mandag, september 29, 2008

Evolusjon, sanning og helse


Med Palin som republikansk kandidat for VP-posten i USA er kreasjonisme framleis aktuelt. Fordi denne typen fundamentalistisk kristendom er i vekst, er dette noko som også angår biologar.

Ledaren i Nature, og denne reportasja frå NYT retta interessa mi mot emnet i denne omgangen.

"Sanning" er eit svært problematisk uttrykk, i biologien som i alle andre samanhengar. Naturvitskapen kan ikkje påberope seg ein priviligert tilgong til sanninga. Ein har dessutan trusfridom.

Forsking er ein svinedyr aktivitet, og dei fleste plassar rettferdiggjerast den gjennom produksjonen av teknologi.
Hjå biologien kan ein seie at framskritta som er gjort i medisinen det siste århundret er resultatet av biologisk naturvitskap. Medisin er fundert på biologi.

Om ein set saman dette med eit velkjent kredo i biologien:

"Nothing in biology makes sense exept in the light of evolution" (Dobzhansky, 1973)

så vil det å fornekte evolusjonsteorien også vere å setje spørsmålsteikn med den teknologien som er produsert med denne som reiskap. Ein kan sjølvsagt seie at det er andre teoriar som også kan produsere denne teknologien. Det kan ein så klart seie.

USA er moglegheitene sitt land, så i staden for å bruke ressursane på å bevise kreasjonismen, som dei allereie har nok bevis for i sine hjerter, bør dei kanskje etablere ein bio-kreasjonistisk industri?

Eg ventar spent på artiklar.

2 kommentarer:

Håvard sa...

"Naturvitskapen kan ikkje påberope seg ein priviligert tilgong til sanninga."

Kan han ikkje? Vel, det han burde kunne påberopa seg er at han er den den beste måten å få kunnskap på; og at kunnskapen ein får dermed er det som er nærast sanninga.

k.west sa...

Det kjem an på kva spørsmål du stiller, og kva sanningsomgrep du nyttar.

Stiller du naturvitskaplige spørsmål med eit naturvitskaplig sanningsomgrep, vil naturvitskapen ha ein priviligert tilgong til denne.

Men det ein ser er at også innan naturvitskapen sjølv er det ikkje ei einskapelig oppfatning av kva som er naturvitkapelige spørsmål, metodar, sanningsomgrep etc.

Og tar ein med spørsmål, sanningsomgrep etc. som ikkje reiknast som normalvitskaplige, er spriket enda større. Prøver ein å lansere ein gullstandard på dette, er det å be om bråk.

Dette er altså relative storleikar, og tilgongen til "sanninga" må sjåast ut frå dette. Det gjeld også for naturvitskapen.