torsdag, august 12, 2010

Kva gjer Sp med monstermastene?

Vi prøvar oss på litt politisk analyse av sommarens store sak, monstermastene i Hardanger.

Det er å lese i dagens aviser at det har vore sur melk mellom SV-Kristin og Sp-Liv: SV er imot og Sp har forsvart monstermaster (som dei så lyrisk har blitt kalla). Ap er for men må tenke på valget, og tar ei "utredning" til før dei gjennomfører det som allereie har blitt bestemt, no utan å vere arrogante.

Ap er som Ap har vore. SV er nok mot monstermaster av estetiske kose-grunnar, men kvifor er Sp for? Sp, som har fått mykje av sin energi frå by/land-konflikter, eit interesseparti, nesten ein interesseorganisasjon for distriktsnoreg: med si sidetaken i denne saka, blir ikkje dei då berre ein filial under Ap? Av alle partia er det Sp som har mest å vinne på å vere mot monstermaster.

Monstermaster: for eller mot?
Når det er sagt kan ein spørje seg om ein ser rett i denne saka. I Hardanger har ein folkeaksjon mot monstermaster og for bru. Ein sjøkabel vil bli dyrt, usikkert og føre til inngrep i naturen (norske fjordar er djupe. Hardangerfjorden er 800 m djup v Nordheimsund). Luftspenn er sjølvsagt heller ikkje optimalt, men det er fleirfoldige luftspenn over norske fjordar, over turistfjordar slik som Nordfjorden og Sognefjorden. Det er framleis turisttrafikk i desse områda. Faktisk ganske mykje. Ingen ser ut til å ta notis av luftspenna. Dei kan tilogmed demonterast når ein ikkje treng dei lenger.

Det er i det heile ein del dilemma i norsk landskapsvern. Eg nemnde lenger oppe at bru har vore ivra for i Hardanger. No veit eg ikkje om dette kan samanliknast med master direkte, det var meir eit retorisk poeng. Men det som er eit poeng er at vegutbygging fører til store landskapsskader i norsk vestlandsnatur. Dei fleste norske fjordar, og eit stort antal naturområder har særs synlige og store veiskjeringar. Desse vert det ivra for i distriktsnoreg, for ein vil ha veg. Det er noko positivt. Og då tar ein ikkje 5 øre for å påføre landskapet sår som ein ikkje kan fjerne når ein ikkje treng dei lenger, slik ein kan med elektrisitetsmaster.

I lys av dette framstår Hardangersaka som ei boble.

K(yrre Nakkim) West

Vestlandsk sommarlesing: Espedal/Smith

Vel tilbake til Bergen frå sommarferie i Postkortnoreg har eg vore gjennom to små-bøker frå premielønna vestlandsforfattarar, nemlig Imot kunsten av Tomas Espedal og Austerrike av Nils Henrik Smith.

Fine things first så er begge bøkene godt skrive. Kanskje særlig Imot kunsten, med Espedal som er kjent for sitt poetiske språk. Det sterkaste i denne boka er språket, og hans måte å beskrive den vesle delen av verda han eller hans formødre/fedre befinn seg i (som ofte ikkje er mykje: eit hus, eit skrivebord, eit strekk i ein by, ei leilighet; ei proustsk kjensle for rom).

Det eg likar best med Austerrike er at den er så kort og fragmentert, og det som vert fortalt er så urovekkande, absurd og uavklart at det opnar opp for min eigen tanke til å spinne vidare, leda i makabre retningar gjennom vink i teksten - gjort på ein elegant og til dels morosam måte.

Kritikken gjeld begge bøker, og kanskje den treff bom: dei kjennest einsidige. For Imot kunsten er den einsidig i det at den er gjennomsyra sentimental. Heile boka er sentimental i sine beskrivingar. For Austerrike vert det opna opp eit rom til ei historie gjennom ein person, men også her er det ei grunnstemning gjennom heile boka, utan at eg heilt klarer å setje ord på kva denne er.

Kritikken er kanskje bom fordi ein må vurdere verk på sine eigne premissar, og dette er korte bøker. Men like vel så 1) kjennes dei einsidige i høve til det livet dei forheld seg til, som varierar i grunnstemninger hit og dit på mange måtar, og 2) så gjer det at dei kjennest uferdige, som om dei er ei side av fleirsidige polyfoniske verk.

Vel vel, kanskje ordkløyve/gyte-ri.

No kjem hausten.