torsdag, november 18, 2010

Rollemodell.no

























Dugnad i praksis

Eg fekk i dag ein hyggelig e-poste frå haldningskampanja "Rollemodell", som er tilknytta kunnskapsdepartementet. Sjølvsagt vart eg smigra, og imponert over den proffe nettsida deira, som de kan sjå på rollemodell.no.

Til mi overrasking oppdaga eg at det heile var noko så kuriøst som eit dugnadsprosjekt sett i gong frå departementet si side, på vegne av vår felles framtidige verdiskaping!

Så eg sende dette svaret tilbake:
Hei, takk for henvendelsen. Det er kjekt å bli spurt.

For engasjement gjennom min jobb som vitskaplig tilsett ved Universitetet i Bergen, bed eg om at henvendelsar vert gjort gjennom Universitetet.


Andre engasjementoppdrag tar eg for høvelig betaling. Betaling kan avtalast nærare etter som ein ser kor mykje forbreiing jobben krevjer.

Eg stiller gjerne for ikkje-kommersielle og ikkje-statlige aktørar om eg kan stå inne for verksemda deira.

Eg har gjort meg nokre tankar om Rollemodell-ordninga. Sidan de har sendt meg ein forespørsel om dette, og fleire andre vitskaplig ansette har fått forespørselen, vil eg kome med nokon tilbakemeldingar som eg håper du kan formidle vidare til dei det måtte vere relevant for.


At kunnskapsdepartementet set i gong ei haldningskampanje mot ungdom for å få dei til å velje realfag er ikkje oppsiktsvekkande så lenge det har vore ein debatt om unge sitt val av studie. Men å be folk jobbe gratis for dette, og kalle det dugnad, finn eg særs merkelig. Enda merkeligare er det at ein henvender seg enkeltvis til folk. Dette kan berre bety at ein vil folk skal ta på seg dette utanfor andre oppgåver, ikkje som del av eins jobb i det private eller offentlige. For hadde det vore tilfelle, hadde det vore naturlig å gå gjennom instutusjonen eller bedrifta. Offentlig vitskaplig ansette, for eksempel, har formidlingsplikt. Men då må det vere klare retningsliner om korleis Rollemodell-ordninga går inn i denne.


Eg vil difor spørje spørsmålet om kva det er som gjer at ein forventar at personar med ei kompetanse som de tydelig vis er ute etter, skal stille opp på eit offentlig tiltak som Alfa og Rollemodell er, av rein veldedigheit.

Vidare kan ein spørje seg om kva signal det vil sende til skuleungdomen at departementet ikkje er villig til å betale for høg kompetanse.

Sidan dette tydelig vis er eit dugnadsprosjekt, vågar eg meg til å spørje om Kunnskapsdepartementet, Renate sine ansette, Oxygen Design, og Kantega også jobbar utan løn på dette prosjektet?


Helsing ...

tirsdag, november 16, 2010

Eins idear er i forskning og tenking det viktigaste ein har, så denne oppfordringa er det berre å følgje:

http://www.aftenposten.no/meninger/debatt/article3766988.ece