tirsdag, juni 27, 2006

På sporet av den tapte tid II: Swanns kjærlighet.


Zephora, som Swann tykte si kjære Odette likna slik på, noko som gjorde Odette adskillig vakrare i den kunstinteresserte dandyen Swann sine auger.

Eg har lånt to bøker om Proust på Bergen bibliotek. Dei hadde mange. Den eine, Samuel Beckett si "Om Proust", som forresten er masteroppgåva hans, har eg lest før. Det var eit slit, og eg hugsar lite/intgenting av det når eg no blar i den. Den andre er meir lettlest, nemlig Henrik Langeland sin Proust-introduksjon. Denne sette meg på fleire spor (!), mellom anna den berømte sjuromssetniga (s. 12 Gyldendal si norske utgåve) som strekk seg over 3 sider. I setninga etter nevnast vanen, og ein av dei sentrale tema, nemlig vanebruddet. Vanen tilslørar verda i kring oss, og ved vanebruddet kan sløret trekkast til side, og ein kan skimte konturane av det bakandeforliggande.

Men no over til Swann.

Eg har lenge lurt på Swann. Han er nevnt ofte, som svert sentral, og framstilt i eit mystisk lys. Denne boka beskriv ei kjærleiksaffære Swann hadde for ein del år sidan, med Odette, som ein må kunne seie ikkje var eit vinnarlodd. Dandyen Swann vil gjerne kjenne litt på kjærleikens fortryllande lukt, men o' janusansikt! Når Odette sine kjensler kjølnar, glir Swann over i manien, og som ein Werther lid han seg gjennom misunning, herskesjuke, paranoia og så vidare. Eg las denne boka på veg til heimstaden, 9 timar med buss frå Bergen. Det hadde gjort seg å kunne seie at eg foretok ei indre og ei ytre reise. Heller fulgte eg Swann sine lidingar på orkesterplass, der vansinnet og dumheita utfolda seg. Ein kan sjølvsagt mistenke Proust for å framstille heterofile forhold ekstra vanskelige og løgnaktige for slik å rosemale sin eigen homoseksualitet. I så fall er han ikkje den siste som har gjort det. Men det har ikkje vi tenkt å mistenke han for.

Men det gikk bra til slutt. Dessutan gjorde denne intense buss-lesninga at eg har vorte drege meir inn i verket. Eg tenker på det heile dagen. Særlig tenker eg på Swann, Verdurin, Cottard og dei andre når eg står med fjeset i eit blomsterbed og lukar ugras for teknisk etat. Det slapp desse rike slampane å gjere! Men danna er dei. Danningsromanen som dette er, som legg verda så ettertrykkelig inn i kunsten, gir meg eit innblikk i ein tenkemåte med ein god del ulikheiter frå den sosialrealistiskdemokratiskprotestantisknynorske tenkemåte.

Gjennom musikken opplever Swann erindringa om han og Odette si lykke, og gjennom eit fiolintema kan ein hente ut kjenslene av denne, for slik anten å bekrefte det beståande, eller å vise den omforminga som gradvis over tid har skjedd. Gjennom kunsten brytast vanen, og nye innblikk byr seg.

Neste: Navnet

Ingen kommentarer: