søndag, desember 03, 2006

På sporet av den tapte tid VII: Sodoma og Gomorra del 2, og landet si kulturelle overklasse



Vi går vidare i den evig populære føljetongen vår om Marcel Proust si bok "På sporet av den tapte tid". Tida har kome for bind 7. Det overståande biletet er henta frå det som verkar å vere ein italiensk film om boka, med mellom anna John Malkovich som Baron Charlus. Biletet viser Marcel på Grand Hotel i badebyen Balbec, der ein god del av svermeria til vår venn foregår.

Det har sjølvsagt strøyma på med tilbakemeldingar på føljetongen. Vi i redaksjonen har desverre ikkje tid til å svare på alle, men eit par går att. Den vanligaste er at føljetongen er vanskelig å følge for den som ikkje les boka sjølv. På den andre sida har nokon sagt at det er kjekt å lære om boka sjølv om ein ikkje gidd å lese den sjølv. Såh, korleis skal ein gripe dette an? Slik vi i redaksjonen ser det, har føljetongen fleire funksjonar. Den eine er å å få ei meir bevisst lesaroppleving sjølv, ved å reflektere over boka ved blogging. Det andre er å lokke til diskusjon, om det no skulle vere fleire som har lest den, og som skulle finne på å klikke seg inn på sida. Det tredje er å sjå om dette er noko som kan vere interessant for fleire å lese, noko som forsåvidt får vere opp til folk sjølve, om dei opplever refleksjonane som givande. Det fjerde er å kunne bruke boka som prisme for for eksempel Kraftwerk-konsert o.a. Jaddah...

Del to i Sodoma og Gomorra krinsar kring vår unge venn si sosiale klatring, og hans tiltrekning til Albertine. Mange har lurt på kva funksjon bok nr. 2, "Swanns kjærlighet" har i historia, då den tilsynelatande står som ei separat historie i høve til resten av boka. Nokon meiner denne innehar strukturen i Marcel sitt eige kjærleiksliv i kortversjon. Swann sin kjærleik til Odette krinsa kring eit sjalusi-motiv: så lenge ho hadde eit element av uoppnåeligheit, og trusselen av utruskap lurte, varte Swann sin kjærleik. Så også er det hjå Marcel, at så lenge han er usikker på Albertine på ein eller annan måte, vil han begjære henne. Etter først å bestemme seg for å avslutte forholdet, fordi det var jo ikkje så fantastisk, finn han ut at det er på tide med giftarmål, etter å oppdage at ho har forbindelsar til lesbiskheiter.

I det sosiale livet har Marcel byrja å vanke hjå Madame Verdurin, ei noko naiv høgborgelig dame, med ein tilsvarande naiv omgangskrins. Verdurin klarer likevel å bygge opp ein populær salong. Dette krinsar kring endringa i det franske samfunnet på denne tida, då aristokratiet mista makt i høve til borgerskapet. I denne omgangskrinsen har også den noko og sprengdanna Baron Charlus byrja å vanke, saman med sin vesle elskar, fiolinisten Morel, Det er kun Charlus og marcel sjølv som ser mangelen på danning og sjølvinnsikt hjå Verdurins, og høgborgarskapet vert ikkje framstillt akkurat positivt. Albertine og Baron Charlus representerer henholdsvis Sodoma og Gomorra.

Ellers las eg to spennande ting i den middelklasse-sementerte Dagbladet Magasinet i dag. Særlig det som skrivast om den kulturelle overklassa er interessant. Det har vorte sagt at noko av FrP sin framvekst er ein reaksjon mot ein kulturell maktelite som har definisjonsmakt, og som reproduserast av mor lege og far lektor kring i dei ganske land, og sementert av lesning av lange, utilgjengelige bøker som skaper ekskluderande referanserammer. Eg trur det er mykje i. Kva har k.west si sosiologiske gruppe observert? Dette er basert på enkeltobservasjonar, som tolkast inn i hypotesa om reproduksjon av ei kuturell overklasse.

- Det er klar samanheng mellom foreldra sin bakgrunn, og kva ein sjølv vel. Det er hederlige unntak, men desse viser det problematiske i denne typen klassereiser.
- Dei to gruppene definerer seg klart i høve til kvarandre, basert på verdiar. Mange ser på høgare utdanning som uinteressant, og rett og slett ikkje som det som opplevast som viktig. Motsett, finnast det også ein viss arroganse mot dei som ikkje har utdanning, og som sikkert ser på forflata TV-seriar (om ikkje medievitar Alex Iversen har godkjent seriane som sublim samtidskunst sjølvsagt).
- På veg inn i akademia er det viktig å, i tillegg til å stå på eksamen, kunne orientere seg i universitetskulturen. Dette kan for eksempel gjerast ved å vere med i Studentersamfunnet, eller å kome på bølgjelengd med professorane.
- I akademia eksisterer visse dygder som er gode å leve opp til. Mellom anna det å lese lange bøker som kan vere utilgjengelige, vert sett på som imponerande. Om ein skulle prøvd å skryte av dette utanfor denne kulturen, ville ein kanskje ikkje kome så langt. Dette er kulturbetinga, og kan verte sett på som flottenfeieri andre stader.

Såh, har ein ein mogleg grunn til for at eg les, og skriv, om denne boka? Ja, antakelig. Noko anna ville ha vore usannsynleg. Så kva kan ein gjere med reproduksjonen av den kulturelle overklassa (eit omgrep som favnar ganske vidt, til å dekke eit segment i befolkninga som utgjer ei kulturell middelklasse med høgare utdanning av varierande grad). Det er jo ei byrjing å vere klar over det. Noko anna, som eg har opplevd som positivt, er at dei ulike segmenta omgåast kvarandre. Dette kan hindre arroganse. Med mi lesning av lange vanskelige bøker, så får eg finne meg i at det inngår eit visst element av jåleri i det, og heller freiste å vere orientert mot ikkje å gjere det til ein kulturell markør, men heller sjå på kva gleder og innsikter verket kan gi.

Ingen kommentarer: