fredag, desember 01, 2006

Kirke + stat = ?



Sist med det siste, men likevel har vi fått med oss at statskirke-debatten har blussa opp i det ganske land. Som rimelig er, går islamsk råd inn for å avskaffe ordninga. Også eit utval av frikirkene har gjort det same, herunder vår kontakt i kristen-norge, Pastor Torp. Også innan statskyrkja sjølv er ein delte i spørsmålet Kyrkje/stat utvalet har vore ganske klare i si tilråding til kulturministeren.

Dei som har utmerka seg som for statskyrkja, er Arbeiderpartiet, Senterpartiet og LO (!). Alle argumenter for ei brei og inkluderande folkekyrkje, med politisk styring som garantist. Dessutan hindrar ein å få A og B medlemmar i kyrkja, seier trond Giske, som antakelig har vore B-medlem sida han vart føydd. Når ein føyer til at Jens Stoltenberg aldri har vorte døypt, og Gerd Liv Valla er gammal raddis, så er det lett å forstå irritasjonen til kristenfolket.

Så kva vil skje om ein skiljer kyrkje og stat? Antakelig vil ein få ei "Den Norske Protestantiske kyrkje", som rest etter statskyrkja. Her vil ein ikkje automatisk verte innmeldt. Ein vil difor oppleve eit visst medlemstap. Vidare vil det oppstå ueinigheiter innan denne kyrkja, og det vil skilje seg ut eigne kyrkjesamfunn, som for eksempel Stord Konservative Kyrkjelag, eller Os Homoerotiske Gudssamfunn. Pastor Torp i si kyrkje vil kunne nekte å vie par med for eksempel barn utanfor ekteskapet, om han vil det. Dei vil då kunne vie seg i Troms Lausaktige Gudssamfunn, som har eit noko meir liberalt syn på ting.

Og, sidan Gerd Liv og Trond ikkje gadd å fornye medlemskapen, så er kyrkjesamfunna kvitt to plager. Islamsk råd er nøgde, fordi dei kjenner seg meir likebehandla.

Hurra!

2 kommentarer:

Kjetil sa...

"Pastor Torp i si kyrkje vil kunne nekte å vie par med for eksempel barn utanfor ekteskapet, om han vil det."

Vet du ikke at fundamentalister er overbegeistret for å vie syndere som tar til vettet.

Men leker med tanken på å forene ateister, muslimer og frikirkelige i en organisasjon som aktivt jobber for å skille kirke og stat. Motstanden mot statskirken har vært for fraksjonert. På dette punktet er pastor Torp min (og kanskje din?) venn.

k.west sa...

Her er vi venner ja. Vie-nekten er ei henvisning til eit lokalt tilfelle på Søre Sunnmøre, der eg trakka mine barndoms sko, der eit par måtte gifte seg i nabokommuna, om eg ikkje hugsar heilt feil...