lørdag, februar 13, 2010

Nedkvitne - Freda dinosaurar

Nedkvitne-domen bør ankast, men han bør likevel miste jobben.

Denne veka vart professor Arnved Nedkvitne frådømt jobben sin som professor i middelalderhistorie i Oslo tingrett. Årsakene var at han har "grovt og gjentatt krenket sine tjenesteplikter" med "en ytringsform som er illojal, personlig belastende eller støtende". Han møtte heller ikkje opp på samtaler han vart kalla inn til.

Mange har rykka ut i Nedkvitne sitt forsvar: morgenbladet på leiarplass samt eit kobbel av professorar på juridisk fakultet. Dommen er uklar og ein trussel mot akademisk fridom og maktkritikk.

Etter mi meining er det to punkt i denne dommen: a) illojaliteten - det har vore ein strid innan miljøet på instituttet som har ført til ei skvising av Nedkvitne. b) Personangrep, sjikane og unnværing av plikter.

Når det gjeld det første, så er eg einig i at vitskaplig ansette ikkje skal kunne dømmast for illojalitet. Det gjeld den akademiske fridomen. Her er det grunnlag for anke.

Når det gjeld det andre punktet så tykkjer eg ein bør spørje seg: kva skal til for å sparke ein professor? Alt for mykje! Etter det eg kan sjå er det ingen tvil om at Nedkvitne burde miste stillinga. Han og mange andre professorar som sit freda kring på norske universitet og høgskular. Dei er vanlege arbeidstakarar, med akademisk fridom, men som bør kjenne den same varmen under beina som alle andre. Sack him!

2 kommentarer:

Konrad sa...

Du forstår tydeligvis ikke hvordan akademia fungerer eller hvilken rolle akademia har eller skal ha i samfunnet. Nedkvitne-dommen blir et ris bak speilet for alle de som forsøker eller ønsker å disiplinere professorene. Da går vi mot et utrivelig samfunn.

k.west sa...

Hei hei,

ein kan sikkert diskutere kor mykje eller lite eg kan om akademia. Det eg vil vere snar med å seie er at eg ikkje kjenner detaljane i Nedkvitne-saka meir enn det eg har gjort greie for i innlegget.

Mitt poeng er at det går an å stille (ganske almindelige) krav til akademisk ansette utan at dette rører ved den akademiske fridomen.

Det er neppe kontroversielt å seie.