mandag, februar 19, 2007

Kunnskap i det små, del 1: introduksjon

Her kjem ein ny føljetong på k. west-bloggen, denne gongen om vitskapsteori. Dette var eigentlig meint å vere eit blog-innlegg, men det viste seg å trekke ut, så vi delar det litt opp. Kvar mandag litt framover kjem nye godbitar. God fornøyelse!

Eg vil no skrive litt om eit emne som for dei aller fleste er dobbelt opp ukjent, men som ikkje er mindre spennande av den grunn. Det er snakk om
i) Molekylærbiologi: biologi som omhandlar dei biologiske makromolekyla, då serlig protein og DNA, samt ulike ting og prosessar inne i cella. Dette har relevans for for eksempel kreft, eller korleis kroppen reagerer på miljøgifter, med meir.
ii) Epistemologi: fint filosofisk ord for læra om tilegning av kunnskap - kunnskapsteori. Dette har relevans for for eksempel skilnad mellom ulike typer kunnskap (alternativ medisin/skulemedisin for eksempel), eller korleis ein ser på den kunnskapen ein har (er det evige sanningar, eller er det synspunkt som kan skiftast ut etter kvart som ein finn ut meir, for eksempel).

Når ein kombinerer desse får ein
iii) Molekylærbiologien sin epistemologi. Det vil seie, korleis tilegnar ein seg kunnskap i molekylærbiologi?

Likning 1: i) + ii) = iii)

Såh, er det eit problem? Ja, der er vel eit og anna å ta tak i. Har du sett eit molekyl nokon gong, for eksempel? Med berre auget? Ikkje det, nei. Korleis kan du då vete at det er der? Gjennom ulike eksperiment, som gjensidig støttar opp om at der er det aktuelle molekylet (titrering, samt felling eller noko slikt kanskje?). Då er vi på sporet! For det er ikkje molekylet i seg sjølv du ser i eksperimentet, men spor av molekylet, som teiknar seg som ein representasjon av molekylet - nett som om eit menneske går i våt sement, så set det spor - spor av mennesket, i sement - ein type representasjon. Men det er ikkje mennesket i seg sjølv i avtrykket i sementen. Så kva kan ein då seie om mennesket som gjekk der? Hårfarge? Tja...

Bakgrunnen for dette er Hans-Jörg Rheinberger si bok med den fengande tittelen Towards a history of epistemic things - Synthesizing proteins in the test tube. Det ein skal prøve å gjere her, er å forenkle det litt, både for sin eigen del, og fordi det ville vore tilnærma meiningslaust å skrive det om ein ikkje forenkla det litt. Kvifor er dette ei bra bok? Først og fremst fordi den gir ei innføring i to smale og vanskelige emner, i) & ii), der resultatet vert iii). Dette gjer han slik:

- Molekylærbiologien utvikla seg for alvor på 50-talet. Mange har kanskje høyrt om Watson og Crick, som viste DNA-strukturen. Paralellt med dette gikk arbeidet med å finne ut korleis protein vert laga. Nedanfor er ein figur som viser korleis informasjon frå arvestoffet (DNA) vert overført med RNA, til at protein vert laga frå oppskrifta i DNA. Proteina er dei som utfører det meste i kroppen. Men dette var på ingen måte sjølvsagt for 50 år sidan. Ribosoma (som de ser på figuren), var det Paul C. Zamenick var oppteken av. Han forska på korleis ribosoma var samansette, og etterkvart, korleis dei produserte nye protein. Rheinberger har her gått i notatbøker, artiklar, journalar, samt intervjua dei aktuelle forskerane, med det mål for auge å få eit inntrykk av korleis ein jobba når alt det vi veit i dag, enda var ukjent. Korleis fanga forskerane opp dei nye og ukjende partiklane som vi i dag kjenner frå lærebøker?


- Rheinberger freistar å nytte filosofar som Bruno Latour og Jaques Derrida. Eg sjølv er ikkje nokon filosofi-ekspert, og når Derrida samtidig vert omtalt som "Veldig interessant, men nesten umogleg å forstå", så held eg meg til det som Rheinberg trekk inn. Sin måte å gjere historie-undersøkelse på, som eg nevnte, ved å freiste å ikkje sjå på hendingane i lys av ettertida, har han frå Focault sin filosofiske arkeologi. Franske filosofar har forresten eit formidlingsproblem, men det er jo berre mi meining. Rheinberg klarer iallefall å gjere desse forståelige til ei viss grad. Han har ikkje eit formidlingsproblem (tysk?).

iii) Målet med boka er, seier Rheinberger, å sjå korleis molekylærbiologien tilegnar seg viten gjennom "eksperimentelle system", og korleis slike system er utforma til å fange opp heilt nye og ukjende ting. Dette gjer han ved å sjå på Zamenick sin forskningsprosess med franske briller. Vidare er han interessert i å sjå på korleis dette eksperimentelle utgangspunktet påverkar kunnskapen vi får.

Ingen kommentarer: