mandag, mars 22, 2010

Eksempel på arv OG miljø?

Eit eksempel på arbeid som integrerar både arv og miljø i tidsskriftet Science.

Takk til William for tips

Oppdatering tir. 23. feb 2010
Og enda eit eksempel. Sistnemnde eksempel beviser at sosiologi berre er eit sideprodukt av mislukka laboratorie-eksperiment ("ironi", ingen grunn til å bli hissig).

Takk til Lars for tips

torsdag, mars 18, 2010

Bak hjernevasken

Etter å ha sett den svært interessante debatten om Hjernevask på NRK nettopp - ein debatt om vitskapsteori og metodologi, o'hygge! beit eg meg fast i noko som vart sagt av Cathrine Egeland og som eg også har tenkt på før: ei sentral strøymning i filosofien det 20. århundret er utfordringa av kva som reknast som sikker kunnskap.

Utover det 19. århundret bygde naturvitskapen seg opp ein veldig autoritet. Den vart av mange rekna som den gyldne vegen ikkje berre til sanning, men også til eit betre samfunn. Då første halvdel av det 20. århundre var over hadde naturvitskapen skuffa på begge desse forhåpningane. For det første viste det seg at teoriar stadig skifta også innan naturvitskapen, og at desse skifta var prega av maktkamp heller enn logik argumentasjon. Det andre var at fysikken hadde gitt oss atombomba. I tillegg hadde det gått litt over styr med biologiske forklaringar på rase, evner, intelligens og liknande i mange land på 30-talet. Det gav ein viss bismak.

Følgjelig byrja mange, både sosiologar, filosofar, men også vitskapsfolk, å sjå på grunnlaget for vitskapen og historia for vitskapen. Eit kjent namn er Thomas Kuhn og hans paradigmeskifte. Vitskapen stod i det heile fram meir menneskelig i dette lyset.

I tillegg vart slutninga trekt at sidan vitskapen forandrar seg heile tida, og gir stadig nye forklaringar på verda, og korleis vi skal forholde oss til den og til kvarandre, så er det språk og verdiar som ligg til grunn for korleis vi tolkar verda. Her svinga pendelen, og empiri om den ikkje-menneskelige verda vart i mange tilfelle diskvalifisert som grunnlag for kunnskap. Vidare vart vitskapen også sett som å oppretthalde ein viss forståing av mennesket og verda som var skadelig (sjå atombombe og rasehyigene) og måtte bekjempast.

Desse straumningane nådde eit høgdepunkt på slutten av 60-talet, byrjinga av 70-talet, og dei er klart til stades mange stader i akademia i dag. Cathrine Egeland gav uttrykk for ei slik meining i dagens debatt om hjernevask.

Denne føresetninga er ei filosofisk føresetning som ein kan vere einig eller ueinig i. Sjølv er eg ueinig. Det er ikkje noko grunn, slik eg ser det, til at kunnskap om språk og medmenneske skal vere noko meir ein gyllen veg til sanninga enn kunnskapen om resten av den materielle verda.

Utelet ein nokon av dei er vegen til dogmatisme kort.

(Twingly lenkje lenkje lenkje lenkje lenkje lenkje lenkje lenkje )

tirsdag, mars 16, 2010

3. mosebok - I am the law!

Judge Dredd (i Sylvester Stallone sin skikkelse) har nett avretta eit snes forbryterar. Ein av dei overlevande spør med frykt i stemma "Isn't that against the law?". Judge Dredd svarar bestemt: "I am the law". Så enkelt kan det gjerast.

Men over til saka: 3. mosebok inneheld store delar av det som er kjent som moselovene. Moselovene har vorte skulda for mykje; for å vere gamaltestamentlige, for å vere inhumane, for å hisse til hemn, og ikkje minst for å vere umoglege å gjennomføre i praksis fordi dei er innbyrdes sjølvmotseiande. Tilhengarar har peika på at mange av lovene må sjåast på som velmeinte råd basert på livsvisdom tileigna gjennom slektene. Dette er nærliggande å tenke om til dømes lovene mot incest (incestforbodet er for øvrig eit av dei vanligaste tabuane ein finn att i menneskelige kulturar) og fleire lovene om ureinskap (ein visste ikkje kva infeksjonar og mikrobiologisk smitte var på denne tida, men det å vaske seg og halde litt avstand er jo kjent å hjelpe også i dag).

Når det er sagt har jo desse nyttige levereglane smitta over på ein del andre felt. Det er velkjent at å ligge med ein mann som ein ligg med ei kvinne er ein styggedom. Men kva med pikekos? Meir akseptert? Om det står det ingen ting. Eller var det slik at kvinner ikkje skulle lese bibelen (kvinner gir jo jamt over under halve erstatninga - 20 sekel mot 50 sekel) som menn når utløyste frå lovnadar). Men det er vel alt i alt litt barnslig å skulde mosebøkene for å vere up-to-date med Noreg 2010 på dette feltet.

Meir interessant er det at alle desse lovene seier noko om kva som vart sett på som viktig og mindre viktig i samfunnet på denne tida: kva er positivt, tabu, direkte syndig eller dygd. For eksempel står det mange stader at innvandrarar skal behandlast som andre "for de var sjølv innvandrarar ein gong", og at ein generelt skal ta vare på dei svake og fattige i samfunnet.

Så det er lysskjær også under lova.

lørdag, mars 13, 2010

3. hjernevask

Ikkje tredje episode, men tredje blogpost om "Hjernevask", eller om debatten om hjernevask. Etc.

Eg kom over dette fryktelig gode sitatet av den franske legen og filosofen Georges Canguilhem (frå Knowledge of life) at eg måtte berre (jepp, måtte (genetisk)) legge det ut:

"Geography has to do with complexes - complexes of elements whose actions mutually limit each other and in which the effects of causes become causes in turn, modifying the causes that gave rise to them. (...) The same approaches must be applied to animals and man. However, the human reaction to provocation by the milieu is diversified. man can give several different solutions to a single problem posed by the milieu. The milieu proposes, without ever imposing, a solution. To be sure, in a given state of civilization and culture, the possibilities are not unlimited. But the fact of concidering as an obstacle something that may later be seen as a means to action ultimately derives from the idea, the representation, that man (collective man, of cource) builds himself out of his possibilities, his needs. In short, it results from what he represents to himself as desirable, which is inseparable from the ensemble of values"

Kva betyr dette? Det er etter mi meining ei god beskriving av samspelet mellom materielle faktorar som genar og miljø ("geografi?" i svært vid forstand, eller rettare sagt i overført forstand), og mennesket sin respons på desse - ein respons som ikkje er ubetinga av genar, men som også påverkast av eins verdiar, av kva som sjåast på som attråverdig. Noko som både er eit resultat av genar, men også av tidligare erfaringar.

tirsdag, mars 09, 2010

Gilgamesh


Mi jakt på skikkelig gamle bøker leda meg til Babylon. Nei, det er ikkje snakk om gamle BoneyM-tekstar (sjølv om desse også er ein del av vår felles kulturelle skattekiste), men det episke diktet om Gilgamesh.

Gilgamesh-eposet omhandlar Gilgamesh, konge i Uruk ved Eufrat, og hans eventyr. Ein del går føre seg i fin Tolkien-stil, og ei og anna bibelsk referanse dukkar opp. Men desse tekstane er altså kanskje så gamle som 4000 (!) år. Kven inspirerte kven?

Syndefloden for eksempel, dukkar opp i svært lik tapping som ein seinare versjon.

Og i dette ligg det mest fascinerande for meg: å kunne lese tankar og forteljingar frå menneske som levde for 4000 år sidan - det er ei bru i tid som er vanskelig å førestille seg, men som likevel fyller meg med ei kjensle av menneskelig einskap og slektskap. Det er eit stort privilegium rett og slett.

Dessutan var den lett å lese, kort og til poenget, action-fyllt, med til og med litt sex. Så her skulle det ligge til rette for ein brei appell.

Problemet er jo at no er eg svolten etter noko enda eldre - ei lite produktiv kjensle etter å ha lest verdas eldste bok.

Anbefalast!

mandag, mars 08, 2010

Gratulerer med dagen quinns!

Her på K. West-blogen feirar vi sjølvsagt 8. mai, og gratulerer alle dei det måtte angå. Det vil seie alle generelt, og quinden spesielt!

Og denne gongen har Ingun Yssen og Marie Simonsen treft spikeren på hovudet.

Keep on rocking for a free world!

- West

onsdag, mars 03, 2010

Kjærstad-Knausgård, 1. omgang

Og eit riktig bra intervju er det også. Begge kjem bra ut.

http://www.studvest.no/kultur.php?art_id=12430

Takk til Mari-Louise i Studvest for tips

tirsdag, mars 02, 2010

"Hjernevask" nok ein gong

Gårsdagens "Hjernevask" var interessant. Kvifor skriv eg interessant? Fordi eg kjende eit anspent ubehag - fordi eg må innrømme at eg djupast sett heiar på kjønnsforskarane. Det er min bias, så får andre gå i seg sjølv og innrømme sine forhåpningar. Det er meir realt enn berre å juble over at 40 minutt med pedagogisk og retorisk forenkling endelig sette verda på plass der dei frå før håpte den skulle vere.

Men det skrivast mykje bra om dette emnet, mykje som ikkje er "for" eller "mot". Dei to grøftene er uinteressante - som Eia seier sjølv heilt på slutten av programmet. Dagbladet hadde ein bra kommentar i går. I dag fann eg denne frå biologi Hanno Sandvik, som eg sjølv hadde gleda av å ha på ein debatt om nettopp arv og miljø med biologar og kjønnsforskerar i Studentersamfunnet i 2006.

Det alle sider bør holde seg for god til er å dømme sine meiningsmotstandarar nord og ned utan å ha sett seg inn i kva det er snakk om. Gjer ein det på bakgrunn av gårsdagens program er det i det beste fall naivt. Gjer ein det generelt er det ignorant.

Oppdateringar:
- Go Hessen! Framleis landets beste vitskapsformidlar.
- Etter å ha høyrd Verdt og vite, der Lorenzen får rikelig tid til å forklare seg, må eg nok seie at han går på tynn is i biologiske problemstillinger han ikkje har faglig tyngde i. Ein er nøydd til å erkjenne sine faglige tilkortkomster (er det eit ord) uansett kva side ein sit på. Hvilket ikkje betyr at det han faktisk kan er irrelevant. Men altså: å vete kva du ikkje kan er like viktig som å vite kva du kan.

mandag, mars 01, 2010

Wiese om "Hjernevask"

Andreas Wiese si anmelding av "Hjernevask" var slett ikkje verst. Om ein ser vekk frå at ein absolutt skal ha terningkast på anmeldingar.

Det ser jammen ut som om Wiese har raska med seg nokre vitskapsteoretikarar i vurderinga av arv og miljø.

Så blir det spennande å sjå programmet