mandag, august 08, 2011

Ansvar, ytring og vald. - Den vanskelige debatten om den vanskelige debatten

I tida etter 22. Juli, då Anders Behring Breivik (ABB) bomba regjeringskvartalet og massakrerte AUF'arar på Utøya har eg, som mange andre, prøvd å forstå korleis dette kunne skje, og korleis det vil eller må påvirke samfunnet vårt. I tillegg til å prøve å forstå har eg også reagert, både med kjensler av sorg og av hegning av verdiar. Det sistnemnde overraska meg. Her vil eg gjerne legge fram både mine forsøk på å forstå, og kva verdiar eg vil slå eit slag for som reaksjon på ABB sitt åtak.

Debattklimaet i innvandringsspørsmål.

Då eg høyrde om bomba i regjeringskvartalet tenkte eg i likskap med mange andre at muslimske terrorgrupper stod bak. Den neste tanken var at Norsk offenligheit dei neste åra ville bli utålelig. Det eg har oppfatta som ei skjerping av diskursen kring innvandringsspørsmål dei siste åra - kanskje tilogmed det siste året, ville føre vidare til eit politisk klima og eit debattklima som mildt sagt ville vere grumsete.

Då gjerningsmannen og hans motiv vart kjent, vart spørsmålet snudd på hovudet: har debattklimaet kring innvandring ein samanheng med ABB sine gjerningar?

Kva debattklima snakkar eg om? For det første har ein det politiske klimaet. I Sveits vart det gått inn for eit forbod mot moskear. Landet hadde 3 (!) moskear. No var det altså nok. I Frankrike vart eit forbod mot hijab vedteke. Franskane var dog litt meir rause, og inkluderte Romani-folket i nei-gruppene. Store mengder Romani vart sendt ut av landet i 2010.

Dette er uttrykk for politiske strøymningar, dels nasjonalistiske, konservative og populistiske. Dei fleste land i Europa har veletablerte politiske parti som representerer slike strøymningar. I Norge har vi FrP. Christian Tybring Gjedde sitt etterkvart famøse innlegg frå Stortingets talarstol gav eit klart oss-dei-perspektiv. Carl I. Hagen har ved tidligare anledningar snakka om "kalifatet".

Men dei politiske partia held seg likevel innanfor dei etablerte politiske rammene. Så lenge dei spelar det politiske spelet, og søker politisk makt gjennom dei etablerte politiske institusjonane så kan dei også ansvarliggjerast for det dei seier. Når dei er på frammarsj over heile Europa så er det ikkje fordi dei forfører folk, men fordi mange faktisk er einige med deira standpunkt. Og er ein ueinig så kan ein stemme på eit anna politisk parti. Har FrP difor "skuld" i massakren på Utøya? Nei. Når Siv Jensen seier at vi "ikkje må vere redd for å diskutere dei vanskelige spørsmåla", så har ho rett i det. Uansett kva desse spørsmåla skal vere. Ein kan vere så forbanna og ueinig med FrP som ein berre vil, men då må ein gå i debatt med dei. Då må ein sjå på kva dei faktisk seier, også argumentere mot eller kome med andre forklaringar og løysingar.

Det andre er det offentlige ordskiftet. Dette heng sjølvsagt saman med det politiske, men det er mindre institusjonalisert, og grensene er stort sett ytringsfridomen, som er ganske vid. Eg meiner å merke at grensa for kva som er akseptert å seie i innvandringsspørsmål i det offentlige rom har vorte flytta.

I 2010 gav Thilo Sarrazin ut boka "Deuchland shafft sich an" (Tyskland avskaffar seg sjølv). Sarazzin var ein høgståande tysk sosialdemokrat som med sin utgivelse drog teppet av gamle gode omgrep om rase og befolkningsgrupper. Hovedtesa hans var at innvandrarane ikkje hadde lojalitet til velferdsstaten. Stadig større grupper av innvandrarar (i Tyskland mest Tyrkarar) levde av sosialstønad, og føydde ungar i hopetal. Denne boka skapte skandale då den kom, men den opplevde også å få mange tilhengarar. Sarrazin sa det som nazi-traumatiserte tyskarar ikkje hadde turt å seie. Han "tok den vanskelige debatten". Eg har ikkje lese boka, men eg las eit stykke om den på Minerva sine nettsider. Mitt inntrykk av Sarazzin er at han nok ønsker å setje fingeren på innvandringspolitiske problem, men han dreg med seg så mange konsept og generaliseringar at eg for min del ikkje klarar å akseptere premissane for debatten. Det var også min kommentar på Minerva sitt stykke. Det eg var møtt med i kommentarfeltet var personangrep, insinuasjonar om politisk ståstad, og ein aggresjon som skremte meg. Dette var i mai 2011, og eg tenkte med meg sjølv at dette var drøye greier.

Alle desse kommentarane var ytringar. Ein har ytringar i det offenlige ordskiftet, og desse kan vere av ulik karakter. "Life of Brian" var ei slik ytring. Muhammed-karikaturane var også ei. Desse skal ikkje forbyast, men ein er heller ikkje pliktig til å ta dei alvorlig. Dei treng ikkje møtast så lenge det ikkje utgjer eit problem. For ikkje så lenge sidan var det ein debatt i Bergens Tidene om dei skulle fjerne anonymitetetn i kommentar-feltet på nettavisa. Det til dels høge konfliktnivået hadde vorte ubehaglig. Ved å fjerne anonymiteten ville dei ansvarliggjere brukarane, noko som kunne føre til ei demping av konfliktnivået.

Eg kjem no til mitt første hovedpoeng, nemlig ansvarliggjering. I samfunnet har vi ansvarliggjering av gjerningar gjennom lovverk, og også av haldningar og meiningar gjennom demokratisk valdeltaking. Deltar ein i val får ein dei politikarane ein fortener. Men ein har også eit ansvar for den offentlige debatten. Det er like vagt som det er grunnleggande og viktig: som borgarar i eit samfunn har vi også eit medansvar for korleis dette samfunnet skal vere. Dette inkluderar kva debattklima ein skal ha. Dette avgjer kva som er akseptert språkbruk kring ulike spørsmål. Ordskiftet er vårt felles, og det er heile tida gjenstand for forhandlingar om kva som er legitime ytringar. Nokre omgrep i desse forhandlingane i denne konteksten er "politisk korrekt", "reaksjonær", "rasist", "multikulturalist", "snillisme" osb. Gjennom forhandlingane etablerast og brytast tabuar ned. Tabuar har gjerne ein negativ klang, men dei er også eit uttrykk for verdiar.

For meg betyr ansvarliggjeringa av ytringar at ein har ansvar for å tenke gjennom konsekvensane av sine ytringar, og også gjere ein viss sjølvrefleksjon over kva som er grunnlaget for dei. Ansvarliggjering er erkjennelsen av at vi "er i same båt". Då er ein nøydd til å tenke over korleis denne båten skal vere. Ein kan sjå til Habermas og seie at den borgerlige offentligheita skal turnere diskusjonar gjennom ordskifte og argument. Men i tillegg må ein ha verdiar i botnen som set nokre spelereglar for kva ytringar som er god fisk. Det er på dette nivået Bergens Tidene sette streken: det er ikkje alle ytrinar som bidreg til konstruktivt offentlig ordskifte fordi dei ikkje tar seg som mål å vere ein del av eit ordskifte. Slike ytringar skal sjølvsagt ikkje forbyast. Eg vil gjerne ha eit samfunn der BootBoys har politivakt mot protesterande Blitzerar. Men eg forbeheld meg retten til ikkje å akseptere BootBoys som legitime deltakarar i det offentlige ordskiftet.

Så lenge ein kan ansvarliggjerast for sine utsegner, anten som ein politisk deltakar eller som deltakar i ein ansvarliggjort offentlig debatt, så er ikkje det i seg sjølv eit problem. Då kan ein ta så mange "vanskelige debattar" som mogleg. Derimot, om ein ikkje gjer ein refleksjon i høve til eige bodskap, så må ein også finne seg i å bli lukka ute av ordskiftet. I tillegg, om ein ikkje ønsker å ha eit refleksivt forhold til problematiske element i eigen tankegong, så må ein også finne seg i å bli skulda for nett det. Eit eksempel på dette er Øyvind Strømmen si påpeiking i boka "Eurofacismen", på at den ekstreme høgresida har eit valdspotensiale. Det same ligg til grunn for dei stadig gjentatte kritikkane av gamle AKP-ml'arar om at dei skal ta avstand frå sine sympatiar med mindre sympatiske regimer.

Derifrå er det sjølvsagt eit stort steg frå oppfordring til handling, og derifrå til handling. Men uansvarlig omgang i den offentlige sfæra kan gjere stega mindre. Særlig om ein bagatelliserar valdelige handlingar.

Om det offentlige ordskiftet har samanheng med ABB sine gjerningar? Det kan godt vere at dei har mogleggjort hans gjerningar ved å legge grunnlag for haldningar, delvis legitimert desse, og latt han finne gjenklang for dei utanfor seg sjølv. Det kan også vere at han i somme fora har funne legitimering av vald som handlemåte. Men det er ikkje enkelt å vete. Enn så lenge har dette vore eit ekstremt utfall, ein enkeltperson. Det er ganske dårlig materiale å gjere statistikk på om ein vil vise samanhengar. også her viser verda seg å vere salig komplisert.

Sannelig, dette vart langt nok. Eg hadde tenkt å skrive om hegning om verdiar som demokrati, liberalisme, rettsikkerheit, anstendigheit og ansvarligheit. Men det får eventuelt bli i neste omgang.