torsdag, desember 31, 2009

The best of 2009

Kåringar er populært og på årets siste dag sel vi oss til tabloidformatet og gir dykk det beste frå 2009!

Årets
- beste skjønnlitterære bok: Karl Ove Knausgård - Min kamp 2
- beste ikkje-skjønnlitterære verk: Michael Polanyi - The stability of beliefs
- beste album: Ihsahn - AngeL
- beste vitskaplige artikkel: Qun-Ye Zahng et al. A systems biology understanding of the synergistic effects of arsenik sulfide and Imatinib in BCR/ABL-associated leukemia (PNAS).
- beste på skjermen: The Wire 1-5
- beste på scena: Erykah Badu i New Orleans, i hard konkurranse med Audiatur i Bergen.
- beste i naturen: Buldring på Matre
- beste reisemål: Paris i Juni
- beste foredrag: J. Craig Venter på Norsk Biokjemisk Selskap sitt vintermøte på Røros.
- beste avis: Dagens Næringsliv, sjølv om eg ikkje les den ofte
- årets verste, og mest sjølvrettferdige, avis: Dagbladet
- årets mest pompøse på egne vegne: Asle Toje, med Aslak Nore tett i hælane
- dårligaste debatt: kulturkamp-debatten, inkludert Darwin-debatten
- mest arrogante politiske parti: Det norske arbeidarparti
- mest tannlause politiske parti: SV
- mest nedlatande politiske parti: FrP
- beste kjøp: telemarksski
- mest imponerande: Sogn og Fjordane sin eigen Diderot - Ottar Starheim
- avskjed med mest integritet: Lars Sponheim
- kosteligaste utgivelse, med påfølgande forvirra debatt: Åslaug Haga - De innerste sirkler
- beste bryggeri: den nøgne ø
- beste blog: Bjørnedetektivens blog
- beste måltid: på Colonialen i Bergen
- bok eg ikkje forstod ståheien med: Tomas Espedal - Gå, eller kunsten å leve et vilt og poetisk liv

Såh. Då skulle vi la oss plassere trygt i det sosiologiske smakslandskapet.

GODT NYTT ÅR!

onsdag, desember 30, 2009

Knausgårds kamp 3


I Min kamp 3 rekonstruerer Knausgård barndomen. Det lukkast ikkje heilt, delvis på grunn av prosjektet sjølv.

Min kamp 3 er forteljinga om Knausgård sin barndom fram til konfirmasjonsalder. Det vert no verkelig klart at binda i Min kamp er ulike i stil - bind 3 er ført i forma til den nostalgiske barndoms-romanen. Utan at eg skal legge for mykje vekt på det, går assosiasjonen somme tider til LS. Christensen sine nostalgiske barndoms-romanar.

Men bind 3 er også det svakaste av binda til no. Dette er fordi Knausgård her misser intensiteten i nærleiken til hovudpersonen, som gav dei to første binda ei spesiell styrke. Det vert tydelig at synspunktet er 40 år gamle Knausgård som rekonstruerer 8 år gamle Knausgård. Det er den vaksne Knausgård sine assosiasjonar og metaforar som pregar refleksjonane.

Dette bindet har også meir preg av litterær rekonstruksjon enn dei to første. Det vert ein svakskap i denne samanhengen tykkjer eg, då det bryt illusjonen av autensitet som dei to første bygde opp: der eg nesten kjende at eg var i Knausgård sitt liv i bind 2, er det no heilt klart føre meg at her ligg det ein litterær konstruksjon. Veggen av autensitet sprekk.

Når det er sagt betyr ikkje dette at bindet ikkje var verdt å lese. Men det var verdt å lese som ei fortsetjing av 1 og 2 meir enn eit sjølvstendig verk. Så langt i prosjektet har spenninga meir og meir byrja knytte seg til dei komande binda, og til den varsla slutten som etter sigende ikkje er ferdigskrive.

torsdag, november 19, 2009

Knausgårds kamp 1-2

I går vart eg ferdig med bind 2 av Karl Ove Knausgårds "Min kamp". I dag fekk Knausgård Brageprisen i skjønnlitteratur for vaksne for "Min kamp bind 1". Om det var fortent eller ikkje veit eg ikkje då eg ikkje har lest dei andre nominerte.

Det som er sikkert er at Min Kamp er eit svært originalt verk, både i skrivestil og i beskriving av tema. Vel og merke så vidt som eg kan sjå frå mi avgrensa erfaring.

"Min kamp" er vel eit av dei mest omtalte verka i haust. Når eg likevel vil skrive litt om det sjølv, er det fordi det har gjort eit stort inntrykk på meg. Opplevinga av å kome så nært inn på ein annan person gjennom ein tekst er ikkje anna enn realismen si tilbakekomst, lurt inn gjennom det indre auget. Er det mogleg å fullstendig realistisk oppleve det ein annan person opplever ved å lese det i ein tekst? Nei. Det er det sjølvsagt ikkje. Men er det mogleg å gi ei kjensle av det ved å beskrive personen sine opplevingar særs omstendelig? Ja, det er faktisk den opplevinga eg har her.

Så er spørsmålet: vert det god litteratur av å skrive 5 sider om dagen, slik Knausgård har gjort under arbeidet med denne romanen? Tempoet viser att, serlig i 2. bind er det fleire mindre gjennomarbeida passasjer, der det er tettare mellom flosklane enn i 1. bind. Også er det jo slik at innleving ikkje er garanti for kvalitet - monge gongar har eg liksom vakna opp etter ein berusande lesaroppleving, og sett at det var dramaturgien som fanga meg, og svakheitene dukka ikkje opp før boka var sett i hylla att. Og det er ikkje sikkert "Min kamp" vekker allmenn identifikasjon, om ein kan snakke om slikt. Det kan vere for spesielt interesserte. Sjølv om dagens Bragepris talar mot dette.

Det som peikar på "Min kamp" som stor litteratur, er dei originale og gode refleksjonane i den originale forma. Med ei svært god språkdrakt, tross alt, om enn smurt litt tynt somme stader.

For min del er dette den beste norske litteratur-opplevinga på svært lenge.

- Quest

fredag, november 06, 2009

Knausgård/Proust

Ei bok som knapt nok liknar nokon andre, seier Trygve Riiser Gundersen i Dagbladet om det som ligg an til å bli eit norsk litterært storverk: Knausgårds "Min kamp".

Personlig og risikabelt. Fiksjon med løfte om ikkje-fiksjon. Utleverar sine medmenneske.

Knausgård har i forbindelse med prosjektet gitt uttrykk for si begeistring for Marcel Proust' "På sporet av den tapte tid", eit verk på omtrent like mange sider som "Min kamp", og minst like sjølvutleverande.

Stilistisk er dei to svært ulike, men prosjektet har også store likskapar: ambisjonen om å beskrive sitt eige liv, inkludert dei mest private detaljar. Behovet for å trenge stor plass til nett dette, for å få med alle dei sidene og fasettane som eit liv består av. Ein type samtaleterapi i bokform, med usikker terapeutisk gevinst.

Proust sitt verk vart ein stor suksess i si samtid. Dette kosta han dyrt: dei dårlig tilslørte, og ikkje alltid like flatterande personskildringane støytte han ut av det gode selskap. Ettertida har vist at det var verdt risikoen.

Audiatur festival for ny poesi

Eg skal ikkje skryte på meg å ha vore på mange litterære arrangement. Kanskje var det difor eg vart så positivt overraska på Landmark i går. Og å betale 190 kr for festivalpass, og få ein 600-siders katalog på kjøpet er jo som å få betalt for å gå på festival!

Dette var jammen kjekt, og med video-application på iPhonen fekk eg jammen fanga nokre gullkorn på tape også!




Jan Erik Vold





John Giorno


tirsdag, november 03, 2009

Claude Lévi-Straus 1908-2009

Vi noterer oss at den franske antropologen Claude Lévi-Strauss har lagt inn årene, etter imponerande 100 år.

Her i redaksjonen vil han hugsast sjølvsagt for strukturalismen, som han er så kjent for: at menneskelige kulturar er bygde opp av sosiale strukturar som ligg til grunn for korleis ein lever sitt liv innanfor samfunnet ein lever i. Like mykje var Lévi-Strauss med på å bygge ned tanken om den vestlige kulturen si fullstendige overlegenheit ved å vise korleis ulike kulturar, inkludert vår eigen, er organisert etter sine eigne logikkar.

søndag, oktober 25, 2009

Tid og termodynamikk

Er ikkje den lineære tida berre funksjon av termodynamikken si 2. lov?

I så fall har vi ein eigen sans for å ta inn denne lova: tids-sansen.

lørdag, oktober 24, 2009

Den romlige organiseringa av kultur i sinnet

Om ein går ut ifrå at informasjon vert lagra i hjernen, må dette skje med det hjernen har til rådigheit, nemlig celler, protein, elektronar med meir; altså ganske alminnelige materielle ingrediensar. Ingen ånd eller eter, kva no enn det skulle vere. Vi føreset vidare at når nokon for eksempel lærer noko, når ei skuleklasse mottar den same informasjonen frå læraren, og alle (for eksempelets skuld) lærer dette permanent, så må det skje ei endring i hjernen frå før til etter læringa. Det er ei forandring i kva personane har av informasjon i hjernen. Dette trur ein i forskinga i dag vert gjort gjennom å endre nervebanane, at nye forbindingar oppstår, andre vert brotne, og at somme celler vert meir aktive enn andre: hjerna endrar struktur.

Er denne strukturendringa samanliknbar i ulike personar? Korleis ser strukturen til "grunnlova vart laga på Eidsvoll i 1814" ut. Noko likskap må der vere, for personane kan både lære dette frå den som gir informasjonen, og snakke med kvarandre om det etterpå.

Og eit spørsmål til:
Sjimpansen, som er svært lik mennesket i eitt og alt, eller for den del mennesket sine førfedre som ikkje kunne lære på denne måten, men som var til forveksling like: kva var ulikt i deira hjerner? Dei hadde også hjerneceller som er til forveksling like våre. Kva var det springande punkt som gjorde desse cellene i stand til å lagre informasjon på denne, i dyreriket, heilt unike måten?

Møtet som fundamentalt.


Det vi opplever som vår verd, vår livsverd, grensene til denne bestemmast av kva vi kan møte. Dette set grensene for kva vi opplever, og kva vi kan oppleve. Vi er av atom, molekyl, og kan møte andre atom/molekyl: vi opplever materielle ting. Augene våre kan møte foton: vi kan sjå. For 150 år sidan hadde vi ingen måte å møte radiobølgjer på, og dei eksisterte ikkje for oss. Men gjennom å finne ein måte å møte radiobølgjer på, via ledd, til noko vi kan møte direkte, kan vi gjere radiobølgjer til ein del av vår livsverd.

Dei enorme mengdene svart materie i universet - har vi berre ikkje funne den rette innfallsvinkelen? Forresten kan vil jo aldri vete kva vi enda ikkje har møtt.

At møtet er fundamentalt for liv er lett å vise: eit kvart system eller ei kvar organisering er møter.

Så er det jo også fullt mogleg at det finnast det som fullstendig ikkje overlappar med vår potensielle livs-verden, med den delen av kosmos vi har potensiale til å forholde oss til. Men det kan vi ikkje seie noko om.

onsdag, september 16, 2009

Stortingsvalet 2009

Valet er vel over, og så spennande det var: det gav også overraskingar.

Sjølv er eg både nøgd og misfornøgd. Nøgd med at den raudgrøne regjeringa fekk halde fram, og misfornøgd med at miljøpartia Venstre og SV gjekk ned.

Ellers var det dei to "statsministerpartia" høgre og AP som gjekk mest fram, der AP vel trakk til seg veljerar frå SV og kansje også sentum, medan Høgre med sin garanti om borgerlig samarbeid trakk veljerar frå FrP og sentrum/Venstre.

Det andre eg beklagar er at Venstre gjorde eit dårlig val. Eg trur det er mange med meg som sympatiserer med venstre, men ikkje stemmer venstre då dette i praksis er ei stemme på Høgre.

Sponheim sitt ultimatum til FrP førte kanskje til partiet sin nedgang, og hans eigen avgang, men det var ein verdig måte å gå på. Hadde Venstre gitt seg til FrP, hadde det ikkje vore mykje att av Venstre. Sponheim sitt standpunkt var modig, det vitna om politisk integritet, og det var ein verdig måte å gå på.

Når det er sagt, så har FrP kledd seg i ansvarlige klede heile valkampen, og gjort seg statsministeraktige og samarbeidsvillige. Dei uttalingane som fall særlig frå C.I. Hagen, men også delvis frå Siv Jensen mot Venstre då regjeringsmakta glapp, var så simple og drøye og uforskamma at eg håper folk reagerar. Alle burde halde seg for god til slik oppførsel, anten ein er FrP eller andre.

Når det er sagt: kva skal Venstre gjer framover? Når blokka Høgre/FrP veks seg sterk, og sentrum/Høgre er ein saga blått? Kvar kan Venstre faktisk få gjennom mest Venstrep-politikk? Kunne ikkje Venstre danna ei solid miljø-blokk saman med SV på den raudgrøne sida? Eller representere eit sosialliberalistisk korrektiv til AP? Eg trur faktisk Venstre og SV deler mange veljerar. Likeså med AP og Venstre, der den økonomiske politikken til AP ikkje er så raud lenger. Kan dette vere ein farbar veg for Venstre?

Q-West

onsdag, juli 29, 2009

X-bow

Vi kostar på oss ørlite lokalpatriotisme, med Ulstein Verft sin første båt med X-bow-design, i ein heftig storm i Nordsjøen.

lørdag, juli 25, 2009

Agurkdikt

Det er sommar, og eg har vore to veker på nydelige Stårheim og eigentlig knapt gått ut av tunet, kanskje berre for å fiske (det kan nevnast flott fiske av småsild på Fluna utanfor Høynes, der vi også fekk to fine torskar), samt ein tur til bokbyen i Fjærland.

Dette kjøpte eg i bokbyen:
- Jan Kjærstad: Forføreren (under lesing no, med stor entusiasme!)
- Arne Næss: Økologi, samfunn & livsstil.
- Strindberg: Røda rummet
- Ibsen: Samla verk
- Joseph Bédier: Tristan og Isolde
- Beckett: Poems in English
- Sophocles: Oedipus the king/...at Colonus/Antigone

Dei lune sommarnettene avføydde også eit sommardikt, ikkje så gjennomarbeida, men likevel.

No gjenstår ein kort tur på Hardangervidda, før det snart er på igjen.

Or sommarbrisen
.

Eit dikt kvar dag
skal ein skrive

ord som spreiast lik regndropar over sida.


*

Henslengt
lite uthalt
lite dikt aktig

heller som gamle menns prat or vårbrisen under syrinane
eller låtten kring hjørna på bilverkstaden
eller møtet mellom foreldre i skyme sommarkveldar

medan snøen framleis lyser på fjelltoppane


*

Slik diktar ein i sommarbrisen.
Slik skriv ein liner kvar dag
for stopp ikkje opp

Som signalar frå andre fjordar.
Som tankar frå andre elvar.
Som kjensler frå andre vardar.

*

Florlette ord,
heilt heilt lette ord.
Spring dei frå noko?
Nei, dei gjer ikkje det.
Dei berre viser at no er faktisk alt veldig bra.
Det er lov av og til det òg.
Dei skuldar ingen noko.

*

Ospa
skuldar ho nokon?
Nei,
ho er som kvinnene på treet,
som gamle tanter i blada,

som slær i liene
og raudnar om hausten.

*

- Men, sommarbrisen bles ikkje ved midnatt,
gjer den vel?
- Nei, då er det solvinden.
- Sola skin ikkje då?
- Nei, men denne vinden kjem anna stads frå.

torsdag, juli 09, 2009

Kamskjel med sennepssaus


Førre helg var eg på tur til Sveio i Sunnhordaland for nyting av det våte element, sågar fridykking. Her fann vi fram til Lyngholmen, som allereide frå kartet såg ut som ein bra dykkeplass: eit smalt sund nær havet. Det viste seg å vere full klaff, og sundet ved Lyngholmen var ein veldig fin tumleplass, med sandbotn, fine undervass-hamrar, mykje liv, og veldige mengder brennmaneter.

Av fangst så vart det tatt ei stor raudspette, og fleire kamskjel. Krabbar var det også mykje av, og då mest på sandbotnen (ca 6-12 m djup), men sidan vi hadde hatt krabbe kvelden før, tok vi oss den luksusen å la krabbene vere.

Same kveld vart ein del av kamskjela, samt to lyrar tatt på stong, fortærte med tilhøyrande øl. Men vi åt ikkje opp alle kamskjela, så dagen etter søkte eg litt på nettet etter oppskrifter, og fann denne svært vellukka oppskrifta på kamskjel med sennepssaus.

Kamskjel med sennepssaus.
- kjøp deg våtdrakt, maske, snorkel, bly og svømmeføter. 5 mm er bra for norske forhold
- øv deg på utlikning og pust i eit basseng.
- få deg venner som også vil fridykke (bør ikkje gjerast aleine)
- finn eit sund som vender utover mot havet (her er ytre kyststrøk langs heile norgeskysten kvalifiserte). Sundet bør ha litt straum, samt sandbotn mellom 6-15 m djupt
- dykk ned til sandbotn, leit etter kamskjel. Sank kamskjel. Ikkje forsyn deg for grovt, då bestanden kan verte utarma lokalt.
- tilbred same dag, evt. neste dag om dei oppbevarast kaldt.
- skjær ut muskelen (rogna kan også etast, den er den oransje pølsa kring muskelen)

- hakk opp nokre fed kvitlauk
- steik kvitlauk og kamskjel i olje på middels varme max 5 min
- tilset eit par hakka grøne oliven, ei teskjei små kapers, ei teskjei dijon-sennep, ei teskjei usalta smør og ein skvett fløyte. Rør
- la koke inn til halvt volum
- legg kamskjel og saus i ildfaste former, evt i skjela (estetiske hensyn tilseier det siste)
- strø over brødsmular
- set i ovnen 175 grader i eit par minutt, til ein ser ei lett bruning.
- imponer din neste

nam nam

tirsdag, juli 07, 2009

Preben Z. Møller om kjønnsforsking

Her er eit interessant innlegg og eit mykje meir interessant nettmøte om kjønnsforsking ført i pennen av forfattar og sosiolog Preben Z. Møller.

Stikkorda er sosialt vs. biologisk kjønn.

...og i dag kom tilsvaret.

fredag, juli 03, 2009

Billig kvalitetsheving for norsk forsking - gratis tips til din valkamp.

For nokre få år sidan vart det satsa på PhD-stillinger ved norske universitet. Samstundes gjekk PhD-studentane betydlig opp i lønn. Dette var eit verkemiddel frå politisk hald for å styrke norsk forsking. Det var utan tvil eit godt trekk om ein vil styrke norsk forsking.

Men framleis er det slik at ein slit med å få kvalifiserte norske søkarar til norske professoreat. Framleis er det mykje å gå på før Noreg kan smykke seg med å vere ein forskingsnasjon, om no dette er målet.

Eit steg i riktig retning, som samstundes ikkje kostar så mykje, er å overføre nokre stillinger frå PhD til etter Post-doc, og setje desse som til dømes 5-årsstillinger. Dette hadde vore eit sjakktrekk av mange grunnar:

- det er i dag rimelig greit å få seg ein PhD-stilling (i naturvitskapane vel og merke) om ein vil det. Flaskehalsen kjem etter PhD: om ein er interessert i å halde fram i universitetssystemet må ein gå frå halvårskontrakt til halvårskontrakt i fleire år, eller flytte. Det er ikkje ein ideell situasjon om ein nett har stifta familie.

- for ei forskingsgruppe tar det mange år å bygge opp kompetanse, og ofte vert ei gruppe satt langt tilbake om ein nøkkelperson (PhD eller post-doc) sluttar. Professorane, som er dei som skal halde kontinuiteten, er ofte opptekne med undervisning og administrasjon, og har ikkje kapasitet til å drive ting fram på daglig basis. Om forskingsgruppene hadde hatt moglegheit til å halde på nøkkelpersonar, ville det føre til ei betydelig kvalitetsheving for forskinga.

- Det er ikkje meininga at alle som tar PhD skal få ei karriere innan akademia. Å forvente det vil vere feilaktig. Men med eit fråfall på 90% frå universitetssystemet er det ikkje der skoen trykker. Problemet er å holde på den kvalifiserte arbeidskrafta. Universitetssystemet er i den absurde situasjonen at dei gjer det så vanskelig dei kan for svært kvalifiserte personar som gjerne vil behalde jobben i universitetet til å få til nett det. Og det er nett desse personane som trengst for å opprettholde norsk forsking.

- Stillinger som har eit lenger tidsperspektiv gjer det også mogleg å bygge opp forskinga over tid, og ikkje vere avhengig av ein kortsiktig horisont. Forsking tar tid. God forsking tar enda lenger tid. Middelmådig forsking tar kort tid (dagens situasjon), og dårlig forsking tar veldig lang tid (difor treng ein så klart krav om publisering).

torsdag, juli 02, 2009

Ecce homo

I går kveld las eg ferdig Ecce homo av Nietzsche, på tysk (!). Diverre er eg nok ikkje flink nok i språket til at eg alltid klarer å nyte hans feiande språkbruk. Men somme tider er det jo ganske festlig:

"Ich bin nicht Mench, ich bin Dynamit!"

Ecce homo er ein slags sjølvbiografi der han både seier litt om seg sjølv, og kommenterer sine verk. Nett kva han tilfører til desse, anna enn å drage ei heilskapelig linje mellom dei, er litt uklart for meg. Han har vorte kritisert for å stivne for mykje i ein dionysos-metafor i dette verket.

Uansett kan det vere ein fin inngang til Nietzsche: 90 sider med til dels stort sjølvskryt, og påskriving av pass i aust og vest, samt ein kort introduksjon i filosofiske hovudpoeng.

lørdag, juni 27, 2009

Raudgrøn miljøtruverd

Miljøsaker har ofte det kjenneteiknet at når det strammar seg til, når miljø står i vegen for andre samfunnsinteresser, så er det miljøet som må vike. Det er greit å verne miljøet så lenge det ikkje går utover noko anna.

Når det gjeld norsk oljepolitikk gjeld dette i dobbelt forstand då oljeutvinning i seg sjølv er eit bidrag til den globale oppvarminga, og då oljeutvinninga kan gå utover miljøet direkte i utvinningsområdet.

Når alt kjem til alt vil nok oljehungeren vere så sterk at både Lofoten og Barentshavet vil bli utvinningsområde.

No er det dei unike korallreva ved Morvinfeltet det er snakk om. Havforskingsinstituttet og Statens Forurensingstilsyn advarar. StatoilHydro oppfører seg som eit oljeselskap som regel gjer, og så spørs det om politikarane også oppfører seg som dei vanlig vis gjer.

Er det mogleg å få ein ansvarlig, økologisk politikk i dette landet? Kvar er det politiske motet til å sjå ut over økonomisk vekst? Så lenge Jens sit ved roret vil det ikkje skje.

Men for all del, det er kanskje ikkje berre Jens si skuld. Snart er det val, og finanskrisa har vist kva som er politisk mogleg i ein krisesituasjon om viljen er der.

søndag, juni 21, 2009

Paris/filosofi/vitskapshistorie

Denne helga er eg på seminaret "Between intellectual history and history of science" på det Fransk-Norske samarbeidssenteret. Det er sjølvsagt veldig artig. Sjølv om vi er mest normenn som tek del, er det noko ekstra med å jobbe med (fransk) filosofi midt i smørauget. Det er god stemning!

Av høgdepunkta kan ein først nemne Vidar Enebakk sine to innlegg om først C.P. Snow og dei to kulturar, og så UNESCO og vitskapshistoria. I desse foredraga har han teke føre seg straumar i vitskapshistorie-faget i det 20. årh.

Grupper som jobba med vitskapshistorie, og det var både vitskapsfolk sjølv, og historikarar og filosofar, var med på å utforme det som på 60-talet vart kalla "Science studies". Dette skulle vere eit undervisningsopplegg der naturviterar kunne lære om historia til deira fagfelt. Dette både grunna ei erkjenning mellom naturviterar av at dette var nødvendig for å utøve faget, og som eit tilsvar på C.P. Snow si tese om at ein har to akademiske kulturar: humaniora og naturvitskap, og ein avgrunn mellom dei. Vitskapshistorie vart sett på som ein stad dei to kulturane kunne møtast.

Ellers har vi testa det parisiske kaféliv, kjøpt eit album av Asterix og eit av Tintin på orginalspråket, og bestilt kaffi og crossiant på fransk (problemet oppstår når dei svarar med lange setningar).

A revoir!

onsdag, juni 10, 2009

Den vanskelige handlinga

pro-aksjon re-aksjon
pro-aksjon re-aksjon
pro-aksjon re-aksjon
pro-aksjon
pro-aksjon re-aksjon
pro-aksjon re-aksjon
pro-aksjon re-aksjon

fredag, mai 22, 2009

Bergen Conference of Cancer Research 2009

Denne veka var eg på den årlige samlinga for kreftforskingsmiljøet i Bergen. Det er faktisk ikkje eit reint lite miljø, og med New Orleans friskt i minnet, så slo det meg at det som skjer innan kreftforsking i Bergen både er variert, og av bra kvalitet.

Det som gjorde mest inntrykk var Prof. Helga Salvesen si forelesning om kreft i livmora (sjå også dette oppslaget i Aftenposten). Når ein står og gnurar over cellene på laben, er det lett å miste av syne den praktiske anvendinga eins arbeid har i medisinsk terapi. Salvesen kombinerte molekylærbiologiske data frå pasientprøver med terapeutiske innfalsvinklar for slik å freiste å utarbeide ei meir individuelt tilpassa kreftbehandling.

Sjølv om det er eit stykke fram til at slike tilpassa behandlingar er slagkraftige, var det kjekt å sjå nokon drage dei lange linjene som ein heile tida prøver å drage, frå klinikken til laben, og tilbake til klinikken.

søndag, mai 03, 2009

Ja til EU som Noregs geopolitiske arena.

Eg har meint det lenge, og eg har vorte stadig sikrare i mi sak: ja til norsk medlemskap i EU.

Om ein ser på Europa si alt anna enn fredelige historie, framstår unionen som eit av dei største fredsprosjekta og solidaritetsprosjekta som har vore i vår del av verden. I tillegg til Noreg sin utstrakte handel og avhengigheit av Europa, deler vi også geopolitiske interesser: Noreg må velje samarbeidspartnarar, og det viser seg at dei europeiske stormaktene deler norske interesser både i høve til Russland og USA.

Og kan det verkelig vere slik at EU har kome lenger på miljøvern enn Noreg, sjølutnevnt etisk supermakt? Ja, slik er det på nokre områder. Og kva med forsking? Jau, her er vi allereie med på mange europeiske forskinsprosjekt.

Støre har sagt at EØS-avtala utan tvil er nyttig for både EU og Noreg, men at eit medlemskap ville gitt enda større fordelar.

Neida, ingen er perfekt. Heller ikkje EU. Men så er spørsmålet: skal ein sitte på gjerdet i all tid, eller skal ein ta del i det som faktisk eit unikt europeisk samarbeidsprosjekt, og så jobbe for endring av det ein er ueinig i?

Ja.

søndag, april 26, 2009

Erykah Badu pa Jazzfest


I gar var eg pa Jazzfest i New Orleans, der Erykah Badu var headliner. Heile dagen var full av god stemning, ol, lokal mat, funk, soul, blues, bluegrass, masse folk og god stemning.

Det slo meg kor viktig og profesjonelt musikk er her. Det er jo i USA rytmisk musikk hovedsaklig har vorte utforma, sa utan a forsoke seg pa musikksosiologiske analyser, sa far eg ein viss forstaing for kvifor mange norske artistar foler at ein blir teke meir seriost som musikar over dammen.

Det foerste hoegdepunktet var Pete Seeger. Han er no 90 ar, og sjoelv om fingrane ikkje glir sa kjapt over banjohalsen, har han absolutt sceneutstraling. Det er foerste gong eg har hoeyrt han, sa noko ekspert er eg ikkje, men dette var fin-fine saker, med masse story-telling, allsang og vokalharmoniar.

Det absolutte hoegdepunktet var konserten med Erykah Badu. Dette er ein slik konsert som far ein til a lure pa kva det er som gjer at somme har desse unike eigenskapane som gjer at dei stiller i ein heilt eigen dimensjon.

Foerst lar ho bandet spele ein ti minutter lang intro, foer ho med hoeg diva-faktor duvar inn pa scena; ho er lita, men ho fyller likevel heile scena med framtoningen. Resten av konserten er ei collage av ulike sangar, rytmar, jamming, saerdeles intrikate rytmar (somme tider verka det som om bandet etterlikna overgangane som DJ'ar har mellom plateskifta. Proev a spele 'feil' pa denne maten, det kan ikkje vere enkelt) som fekk det heile til a hoeyrest ut som prog-soul. I tillegg syng ho fantastisk, og ser tilsvarande ut. Kan det bli betre? Nei.

Musikk i USA er utan tvil noko heilt spesielt: rytmisk musikk har vorte utvikla her, og den har ein mykje djupare status mellom folk enn det vi ser i Noreg. Trur eg.

Goy var det iallefall.

- Gumbo-West

torsdag, april 23, 2009

N'Orleans

Hau hau jau, i to veker er K. West-redaksjonenen pa kombinert jobb/ferie-tur til New Orleans. Anledninga er konferanse om eksperimentell biologi, dvs. mykje molekylarbiologi og fysiologi.

Det var artig a vere pa konferanse, men det blir sa klart litt smalt mykje av det som er her. Dessutan ser det ut som om ogsa her over dammen er det litt mangel pa presentasjonferdigheiter. Uansett var det kjekt a sja kva grupper fra det storste bioteknologi-lokomotivet i verda presterer, og det var ogsa kjekt a sja at vart eige arbeid slett ikkje var sa darlig samanlika med anre. I gar hadde vi presentasjon av poster, der ein fekk anledning til a prate med andre, og presentere prosjektet.

Pa ettermiddagane har vi sokna til French Quarter, der vi har glidd rett inn mellom lokalbefolkninga med hensyn til konsumering av lokal mat og drikke, samt hoglytt samtale pa kveldstid i dei pittoreske gatene. French Quarter er sjolvsagt ei turistfelle, men det er sapass stort at det er god stemning allikevel. Pa Bourbon Street er det mange plassar med live-musikk, noko som sjolvsagt er fine ting. God stemning.

Ellers har eg eksperimentert med a bytte ut pommes frites med salat nar eg et, samt ikkje ete opp heile porsjonane, nar eg et middag. Sist gong eg var over dammen tok det ikkje meir enn ei veke for eg var synlig tjukkare. Det er menneske her som gir meg lyst til a springe Stoltzen kvar dag nar eg kjem heim.

Fra i morga til onsdag skal eg klare meg pa eiga hand i byen. Det er bade litt spennande og litt skummelt, men eg reknar med at det skal ga fint.

- Onkel reisende West

søndag, april 05, 2009

Kierkegaard sitt sprang føreset at ein trur det er noko å hente ved å gjennomføre spranget. Ein er altså allereie på trua si side før ein gjennomfører spranget.

§

Kierkegaard er ein svært protestantisk tenkar, der den personlige religiøse erfaringa er i sentrum. Dette synet er historisk konstituert, og ei line kan trekkast Paulus - Luther - Kierkegaard.

§

(Noko litt anna)
Tanken om å gå djupare i seg sjølv for å finne noko sannare, er eit hierarkisk syn på sanninga. Her dansar livets forgjengelige sjølvsagtheiter som illusjonar på overflata, og dei generelle sanningane ligg halvt skjulte i djupet. Dei er vanskelige å nå tak i, og dei kan ikkje setjast ord på. Dei er forbeholdt dei få, og eg ser ikkje nokon gode grunnar til at dei skulle vere meir sanne og allmengyldige og viktige enn mi rolige kjensle over kaffikoppen ein sur søndagsmorgen i Bergen.

onsdag, april 01, 2009

Waziristan vs. Verden


Eg sat på kontoret og var ganske lei av tekstbehandling då eg nok ein gong klikka meg inn på db.no. Der såg eg dette biletet frå angrepet på ein politiskule i Pakistan.

Eg vart sitjande å sjå på det tynne men friske andletet til den skjeggete og ganske unge mannen. Han var heilt rolig og fast i blikket. Ved sidan av kunne eg lese at leiaren for angrepet, Baitullah Mehsud, har sin base i eit landområde som heiter Waziristan: eit fjellkledt stammeområde mot grensa til Afghanistan.

Desse aude områda har eg sett på før i Google-Maps, og eg gjekk no inn for å kike på Waziristan. Her er eit lite utsnitt over eit av dei meir bebudde områda. Kring denne dalen er det fjell med små fjellgårdar og skogkledde fjellsider.

Eg såg på Wikipedia: Waziristan er eit utilgjengelig område, befolka av stammar med sterk klanskultur, med legendariske krigerar. Det er ein svært patriarkisk og politisk konservativ kultur, som herjast av blodige hemnoppgjer. Waziristan har vore forsøkt erobra svært mange gonger, både av engelskmenn, russerar, pakistan sin sentraladministrasjon (som i praksis ikkje har noko myndigheit her), og no USA. Taliban har fått fleire støttespelarar her, og ein trur området fungerar som trening og forsyning for fleire grupper innan radikal islam. Difor har USA gjennomført bombetokt i området, og lagt press på sentralmyndigheitene i Pakistan til å ta oppgjer med gruppene.

Når eg såg på biografiane til ein del av desse framståande krigarane og åndelige leierane, viste det seg at mange er føydde på midten av 70-talet. Ein stig tydeligvis raskt i gradene.

Dette er altså ein av dei mest stigmatiserte kulturane på jorda: dei har vore under angrep mange gonger i historia, og dei er det også no, og vi har ingen sympati med dei (slik ein kan ha til dømes med palestinarane), for dei er jo nokre jævlige kvinneundertrykkerar.

Eg fann dette biletet (under) når eg googla Waziristan:
Eg tenkte med meg sjølv:
- dei ser veldig morsomme ut (til dømes nr. 4 frå venstre)
- møte i Waziristan FrP?
Og det slo meg at dette i grunnen var rasistiske kommentarar frå mi side! Eg har fleire gonger diskutert rasisme og kva som kan vere rasistisk humor og kommentarar, og nett slike beveggrunnar som eg no hadde i desse kommentarane, er det eg har kalla rasistisk hjå andre.

Så utfordringa for meg vart då: kan eg sjå på den Waziristanske kulturen utan berre å sjå dei elementa eg openbart er ueinig i? Dvs. konservatisme, kvinneundertrykking, våpenbruk?

For det er ikkje slik at eg som europear er så veldig moralsk overlegen om ein kikar på historia. Det er nok å nevne kolonitida si massakrering og utbytting. Korleis ser eigentlig verda ut frå Waziristan, der stormakt på stormakt med våpen har freista å okkupere landet? Og kva identitet får ein som folk når ein gong på gong klarer å drive dei ut? Ein ser kor mykje Kjakan har betydd for historia om Noreg i 2. verdskrig. Ein kan vel berre tenke seg..

Dette er ikkje å late att augene for det ein er ueinig i, men eit forsøk på å sjå to ting på ein gong. Vi avsluttar med ein liten snutt frå AlJazeera:





Fleire lenkjer her her her her her

søndag, mars 29, 2009

Det nærmar seg vår og ein har brukt mykje av tida i det siste på å få ut ein vitskaplig artikkel vi har jobba med over 3 år, og som har vore innsendt like mange gonger (hadde skattebetalarane visst kor mykje av forskingsmidla som går med til teknisk pirk, så hadde ein hatt ei betydlig meir opphissa offentlig samtale om publiseringskanalar for vitskaplige arbeid) men no er det berre å vente. Omtrent samstundes som dette skjer (innsending fredag - søndag skjer den no omtalte hending) plukkast det opp boka The fall of America av Ginsberg, som har stått i hylla lenge (eg lånte den av ein kamerat i sommar trur eg, og den har berre vore bladd i) og det går eit sus i meg at eg har bruk alt for lite av livet mitt på å skrive poesi, sjølv om eg har brukt litt av livet på dette, men ikkje mykje, men nok til å vete at det er lett å seie det, men ikkje så lett å gjere det (nei, det er faktisk ikkje berre å skrive tilfeldige ord på eit ark for å få god modernistisk poesi, tenk. prøv sjølv), men uansett merka eg no lina frå Walt Whitman til Allen Ginsberg, ikkje berre i formatet, men også i stemninga.

Om nokre veker skal eg til New Orleans. Eg må sørge for å skape litt Beat-stemning på turen. Kanskje den kan avføde nokre funky tekstar? Utan å love noko..

tirsdag, mars 24, 2009


Våren er vitterlig i anmarsj. I dag såg eg årets første sommarfugl kvile seg på ein husvegg. Det var ikkje overaskande ein neslesommarfugl (Nymphalis urticae).

Neslesommarfuglen kjem ut or puppa allereie på hausten, og overvintrar i vaksen tilstand. Dei er difor av dei første insekta ein ser om våren, og ofte kan ein sjå den i snøkanten om påska.

Ahh.

mandag, februar 09, 2009

Darwin über alles

Kvifor møter evolusjonsteorien framleis til dels massiv motstand, 150 år etter at den vart publisert? Dette er spørsmål biologen Eirik Tunstad stiller seg i sin kronikk i Dagbladet 6. februar. Han gir tre hovudpunkt for motstanden: misforståing, frykt og ideologi. Det vi er redd for er, i følgje Tunstad, å innrømme at mennesket eigentlig er eit dyr. Å setje dette menneskesynet som premiss, er å auke biologien sitt forklaringspotensiale. Kan biologien verkelig gi oss heile biletet?

Det er ikkje feil i seg sjølv å freiste å kome med biologiske forklaringar på menneskelig åtferd. Men det er fort gjort å berre sjå gjennom brillene til den teorien du likar best. Så når Thomas Hylland Eriksen er redd for at darwinistisk vitskap truar med å sementere eit einauga blikk på livets mangfald, så er det eit slikt einauga blikk Tunstad her gir. Å slå fast at mennesket eigentlig er eit dyr, er ein essensialistisk og reduksjonistisk påstand. Om fysikaren forklarar danning av nye artar berre med omsyn til kvarkar og atom, så håper eg at også Tunstad synest noko manglar i biletet. Likeeins vil det være å einsidig nytte evolusjonsteorien til å forklare menneskelig åtferd. Det bør vere eit varsku når teorien du nyttar faktisk kan forklare alt. Då har ein flytta seg frå vitskapen over i det dogmatiske.

Like viktig som å forklare kva ein teori kan forklare, er det å erkjenne at ein teori aldri kan gi heile biletet. Store overtramp på menneskeverdet har vorte gjort gjennom eit einauga og sementert syn på utviklingslæra. Gong på gong har den same utviklingslæra vist oss at biologien er uendelig mykje meir mangfaldig og kompleks enn vi kunne førestille oss. Nettopp difor er det viktig å unngå eit reduksjonistisk syn på mennesket. Nettopp difor må vi holde klart for oss det faktum at mennesket eigentlig både er atom, dyr, medmenneske, samfunnsaktør, og mykje meir.

Dagbladet fortset debatten her.

tirsdag, februar 03, 2009

Youngstorget-Snåsa tur-retur.

Bjarne Håkon Hanssen, Olav Gunnar Ballo og Helga Pedersen kastar seg på den alternative bølgja. Det må dei jo berre gjere, men eg synest ikkje det er for lite å forlange at dei bør

1) tydelig skilje sine roller som politikarar og privatpersonar når dei kjem med slike utsegn. Dette er ikkje uskuldige utsegner, dei er ein miks av religiøse, ideologiske, verdimessige uttrykk. Er dette måten Ap og SV forheld seg til religion og vitskap?

2) om dette vert sagt i politisk augemed, ta dei konsekvensane som følgjer i helse-og forskingspolitikken, nemlig ei endring i pengestraumen over på sine føretrekte behandlingsformer. Dei bør også ta helsekonsekvensen av desse behandlingsformene.

Som Prof. Kristian Gundersen sa, så er dette verknader som har vorte omfattande studert. Når Helga Pedersen seier ho er lei av den arrogante haldninga til dei som avviser Snåsamannen sine evner, så er det ingen ting anna enn særs ignorant ovanfor den kunnskapen og innsatsen som har vore gjort på desse tinga. Berre fordi ein sjølv syns, betyr det ikkje at verden skal sirkle kring din intuisjon.

Eg kan gjerne gjenta meg sjølv frå førre blog-post: Noreg er ingen stor forskingsnasjon. Utsegner som dette, om dei skal setjast inn i ein helsefaglig kontekst, gjer helsefaglig forsking til narr. Om det skal sjåast på innan ein livssynskontekst så er det ganske tradisjonelle religiøse ytringar. Ballo, Pedersen og Hanssen bør bestemme seg for kva korg dei vil legge uttalingane si så raskt som råd.

Ellers kan vi føre inn kreasjonismen i skulen med det same.

søndag, februar 01, 2009

Biokjemisk stemningsrapport - Røros 2009


NBS (Norsk Biokjemisk Selskap) hadde sitt årlige kontaktmøte denne helga, på Røros. Her var alt frå bachelorstudentar til Fedon Lindberg-klinikken, til storleikar som J. Craig Venter og nobelprisvinnar Robert Huber. Også K. West-redaksjonen sine melemmar la fram si forsking.

J. Craig Venter er noko så sjelden som ei bioteknologisk superstjerne, og i den vanligvis litt snusfornuftige vitskapsverden er egoet hans lett å legge merke til (han brukar det antakelig som branding, litt som Sponheim). I sin presentasjon fortalte han om nokon av sine prosjekt, som vi også har skrive om på denne bloggen før.


Det Venter skal ha kred for, er at han faktisk maktar å tenke utanfor boksen (noko som mange seier, men få gjer), og at han set planane ut i livet på slike måtar som har store ringverknader for forsking. For å sitere Donald Trump: think big and kick ass.

No skal ein sjølvsagt ikkje sluke ukritisk, men det slår meg at han klarer å tenke i større liner og konsept. Samstundes så viser hans forsking, som er privat gjennom dei mange firmaa han har, at det er positivt for forskinga å ha mange ulike institusjonar som drivkraft. Det er noko å tenke på også i noreg, der det meste er knytt til universitet og andre offentlige institusjonar.

Noreg er ikkje ein stor nasjon innan biokjemi, noko som skuldast finansieringssystema for forsking heller enn storleiken på landet. Men det vil ikkje dermed seie at landet er klinisk rensa for god forsking. Det seier heller at det kunne vore så mykje meir om ein hadde lagt til rette for det. Kontaktmøtet var ein god arena for å sjå kva som rører seg, for å skaffe seg litt kontakter, og for å drikke seg full.

Det mest spennande var å sjå kva moglegskapar som ligg i dei såkalla teknologiplatformane. Det vil kort sagt seie at ulike institusjonar får i oppgåve å bygge opp kompetanse på visse typar metodar og teknologiar: informatikk i bergen, systembiologi i trondheim, proteinstruktur i Tromsø etc. Det som då vert viktig er å sikre at desse gruppene får halde fram å vidareutvikle seg, for ein ting bransjen slit med er kortsiktig tenking. Politiske vedtak går som ein vimpel etter fancy buzz-ord, og i iveren etter å vere cutting-edge hiv ein seg på ferske trendar heller enn å sørge for kontinuitet i grupper som er etablert. Jaja, nok om det.


- Quest

tirsdag, januar 27, 2009

Folkemord på Srilanka?

Ein tamilsk kollega av meg har sendt ut desse filmane og artiklane for å rette merksemda mot det som ser ut til å vere eit folkemord mot tamilane på Srilanka:

Human Catastrophe & Medical Emergency in the Vanni

Heavy fighting and continuous multi-barrel artillery shelling has resulted in more than 300 internally displaced persons being killed and over 1000 hundred injured in the Mullaitivu District.


Dr.T.Varatharajah,

RDHS,

Mullaitivu


[EYEWITNESS ACCOUNT: AUDIO]

More than 300 civilians feared killed, people bleed to death on streets
http://www.tamilnet.com/art.html?catid=13&artid=28151

http://uk.youtube.com/watch?v=O_p2hEqAmc0&feature=channel

http://www.youtube.com/watch?v=f0aba85K-aQ&feature=channel_page

- quest

lørdag, januar 24, 2009

Det har vore relativt lite aktivitet på bloggen i det siste, men det betyr sjølvsagt at ingen ting skjer. Det må dog seiast at semesterstart ofte er ein overgangsfase der nye tankar må modnast å ta form, for så kanskje heller å finne sitt uttrykk ettersom månen rullar inn i det nye året.

Av prosjekt dette semesteret er det fleire vi skal prøve å lage god blogging av. Sjølvsagt har det ikkje gått oss hus forbi at Obama no er innsett som USA sin 44. president. Kapitalismus har laga ei særs sjarmerande filmavis om dette, som anbefalast for dei som vil ha den politiske entusiasmen inn i stua.

Vi skal dette semesteret bevege oss vekk frå hausten sine metafysiske turnøvingar med Derrida og Heidegger, og kome oss ned på jorda gjennom eit kurs i filosofisk antropologi, der særlig antropologiske studier på vår eigen kultur, rasjonalitet og den moderne samfunnsordninga står i sentrum. Stikkord er Lévi-Strauss og Bruno Latour.

Ellers har vi i K. West-redaksjonen bestemt oss for å kome oss ut i konferanse verda for eksponere og bli eksponert for forsking.
- Det startar beskjedent neste helg med Norsk Biokjemisk Selskap sitt Kontaktmøte på Røros. Rosinen i denne pølsa er både at vi sjølv skal halde foredrag, og at Craig Venter står på gjestelista.
- Lenger blir det til New Orleans på biokjemi-konferanse i slutten av April,
- og om vi er heldige, ein tur til New York på evolusjonssymposie, der mellom anna den profilerte ateisten og evolusjonisten Daniel Dennet er på talelista.
Frå dette vert det forhåpentlig vis rikelig med anledning til å blogge om den spennande verdenen som er internasjonal molekylærbiologi.

Før den tid går vi og bit neglar og ventar på at manuset vi sende inn til Molecular and Cellular Biology (MCB) før jul, skal kome i retur, forhåpentlig vis med stå-karakter. Det kan virke som ein absurd ting: 3 1/2 år med arbeid fulltid for min del, og deltid for tre andre, og betydlige pengebeløp, manifesterar seg i ein artikkel på circa 30 sider + bilete (i ferdig formatering max 10 sider), ein artikkel som kanskje ikkje vert lest av meir enn eit dusin forskerar, og som ein kan håpe blir ein liten brikke i forståinga av ein eller annan sjukdom, som for eksempel kreft.

Men men...

tirsdag, januar 06, 2009

...og ild regnar frå himmelen



Det er vanskelig å ikkje føle avmakt for situasjonen mellom Israel og palestinerane, også for oss som ikkje er ekspertar. Eit intervju med to israelske menn som var kalt ut til krigen viste rørande korleis vanlege menneske på alle sider kvernast i konflikta:

"Dette er de vanlige israelerne og palestinernes ulykke: Vi er fanget av våre ledere, som driver en politikk som bare medfører mer vold."

Gjer forbrytelsane store nok, og dei vil ikkje reknast som forbrytelsar.

søndag, januar 04, 2009

Julelesing 2008 - Alle gode ting er 2

Hm, det ser ut til at redaksjonen har lagt att Gunhild Øyehaug i sin barndomsheim. Vel tilbake i Bergen anar vi at det ikkje vert noko lesing av Vente, Blinke i denne omgang. Vi beklagar veldig. Dette går på vår integritet som blog, og vi angrar.

Men men. Vi har også brukt romjula på å lese Merete Morken Andersen si Leseboka, ei bok som har gjort at vi no har betre kontakt med dei kreative sidene i oss sjølv. Det er gøy, og den anbefalast for dei som er interessert i skriving, men ikkje heilt veit korleis dei skal angripe det.

Ellers velkomen til 2009 på K. West. Vi håper det vert eit fint blog-år!

-Qest