tirsdag, august 08, 2006

Den uendelige historia IV: Balbec, og Kraftwerk sin konsert i Bergen



Ytre omstendigheiter i Balbec er at vår unge helt reiser til badebyen Balbec saman med si bestemor, som han framleis er svært knytta til. I Balbec vert han kjend med Robert Saint-Loup. Saint-Loup er av slekta Guernantes, og denne slekta utgjer den eine vegen i Combray. Vår ven er følgelig svært interessert i å verte kjend med den unge markien av Saint-Loup, og dei får eit godt vennskap. Han møter og det som skal verte hans openberring i malerkunsten, Elstir. Enda viktigare for den elskovshungrige yndlingen, er møtet med ein jentegjeng, som Marcel straks vert svært interessert i.

I denne boka, som eigentlig vert sett saman med Omkring Madame Swann, og saman titulert I skyggen av piker i blomst del 1 og 2, er det fleire interessante hendingar (og sikkert enda fleire). Den første er noko som kan virke så banalt som synet av ein allé som teiknar eit mønster, men som med Madeleine-kaka dreiar det seg om ei ufrivillig erindring. Ved dette synet kjenner han ”ei glede hvis gjenstand jeg bare uklart fornemmet, og som jeg selv måtte skape (...) men hver gang forekom det meg at alt som hadde funnet sted i mellomtiden var uten betydning og at jeg ved utelukkende å vie meg til dens virkelighet endelig ville kunne leve et sant liv.” Han finn ikkje bakgrunnen for erindringa, og han spør: kunne det tenkast at han aldri hadde sett dei før, og at dei skjulte ei dunkel betydning som nesten var umogleg å gripe? Men dei er umoglege å nå, for vogna snur seg vekk – å stoppe den ville vore ille, og det er som om trea ropar at snur du det vekk frå oss, vil ei heil side av deg skli ned i gløymselen. Dei ufrivillige assosiasjonane, symbolspråket og dets dekoding, med brå overraskande støttepunkt. Den indre krøllinga av tida. Nett slik madeleinekaka spreier seg som væske gjennom uttørra kanalar, og rullar ut gløymde erfaringer, slik kan trea gi nye erkjenninger, men nei.

Neste er møtet med malaren Elstir, som også vert ein god ven. Elstir er impressjonist, og vår helt kjem på visitt til atlieret medan han er i djupe tankar over jentegjengen på stranda. Slik vert han, fri for forutintattheit, bergteken av maleria av kystlina i og kring Balbec. Elstir basert på samtidige impressionistiske malerar. Særlig eit maleri, over havna i Balbec, viste korleis ein gjennom kunsten kunne, som han seier, gjere det rykk som må til for å frigjere seg frå den vande måte og sjå ting på. På maleriet er det slett ikkje klart kvar landet startar, og kvar sjøen sluttar, eller himmelen byrjar for den saks skuld. Slik er kunsten ein måte å lure vanen; eit teiknsystem som både kan unngå vanespråket sine slørande konstruksjonar, og den tilvande måten å sjå ting på, der eins førestillinger kjem inntrykka i møte for å gripe dei og forme dei til det forståelige.


Malaren Alfred Sisley (1839 – 1899) sitt maleri Bridge at Villeneuve-la-Garenne (1872) formidlar kanskje noko av det som Proust såg hjå Elstir, med sin glidande overgang mellom hav og land, og dei lyse og luftige fargane.

Det at Elstir ofte malte det kvardagslige og det moderne, viste at også her kan ein finne kjelder til estetikk og innsikt, noko som for meg forklarer kvifor stilleben framleis ser ut til å ha livets rett.



Korleis kan dette vere nøkkel til tolkning av Kraftwerk sin konsert i Grieghallen i går kveld? Det første ein ser er at medlemmane av Kraftwerk er 5 dresskledde, distanserte menn bak kvar sin laptop, i ein iscenesettelse som fører tankane hen til teknokratiet. Ubevegelig og distansert rår den dresskledde mann over kompleksitet, teknologi, estetikk, i eit etisk vakum skapt av teknologiens openbare nødvendigheit. Dette underbyggast av videoinstallasjonane, som nyttar modernistisk og teknisk estetikk frå 30-talet til i dag. Her kjem den andre strøymninga inn: teknikken som forlengelse av mennesket, og det tekniske i mennesket (representert med tematikken frå Tour DeFrance). Vi ser cyborgen frå fleire sider, og dei tradisjonelle grensene problematiserast, både visuelt, og musikalsk (kva er programmert, og kva spelast faktisk på scena?? Eg kunne ikkje sjå at Florian Schneider gjorde noko som heldst under heile konserten!). Det at dei faktisk også improviserer ein god del på scena, gjer det heile meir forvirrande.

Samtidig er det estetisk svært godt gjennomført, og Proust ville nok ha forstått estetikken i både sykkelritt, mercedesar, samt likheita mellom neonlys og databrikker gjennom denne framstillinga.

3 kommentarer:

Anonym sa...

Fjas.

ATM
-H-

k.west sa...

Konstruktivt...

Anonym sa...

Kraftwerk er flott. Sonen min er veldig glad i Radio Activity.

Sjekk ut sida www.nettserier.no, og legg inn dine gamle seriar der.