onsdag, januar 27, 2010

Foredrag i morga torsdag på haukeland

Eg held foredraget "Identification and characterization of the human N-a-acetyltransferase complexes hNatB and hNatC" på sentralblokka kl 13 i morga, rom B301.

Dette kan du ikkje gå glipp av! Sjekk berre desse abstracta:

det populærvitskaplige

Identifisering av nye proteinfaktorar som er viktige for celledød og cellevekst.

Kristian K. Starheim, PhD-student, Institutt for kirurgiske fag, Universitetet i Bergen. kristian.starheim@mbi.uib.no

sjå også her

Kreftceller er celler som veks ukontrollert. Sjølv om vi no veit mykje om cellene i kroppen, er det svært mykje vi ikkje enda veit.

Det er viktig å forstå cellevekst for å forstå kreft. Denne kunnskapen kan vi bruke til å utvikle betre kreftmedisinar med færre biverknader.

Vi har funne to kompleks i menneskeceller, som begge er nødvendige for at eller skal vekse normalt. Vi håpar vidare å utvikle medisinar som kan påverke desse kompleksa.

Det vitskaplige/kaudervelske:


Objective:

To identify the novel co-translational human N-a-acetyltransferase complexes hNatB

and hNatC.

Conclusions:

We here present the novel human NatB and NatC complexes (hNatB and hNatC).

hNatB consists of the predicted N-acetyltransferase hNat3, and the auxiliary subunit

hMdm20, while hNatC consists of the N-acetyltransferase hMak3, and the auxiliary

subunits hMak10 and hMak31. Both complexes are conserved from yeast with respect

to subunit composition, substrate specificity and ribosome binding. hNatB was found

to acetylate peptides with N-termini Met-Asp-, while hNatC acetylates peptides with

N-termini Met-Leu-.

Knockdown of hNatB subunits disrupts normal cell cycle progression, and induces

growth inhibition in HeLa cells and the thyroid cancer cell line CAL-62.

Knockdown of hNatC subunits results in reduced growth and disturbed cell cycle

progression in HeLa cells. Knockdown of hMak3 leads to p53-dependent cell death,

and aberrant localization of the Arf-like GTPase hArl8b.

Taken together, these studies emphasize the importance of N-a-terminal acetylation for

normal cell function in eukaryotic cells.

This work was supported by The Norwegian Cancer Society, The L. Meltzer

Foundation, Norwegian Health Region West, and the Norwegian Research Counsil.


tirsdag, januar 26, 2010

Norsk prog for eit nytt år

ojoj mykje bra musikk i Noreg om dagen

Ihsahn - After
Jaga Jazzist - One armed bandit
Motorpsycho - Child of the future
Shining - Blackjazz

Drit i John Olav Nilsen og gjengen. This is the shit!

Trur jammen det byrjar bygge seg eit solid prog-trackrecord her på berget!

søndag, januar 24, 2010

Up in the air

Det er ikkje ofte eg prøvar meg på ein filmomtale her på blogen, men i går såg eg den mykje omsnakka filmen Up in the Air med mellom andre George Clooney.

Den handlar om ein som vert leigd inn av ulike firma for å seie opp folk. Han har svært gode tider i finanskrisa, og filmen har vorte sagt å ta pulsen på USA i nedgangsida.

Og det gjer den. Det er fin og sår satire, den har tøffe karakterar, både hovudpersonen, men også gode bi-skikkelsar i den nyutdanna Natalie, og den ganke morosame og tøffe buisnessdama Alex. I denne første delen av filmen futtar desse tre ikring frå by til by og virkelig karikerar "business"-amerika, med sjellause hotell, flyplassar og konferansar.

... før filmen skiftar fullstendig karakter og blir eit moralsk varmt og klamt forsvar for tradisjonelle family-values strippa for alle leikne karaktertrekk som det vart lagt opp til i byrjinga.

Snakk om å kaste vekk ein potensielt god film.

Første halvdel: terningkast 5
Andre halvdel: terningkast 2.

fredag, januar 15, 2010

Knausgårdske lenkjer

Fin oversikt over debatten om Knausgård.

http://www.aftenposten.no/meninger/article3463095.ece

Eg er einig i at kritikken mot Knausgård har vore for einstemmig positiv då eg ikkje har sett nokon kommentere det eg vil kalle prisen for å skrive så fort som Knausgård har gjort i prosessen med å lage desse bøkene. Heller ikkje han skriv perfekt uansett kva. Men ellers tykte eg både Kjærstad og Uri sine kommentarar hadde noko surmaga ved seg.

tirsdag, januar 05, 2010

Korleis kreativitet danna evolusjonsteorien I

I blogens tidlige dagar la eg ut filosofiinnleveringar eg hadde hatt på blogen. I ettertid ser eg at det var litt naivt å forvente at nokon skulle grave seg gjennom nokre skarve filosofioppgåver frivillig. Men likevel, dei er jo ikkje så verst, tykkjer eg sjølv. Dei seier jo ... ting.

Dei er berre skrive med lite tanke på ein stakkars mottakar.


Vi prøver oss difor med nokre populærfilosofiske postar om filosofi! Først ut er ein føljetong om Darwin sitt kreative språk, i anledning det avseila Darwin-jubileet (som kjent er vi alltid sist med det siste)
.

Korleis kreativitet danna evolusjonsteorien I: Darwin sitt problem.

Overskrifta er sjølvsagt ei overdriving. Det var ikkje kreativitet aleine som danna evolusjonsteorien. Men eg vil hevde at kreativitet var ein svært viktig ingrediens i utarbeidinga av det som i dag er ein av dei viktigaste teoriane vi har. Det var jo ingen som hadde laga evolusjonsteorien før, på den måten Darwin gjorde. Klart han måtte vere kreativ.

Det som er spennande om ein les litt i "Artane si opprinning", er at den slett ikkje er skrive på eit typisk vitskaplig språk. Tvert imot er den skrive svært litterært, på ein måte som ligg nærare 1800-talets romantiske stil. Dette er nok ikkje tilfeldig.

Darwin skulle danne ein ny teori, ein som braut med den tidligare forståinga av biologien. Den dominerande forståinga før Darwin var naturteologien. Darwin ville ta guden ut av naturen.

Første problem var: korleis skulle ein seie det som før ikkje har vorte sagt, det som tidligare ikkje hadde vorte sett ord på?

Det andre problemet var: når han først hadde utarbeida teorien, korleis skulle han overbevise andre om at den var sann? Som dei fleste veit, er det vanskelig å få folk som er vane med eit tankesett til å forkaste dette til fordel for eit heilt nytt. Evolusjonsteorien kan verke sjølvsagt i dag, men det er nok heller fordi ein har vorte van med den, og at vi har tillit til vitskapen som brukar den.

Løysinga på begge desse problema var for Darwin å uttrykke teorien sin med eit allment språk og litterære verkemiddel.

Meir om det neste veke - Del II: Å tenke det nye.

mandag, januar 04, 2010

Ei lenkje til eit svært morsomt og bra innlegg om Knausgård på ein bra blog.

Her har også kommentarfeltet sine kvalitetar!

søndag, januar 03, 2010

Ureduserbar kompleksitet

Darwin-jubileet, som nett er over, har vist at det framleis er liv i den gamle debatten om arv og miljø. Her i landet har den, som Holbergprisvinnar Ian Hacking oppsummerte ei tidligare utgåve ar Morgenbladet, til dels vore prega av gamle skiljeliner. Det er kanskje særlig biologane som har vore på offensiven.


Sjølv er eg molekylærbiolog. Molekylærbiologien studerar kort sagt dei grunnleggjande byggesteinane i levande celler: DNA, protein og feittsyar. Molekylærbiologien har vorte sett på som ei svært reduksjonistisk grein av biologien. Den har blomstra i dei om lag 65 åra sidan DNA vart funne å bære av genetisk informasjon. Vidare utover 1950- og 1960-talet kartla ein mange av dei grunnleggjande bestanddelande i celler. Dette arbeidet var, og er framleis, prega av analytisk tenking: ein deler opp, og kartlegg byggesteinane. 1970-talet sine debattar om egoistiske genar og liknande må sjåast i lys av den omveltinga molekylærbiologien førte til utover 1960-talet.


Dei siste åra har omgrepet systembiologi dukka opp i molekylærbiologiske miljø. Ambisjonen bak systembiologien er følgjande: vi har klart å beskrive livet sine byggesteinar. No er det på tide å sjå korleis dei verkar saman. Trendomgrep som systembiologi representerar sjeldan så mykje nytt som dei lovar, og oftare har dei som hensikt å selje forskingsprosjekt til politiske beslutningstakarar. Men målsetjinga bak systembiologien står likevel i kontrast til oppfattinga av den reduserande biologien. Problemet er at det i biologien slett ikkje er enkelt å legge saman 1+1.


Eit døme kan illustrere problemet. Om ein tenker seg tre rette liner. Så kan ein sjå føre seg at desse linene vert sett saman til ein trekant. Ein har då sett saman dei tre linene og fått ein kvalitativt ulik struktur, nemlig trekanten. Trekanten ligg i organiseringa av linene, og den kan difor ikkje reduserast til tre liner utan å opphøyre å vere ein trekant. Derimot kan vi analysere trekanten, og finne ut at for å bygge trekanten må vi ha nett tre liner, og ikkje til dømes tre bogar. Men når vi skal setje tilbake linene utan å ha auga på heilskapen, så kan ein fort oppdage at det er mange måtar å setje saman tre liner på. Det er stor ulikskap mellom analyse og reduksjonisme.



Sjølv dei enklaste biologiske mekanismar svært mykje meir kompliserte enn ein trekant. Vidare er biologien sett saman i ulike nivå av organisering, frå genar til celler til organ til organismar. Og vidare til korleis organismen samhandlar med verden ikring seg.


Behovet for reine kategoriar er eit kjenneteikn ved vår vestlige kultur. Det hevdar sosialantropologen Bruno Latour i si bok ”Vi har aldri vert moderne”, på norsk i 1996. Den store kløfta mellom på den eine sida sosialkonstruktivismen, og på den andre sida somme typar biologisme, var eit eksempel på dette. I desse retningane reindyrka dei to sidene sine respektive løysingar som dei einaste rette.


Røynda, seier Latour, ligg i blandingsformene, hybridane. Hybridar er fenomen som ikkje kan reduserast til noko sosialt eller noko materielt. Desse hybridane finnast over alt ikring oss. Ein TV er bygd opp av sine respektive materiale, men den er ikkje ein TV utan at vi hadde skapt den med det formålet å vere eit medie. Likeeins vil få bestride at anoreksi er ein alvorlig sjukdom, men den har også ein klar sosialt utløysande faktor.


Problemet ligg i å akseptere blandingsformer som likeverdige, og ikkje rive linene i trekanten frå kvarandre med det same. Ein kan studere komplekse sosiale fenomen biologisk. Evolusjonen har hatt sitt å seie også i korleis vi lever saman. Og ein kan studere biologiske funksjonar sosialt. Medisinen er full av dømer på samspel mellom kropp og samfunn. Kanskje kan ein byrje med å seie høgt for seg sjølv ”sosialt konstruert biologisk kjønn” ein gong eller ti, og kjenne korleis det smakar.