fredag, januar 18, 2008

Tove Lill Løite si frie vilje.

I det siste har ungdomspolitikar Tove Lill Løite frå FpU vakt ei viss oppsikt ved å stille som framsidedame på Vi Menn. Mellom anna SU-ledar Kirsti Bergstø reagerer negativt på dette, og meiner det er ei seksualisering av politikken og kvinnelige politikerar. Utifrå dette vert ho så kalt pripne Bergstø, og skulda for å vere totalitær av Frp-erane som heng seg på skytset.

Det får så vere. Det som er interessant, synest eg, er at mange av desse held fram det Løite har gjort som eit individets frie valg. Det kan godt hende Løite har trossa mange tabu, og oppskaka si bestemor med det ho har gjort, og slik sprengt nokon barrierer, men kan ein svare "ja" på at det berre er Løite si frie vilje til å gjere sjølvstendige val som gjer at ho har gjennomført handlinga å vere på framsida av Vi Menn (noko som eg i høve til hennar politiske truverdigheit synest er ganske likegyldig, berre så det er sagt). Kan ein seie at denne handlinga kan vere eit uttrykk for noko som er større enn Løite i seg sjølv? 

Eg opplever dette spørsmålet som svært tilgrunnleggjande sentralt i den politiske debatten. Iallefall retorikken. 

Eg vil slik driste meg til å svare på mitt eige spørsmål: ja det kan ein. Og det er det som er interessant å diskutere om ein skal snakke om handlingar som vert gjort i ei slik sak. Det å dreie dette om individet si friheit er retorikk retorikk retorikk. Ein opererer slik med eit so å seie metafysisk fridomsomgrep som mildt sagt manglar bakkekontakt, men som passar fint å fremje i høve til  andre agendaer. Og det må vere heilt greit å ha andre agendaer, men å nytte dette fridomsomgrepet som ein trojansk hest, er uredeligheit og unnfallenheit.


1 kommentar:

k.west sa...

Det var jo voldsomt til respons på ei så sentral problemstilling! Vi minner på at folk må halde seg innan for normal folkeskikk!