mandag, februar 05, 2007

Sol i Bergen: vi snakkar om været, og litt til.

Frå lesesalen ser eg over Store Lungården, opp i Kalfaret, og vidare opp mot Vidden. Dette er ikkje sjølvsagt: ofte ser eg knapt motorvegen til Danmarksplass. Men i dag ser dette som sagt annleis, og bak Vidden, som er dekt av snø, ser eg tilnærma blå himmel, berre dekt av ei snøbyge no og då. Det er deilig!

Ein skulle tru ein tur utav byen gjorde at ein kom tilbake med nye krefter, men eg, som ikkje har vore værsjuk i heile vinter, vart betenkt då eg landa i slapseskodda på Flesland forrige søndag. No er dette gløymt, og følelsen av at der framme ein stad er det fint vèr og vår etterkvart, breier seg. Kven skulle tru at dette påverkar framskrittet? Men det gjer det altså. Det snakkast, ikkje så mykje som det snakkast om været, men likefullt snakkast det, om framskrittet, som går så fort i dag. Eg sit i høgteknologi-senteret, og framskrittet burde her gå raskare enn nokon andre stader. I dag kjennest det ikkje slik ut. Faktisk vil eg driste meg til å påstå at akkurak i dag så kjennest det ut som om framskrittet står omtrent heilt stille. Iallefall mitt biddrag. Mitt biddrag har vikla seg fast i endelause tabellar over kjemikalier og bufferar, framgangsmåtar og vitskaplige artiklar, word-bugs og nettaviser. Iallefall i dag.

Eg håper og reiknar med at framskrittet har teke seg saman til 1. juni, då masteroppgåva skal leverast. Det kjem sikkert fleire fine dagar før den tid, men om eg skal verte ramma av hudkreft nokon gong, så vert det neppe dette semesteret.

Gjæsp.....

2 kommentarer:

Anonym sa...

Veldig fin blogg du har opparbeida deg!
Eg kom over ein interessant artikkel i den flotte lokalavisa Vikebladet-Vestposten og lurar på kva redaksjonen meiner om denne, og spesielt utsagnet "syngje med englane". Det er første gongen eg har leste dette på trykk. Eit raskt søk på google over dette utsagnet viser ingen treff. Dersom ein søker med bokmålsversjonen derimot så er det 10 treff, der 3 av dei (= 30%) omhandlar Jan Werner Danielsen. Kva legg redaksjonen i denne ordbruken?

http://www.vikebladet.no/apps/pbcs.dll/article?AID=/20070206/NYHETER/102060018/1005/FEATURE

k.west sa...

Denne ordbruken vil eg tolke dithen at Strandabø har truga gjerningsmenna på livet. Får han tak i dei, vil han ta livet av dei, jamfør gata sin eigen justis. Dei vil så, etter kristne, religiøse førestillinger, kanskje kome til himmelen, om dei har god ordenskarakter. I himmelen skal det vidare vere englar. Desse har etter sigende eit kor. Om dette koret er open for allmenheita, er uklart, men det kan kanskje tenkast.

Håper det oppklarte eit og anna, Olafur, og kjekt å høyre frå deg, om du er den eg trur.