onsdag, august 30, 2006

Big questions, big questions...



Det er snakk om Gud. Finnast Gud? O'dette spørsmål, som er like gammalt som mennesket sjølv! Eg er sjølv vaksen opp i sekulære omgivnader. Eg kjenner ikkje den religiøse kjensla i meg. Den religiøse kjensla må jo vere forutsetninga, slik eg ser det for religiøsitet, iallefall for kristen religiøsitet, då ein her har ei uttalt TRUS-bekjenning. Ein har ikkje bevis for Gud sin eksistens, altså må det vere fundamentert i ei religiøs, subjektiv kjensle.

Til no har eg betegna meg sjølv som agnostikar. Dette fordi eg har meint at å bevise ein guddommelig eksistens er utanfor våre grenser. Likeeins har eg meit at ateismen er like umogleg, sidan ein då bestemt seier at guden ikkje finnast, sjølv om vi ikkje har nokon forutsetningar for å motbevise dette.

Av alle var det Stephen Hawking gjorde at agnostisismen vart problematisert. Han sa det så enkelt at bevisbyrda er på dei religiøse si side, og intill då tek ein eit ateistisk standpunkt. Eg tenker slik at den agnostiske argumentasjonen eg har brukt, per definisjon gjer det umogleg å utelukke omtrent noko som heldst som ikkje umiddelbart kan gjendrivast med argument, eller som per def er umogleg å bevise eller motbevise, det vere seg flygande spagettimonster, Odin og Tor, eller den kristne gud.

6 kommentarer:

Eirik Løkke sa...

Velkommen i ateistklubben West! Det er selvsagt slik at enhver som påstår noe har bevisbyrden på sin side.

Hawking er en bra mann, men han var langt fra den første som påsto det.

k.west sa...

Ser eg har formulert meg litt tvetydig der. Det vert rettare å seie at Hawking problematiserte agnostisismen for min del. At andre har kome med same påstand før trur eg gjerne, men det var altså no den kom meg for øyre

Anonym sa...

Er ikke forskjellen mellom tro og viten, nettopp bevis?

k.west sa...

Den må du nesten utdjupe litt

Anonym sa...

At det du kan bevise vet du, mens tilfeller der du antar at noe er sant men som du ikke kan bevise, er ting du tror på.

Å si at bevisbyrden er på de religiøse er dermed idiotisk, siden religion da hadde vært vitenskap.

k.west sa...

Det er ikkje idiotisk.

Det er å setje eit sekulært språk på religion, for slik å vise at religion er kvalitativt ulikt, og at ein må fremme religiøsitet gjennom tru. Har ein ikkje tru, og baserer seg på rasjonell argumentasjon, kan ein frå dette ikkje nå ein religiøsitet. Det må eit kvalitativt sprang til.