fredag, september 29, 2006

Seminarveke om Vitskapsteori

Komande veke held studentorganisasjonen ved Molekylærbiologisk Institutt ved Universitetet i Bergen, Heliks, si årlige seminarveke. I år er temaet vitskapsteori. Dei føregåande blogpostane, både om intelligent design , og forskarjuks, har vist at dette er eit viktig tema.

Interessert? Møt opp i 1. etg. ved Høgteknologisenteret i Bergen, Thormøhlens gt. 55.

Program:

Onsdag 4. okober
11.15: Ragnar Fjelland, Senter for vitskapsteori, UiB: Kvifor vitskapsteori?
13.15: Kamilla Kjølberg, Senter for vitskapsteori, UiB: Nanoteknologi og etikk.

Torsdag 5. oktober
11.15: Jonas Lillebø, Filosofisk Institutt, UiB: Louis Pasteur i lys av fransk vitskapsteori.
13.15: Bernt T. Walther, Molekylærbiologisk Institutt, UiB: Vitskapshistorie

Fredag 6. oktober
11.15: Terje Alræk, UiB: Alternativ medisin
13.15: Roger Strand, Senter for vitskapsteori, UiB: Vitenskap, teknologi & samfunn

Alle foredraga er gratis, og varer i 45 minutt.

2 kommentarer:

Anonym sa...

Hva syns du om albinoelgen? merk deg slutten på artikkelen..

http://www.vg.no/pub/vgart.hbs?artid=133097

Line W

k.west sa...

Eg kjenner ikkje til at det er mange elgjegerar blandt molekylærbiologar. Elgjakt tar jo ein del tid, som kunne vore brukt på labben. Slik sett skulle ein tru at dei ikkje var så interesserte i elgjakt.

Men det var ein veldig fin artikkel dette, som viser, etter mi meining, to syn som må argumentere betre for seg om dei skal overtale meg.

A. Det er kanskje morsomt å ha en hvit elg gående i nabolaget, men rent avlsmessig er det ikke riktig å la den leve, sier han. Han sier at en albinoelg i bunn og grunn er et feilprodukt.

Javel, er det vår oppgåve å seie kva som er riktig eller ikkje riktig? Elgen vil antagelig ikkje overleve uansett, fordi den manglar kamuflasje oa. Er denne variasjonen, som ein må kalle det, heller enn eit feilprodukt (for å vere litt pompøs, så er det ingenting feil og rett i naturen, då dette er menneskeskapte kategoriar) ikkje levedyktig, så vil den også verte renska vekk automatisk, utan at mennesket treng å gå naturen sitt ærend.

B. Denne elgen er veldig spesiell, og jeg ber på mine knær om at jaktlagene sparer den, sier Hansen til Moss Avis.

Nei, den er ikkje spesiell. Den er kvit, men likefullt ein elg. Og skyt ein den, så har ein ikkje gjort noko anna enn å skyte ein kvit elg.