onsdag, august 30, 2006

Big questions, big questions...



Det er snakk om Gud. Finnast Gud? O'dette spørsmål, som er like gammalt som mennesket sjølv! Eg er sjølv vaksen opp i sekulære omgivnader. Eg kjenner ikkje den religiøse kjensla i meg. Den religiøse kjensla må jo vere forutsetninga, slik eg ser det for religiøsitet, iallefall for kristen religiøsitet, då ein her har ei uttalt TRUS-bekjenning. Ein har ikkje bevis for Gud sin eksistens, altså må det vere fundamentert i ei religiøs, subjektiv kjensle.

Til no har eg betegna meg sjølv som agnostikar. Dette fordi eg har meint at å bevise ein guddommelig eksistens er utanfor våre grenser. Likeeins har eg meit at ateismen er like umogleg, sidan ein då bestemt seier at guden ikkje finnast, sjølv om vi ikkje har nokon forutsetningar for å motbevise dette.

Av alle var det Stephen Hawking gjorde at agnostisismen vart problematisert. Han sa det så enkelt at bevisbyrda er på dei religiøse si side, og intill då tek ein eit ateistisk standpunkt. Eg tenker slik at den agnostiske argumentasjonen eg har brukt, per definisjon gjer det umogleg å utelukke omtrent noko som heldst som ikkje umiddelbart kan gjendrivast med argument, eller som per def er umogleg å bevise eller motbevise, det vere seg flygande spagettimonster, Odin og Tor, eller den kristne gud.

tirsdag, august 29, 2006

Sur, gretten, nynorsk mann

Under pari?: Amalie Skram


Eg har vorte beskulda for å vere lite dagsaktuell. Når eg då først vel å ta føre meg ein samtidig debatt, gjer eg det ei veke for seint, for å forsikre meg om at interessa er dalande. Av overskrifta kan ein gjette seg til at det dreier seg om debatten om kjønna litteratur.

Det skal vere heilt klart: det Ole Idar Kvelvane lirar av seg i dette debattinnlegget er noko av det mest idiotiske eg har lest på lenge. Han kan umogleg ha oppdatert seg sidan 30-talet. Har han høyrt om Simone de Beauvoir? Kvar i alle dager kjem den kortslutninga frå, at sidan han ikkje har fått anbefalt bøker av kvinnelige forfatterar frå sine venner, så finnast det ikkje gode kvinnelige forfatterar?

Finst ikkje?: Simone de Beauvoir



Om ikkje Kvelvane får ein solid læringskurve etter dette, så har han skote seg sjølv i foten som forfattar. Han framviser ei imponerande historieløyse, og ein kortslutta resonerande evne. Mange vil seie at dette gir dårlige forutsetninger for eit godt forfattarskap.




Over til den sure, gretne, nynorske mannen.



Ole Idar Kvelvane, Kåre Lunden, Nils Rune Langeland.

Det var svært fristande å byrje å synse om kva som gjer at nynorske menn tek "bladet frå munnen", og snakkar feministane og kvoteringsklubben midt imot. Nils Rune Langeland har gjort seg godt kjend med uttrykket "Vaginalstaten". Diverre har eg ikkje fått sett meg inn i debatten kring Nils Rune Langeland, eller Kåre Lunden. At desse tre er menn, er vel ikkje tilfeldig, men er det tilfeldig at dei er nynorske? Eg kan ikkje forstå kva som skulle gjere at nynorske menn skulle kome med utsagn av typen som det har vorte sitert til hjå Lunden, som ein ser i debattinnlegget til Kvelvane, eller dei klossete morsomheitene til Langeland ("eg kan gjerne diskutere det med ei vakker dame som deg, over eit glas vin" eller noko i den dur, til den kvinnelige motdebattanten i Studentersamfunnet i Bergen for nokre år sidan).

Det einaste eg kan tenke meg, om ein seier at det å vere nynorsk ikkje er tilfeldig, må vere at feminismen, og mykje av den radikale kulturen og tradisjonen som er kobla til dette, hovedsaklig er eit urbant fenomen, som den vestlandske mannen opplever som utfordrande i høve til sin eigen bakgrunn. Det er klart; også feminismen må debatterast frå mange sider. Ein stiller sjølvsagt gjengse krav til holdbarheit, relevans og sakligheit til både feminismen, og til motforestillinger kring den. Dei utspela som har vorte framsett, og som har kome for mine øyrer, held ikkje mål slik sett. Kvifor skjer ikkje det? Lunden er professor, Langeland er historikar, og Kvelvane er forfattar. Kvifor oppgulp heller enn å bruke sin ståstad til gjennomtenkt kritikk?

tirsdag, august 08, 2006

Den uendelige historia IV: Balbec, og Kraftwerk sin konsert i Bergen



Ytre omstendigheiter i Balbec er at vår unge helt reiser til badebyen Balbec saman med si bestemor, som han framleis er svært knytta til. I Balbec vert han kjend med Robert Saint-Loup. Saint-Loup er av slekta Guernantes, og denne slekta utgjer den eine vegen i Combray. Vår ven er følgelig svært interessert i å verte kjend med den unge markien av Saint-Loup, og dei får eit godt vennskap. Han møter og det som skal verte hans openberring i malerkunsten, Elstir. Enda viktigare for den elskovshungrige yndlingen, er møtet med ein jentegjeng, som Marcel straks vert svært interessert i.

I denne boka, som eigentlig vert sett saman med Omkring Madame Swann, og saman titulert I skyggen av piker i blomst del 1 og 2, er det fleire interessante hendingar (og sikkert enda fleire). Den første er noko som kan virke så banalt som synet av ein allé som teiknar eit mønster, men som med Madeleine-kaka dreiar det seg om ei ufrivillig erindring. Ved dette synet kjenner han ”ei glede hvis gjenstand jeg bare uklart fornemmet, og som jeg selv måtte skape (...) men hver gang forekom det meg at alt som hadde funnet sted i mellomtiden var uten betydning og at jeg ved utelukkende å vie meg til dens virkelighet endelig ville kunne leve et sant liv.” Han finn ikkje bakgrunnen for erindringa, og han spør: kunne det tenkast at han aldri hadde sett dei før, og at dei skjulte ei dunkel betydning som nesten var umogleg å gripe? Men dei er umoglege å nå, for vogna snur seg vekk – å stoppe den ville vore ille, og det er som om trea ropar at snur du det vekk frå oss, vil ei heil side av deg skli ned i gløymselen. Dei ufrivillige assosiasjonane, symbolspråket og dets dekoding, med brå overraskande støttepunkt. Den indre krøllinga av tida. Nett slik madeleinekaka spreier seg som væske gjennom uttørra kanalar, og rullar ut gløymde erfaringer, slik kan trea gi nye erkjenninger, men nei.

Neste er møtet med malaren Elstir, som også vert ein god ven. Elstir er impressjonist, og vår helt kjem på visitt til atlieret medan han er i djupe tankar over jentegjengen på stranda. Slik vert han, fri for forutintattheit, bergteken av maleria av kystlina i og kring Balbec. Elstir basert på samtidige impressionistiske malerar. Særlig eit maleri, over havna i Balbec, viste korleis ein gjennom kunsten kunne, som han seier, gjere det rykk som må til for å frigjere seg frå den vande måte og sjå ting på. På maleriet er det slett ikkje klart kvar landet startar, og kvar sjøen sluttar, eller himmelen byrjar for den saks skuld. Slik er kunsten ein måte å lure vanen; eit teiknsystem som både kan unngå vanespråket sine slørande konstruksjonar, og den tilvande måten å sjå ting på, der eins førestillinger kjem inntrykka i møte for å gripe dei og forme dei til det forståelige.


Malaren Alfred Sisley (1839 – 1899) sitt maleri Bridge at Villeneuve-la-Garenne (1872) formidlar kanskje noko av det som Proust såg hjå Elstir, med sin glidande overgang mellom hav og land, og dei lyse og luftige fargane.

Det at Elstir ofte malte det kvardagslige og det moderne, viste at også her kan ein finne kjelder til estetikk og innsikt, noko som for meg forklarer kvifor stilleben framleis ser ut til å ha livets rett.



Korleis kan dette vere nøkkel til tolkning av Kraftwerk sin konsert i Grieghallen i går kveld? Det første ein ser er at medlemmane av Kraftwerk er 5 dresskledde, distanserte menn bak kvar sin laptop, i ein iscenesettelse som fører tankane hen til teknokratiet. Ubevegelig og distansert rår den dresskledde mann over kompleksitet, teknologi, estetikk, i eit etisk vakum skapt av teknologiens openbare nødvendigheit. Dette underbyggast av videoinstallasjonane, som nyttar modernistisk og teknisk estetikk frå 30-talet til i dag. Her kjem den andre strøymninga inn: teknikken som forlengelse av mennesket, og det tekniske i mennesket (representert med tematikken frå Tour DeFrance). Vi ser cyborgen frå fleire sider, og dei tradisjonelle grensene problematiserast, både visuelt, og musikalsk (kva er programmert, og kva spelast faktisk på scena?? Eg kunne ikkje sjå at Florian Schneider gjorde noko som heldst under heile konserten!). Det at dei faktisk også improviserer ein god del på scena, gjer det heile meir forvirrande.

Samtidig er det estetisk svært godt gjennomført, og Proust ville nok ha forstått estetikken i både sykkelritt, mercedesar, samt likheita mellom neonlys og databrikker gjennom denne framstillinga.

mandag, august 07, 2006

Ledar



Sommaren er over for vår del her i redaksjonen. Ved starten på eit nytt semester er det tid til både å sjå tilbake på våre eigne fotefar; korleis har dei vandra, og gjennom kva landskap? Kva har kryssa deira veg, og kva skattar har leie skjult under hovudputa? På den andre sida, kvar er blikket retta, og kvar peikar nasen? Spørsmåla er mange, så også svara. Men kva svar skal ein lene sin rygg på?

Biletet er ikkje tilfeldig vald. Grunna dårlig økonomistyring, har sommaren gått med på å skaffe nett pengar. Noko av den einaste utflukta har difor vore tur til Slogen, 1564 moh, oppgang frå Øye i Norangsdalen, Ørsta Kommune. Det var ein verkelig nydelig tur, men enkelte delar av redaksjonen vart noko svimle på den trange toppen.

Her følger nokre bilde teke på turen. Først eit bilete av nabotoppen Store Smørskretind, som er enda høgare enn Slogen, og ein nydelig tind. Andre biletet viser korleis lyset teiknar seg over det alpine landskapet. Siste biletet er frå toppen ned mot fjorden. Eg lurer på om det er Hellesylt ein ser på andre sida.





Då vi har som mål at det skal ha ein viss verdi å lese på denne bloggen, vil vi passe oss for blog-fella, nemlig lettvint og uforpliktande synsing. Eg er ikkje heilt sikker på kor vellukka det har vore til no. Særlig serien Blodige Slag har eit noko lettvint drag over seg. Ironisk nok fekk vi etter forholda mykje respons på den. Den vil likevel verte teke til vurdering. Det er ikkje bestemt om det kjem ein "Blodige slag 2".

Den uendelige historia vil derimot, særlig grunna lange bussreiser på vestlandet, halde fram. Det vert også jobba med å få gjesteskribentar, samt tydeligare rolledeling innad i redaksjonen. Den redaksjonelle lina, samt ein tematisk profil er vel ikkje fullstendig utkrystallisert enda. Det er sjølvsagt fritt fram for å ønske seg tema. Vi set pris på tilbakemeldingar.

red.