fredag, august 22, 2008

Biologisk kompleksitet

Eg såg denne artige saka i Science

Det omhandlar det svært enkle dyret Tricoplax adhaerens, med eit namn som rett og slett betyr klissete, hårete plate.

Det viser seg nemlig at dette formlause dyret utan organ, og med svært få typar celler, har genar for mange organ det ikkje har! Har den hårete, klissete plata ein gong vore eit meir avansert dyr, eller kva er det som stikk under stolen her?

Sidan vi ikkje trur på skapelsen her i huset, så er vår hypotese at denne vesle gjørma av eit dyr har vorte tilbakedanna i stor grad. Den har gått frå kompleks til enkel. Det enkle er visst ofte det beste, og naturen ser ikkje ut til å uvikle seg mot det stadig meir komplekse.

3 kommentarer:

Håvard sa...

Nja, det er no slik at før eit nytt organ kan verte danna så må organismen allereie ha gena den treng for å danna dette organet. Evolusjon har jo sjølvsagt ikkje noko framsyn, så desse gena er jo nytta til noko anna i Trichoplax. Det kan hende desse gena vert nytta til det same hjå oss, men at vi i tillegg nyttar dei til å danne desse nye organa.

Dette fenomenet er jo ikkje nytt, Nematostella vectensis (som dei studerer i andre etasjen) har jo til dømes ei rekke gen som vert nytta i mesoderm, sjølv om dyret aldri dannar mesoderm i utviklinga si.

k.west sa...

Hei, takk for innspel.

Det stemmer sikkert,

ein skal ikkje legge seg ut med utviklingsbiologar.

Knut Holt sa...

Det kan jo hende at de tre cellelagene som ligger oppå hverandre i disse dyre er opphavet til ektoderm mesoderm og entoderm, men at de ligger på et tidlig staqdium hvor det nederste cellelaget ikke har foldet seg inn og blitt en entoderm enda.