søndag, februar 11, 2007

Mann, igjen...

Torsdag var eg på Studentersamfunnet i Bergen sin debatt " Har mannen tapt kjønnskampen?". Debatten dreia kring Runar Døving sin kronikk i Aftenposten. Då eg først las denne kronikken, syntest eg den inneholdt nokre gode, og nokre drøye påstandar, og kronikken utløyste eit rabalder i ettertid. Også denne helga har debattane gått heftig om dette i redaksjonen sin omgangskrins.

Personlig vart eg overtyda av Døving i svært mange ting - eg har ikkje tenkt å gå inn på det i detalj nett no. Det eg her vil ha fram er for det første: mannskamp, eller kjønnskamp er ein terminologi som gir dårlig utgangspunkt for ein god debatt. Så det legg vi til side. Det andre: kvinnekampen har avkledd mange maktstrukturar. Dette har vore til det gode. Likeeins vil ein, om ein er oppteken av roller og makt, etterstrebe å kartleggje kva uutalt makt kvinna har. Eg ser på Døving sitt innlegg som eit forsøk på dette. Det som føl av dette, er at ein også må finne ut kva mekanismer, hjå begge kjønn, som opprettheld desse maktstrukturane. Det kan for kvinna vere ei førestilling om den priviligerte morsrolla i høve til barna, og for mannen førestillinga om at mannen skal gå ut i jobb - den siste antakelsen er basert på at berre 17 % av menn tek ut den permisjonen dei har rett til. Dette bringer oss over på det tredje poenget, som vi var borti i forrige mannsinnlegg - om mannsrollen.

Det vert sagt at vi lever i eit post-patriarkalsk samfunn, der den tradisjonelle mannsrollen har vore i oppløysing. Dette argumenterte eg imot i forrige mannsinnlegg. Eg vil no gå med på at ein har hatt ein tradisjonell mannsrolle som har ei normativ makt for korleis ein mannsidentitet skal vere utforma. Men eg held på poenget om at på sida av denne har det til alle tider eksistert mange variantar. Identitet og slikt er som kjent aldri enten/eller. For alt eg veit, kan Bowie vere ein skikkelig manssjåvinist samtidig som han er dandy. Det eg vil legge til, er at når ein spør etter mannsroller, og føl opp med at ein bør kunne restaurere dei tradisjonelle mannsdydene med positivt forteikn, så har ein jo bestemt seg for kva ein ser etter på førehand. Og eg må heilt ærlig seie, som mann, at eg er ikkje interessert i det heile i at nokon skal sitte å kome med normative utsagn på den måten der, om kva eg skal vere eller ikkje vere! Det finnast heilt sikkert ting i den tradisjonelle mannsrollen som er positivt, men kvifor køyre det fram som det vi treng? Det ein treng er jo meir å opne opp for å sjå på andre roller som positive. Kvifor vert Per Sundnes aldri drege fram som eit positivt mannsførebilde, for eksempel? Kvifor vert det ikkje løfta fram som ei dygd å kjempe for 50/50 barnepermisjon? Kvifor er det ikkje fleire enn "Foreningen to foreldre som kjempar for meir likestilling i saker som gjeld omsorg for barna etter skilsmisse (desse er jo i tillegg reaksjonære så det held)?

Ein vidare konklusjon er at ein her deler mange kampsaker med kvinnerøyrsla, der fleire har kjempa for opning av roller, og avkledning av makt. Om menn faktisk ønsker velkomen denne utviklinga, så bør dei overnevnte poenga vere ein del av det ein engasjerer seg for. Var det ikkje dette ein tenkte på, og ein fortset å framholde at ein manglar førebilete, og mannen er i krise, så har eg ein gryande mistanke om at dette er smerter i forbindelse med tap av makt.

Ingen kommentarer: