadde for ein del år sidan, med Odette, som ein må kunne seie ikkje var eit vinnarlodd. Dandyen Swann vil gjerne kjenne litt på kjærleikens fortryllande lukt, men o' janusansikt! Når Odette sine kjensler kjølnar, glir Swann over i manien, og som ein Werther lid han seg gjennom misunning, herskesjuke, paranoia og så vidare. Eg las denne boka på veg til heimstaden, 9 timar med buss frå Bergen. Det hadde gjort seg å kunne seie at eg foretok ei indre og ei ytre reise. Heller fulgte eg Swann sine lidingar på orkesterplass, der vansinnet og dumheita utfolda seg. Ein kan sjølvsagt mistenke Proust for å framstille heterofile forhold ekstra vanskelige og løgnaktige for slik å rosemale sin eigen homoseksualitet. I så fall er han ikkje den siste som har gjort det. Men det har ikkje vi tenkt å mistenke han for.

Men det gikk bra til slutt. Dessutan gjorde denne intense buss-lesninga at eg har vorte drege meir inn i verket. Eg tenker på det heile dagen. Særlig tenker eg på Swann, Verdurin, Cottard og dei andre når eg står med fjeset i eit blomsterbed og lukar ugras for teknisk etat. Det slapp desse rike slampane å gjere! Men danna er dei. Danningsromanen som dette er, som legg verda så ettertrykkelig inn i kunsten, gir meg eit innblikk i ein tenkemåte med ein god del ulikheiter frå den sosialrealistiskdemokratiskprotestantisknynorske tenkemåte.

Gjennom musikken opplever Swann erindringa om han og Odette si lykke, og gjennom eit fiolintema kan ein hente ut kjenslene av denne, for slik anten å bekrefte det beståande, eller å vise den omforminga som gradvis over tid har skjedd. Gjennom kunsten brytast vanen, og nye innblikk byr seg.

Neste: Navnet

torsdag, juni 22, 2006

Hevnmentalitet, eller Hammurabi sin kode.


Hammurabi sin kode. Foto frå Babylon circa 1750 f. kr.

Dette vert ein liten link frå innlegget om Sundbø. Eg kom over ein artikkel om Sharia lovene i Dagbladet Magasinet, der det stillast spørsmål om hevnmentaliteten i desse; auge for auge, tann for tann.

Dette finn ein både i Islam sine Sharia Lover, som var eit forsøk på å tilpasse før-islamske sedvaner til Islam ved å gi dei hjemmel i Koranen (samla circa 650 e.kr.). Dei same strøymningane finn ein i Bibelen sitt gamle testamente (den hebraiske bibel, samla mellom 5. og 2. århundre BC) , der "auge-for-auge" sitatet er henta. Og begge desse strøymningane, frå den nære midtausten, finn ein nedskrive i Babylon, under kongen Hammurabi (1728 BC-1686 BC), kalla Hammurabi sin kode. Desse lovene vart skrive i stein, og sett til offentlig skue (diverre var mange analfabetar i det gamle Babylon, men det var inga unnskyldning om du vart teke i omgang med naboen for eksempel). Den var ein av fleire liknande lovverk som vart utvikla i denne regionen på denne tida, og som ein seinare finn att i den hebraiske bibelen og Koranen. I Babylon representerte det eit skritt i retning rettsstaten sidan lovene var opne til å lese for alle, og dei skulle vere like for alle. Det at noko er skrive i stein kjem visst frå denne tida.

Til tross for at enkelte har argumentert mot ein del av den praksisen som dikterast i dei gamle lov-tradisjonane frå midt-austen, ser det ut til at Hammurabi har fått vidareført eit og anna





  • Mot: Jesus Kristus
    Mot: Lause dame
    For: Kong Hammurabi av Babylon
  • onsdag, juni 21, 2006

    Georg Johannesen II

    I bakevja: lærarskulen i Volda?


    To innlegg på ein dag! Jøss!

    Eg skal begrense meg til å gjengi ei passasje i innleiiinga til Georg Johannesen "Om den norske skrivemåten":

    "Det teoretiske grunnlaget for språkbevisst sakprosa kan vi i dag finne nør sagt hvor som helst i samtlige nyere filosofiske strømninger og i de human -og samfunnsvitenskaper som har gjort størst framskritt siden århundreskiftet. Her fører faktisk alle veier til Rom -selv om de hittil har styrt respektfullt utenom de instituttene som utdanner lærere i det faget som er selve instrumentet for privat og offentlig bruk av forstanden: norsk. "

    I mellomtida kan eg undre meg over: korleis kan ein nytte språkfilosofi til å sjå på sitt eige litterære verk som no er under skriving, nemlig mi masteroppgåve i molekylærbiologi.

    Til minne om Tore Tønne

    Har det nesten skjedd igjen, at i eit anfall av tankelausheit pressar ein individ på ein slik måte at livet vert utålelig?

    Det var mykje snakk om mediapress og framgangsmåtar etter at politikaren Tore Tønne tok sitt eige liv vinteren 2002, som reaksjon på mediepresset i forbindelse med økokrim si etterforskning av honorar han hadde motteke frå advokatfirmaet BA-HR i etterlønnsperioden til ministerposten som helseminister. Han hadde lenge vore i media. Han hadde vore konsernsjef i både Statoil og Norwegian Seafoods. Korleis kunne det skje?

    Jon Sundbø var kreftforskaren som vart teke for forskarjuks i vinter, og som sette norsk forskning i vanry, og grusla si eiga akademiske karriere. Han vurderte å ta sitt eige liv. No har han fått diagnosa bipolar, og han vurderer å bli bonde eller taxisjåfør.

    Kven kan ein stille til ansvar for uaktsomt drap om slike tragedier skulle skje? Og kva hevnmentalitet ligg til grunn for at ein person så må gå inn i eit yrke som ein er fullstendig feilkvalifisert til når ein eingong har vorte teke i eit slikt brotsverk. Vi skal vere glad for at helsevernet fanga opp Sundbø, men sjølv om dømmekrafta hans svikta grovt, er han jo fullt kapabel til å utføre vitskaplig verksemd framleis, noko som alle vil vere betre tent med enn om han skulle køyre drosje.

    Og sjølv om overtrampet her var grovare enn normalt, er han slett ikkje den einaste som kuttar svingar innan vitskapsverda.

    kobbenes

    fredag, juni 16, 2006

    På sporet av den tapte tid I: Combray

    Proust tenker seg godt om; kva skal han skrive på dei neste 1560 sidene?



    Vi i bokredaksjonen har bestemt oss for å ta oss vatn over hovudet, og byrje på ein av verdslitteraturen sine lengste maratonløp, nemlig "På sporet av den tapte tid" av Marcel Proust.

    Proust sitt namn har ligge i eit mystisk kulturelitistisk og intelektuelt røykteppe, nevnt kun i samanhengar av det meir utilgjengelige, men nett av den grunn, desto viktigare. Då ein i dette foraet meiner mytebygging, elitismetenking og intellektualisme ofte brukast for å skape avstand heller enn å faktisk fyllast med meining, håper ein å kunne seie at ja, ein les sjølvsagt "På sporet av den tapte tid" med ei viss forventning av at nye dører skal opne seg, og at det skal kunne gi gode opplevingar både for tanken og estetikken, men at Proust skal kome ned frå litteratur mellomfag, eller det danna borgerskap.

    Til no har ein omtrent avrunda første del, Combray. Det kan nevnast at Muséparken passar svært godt til lesning av denne boka, då ein der kan studere blomar som kryp opp etter murveggar, nett lik edderkoppen, som, når den spinn sitt nett, for å fange sin føde, insektet, som surrar kvilelaust i lufta i sommarsola, lik eit teikn på junimånadens eiga rastlausheit, kryp etter muren for feste. Eller dei unge studentane, som, slike barn av middelklassen dei er, og aspirerer deretter, ukjende med elendet i fattigdomens kår, slik mange av deira forfedre måtte gjennomleve, for deretter å aspirere oppover i oljestatens innhogde stigetak, eller smaken av kvitvin frå rhindalen, slik den måtte fortone seg over ein trena gane for ein landeigar som nett har valgt dette som senit for sine eigenskaper; på følsomt vis å kunne skilje ei drue som har vore på solsida av ranken frå ei som har fått baksida.

    Stilen er omstendelig. Han har fått æra for å bryte med den meir tradisjonelle filosofiske romanen til fordel for ein meir innoverskuande stil. Ein kan kanskje seie at Proust seg "ding fur mich" i søkelyset? Dette gjerast med ein skrivestil som virkar nesten manisk omstendelig, som om han forsøker å bruke språket til det ytterste for å innringe det han skriv om. Eller motsett: brukar han dette for å skape eit metanivå, der assosiasjonar og bakanforliggande tankar glid saman i ein plasma, ein abstraksjon av Marcel Proust? Er det slik at han på denne måten, gjennom korleis han ser på ting utanfor seg, kan seie noko om prisma inntrykka vert brotne gjennom, og som av fenomenologien seinare vart kalla bevisstheita?

    Neste: Swanns kjærleik

    onsdag, juni 14, 2006

    Kvifor?

    Kvifor redde verda? Jada, vi i redaksjonen har fyrt opp eit ekstra engasjement for dette i dag, og gir smakebitar frå dyreriket si gløymde fantastiskheit, i dag representert ved sommarfugl-familien Sphingidae, alle frå noreg. Dette er furusvermaren, den største vi har i landet. Men kanskje ikkje den vakraste.


    Dødningehodesvermaren er jo berømt nok, men kankje ikkje alltid i ein positiv samanheng. Dette vesle insektet overvintrar ikkje i landet, men den kan kome flygande frå søreuropa, noko som gjer at ein må krysse alpane (!). Ikkje berre berre når ein kun veg nokre lette gram.



    Her kjem fleire bilete. Familien er særprega av strømlinjeforma kropp (nesten som eit bombefly), sin hyppige vingeslagfrekvens; dei sug nektar av blomar lik kolibrien gjer, i sveveflukt foran blomen, og si fart (dei kan nå over 60 km/t).

    Ospesvermar
    Humlesvermar
    Oleandersvermar

    Alle bilete frå UiO sine insektsamlinger (skulle jo gjerne hatt bilete frå eiga insektsamling, men folk får heller kome på besøk om de vil sjå den (noko som ikkje så mange gidd))




    Redd verda!!!



    Jada, miljøvern må kunne seiast å ha eit visst preg av 80-talet. Ein litt sliten Frederic Hauge, og bilete frå Alta-utbygginga, eller for den slags skyld Sea Shepard som køyrer skuta i sida på norske marinefarty.

    Når eg no likevel tørkar støvet av gammalt miljø-engasjement, er det vel fordi miljøvern er for viktig til å definerast av Hauge sin slitne islender.

    Vi bevegar oss mot stupet, ein kollektiv fortrengingsprosess, der vi ikkje fattar dei langvarige konsekvensane av eigen unnvikelse.

    Eg har difor både meldt meg inn (igjen) i WWF, og vorte fast givar til regnskogfondet. Alle monner drar!


    Stemningsrapport frå det kollektive sjølvmordet.

    søndag, juni 04, 2006

    Gonzo



    Vi held oss mellom dei nylig døde.

    Etter at Hunter S. Thompson (HST) gjorde det av som seg hør og bør for denne typen dekadente karar, lånte eg boka "Hells Angels" på biblioteket, i forventning om at den skulle opne nokre nye dører, eller iallefall vere eit bra stykke underhaldande, halsbrekkande eventyrskrift. Det vart skuffande.

    HST er journalist, og som gonzo-journalistane gjer, set han seg sjølv inn i det han skriv om, dette for å gi ei tydeligare erkjenning av subjektiviteten i all journalistikk.

    Den grøfta som kan vere lett å dette i, er at den subjektive journalisten til ein kvar, meir eller mindre gjennomtenkt, pris, få skit på hendene. Ein skal ha rørt ved materien, følt det på kroppen, sett sprøyta i arma, vorte jaga av løva og så vidare. Det er lett å tenke på myten som har vorte spunne kring Hemingway, som medfører eit dekadent-matcho smartness-ideal, som egnar seg godt til mytebygging, og i rett kontekst nok kan gi eit sunt sjokk. Ein kjem så tilbake til mi lesning av Hells Angels i 2005. Ved utgivelsen var den nok eit sjokkerande hands-on-dokument frå samfunnets randsone el. I dag har ein høyrt det så alt for mange gongar før. Når sjokk-effekta er vekk, sto ein att med eit langt reisebrev ispedd anekdoter og meir eller mindre sjokkerande faktaopplysninger, samt eit og anna interessant perspektiv, om det no skulle vere slik at ein er over gjennomsnittleg interessert i Hells Angels.

    Gonzoen har ei potensiell felle, og det er dens eigen hang til mytebygging og dekadanse-romantisering. Også har den også eit stort potensiale, så klart, men det får ein jo ta ein annan gong.

    k. west

    fredag, juni 02, 2006

    Georg Johannesen



    Det er sjeldan ein får høyre nokon som verkelig sparkar i den kulturelle sfæren, og det atpåtil godt nedover. Georg Johannesen (1931-2005) er jo eit hederlig unntak. Eg skal innrømme at eg var ein av dei som ikkje fekk augene skikkelig opp for Johannesen før han fann namnet på elva han drukna i, for å seie det litt fjåsete.

    Eg trur på Johannesen, når han stemplar den eine etter den andre som språklig spedalsk, sjelelig platt osv. Ikkje fordi han presenter så gode argument på det i seg sjølv. Det kunne like godt oppfattast som surmuling frå ein bergensk forståsegpåar. Det er vel heller ei kjensle ein får av at Johannesen tek språket, og dets innhald, på alvor. Og han er svært bevisst, over gjennomsnittelig iallefall, på historie, på tradisjon; det som skal meddelast, som ein del av ein kontekst, ein riktig stor ein, og han set sjølv eit eksempel på dette gjennom sin eigen produskjon. Då vert ein sitjande att med kjensla av at, tja, ein får ta ei lesning av Øverland til, også får ein kjøpe Johannesen sine samla dikt, og prøve å pirke i materien der.

    Kobbenes