onsdag, juni 21, 2006

Til minne om Tore Tønne

Har det nesten skjedd igjen, at i eit anfall av tankelausheit pressar ein individ på ein slik måte at livet vert utålelig?

Det var mykje snakk om mediapress og framgangsmåtar etter at politikaren Tore Tønne tok sitt eige liv vinteren 2002, som reaksjon på mediepresset i forbindelse med økokrim si etterforskning av honorar han hadde motteke frå advokatfirmaet BA-HR i etterlønnsperioden til ministerposten som helseminister. Han hadde lenge vore i media. Han hadde vore konsernsjef i både Statoil og Norwegian Seafoods. Korleis kunne det skje?

Jon Sundbø var kreftforskaren som vart teke for forskarjuks i vinter, og som sette norsk forskning i vanry, og grusla si eiga akademiske karriere. Han vurderte å ta sitt eige liv. No har han fått diagnosa bipolar, og han vurderer å bli bonde eller taxisjåfør.

Kven kan ein stille til ansvar for uaktsomt drap om slike tragedier skulle skje? Og kva hevnmentalitet ligg til grunn for at ein person så må gå inn i eit yrke som ein er fullstendig feilkvalifisert til når ein eingong har vorte teke i eit slikt brotsverk. Vi skal vere glad for at helsevernet fanga opp Sundbø, men sjølv om dømmekrafta hans svikta grovt, er han jo fullt kapabel til å utføre vitskaplig verksemd framleis, noko som alle vil vere betre tent med enn om han skulle køyre drosje.

Og sjølv om overtrampet her var grovare enn normalt, er han slett ikkje den einaste som kuttar svingar innan vitskapsverda.

kobbenes

2 kommentarer:

Anonym sa...

Vel talt! God blogg, du. Spesielt viktig poeng det her. Men den allmenpreventive effekten av at snarvei-taking i forskninga faktisk IKKJE KAN AKSEPTERAST, er ikkje den viktigare enn dei evt. framtidige resultata denne eine forskaren kan kome med? Og når eg pirkar: Har ikkje Hamsun streva nok med å kvitte seg med den familie-d-en utan at du skal belaste han med å prakke den på han igjen?

k.west sa...

Då må ein sjølvsagt holde korta frå kvarandre. Det er ikkje med hensyn til dei resultata han eventuelt kan kome med at han bør kunne holde fram med det han er utdanna til, då ein må kunne seie at det er svært lite resultat pr. forskar. Heller då prinsippet om at ei "straffeutmåling" på sida av den formelle er noko ullen.

Den jålete fjotten Hamsun. Eg kunne skrive Pedersen eg, om eg ville...