onsdag, juni 14, 2006

Redd verda!!!



Jada, miljøvern må kunne seiast å ha eit visst preg av 80-talet. Ein litt sliten Frederic Hauge, og bilete frå Alta-utbygginga, eller for den slags skyld Sea Shepard som køyrer skuta i sida på norske marinefarty.

Når eg no likevel tørkar støvet av gammalt miljø-engasjement, er det vel fordi miljøvern er for viktig til å definerast av Hauge sin slitne islender.

Vi bevegar oss mot stupet, ein kollektiv fortrengingsprosess, der vi ikkje fattar dei langvarige konsekvensane av eigen unnvikelse.

Eg har difor både meldt meg inn (igjen) i WWF, og vorte fast givar til regnskogfondet. Alle monner drar!


Stemningsrapport frå det kollektive sjølvmordet.

3 kommentarer:

Anonym sa...

Kva med Fugleklubben som du var medlem av tidlegare? Bør ikkje denne verte dratt fram att i kampen for naturen?

k.west sa...

Fugleklubben hadde den fordelen at den var forankra i lokalt engasjement. Det var dens styrke, og det vart dens bane. Då interessa skrumpa inn utover 90-talet, vart det vanskelig å oppretthalde aktiviteten. Sjølv om ein freista å gjere den til ei paramilitær gruppe med modell frå A-Team, lyktest det ikkje å halde Fugleklubben i live. Det er vanskelig for meg å sjå føre seg organisasjonen uten intressa frå dei opprinnelige medlemmane

Anonym sa...

Likte i grunnen aldri konseptet med 'Fugleklubben', kvifor favorisere berre ei gruppe? Hugsar også at leiaren var sjukeleg betatt av ein viss ørnekonge, Alv Ottar Folkestad, og at klubben då berre var ei fasade for å kome i kontakt med denne monarken.