søndag, februar 07, 2010

Den kreative Darwin II: å tenke det nye.

Her kjem del II av vår serie om den kreative Darwin.

Problemet når ein skal beskrive noko heilt nytt er at språket ein har til rådigheit er farga av tidlige forståingar. Ein blir slik fanga inn i gamle tankemønster. Biokjemikaren og filosofen Michael Polanyi sa at språk har krafta tilå ramme inn og stabilisere eit system av trussetnintar. Dette er det vi finn i for eksempel normalvitkskap - det er dei tinga i ein kultur ein ikkje stiller spørsmål med. Dei dannar ein heilskapelig forståing om korleis verda er.

Å bryte med ein heilskapelig forståing av verda er ikkje lett, og ein vert tvunge ut i ein meir open og kreativ språkbruk der orda ikkje er lada av meining. The Origin er eit slik verk.

The Origin er forbausande lite vitskaplig i språkdrakta. Her finn ein metaforar, anektoder, konkrete eksempel og analogiar - alt pakka inn i eit daglegdags språk dei fleste kan forstå. Darwin byrar med at mennesket alltid har selektert og dyrka fram ulike rasar av kveg, korn, duer, orkidear. Så kvifor kan ikkje dette også skje i naturen? Om menneska kan danne kunstig utval, kvifor kan ein ikkje då ha naturlig utval?

Det var mange grunnar til denne ganske ikkje-vitskaplige stilen. For det første var det vitskaplige språket på denne tida farga av det som heitte naturteologi. Nytta han det, ville naturteologien følgje med som nissen på lasset. Det andre var at ein teori er aldri så svak som når den er i sin fødsel. Ved å nytte eksempel som alle kunne kjenne seg att i, kunne han seie at dette er noko vi alltid har visst. Dette er ikkje ein radikalt ny teori, dette er berre å trekke konklusjonane av det vi allereie veit. Slik ufarliggjorde han teorien. Den tredje årsaka var at dei han skulle overtale var ikkje naturteologane, for det ville han ikkje klare. Derimot nådde The Origin langt utover fagkrinsar, og den vart - og blir framleis - lese av breide lag. Det folkelige språket gjorde at alle kunne gjere seg opp ei meining. Difor er Darwin framleis i dag eit heitt tema for debatt.

Ingen kommentarer: