onsdag, februar 14, 2007

På sporet av den tapte tid VIII: Fangen



Hmm, eg ser det er ei stund sidan forrige post i denne føljetongen. Ver ei redde, det går framover. Og ein er på god veg til å verte ferdig.

"Fangen" er vel den til no lengste enkeltdelen i serien, der hovedtemaet er Marcel sitt kjærleiksforhold til Albertine. Albertine har flytta inn på eit rom i leiligheta til Marcel (han avslører seg langt på veg med navn i dette bindet), og Marcel nagast av sjalusi og usikkerheit grunna hennar Gomorriske tendensar, og hennar spinnvev av unnskyldinger. Dette vert svært slitsomt for hans følsomme sinn, men samtidig det som gir næring til hans kjærleik til ho: så lenge han ikkje kan føle seg sikker på at ho er hans, har han eit begjær om å få ho. Dette resulterer i eit utbygd overvåkingssystem og kontrollregime. For å vege opp for dette, og gjere hennar fengsel litt vakrare, kjøper han henne mengder av kjolar og andre ting (eit velkjent triks?). Sjølv verker Marcel etter å oppleve verda; han vil reise til Venetzia, ta for seg av det motsette kjønn, og vere fri. Han er også fanga i dette betente forholdet mellom seg og Albertine.

Vidare er den aristokratiske salongen, tidligare representert ved familien Guernantes, kome i bakgrunnen til fordel for den borgerlige salongen, representert ved den noko enfoldige Madame Verdurin.

I tillegg er det i dette bindet ein opplever at ein person døyr, for så nokre sider seinare å leve som ingen ting har skjedd (slikt skjer når ein skriv for lange bøker).

Ellers kan ein finne ei litteraturteoretisk utlegning i slutten av bindet, som er ganske spennande, der Proust snakkar om Dostojevskij, Hardy og andre. Her seier han mellom anna at kvar forfattar aldri har skrive meir enn eit verk, men at dei ulike bøkene berre gjenspeilar denne skjønnheita dei bringer inn i verda i ulike sjatteringar og omgivnader. Ja, så kvifor ikkje berre skrive ei veldig lang bok?


Neste: uten Albertine

Ingen kommentarer: