søndag, februar 07, 2010

1. mosebok - Røff genese

I byrjinga var Ordet, og Ordet var hjå Gud. Sidan vart det berre verre.

Eg har ein fin bibel i brunt lammeskinn som eg somme tider plukkar opp. Eg er praktiserande ateist, og eg har den frå den tida eg var ikkje-praktiserande statskyrkjekristen (dvs. like lite kristen som eg eg no). Den var ei gåve frå mormora mi til konfirmasjonen.

Så eg bestemde meg for å lese fyste mosebok. Eg visste jo kva det gikk i - eg har lest byrjinga før, og vi gjekk jo gjennom det på ungdomsskulen. Men altså ...

Og dei sette seg i meg desse 65 sidene. Ikkje fordi dei er guddommelege, for det trur eg ikkje, men fordi dei er så djupt menneskelige. Dei skjær gjennom tid og rom - i det heile å lese noko som vart skrive for godt over 2000 år sidan i midtausten, og som har påverka heile vår kultur så mykje - desse gjetarane som reiste ikring i området mellom Irak, Syria, Israel og Egypt. Og alle desse kryptiske folkeslaga som er forsvunne for lenge sidan utan anna spor enn eit ord i denne boka.

Men det er to ting som slår meg mest. For det første persongalleriet. Særlig Jakob, han som vart kalla Israel - han som strider mot gud, som vart stamfaren til Israels folk gjennom å lure det til seg - eit israels folk frå fire ulike mødre. Eller Josef, som gjekk til topps i tidas stormakt Egypt. Korleis slektslekkja og individa fyller kvarandre med meining, for allt er slekt, men slekta er kva du gjer den til.

Det andre er dei språklege tomromma. Boka er på 65 små sider. På den tida beskriv dei skapinga, sydefallet, syndefloden, Abrahams utreise, Isak, Jakob, Josef, Sodoma, Gomorra - ganske mykje. Og ganske ordknapt. Denne ordknappheita vibrerar av meining. Særlig når den leggast fram i form av mysterie. Kvifor var det feil å ete av visdomstreet? Kva var det med nett kunnskap som var syndig? Eg har aldri forstått det. Og kva var det med Jakob som gjorde at han vart den utvalde stamfaren?

Då kom det ein mann og stridde med han heilt til morgonen grydde. Då mannen såg at han ikkje kunne vinna over han mrørde han ved hofteskåla hans, og hofteskåla åt Jakob gjekk or ledd medan han stridde med han. Og han sa: Slepp meg, for dagen gryr! Men Jakob sa: Eg slepper deg ikkje utan at du velsignar meg. Då sa han til han: Kva er namnet ditt? Han svara: Jakob. Han sa: du skal ikkje heita Jakob lenger, men Israel (den som strider med Gud), for du har stridd med Gud og menneske og vunne. (33.24-28).

Så får vi sjå om oppfølgjaren er like bra.

Ingen kommentarer: