torsdag, desember 27, 2007

Julelesing 2: Ny i verda.

"James Brown sette i eit grynt, og byrja å fortelje at han kjende seg som ei sex-maskin. Det er så mange slags kjensler som kan kome over eit menneske"


Eg-personen vert sagt opp frå sildoljefabrikken i ein eller anna fjord på vestlandet (eg tenkjer sogn. Det er slett ikkje sikkert dette er rett, men han oppfører seg tidvis litt sogn-aktig) og dreg til Bergen for å studere på universitetet. Ein vaskeekte bondestudent-roman. Han studerer lite, og går livet sin skule, som dominerast av mjuke studiner og livsnytarkommunisten dr. Munk. I høve til desse faktorane ter hovudpersonen seg litt som ein antihelt, men han syg til seg inntrykk, og modnast. Slik sett har eg meir sympati for han enn for mange av personane i Bikubesong, som satt meir fast i eigne roller. Hovudpersonen i Sveve over vatna er kanskje ikkje så interessant å snakke med no, men han vert det antagelig om nokre år.

Denne danninga er også underfundig, men personane har spenst og evne til å gå utover seg sjølv. Det er alltid spennande å sjå kva dei gjer vidare. Dessutan er ofte viddet med på å skape ein interessant klangbotn , slik eksempelet er i det innleiande sitatet. Betraktingane treff ofte på kornet. Vidare er boka, og personane aktørar i kulturen på ein heilt annan måte enn dei var i Bikubesong, både i høve til si eiga historie ("Sveve over vatna" er eit bibelsitat, og det er fleire trådar som peikar i retning kristendomen, sjølv om desse aldri vert tematisert grundig). Det kan godt at Frode Grytten ønsker å tematisere ein slags innoverskuande stagnasjon i Bikubesong. I så fall står det noko sørgjelig til i Odda. Personane i Sveve over vatna stagnerar ikkje; dei rasar gjennom livet, med ein fandenivolsk energi.

Også denne boka får somme tider noko skjemt-aktig over seg, og ein lurer på om det viktigaste vert å presentere artige historier og skrå-blikk, men etter nokon dagar med fordøying ender ein med å vere sjarmert av persongalleriet og deira meir eller mindre realistiske prosjekt, og ein kan tenke på korleis det er å vere ny i verda, slik ein gjerne er når ein er ca. 20 år.

For kulturredaksjonen var det på tide å lese noko av Hovland av reine samvitsgrunnar. Eg hadde invitert Hovland til Studentersamfunnet i Bergen for nokre år sidan, utan å ha lest ei einaste bok av han. Eg måtte difor gjennom heile middagen og kvelden vidare late som om eg var ein belest Hovland-fan. Det kjendest litt dårlig gjort.

1 kommentar:

Anonym sa...

Anbefaler "Ei vinterreise" av Hovland, ei bok eg nettopp har lese ferdig sjølv. Ein kombinasjon av dagbok/reiseskildring. Til tider ei absurd på-vegen-historie.

Å late som om vi er beleste er ikkje uvanleg, så du skal ikkje ha altfor dårleg samvit.