torsdag, november 19, 2009

Knausgårds kamp 1-2

I går vart eg ferdig med bind 2 av Karl Ove Knausgårds "Min kamp". I dag fekk Knausgård Brageprisen i skjønnlitteratur for vaksne for "Min kamp bind 1". Om det var fortent eller ikkje veit eg ikkje då eg ikkje har lest dei andre nominerte.

Det som er sikkert er at Min Kamp er eit svært originalt verk, både i skrivestil og i beskriving av tema. Vel og merke så vidt som eg kan sjå frå mi avgrensa erfaring.

"Min kamp" er vel eit av dei mest omtalte verka i haust. Når eg likevel vil skrive litt om det sjølv, er det fordi det har gjort eit stort inntrykk på meg. Opplevinga av å kome så nært inn på ein annan person gjennom ein tekst er ikkje anna enn realismen si tilbakekomst, lurt inn gjennom det indre auget. Er det mogleg å fullstendig realistisk oppleve det ein annan person opplever ved å lese det i ein tekst? Nei. Det er det sjølvsagt ikkje. Men er det mogleg å gi ei kjensle av det ved å beskrive personen sine opplevingar særs omstendelig? Ja, det er faktisk den opplevinga eg har her.

Så er spørsmålet: vert det god litteratur av å skrive 5 sider om dagen, slik Knausgård har gjort under arbeidet med denne romanen? Tempoet viser att, serlig i 2. bind er det fleire mindre gjennomarbeida passasjer, der det er tettare mellom flosklane enn i 1. bind. Også er det jo slik at innleving ikkje er garanti for kvalitet - monge gongar har eg liksom vakna opp etter ein berusande lesaroppleving, og sett at det var dramaturgien som fanga meg, og svakheitene dukka ikkje opp før boka var sett i hylla att. Og det er ikkje sikkert "Min kamp" vekker allmenn identifikasjon, om ein kan snakke om slikt. Det kan vere for spesielt interesserte. Sjølv om dagens Bragepris talar mot dette.

Det som peikar på "Min kamp" som stor litteratur, er dei originale og gode refleksjonane i den originale forma. Med ei svært god språkdrakt, tross alt, om enn smurt litt tynt somme stader.

For min del er dette den beste norske litteratur-opplevinga på svært lenge.

- Quest

fredag, november 06, 2009

Knausgård/Proust

Ei bok som knapt nok liknar nokon andre, seier Trygve Riiser Gundersen i Dagbladet om det som ligg an til å bli eit norsk litterært storverk: Knausgårds "Min kamp".

Personlig og risikabelt. Fiksjon med løfte om ikkje-fiksjon. Utleverar sine medmenneske.

Knausgård har i forbindelse med prosjektet gitt uttrykk for si begeistring for Marcel Proust' "På sporet av den tapte tid", eit verk på omtrent like mange sider som "Min kamp", og minst like sjølvutleverande.

Stilistisk er dei to svært ulike, men prosjektet har også store likskapar: ambisjonen om å beskrive sitt eige liv, inkludert dei mest private detaljar. Behovet for å trenge stor plass til nett dette, for å få med alle dei sidene og fasettane som eit liv består av. Ein type samtaleterapi i bokform, med usikker terapeutisk gevinst.

Proust sitt verk vart ein stor suksess i si samtid. Dette kosta han dyrt: dei dårlig tilslørte, og ikkje alltid like flatterande personskildringane støytte han ut av det gode selskap. Ettertida har vist at det var verdt risikoen.

Audiatur festival for ny poesi

Eg skal ikkje skryte på meg å ha vore på mange litterære arrangement. Kanskje var det difor eg vart så positivt overraska på Landmark i går. Og å betale 190 kr for festivalpass, og få ein 600-siders katalog på kjøpet er jo som å få betalt for å gå på festival!

Dette var jammen kjekt, og med video-application på iPhonen fekk eg jammen fanga nokre gullkorn på tape også!


video

Jan Erik Vold



video

John Giorno


tirsdag, november 03, 2009

Claude Lévi-Straus 1908-2009

Vi noterer oss at den franske antropologen Claude Lévi-Strauss har lagt inn årene, etter imponerande 100 år.

Her i redaksjonen vil han hugsast sjølvsagt for strukturalismen, som han er så kjent for: at menneskelige kulturar er bygde opp av sosiale strukturar som ligg til grunn for korleis ein lever sitt liv innanfor samfunnet ein lever i. Like mykje var Lévi-Strauss med på å bygge ned tanken om den vestlige kulturen si fullstendige overlegenheit ved å vise korleis ulike kulturar, inkludert vår eigen, er organisert etter sine eigne logikkar.