søndag, januar 06, 2008

Julelesing 3: No skal eg på, no vil eg på, no MÅ eg på!

I siste del av Julelesninga tek vi føre oss Olaug Nilssen sin roman Få meg på for faen. Sjølv om det strengt tatt er nyttår. Vi presenterer her nye og djupe innsikter om nynorsk romankunst (kanskje).

Olaug Nilssen kan kallast eit heitt namn innan den nynorske litteratursfæra. Ho har bemerka seg både som bloggar, litteraturanmeldar, og tidsskriftredaktør. Dette er den tredje boka eg har lese av henne, og eg er sannelig ikkje heilt sikker på kva eg synest. Frå før har eg lese den intense 20-årskrisa Innestengt i udyr, og den meir student-søkande Vi har så korte armar. Sistnemne fell mest i smak, der Nilssen glimrar med språkføringa. 

I Få meg på, for faen, føl ein tre historier om tre damer/jenter; Alma opplever ei seksuell rie utan like i ein alder av 15 år; Maria er ein noko lunde fersk sosiologistudent med vaskejobb, som vil nytte jobben til å skrive eit skarpt og innsiktsfullt foredrag om maktstrukturar; kona til Sebjørn er ei husmor på 45 år som får opplever ei feministisk oppvåkning. 

I dei anmeldingane eg har sett, har ein freista å finne fellesnemnarar mellom desse tre historiene. Dette har vore at alle føler seg utanfor, alle vil "på" noko (det virkelige liv), alle har eit behov for å verte sett etc. Det er ikkje så unaturlig at ein ser etter dette då dette er tre historier som er angitt å vere ein roman. Tanken om å finne ein likskap mellom personane slo også  meg, då eg hadde lese anmeldingane. Men i eit forsøk på å vere litt orginal, eller iallefall ikkje openbart uorginal, vil eg heller følgje spørsmålet: kvifor klarer eg ikkje å bestemme meg for kva eg synest om boka?

Sidan eg har tematisert humor i dei to andre postane av julelesninga, kan eg byrje med den. For Nilssen skriv humoristisk, og ho har også uttalt at ho er inspirert av Ragnar Hovland. Det synest eg ein kan sjå, men det irriterar meg litt (og her kan det godt hende eg har låst meg litt): ein må jo kunne skrive ei nynorsk bok utan å vere underfundig, eller å ha eit anstrøk av Are Kalvø i tonen? Dette er nemlig eit trekk eg meiner å finne hjå både Grytten, Hovland og Nilssen. Og er ein interessert i å sjå ei bok frå Vestlandet som ikkje har dette anstrøket, kan ein lese Mannen som elsket Yngve av Tore Renberg, så skulle kontrasten verte klar nok. Samtidig er jo denne tonen ein del av Nilssen sin stil, og den er jo med når ho virkelig glimrar til. 

Hovudkarakterane i boka er lett nervrotiske, og dei går som regel så langt i sine innoverskuande draumerier at dei vert møtt med skråblikk utanfrå. Eit høgdepunkt for min del er sosiologiforedraget til Maria, som går heilt av skinnene i sjølviscenesetting. Ein kan kanskje seie at i å nytte avstandstakinga i teksten, som påpeika av Merete Røsvik Granlund i Dag og tid, i veksling med ei nervrotisk inderligheit, lukkast ho å skape fleire lag i teksten; det gir eit slags sjølviscenesettande preg. 

Men for min del gjer dette også at eg ikkje klarer å leve meg inn i boka og dens personar. Avstanden forfattaren set mellom teksten og handlinga den beskriv gjer at ein ikkje heilt tar det på alvor; det vert komedien og dei sære idéane som tek over. Og sjølv om det snakkast om den politiske agendaen i boka, så sit ein med kjensla av at forfattaren sjølv ikkje heilt tek på alvor sitt eige stoff. Men på den andre sida gir jo dette ei sjølvreflekterande røyrsle, der både karakterar og forfattarar stadig spenner bein under eigne prosjekt; prosjekt som likefullt vert gjennomførte. Og det er jo bra. 

Konklusjon: humoren og avstanden i boka er nett det som gjer at eg ikkje likar den (fordi den har ein tone som eg synest grensar mot noko stereotypisk nynorsk), samtidig som den er med å gjere teksten spennande, då den gir ein slags sjølvreflekterande spiral.

Ingen kommentarer: