onsdag, mai 31, 2006

Arkivet: Lesarinnlegg Vikebladet v2006

Homogriseriet!!
k. west kastar seg inn i homo-debatten på Sunnmøre, og debuterar i same slengen som avisinnleggar.

Link til Vikebladet sine debattsider:
http://www.vikebladet.no/default.asp?page=3352&lang=1
og link til innlegget eg har teke utgangspunkt i:
http://www.vikebladet.no/default.asp?page=3352&item=556935,1&lang=1

Eliassen si naturlige samhandling.

Det er ikkje vitskaplig bevist at heterofili er medføydd. Studerer ein primatar i nær slekt med homo sapiens, vil ein kunne finne fleire ulike variantar for seksuell atferd. Men det er likevel ikkje rom for å fastslå at heterofili er ein mote; ein tendens i tida.
Tendensar kan tydelig vis også strekke seg over lang tid. Delar av venstresida avskreiv på byrjinga av 1900-talet homofili som ”borgelig dekadanse”. Denne merkelappen kan jo ha slagside mot både Per Kristian Foss og Oscar Wilde – sistnemnte uttalt sosialist, utkledd i homofiliens utskiftelige genser. Ein kan førestille seg at denne genseren må ha vore noko ubehagelig å ha på for Wilde, som stadig vart angripen av eit ikkje nett homovennleg England. Ein kan undrast kvifor han valde å ha den på i det heile?

Det er ein drøy påstand å trekke slutninga at eit atferdsmønster som har vorte observert lenge før vikingane jaga feminine skaldar på dør, skal vere ein trend i tida. Eit anna poeng er at ein skal vere svært forsiktig med å overføre naturvitskaplige teoriar til menneskelig samhandling. Biologien gir ikkje støtte for ein ”naturlig sosial orden”. Biologien kan kaste lys over somme tendensar og disposisjonar, men å vidare trekke slutninga til biologi som fundament for sosial samhandling, det har ein ikkje dekning for. Ein må nok vente lenge, ja kanske fånyttes før ein finn homogenet. Genetikk er meir komplisert enn som så. Og meir komplisert vert det når genetiske disposisjonar og miljømessige faktorar verkar på kvarandre.
Eliassen argumenterer for naturlige måtar for menneskelig samhandling. Han ser ut til å ha gløymt at menneske har mange ulike måtar å leve sine liv på, og slettes ikkje alle er interesserte i at nokon skal sitje å definere kva som er naturlig, og kva som ikkje er naturlig å gjere for dei. Like lite er det gyldig å frå dette slutte at ”det naturlige” er ”det rette” i nokon henseende. Skulle ein no finne eit alkoholikargen, betyr ikkje dette at fri sprit til alle gir lukkeligare familiar.

Eliassen er bekymra for at hans stemme ikkje skal verte høyrd av politikarane. Han innehar sjølv ein aktiv penn, og eg vil oppfordre både han og Tommy Skalstad til å kjempe for dei sakene dei er opptekne av. Eg ser ikkje korleis det skal hjelpe dei å rakke ned på marginale og sårbare grupper i samfunnet.
-Slutt på innlegg
----
Etter mi meining har Eliassen og hans likesinna stor definisjonsmakt i samfunn der det frå før er homofobe haldninger. Slike haldninger er vanlege i Noreg. Ein er med på å bekrefte det beståande samstundes som å seie imot kan vere vanskelig fordi ein slik tek "skammen si side". Det har nok vorte større aksept for seksuelle variasjonar i dag enn før, og homofile sine rettigheitar har riktig nok fått stor merksemd i politikken, men vi er svært langt frå å kunne hevde at "vanlige folk sine problem og utfordringar", som Tommy Skalstad seier det, lid grunna fokuset på homofile. Homofile er framleis ei svak og sårbar gruppe mange stader i noreg.
Ein annan ting, om ein vil snakke om språkmakt. Eliassen brukar termen "avvik". Det vil vere meir formålstenelig å snakke om "variasjonar".
k. west

mandag, mai 29, 2006

Redaksjonsmail:
Vi står ovanfor eit lite dilemma her i redaksjonen: Kva skal vi gjere med den gamle bloggen, ja, den på http://spaces.msn.com/kobbenes/. Det er uten tvil litt sørgmodig å legge ned den gamle blekka med den lekre bambus-designen. I første omgang vil vi legge ut utvalde høgdepunkt frå den gamle her, så får vi sjå kva vi skal gjer med den sidan. Kanskje den ein dag kan nyttast som blog-museum?
Hola!

Vi i K. West redaksjonen har hatt fri nokre månedar, og i mellomtida har vi, på utallige oppfordringar, skifta rede frå MSN til Blogspot, og på enda fleire oppfordringar, teke til å blogge att (det kan også ha noko med at det nærmar seg eksamen, og trangen til å gjere heilt andre ting er aukande). Vi i redaksjonen håper å kunne underhalde, provosere, irritere, engasjere og facinere våre leserar framover, breddfullt med nytt stoff, nye spaltar, nye innfallsvinklar, og sjøvsagt litt av det gamle som ein er så glad i, alt pakka inn i eit friskt, nytt format, og eit språk som får Per Egil Hegge til å dekonstruere i berre gremmelse.

Vel opna!

Redaksjonen.