onsdag, januar 02, 2008

Nyttårsreisebrevet: Ytre Søre Sunnmøre




På dagar då eg har hatt ledig timeplan, og vore spesielt kjenslevar,har eg freista å vore turist i eigen by i Bergen. No er eg heime på juleferie på Sunnmøre, og eg nyttar anledninga til å gjere det same her. Dette er ein ytterst billig og lite tidkrevjande aktivitet, som kanskje ikkje alltid er av høg kvantitativ verdi, men absolutt av høg kvalitativ verdi. Med det meinast: ein fer kanskje ikkje vide, men ein får stor glede av det ein ser. Dagen i dag låg godt til rette: vinteren er ikkje alltid den tida ein dreg mest rundt på biltur, men det lave vinterlyset på ein skyfri himmel, i tørt vær på øyane der vestlandet stuper i norskehavet, der små husklynger karrar seg fast til strandstriper og lyngheier, gav forventninger om både det storslåtte og det lavmælte. Nemlig.

Av ukjent grunn starta vi i Ulsteinvik. Ulsteinvik er ein plass i vekst, med fleire rulletrapper og kjøpesenter. Av andre ting kan ein også nevne eit flunkande nytt kulturhus, og ei planlagd miljøgate. Av ting Ulsteinvik ikkje har, kan ein nevne byplanleggjing og effektiv trafikk-handtering. Men dette var ikkje det vi skulle snakke om no, for no køyrer vi gjennom rundkøyringa, på veg mot eventyr i Herøy. Mitt reisefølge, ei jente frå byna, som faktisk er turist på desse kanter, ser imponert ut når eg seier at om ein køyrer fort nok, så kan ein faktisk hoppe på toppen av Dragsundbrua, som bind saman Herøy og Ulstein. Desse kommunene er kanskje dei einaste i landet ein kan hoppe mellom med bil. Dette siste skal eg ikkje hevde for sikkert, men tanken er der. Ein køyrer så vidare rett vest, gjennom Tjørvågane, før ein tek nordover, over Nautøya, og over Herøybrua. Den vart opna av Kong Olav V i 1976, og nyttast i dag for eksempel som utgangspunkt for pendelhopp, og til å frakte elevar til yrkesskulen i Fosnavåg. To gongar i døgnet går hurtigruta under Herøybrua (Sjå bilete).

Etter å ha passert Hærøybrua, med flott utsikt til Ulsteinvik - kransa av små øyar, sørvendt i bakkehellet, med lyserosa melis på fjelltoppane, svinga vi mot leinøya. Her er det pengar i omløp, det er lett å sjå: dei har julenek på lyktestolpane! 

Vi kom no til det eg vil seie er første turistattraksjon på denne ruta, nemlig Remøybrua. Når ein kjem køyrande utover Leinøya, og så ser ein rett nordover mot Flø og øyane vidare nordover. Brua sjølv går over eit grunt sund (Nørde Vaulen), der fjøresteinane går over i flate, lysebune markar, og hus som ser ut til å stå her meir på pietistisk trass enn noko anna. Slik er i det heile busetnadsmønsteret langs desse strendene uttrykk for eit anna samfunn enn det ein har i dag. Mitt reisefølge uttrykkjer vantru, og lurer på om folk ikkje kan flytte litt nærare kvarandre? Eg seier at det ikkje er fullt så enkelt, men eg må erkjenne at distriktspolitikken har sett sterke spor på Remøya. Vi vert einige om at ho skal jekke uttalingane sine om distriktspolitikk litt ned.

Neste turistattraksjon er Runde. Runde er faktisk ein turistatraksjon, men ein finn likevel skjulte perler, særlig på ein klar januar-føremiddag. Rundebrua tek deg over det berykta Rundasundet, som med sine glefsande grunner og skjær har raspa med seg mange båtar ned i bårene.

Vidare køyrer ein forbi nakne jorder, forbi ein kyrkjegard som nok har vore velbrukt i si tid, til Runde hamn. På nordsida av øya ligg Goksøyr (bilete), ei lita bygd vend mot havet. Det er lite vegetasjon her, og lysebrune grasbakkar vekslar med granittgrå, mørke og tagga klipper. Ute i havet ser ein grunner og skjær som piskar i havbårene, og som har senka gamle seilskip fulle av gullmyntar, spanjolar og anna som har gitt øya og befolkninga eit anstrøk av eventyr. Runde er ikkje heilt som andre plassar, tenkjer eg. Eg tenkjer på fiskarkåna som gifta seg 4 gonger ettersom mennene ikkje kom att frå hava. Eg må senke farta på bilen, for det er så vakkert her. "Eg kunne heller tenke meg å bu her enn i Ulsteinvik" seier eg til følget. "Nja.." seier ho skeptisk. Det var visst litt for øyde for hennar smak.

Vi køyrer tilbake same veg, forbi bedehus og fuglenek, og svingar til høgre, utover mot Fosnavåg. Her ser vi mellom anna statuen av fiskarkona, som danna bakteppe då Trude Teige rapporterte frå forliset av Bourbon Dolphin i fjord vinter. Herøy er den største fiskerikommuna i landet, og det seiast at ein her har størst andel av millionærar per folketal i Noreg. Følgjelig skal det ligge ein slags holmenkollås i Fosnavåg, men denne fekk eg ikkje auge på. Ellers lurte vi på om vi skulle gå inn i ein butikk for å sjå på øl. Sidan ein i Ulstein kommune ikkje har ølsal i butikkane, er dette ein ikkje så reint liten atraksjon, som visst nok har ført til ein lokal variant av svenskehandelen på Ytre Søre.

Vi vende nasa sørover, tilbake over Herøybrua, og rett vest forbi Moltustranda (her gikk vi inn i eit landskap der eg aldri har vore før - eg og gjesten stilte slik meir på likefot, sjølv om eg meinte meg meir kjend med kulturen) til Gjerdsvika. Gjerdsvika ligg rett ut mot havet, og med ryggen mot ein fjellformasjon som gjer at vind frå vest går forbi bygda, snur i dalbotnen, og kjem med forsterka kraft tilbake mot bebyggelsen. Dette førte til at bygda kom i media sitt søkelys etter nyttårsorkanen i 1991. Eg har høyrt rykte om at husveggane i bygda er forsterka på austsida, og at dette er eit festlig syn. Då eg ikkje såg nokon slike forsterka husveggar, vart eg skuffa, og truga med å gi bygda terningkast 2. Men eg ser no at Gjerdsvika er ein fin plass. Her stoppa vi på lokalbutikken for å sjå om vi kunne ta oss ein kaffikopp. Det var ikkje mogleg, men vi såg at 
a) biblioteket reklamerte for boka "Rosa Prosa", 
b) dei ikkje hadde kaffimaskin, noko som kanskje peika i retning av at påverknaden frå byen ikkje har nådd kaffimaskin-stadiet enda, men
c) at dette ikkje var ein butikk som hadde "alt" slik ein del bygdebutikkar framleis har. 
Vi konkluderar med at Gjerdsvika har røyst seg etter orkanen, og at den no befinn seg i ei skjæringstid.

Etter Gjerdsvika var kaffilysta vekt, og at magen ville ha noko å tyggje på. Sola var i ferd med å gå ned, men eg beslutta at vi skulle legge vegen om Larsnes, kommunesenter i Sande Kommune. Sande Kommune har vore plaga med fråflytting, og ein har freista med både sjekkekurs for ungkarar og gunstige tomteprisar (gratis). Likevel har Vikekroa overlevd. Her kjøpte vi oss svele og kaffi (frå automat). Frå bordet kunne vi sjå ut på fergekaia, der ferga til Voksøya og Sansøya går. Der har eg ikkje vore før; eit potensielt mål for neste tur. Eg spurte byjenta om ho var nøgd. Ho pirka vekk litt smørkrem frå svela, og sa at ho likte best dei med brunost på, men at ellers hadde turen vore veldig fin. Dessutan hadde ho gjort eit kupp på Vike-kroa: her kosta APS-filmane 10 kroner per stykk. Dette var tydeligvis forelda teknologi heromkring, og vi tippa at dei kosta meir i Gjerdsvika, som enda var i ei skjæringstid. Ellers såg vi at mellom ei mengd med bilblad stira ein skjeggete Cleve-Brock på oss frå framsida av ELLE-mann. 

Dette vart vendepunktet for denne turen. På veg tilbake til Ulsteinvik såg vi Sunmørsalpane i dusraudt sollys, medan skitengrått veistøv la seg på ruta, og Kari Sørbø kuttar opp ein statssekretær med si kvasse sunnmørsstemme. "Er du utsliten av inntrykk?" spurte eg reisefølget. "Nei, ikkje akkurat" sa ho; "Men eg kan strekke meg til å vere litt matt."

3 kommentarer:

Anonym sa...

Kjekt de tok turen innom Gjerdsvika. Har ikkje merka noko til forsterka austveggar.. men i tillegg rosa usminka rettpå litteratur har vi ytre søre sunnmøre sin einast filmklubb. sjekk gjerdsvika.no for meir info. Men skkert ein steikje fine tur

k.west sa...

Eigen filmklubb er slett ikkje verst. Ting peikar altså på eit progressivt kulturmiljø i bygda?

I ettertid har eg høyrt at det skal vere iallefall ein forsterka austvegg, på sørsida av vika. Det er mogleg at denne har vorte hausa opp, og eg skal ikkje la denne hypen øydeleggje for mitt inntrykk av Gjerdsvika.

Anonym sa...

Hey:)
Jeg har i oppgave å lage en forretningplan om akuratt det som passer meg og tenkte meg med en gang Herøy. Det blir mye dikting fra min side men stedsnavn og slikt er på plass. Så har det seg sann at jeg e elendig til å rote opp info på nett og lurer på om du kunne tipse noe om turist attraksjoner som gjerne er mer lokale og ikke nødvendigvis like lett å finne på nettet.
Med tanke på at det er forretningplan det går og så må en sjekke ut eventuel konkuransse. Ikke det at det er mer seriøst enn en skoleoppgave, men skal jeg tilfredstille sære lærere sine krav so trengs bakgrunnsfakta:)

Hadde vært kjekt med svar:)
Kan stikke innom her igjen eller så kan du sende på mail hvis det er lettere:)

maritatarberg@hotmail.com

P.S Uansett hvor fint det er på Runde i fineværet så er det ingenting som slår skikklig ruskevær med bårer opp på veien:) Min mening hverfall:)