mandag, august 07, 2006

Ledar



Sommaren er over for vår del her i redaksjonen. Ved starten på eit nytt semester er det tid til både å sjå tilbake på våre eigne fotefar; korleis har dei vandra, og gjennom kva landskap? Kva har kryssa deira veg, og kva skattar har leie skjult under hovudputa? På den andre sida, kvar er blikket retta, og kvar peikar nasen? Spørsmåla er mange, så også svara. Men kva svar skal ein lene sin rygg på?

Biletet er ikkje tilfeldig vald. Grunna dårlig økonomistyring, har sommaren gått med på å skaffe nett pengar. Noko av den einaste utflukta har difor vore tur til Slogen, 1564 moh, oppgang frå Øye i Norangsdalen, Ørsta Kommune. Det var ein verkelig nydelig tur, men enkelte delar av redaksjonen vart noko svimle på den trange toppen.

Her følger nokre bilde teke på turen. Først eit bilete av nabotoppen Store Smørskretind, som er enda høgare enn Slogen, og ein nydelig tind. Andre biletet viser korleis lyset teiknar seg over det alpine landskapet. Siste biletet er frå toppen ned mot fjorden. Eg lurer på om det er Hellesylt ein ser på andre sida.





Då vi har som mål at det skal ha ein viss verdi å lese på denne bloggen, vil vi passe oss for blog-fella, nemlig lettvint og uforpliktande synsing. Eg er ikkje heilt sikker på kor vellukka det har vore til no. Særlig serien Blodige Slag har eit noko lettvint drag over seg. Ironisk nok fekk vi etter forholda mykje respons på den. Den vil likevel verte teke til vurdering. Det er ikkje bestemt om det kjem ein "Blodige slag 2".

Den uendelige historia vil derimot, særlig grunna lange bussreiser på vestlandet, halde fram. Det vert også jobba med å få gjesteskribentar, samt tydeligare rolledeling innad i redaksjonen. Den redaksjonelle lina, samt ein tematisk profil er vel ikkje fullstendig utkrystallisert enda. Det er sjølvsagt fritt fram for å ønske seg tema. Vi set pris på tilbakemeldingar.

red.

4 kommentarer:

Eirik Løkke sa...

Apropos debatten vår om politikk, språk etc. Her er litt morsom politisk progaganda. Også kalt:

Never Ending Story

Anonym sa...
Denne kommentaren har blitt fjernet av en bloggadministrator.
Anonym sa...

Hehe..tok turen inn og leste litt. Er masse littærere henvisninger her ja. Er enig med deg i at du bør holde deg til en tematisk litterær synsing som er den linjen du har lagt deg på stort sett. Da finner bloggen forhåpentligvis sitt publikum som vet hva de kan vente seg framover. Selv kommenterte jeg på det lille jeg hadde kjennskap til fra folkeskolen og filmatiske opplevelser, altså blodige slag 1. Kjekt for oss uintellektuelle.(som ikke helt er sikker på hvordan ordet staves). På en annen side treffer du et bredt publikum på dette viset. Blodige slag 2 kan nok diskuteres på forskjellige nivå.

Anonym sa...

Problemet med litterær synsing er vel kanskje at det vil bli litt lenge mellom postane, om det er kun det ein skal holde seg til. Dessuten er det jo så mange andre ting som er interessant å kommentere. Problemet med "Blodige slag, var vel at eg var inne på eit område eg ikkje visste så mykje om.

Intellektuell eller ikkje: det er jo eit ord som har mest til hensikt å skape skiljelinjer. Det er vel riktig at mine interesser kankje kan vere noko smale, men det er ikkje med hensikt å ekskludere at ein skriv smalt, eller kva ein no vil kalle det. Håper det ikkje opplevast slik. Det er sjølvsagt enklare å følge feks boksynsingene om ein har lest boka, men det er jo også det ein legg litt opp til. Les boka!