mandag, januar 21, 2008

Norsk blog -og Shakespearepost I.

Eg lengtar etter prosjektet. Akk, med lengtnad og hug ser eg tilbake på tida då eg las "På sporet av den tapte tid", og dei opplevingane det gav. Akk, lengtnad.

Det er difor eg no har plukka Shakespeare sine samla verk ned frå hylla, og satt Fløgstad' U3 tilbake i hylla. Dei samla verka skal no lesast. Eg ser føre meg at dette kan vere omtrent som å slutte å røyke: noko ein med tid og stunder kan angre ganske bittert på at ein gav seg ut på, men som også kan vere givande.

Nett av denne grunn kringkastar eg byrjinga av dette prosjektet her på bloggen: så eg har litt press på meg. Bloggleserane kan også glede seg til referat og bloggpostar om, ja nettopp, Shakespeare, i åra framover.

Vel bekomne.

(Vi tar gladelig imot tips om støttelitteratur).

Ingen kommentarer: