tirsdag, august 29, 2006

Sur, gretten, nynorsk mann

Under pari?: Amalie Skram


Eg har vorte beskulda for å vere lite dagsaktuell. Når eg då først vel å ta føre meg ein samtidig debatt, gjer eg det ei veke for seint, for å forsikre meg om at interessa er dalande. Av overskrifta kan ein gjette seg til at det dreier seg om debatten om kjønna litteratur.

Det skal vere heilt klart: det Ole Idar Kvelvane lirar av seg i dette debattinnlegget er noko av det mest idiotiske eg har lest på lenge. Han kan umogleg ha oppdatert seg sidan 30-talet. Har han høyrt om Simone de Beauvoir? Kvar i alle dager kjem den kortslutninga frå, at sidan han ikkje har fått anbefalt bøker av kvinnelige forfatterar frå sine venner, så finnast det ikkje gode kvinnelige forfatterar?

Finst ikkje?: Simone de Beauvoir



Om ikkje Kvelvane får ein solid læringskurve etter dette, så har han skote seg sjølv i foten som forfattar. Han framviser ei imponerande historieløyse, og ein kortslutta resonerande evne. Mange vil seie at dette gir dårlige forutsetninger for eit godt forfattarskap.




Over til den sure, gretne, nynorske mannen.



Ole Idar Kvelvane, Kåre Lunden, Nils Rune Langeland.

Det var svært fristande å byrje å synse om kva som gjer at nynorske menn tek "bladet frå munnen", og snakkar feministane og kvoteringsklubben midt imot. Nils Rune Langeland har gjort seg godt kjend med uttrykket "Vaginalstaten". Diverre har eg ikkje fått sett meg inn i debatten kring Nils Rune Langeland, eller Kåre Lunden. At desse tre er menn, er vel ikkje tilfeldig, men er det tilfeldig at dei er nynorske? Eg kan ikkje forstå kva som skulle gjere at nynorske menn skulle kome med utsagn av typen som det har vorte sitert til hjå Lunden, som ein ser i debattinnlegget til Kvelvane, eller dei klossete morsomheitene til Langeland ("eg kan gjerne diskutere det med ei vakker dame som deg, over eit glas vin" eller noko i den dur, til den kvinnelige motdebattanten i Studentersamfunnet i Bergen for nokre år sidan).

Det einaste eg kan tenke meg, om ein seier at det å vere nynorsk ikkje er tilfeldig, må vere at feminismen, og mykje av den radikale kulturen og tradisjonen som er kobla til dette, hovedsaklig er eit urbant fenomen, som den vestlandske mannen opplever som utfordrande i høve til sin eigen bakgrunn. Det er klart; også feminismen må debatterast frå mange sider. Ein stiller sjølvsagt gjengse krav til holdbarheit, relevans og sakligheit til både feminismen, og til motforestillinger kring den. Dei utspela som har vorte framsett, og som har kome for mine øyrer, held ikkje mål slik sett. Kvifor skjer ikkje det? Lunden er professor, Langeland er historikar, og Kvelvane er forfattar. Kvifor oppgulp heller enn å bruke sin ståstad til gjennomtenkt kritikk?

2 kommentarer:

Anonym sa...

Hele kjønnskampen er generelt sett umoden, man finner ikke samme emosjonelle argumenter når andre tema blir diskutert.

Men de radikale feministene er like ille som nynorskmennene.

k.west sa...

Hei, du har heilt rett i at det er mykje umodenheit i kjønnskampen. Og dette er vel eit eksempel på det. Men heldigvis er det ein del vettuge stemmer her også. Medan eg søkte litt på nokre namn, kom kommentaren av Kjetil Rollnes opp. Kanskje den kan vere intereressant?

http://www.dagbladet.no/tekstarkiv/artikkel.php?id=5001060079096&tag=item&words=runar%3Bd%F8ving