onsdag, juli 29, 2009

X-bow

Vi kostar på oss ørlite lokalpatriotisme, med Ulstein Verft sin første båt med X-bow-design, i ein heftig storm i Nordsjøen.

lørdag, juli 25, 2009

Agurkdikt

Det er sommar, og eg har vore to veker på nydelige Stårheim og eigentlig knapt gått ut av tunet, kanskje berre for å fiske (det kan nevnast flott fiske av småsild på Fluna utanfor Høynes, der vi også fekk to fine torskar), samt ein tur til bokbyen i Fjærland.

Dette kjøpte eg i bokbyen:
- Jan Kjærstad: Forføreren (under lesing no, med stor entusiasme!)
- Arne Næss: Økologi, samfunn & livsstil.
- Strindberg: Røda rummet
- Ibsen: Samla verk
- Joseph Bédier: Tristan og Isolde
- Beckett: Poems in English
- Sophocles: Oedipus the king/...at Colonus/Antigone

Dei lune sommarnettene avføydde også eit sommardikt, ikkje så gjennomarbeida, men likevel.

No gjenstår ein kort tur på Hardangervidda, før det snart er på igjen.

Or sommarbrisen
.

Eit dikt kvar dag
skal ein skrive

ord som spreiast lik regndropar over sida.


*

Henslengt
lite uthalt
lite dikt aktig

heller som gamle menns prat or vårbrisen under syrinane
eller låtten kring hjørna på bilverkstaden
eller møtet mellom foreldre i skyme sommarkveldar

medan snøen framleis lyser på fjelltoppane


*

Slik diktar ein i sommarbrisen.
Slik skriv ein liner kvar dag
for stopp ikkje opp

Som signalar frå andre fjordar.
Som tankar frå andre elvar.
Som kjensler frå andre vardar.

*

Florlette ord,
heilt heilt lette ord.
Spring dei frå noko?
Nei, dei gjer ikkje det.
Dei berre viser at no er faktisk alt veldig bra.
Det er lov av og til det òg.
Dei skuldar ingen noko.

*

Ospa
skuldar ho nokon?
Nei,
ho er som kvinnene på treet,
som gamle tanter i blada,

som slær i liene
og raudnar om hausten.

*

- Men, sommarbrisen bles ikkje ved midnatt,
gjer den vel?
- Nei, då er det solvinden.
- Sola skin ikkje då?
- Nei, men denne vinden kjem anna stads frå.

torsdag, juli 09, 2009

Kamskjel med sennepssaus


Førre helg var eg på tur til Sveio i Sunnhordaland for nyting av det våte element, sågar fridykking. Her fann vi fram til Lyngholmen, som allereide frå kartet såg ut som ein bra dykkeplass: eit smalt sund nær havet. Det viste seg å vere full klaff, og sundet ved Lyngholmen var ein veldig fin tumleplass, med sandbotn, fine undervass-hamrar, mykje liv, og veldige mengder brennmaneter.

Av fangst så vart det tatt ei stor raudspette, og fleire kamskjel. Krabbar var det også mykje av, og då mest på sandbotnen (ca 6-12 m djup), men sidan vi hadde hatt krabbe kvelden før, tok vi oss den luksusen å la krabbene vere.

Same kveld vart ein del av kamskjela, samt to lyrar tatt på stong, fortærte med tilhøyrande øl. Men vi åt ikkje opp alle kamskjela, så dagen etter søkte eg litt på nettet etter oppskrifter, og fann denne svært vellukka oppskrifta på kamskjel med sennepssaus.

Kamskjel med sennepssaus.
- kjøp deg våtdrakt, maske, snorkel, bly og svømmeføter. 5 mm er bra for norske forhold
- øv deg på utlikning og pust i eit basseng.
- få deg venner som også vil fridykke (bør ikkje gjerast aleine)
- finn eit sund som vender utover mot havet (her er ytre kyststrøk langs heile norgeskysten kvalifiserte). Sundet bør ha litt straum, samt sandbotn mellom 6-15 m djupt
- dykk ned til sandbotn, leit etter kamskjel. Sank kamskjel. Ikkje forsyn deg for grovt, då bestanden kan verte utarma lokalt.
- tilbred same dag, evt. neste dag om dei oppbevarast kaldt.
- skjær ut muskelen (rogna kan også etast, den er den oransje pølsa kring muskelen)

- hakk opp nokre fed kvitlauk
- steik kvitlauk og kamskjel i olje på middels varme max 5 min
- tilset eit par hakka grøne oliven, ei teskjei små kapers, ei teskjei dijon-sennep, ei teskjei usalta smør og ein skvett fløyte. Rør
- la koke inn til halvt volum
- legg kamskjel og saus i ildfaste former, evt i skjela (estetiske hensyn tilseier det siste)
- strø over brødsmular
- set i ovnen 175 grader i eit par minutt, til ein ser ei lett bruning.
- imponer din neste

nam nam

tirsdag, juli 07, 2009

Preben Z. Møller om kjønnsforsking

Her er eit interessant innlegg og eit mykje meir interessant nettmøte om kjønnsforsking ført i pennen av forfattar og sosiolog Preben Z. Møller.

Stikkorda er sosialt vs. biologisk kjønn.

...og i dag kom tilsvaret.

fredag, juli 03, 2009

Billig kvalitetsheving for norsk forsking - gratis tips til din valkamp.

For nokre få år sidan vart det satsa på PhD-stillinger ved norske universitet. Samstundes gjekk PhD-studentane betydlig opp i lønn. Dette var eit verkemiddel frå politisk hald for å styrke norsk forsking. Det var utan tvil eit godt trekk om ein vil styrke norsk forsking.

Men framleis er det slik at ein slit med å få kvalifiserte norske søkarar til norske professoreat. Framleis er det mykje å gå på før Noreg kan smykke seg med å vere ein forskingsnasjon, om no dette er målet.

Eit steg i riktig retning, som samstundes ikkje kostar så mykje, er å overføre nokre stillinger frå PhD til etter Post-doc, og setje desse som til dømes 5-årsstillinger. Dette hadde vore eit sjakktrekk av mange grunnar:

- det er i dag rimelig greit å få seg ein PhD-stilling (i naturvitskapane vel og merke) om ein vil det. Flaskehalsen kjem etter PhD: om ein er interessert i å halde fram i universitetssystemet må ein gå frå halvårskontrakt til halvårskontrakt i fleire år, eller flytte. Det er ikkje ein ideell situasjon om ein nett har stifta familie.

- for ei forskingsgruppe tar det mange år å bygge opp kompetanse, og ofte vert ei gruppe satt langt tilbake om ein nøkkelperson (PhD eller post-doc) sluttar. Professorane, som er dei som skal halde kontinuiteten, er ofte opptekne med undervisning og administrasjon, og har ikkje kapasitet til å drive ting fram på daglig basis. Om forskingsgruppene hadde hatt moglegheit til å halde på nøkkelpersonar, ville det føre til ei betydelig kvalitetsheving for forskinga.

- Det er ikkje meininga at alle som tar PhD skal få ei karriere innan akademia. Å forvente det vil vere feilaktig. Men med eit fråfall på 90% frå universitetssystemet er det ikkje der skoen trykker. Problemet er å holde på den kvalifiserte arbeidskrafta. Universitetssystemet er i den absurde situasjonen at dei gjer det så vanskelig dei kan for svært kvalifiserte personar som gjerne vil behalde jobben i universitetet til å få til nett det. Og det er nett desse personane som trengst for å opprettholde norsk forsking.

- Stillinger som har eit lenger tidsperspektiv gjer det også mogleg å bygge opp forskinga over tid, og ikkje vere avhengig av ein kortsiktig horisont. Forsking tar tid. God forsking tar enda lenger tid. Middelmådig forsking tar kort tid (dagens situasjon), og dårlig forsking tar veldig lang tid (difor treng ein så klart krav om publisering).

torsdag, juli 02, 2009

Ecce homo

I går kveld las eg ferdig Ecce homo av Nietzsche, på tysk (!). Diverre er eg nok ikkje flink nok i språket til at eg alltid klarer å nyte hans feiande språkbruk. Men somme tider er det jo ganske festlig:

"Ich bin nicht Mench, ich bin Dynamit!"

Ecce homo er ein slags sjølvbiografi der han både seier litt om seg sjølv, og kommenterer sine verk. Nett kva han tilfører til desse, anna enn å drage ei heilskapelig linje mellom dei, er litt uklart for meg. Han har vorte kritisert for å stivne for mykje i ein dionysos-metafor i dette verket.

Uansett kan det vere ein fin inngang til Nietzsche: 90 sider med til dels stort sjølvskryt, og påskriving av pass i aust og vest, samt ein kort introduksjon i filosofiske hovudpoeng.